Gennytt 2. januar 2007

Nr 1 - 2007, årgang 9.

 

- EU-Kommisjonen fekk medhald i at det skal vere lov med 0,9 % innblanding av utilsikta GMO i økologiske produkt fram til 2011. Men Austerrike kan halde fram med forbodet sitt mot genmodifisert mais, noko Kommisjonen misliker sterkt.

 

- Kontrollen med GMO er for dårleg i Sverige.

 

- Romania forbyr dyrking av gensoya etter ti år med storstilt dyrking utan kontroll.

 

- Mat frå klona dyr er erklært for trygg i USA.

 

 

Nytt regelverk i EU

Landbruksministrane i EU vart samde om hovudlinene i eit nytt regelverk for økologisk landbruk 21. desember. Eit av dei mest kontroversielle punkta har vore forslaget frå Kommisjonen om ein grenseverdi på 0,9 prosent for utilsikta innhald av GMO i økologiske produkt. Kommisjonens forslag vart vedteke, men Austerrike fikk medhald i at denne grenseverdien skal opp til ny vurdering i 2011.

 

Austerrike fekk og medhald i at dei har rett til å ha eit forbod mot sal av to genmodifiserte maissortar (MON810 og T25) som er godkjende i EU. Kommisjonen meiner at det ikkje er tilstrekkeleg vitskaplig prov for denne avgjerda, og la saka fram for miljøvernministrane i rådsmøtet veka før jul. Rådet gav Austerrike medhald og Kommisjonen leid nok ein gong nederlag i forsøket på å fjerne eit nasjonalt vedtak om ikkje å omsetje desse genmodifiserte maissortane.

 

Ei tilsvarande sak i Ungarn vil kome opp i miljørådsmøtet i februar 2007. Det er venta at Kommisjonen også vil lide nederlag i den saka.

 

http://odin.dep.no/lmd/norsk/tema/okologisk/nyheter/049051-212780/dok-bn.html

 

 

Sverige: For dårleg GMO-kontroll

Kontrollen med testinga av genmodifiserte organismar held ikkje mål, verken etiske eller miljømessige krav vert stetta, skriv den svenske Riksrevisjonen i ein fersk rapport.

 

- Dersom folk skal ha tillit er det viktig at ansvarlege styresmakter følgjer regelverket, som førebels heller ikkje er godt nok, seier riksrevisor Lennart Grufberg til landbruksbladet ATL 30.12 L.

 

http://www.nt.se/\GEN_UtmatningNorrkoping.asp?ArticleID=1382551&CategoryID=225&ArticleOutputTemplateID=47&ArticleStateID=2&ParentID

 

 

Norge: Lenge til nasjonalt regelverk om sameksistens er klart

Eit norsk regelverk for sameksistens mellom genmodifisert og konvensjonell produksjon vert neppe klart i år. Mattilsynet skal lage eit utkast til regelverk. Det skal sendast til Landbruks- og matdepartementet, som deretter skal klarere dokumenta for offentleg høyring.

 

- Vi vil med det første avklare endelig frist for vår leveranse med departementet, første halvdel av 2007 er realistisk, seier Knut Nordviken, rådgjevar i Mattilsynet, til GENNYTT.

 

 

Korrigering om genlaks

Det er ikkje rett at ein hurtigveksande superlaks er godkjent av det amerikanske mattilsynet (FDA), slik vi siterte IntraFish på i siste Gennytt (nr. 11-2006). Derimot har Biologiteknologiselskapet Aqua Bounty Technologies levert forskingsarbeid relatert til risikovurdering som FDA har etterspurt, og uttrykker at dei er optimistiske i høve ei godkjenning, seier Karen Waagø, rådgjevar i Direktoratet for naturforvaltning, til GENNYTT.

 

 

Romania: Slutt for GMO-soya

Miljøvernarar i Romania kan juble etter at dei har vunne kampen for eit endeleg forbod mot dyrking av genmodifisert soya, skriv Inter Press Service 19.12.

 

Romania var den største produsenten av genmodifisert soya i Europa då dei starta opp ukontrollert dyrking for kring ti år sia. Då landet saman med Bulgaria vart EU-medlem 1. januar, gjeld også dei strenge EU-reglane for GMO-dyrking her.

 

Meir enn 130 tusen hektar dyrka jord er nytta til genmodifisert soya i Romania, og omfatta mellom anna 25 tusen hektar i Danube Delta, ein av dei største våtmarksområda i verda, og eit unikt museum for biologisk mangfald.

 

Bakgrunnen for den storstila utplantinga på nittitalet var høge avlingar, immunitet mot vanlege plantesjukdomar og ei von om å få bukt med fattigdom. Det var lite kjent at plantene utarma jorda og ikkje reproduserte seg sjølv.

 

Greenpeace har dessutan avdekka ulovlege eksperiment med genmodifiserte plommetre i Romania, som mellom anna inneheld eit gen som er resistent mot antibiotika.

 

http://www.ipsnews.net/news.asp?idnews=35903

 

 

Storbritannia: Vertsbonde trekker seg frå GMO-forsøk

Den britiske bonden frå Derbyshire hadde inngått avtale med det tyske kjemikalieprodusenten BASF om utleige av jord til forsøk med genmodifisert potet. Etter trugsmål og frykt for tryggleiken for familien og seg sjølv, har han no trekt seg frå avtalen.

 

BASF er skuffa over dette, men held fast på planane og leiter no etter ein ny vertsbonde.

 

http://www.first4farming.com/F4F/news/index.jhtml?article_id=fwi100371

 

http://www.fwi.co.uk/Articles/2006/12/22/100371/gm-potato-trials-will-go-ahead-despite-location-withdrawal.html

 

 

Superugras trugar USAs bomullsindustri

Den amerikanske bomullsindustrien er djupt uroa over ein ny type ugras som er resistent mot plantevernmiddel. Palmer amaranth spreier seg lett, veks ein tomme i døgnet til og med i tørkeperiodar og kan tvinge amerikanske bomullsdyrkarar til å gå attende til meir brutale dyrkingsmetodar, det vil seie meir bruk av sprøytemiddel slik ein gjorde før genbomull vart introdusert. Redusert bruk av ugrasmiddel har vore eit av dei mest brukte argumenta til forsvar for genmodifiserte plantar. Ugraset Palmer kan bli ti fot høgt og spreier seg no raskt på det amerikanske kontinentet.

 

- Det er eit ekstremt konkurransedyktig, effektiv og hurtigspreiande ugras skikkeleg slemt! seier Alan York, ugrasspesialist ved North Carolina State University til Associated Press 18.12.

 

http://www.ledger-enquirer.com/mld/ledgerenquirer/news/local/16268398.htm

 

 

Protest mot patentert genpapaya

Landbruksdepartementet i Thailand burde protestere mot at amerikanske forskarar får patent og eksklusive rettar til ein genmodifisert papaya som er utvikla frå ei frukt som høyrer naturleg heime i Thailand, meiner Witoor Lienchamroon, direktør i BioThai, ei non-profittgruppe som arbeider for å verne bønders rettar og biomangfald. Han seier til Bangkok Post at patentet vil sette presedens når det gjeld i-land si utnytting av dei biologiske ressursane i Thailand.

 

http://www.bangkokpost.com/161206_News/16Dec2006_news07.php

 

http://nationmultimedia.com/2006/12/16/index.php

 

 

”Klona dyr er trygg mat”

Statstilsette amerikanske forskarar har konkludert med at det ikkje er nokon skilnad på mat frå konvensjonelle og klona husdyr, og støtter dermed erklæringa frå styresmaktene om at klona dyr er trygg menneskeføde, skriv Scotsman News.

 

http://news.scotsman.com/scitech.cfm?id=1922342006

 

 

Genmanipulert fart?

Danske forskarar meiner gendoping er på full fart inn i idretten.

 

Idrettsforskar Verner Møller, som arbeider med boka Sports and drugs , seier til Berlingske Tidende 18.12 at han tidlegare meinte det var grenser for kva idrettsfolk ville utsette seg for.

 

- Men eg veit i dag om både trenarar og utøvarar har teke kontakt med forskarar som arbeider med genterapi i samband med alvorlege sjukdomar, seier Møller, som er professor i humanistisk-samfunnsvitskapleg idrettsteori ved Center for Idræt ved Aarhus Universitet.

 

 

Kina: Grøne grisar

Kinesiske forskarar ved Agricultural University i Harbin har avla fram tre svært særeigne gengrisar ved å injisere grønt protein frå maneter i grisefostera. Tryne, tunge og bein lyser grønt når grisane vert utsette for ultrafiolett lys. Dei kinesiske forskarane påstår at dei grøne grisane vert nyttige i forsking på stamceller.

 

I februar går dessutan kinesarane inn i Grisens År....

 

http://www.metro.co.uk/weird/article.html?in_article_id=30952&in_page_id=2

 

 

Og til slutt; ny von til allergiske katteelskarar

I USA kan du snart få kjøpe genmanipulerte katter som ikkje framkallar allergiske reaksjonar. Det Californiabaserte firmaet Allerca har allereie skapt ein slik genkatt, og Felix Pets i Colorado står nær eit gjennombrot i forskinga. Prisen vert minst 4 000 dollar eksklusiv frakt.

 

 

................................................................................................................................

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Norsk Landbrukssamvirke har gitt økonomisk støtte til GENNYTT for januar og februar.

 

Send gjerne GENNYTT videre til andre du synes bør motta nyhetsbrevet.

 

GENNYTT legges også ut her: www.oikos.no/renmat

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no