Gennytt 2. mai 2007

Nr. 9 - 2007, årgang 9

 

Nettverket for GMO-frie regionar i Europa har hatt møte i Brussel berre ein av 300 deltakarar kom frå Skandinavia.


 

Sverige har godkjent prøvedyrking av genmodifisert raps, i Oslo vert det etisk debatt om gen-raps i slutten av denne veka.


 

 

BRUSSEL: GLOBAL GENKRIG, MEN IKKJE I NOREG

 

Krigen mot GMO har skapt nye alliansar på tvers av gamle skiljeliner. Miljøaktivistar og forbrukarar, økobønder og konvensjonelle bønder står skulder ved skulder i kampen for GMO-frie regionar i Europa. Men i Noreg er det tyst.


 

 

Nettverk for GMO-frie regionar

 

Medan land som Polen, Austerrike, Frankrike, Italia og Hellas har trassa EU og erklært seg meir eller mindre som totalt GMO-frie, vert genmodifisert mais dyrka i mellom anna Tyskland, Spania og Romania. Testforsøk pågår i Danmark og Sverige. Men motstanden er aukande, og nettverket for GMO-frie regionar i Europa vert stadig større.

 

Tyske Heike Pfreundtner er ei av kring 300 bønder og miljøaktivistar som var samla i Brussel 19. - 20 april for å sameine arbeidet for GMO-frie regionar. Ho driv ein biodynamisk gard i Sør-Tyskland, og har sjølv gått frå gard til gard for å samle underskrifter for ein GMO-fri region ved Lake of Constance.

 

- Alle bøndene skreiv ei sjølverklæring på at dei ikkje skulle dyrke GMO. Dei lokale frøprodusentane forstår også problemet, makta til frø- og kjemikaliegigantane Monsanto, Syngenta og BASF er enorm, seier ho.


 

 

Spakt i Sverige

Når representantar for GMO-frie regionar i Europa møtast, er svenske Sofia Olsen Johansson einaste skandinaviske representant. Ho arbeider for at Jämtland og Härjedalen skal erklære seg for ein slik GMO-fri region.

 

I motsetnad til Noreg, der det førebels ikkje vert dyrka GMO, har Sverige opna opp både for potet og raps, og Sverige røyster konsekvent for liberale reglar når det gjeld GMO i EU.

 

- Det er svært lite diskusjon om dette i Sverige. Svenskar protesterer ikkje høgt, sjølv om dei i spørjeundersøkingar svarer at dei ikkje vil ete middag med GMO. Dei liter på regjeringa. Konflikt er ubehageleg, svenskar har aldri lært seg å protestere, seier Johansson.

 

- Motstanden finst, men folk reknar med at andre gjer jobben. Eg er overtydd om at om vi får i gang ein debatt i Sverige, og folk syner seg å vere imot, kjem til og med politikarane til å halde den lina, legg ho til.


 

 

Mat eller drivstoff

 

Den neste store utfordringa vert biodrivstoff. Det er vorte eit mantra i høve klimaendringane, noko frøgigantane veit å utnytte.

 

- For ti år sia var det dei fattige som var påskotet for å innføre GMO, seier Adrian Webb, koordinator i Friends of Earth Europa med biobrensel som spesialfelt.

 

- No er "klima" det nye mantraet, åtvarar han. Bioteknologiindustrien i Europa prøver å overtyde folk om at biodrivstoff berre kan produserast effektivt og i store mengder med GMO, men det finst ingen indikasjonar på at dei genspleisa artane har nokre fordelar framfor dei konvensjonelle.

 

- Dei einaste som profitterer på ei slik omlegging er dei fem-seks multinasjonale frøselskapa som i dag allereie kontrollerer 70 % av verdsmarknaden, seier Bebb, som meiner at det slett ikkje er uhell når genspleisa ris har blanda seg med vanlig ris, slik at til dømes grautris vart trekt attende frå den norske marknaden.

 

- Det er ein medvite strategi. Når dei genspleisa plantane først har sloppe fri, er det uråd å trekke dei attende.

 

Her heime er genmodifiserte organismar mest eit ikkjetema, og på Europakartet over GMO-frie regionar er Noreg ein kvit flekk. Oversikt over GMO-frie regionar i Europa ligg her:

 

http://www.gmo-free-regions.org/gmo-free-regions.html

 

Det neste nettverksmøtt for GMO-frie regionar vert mellom 10. og 16. mai 2008 i Bonn. Vert det nokre norske deltakarar der, mon tru?


 

 

Noreg: Etisk debatt om GMO-raps i Oslo

 

Genmodifisert raps kan bli den første GMO som vert godkjend i Noreg. Førstkomande torsdag og fredag arrangerer National Committees for Research Ethics ein workshop i Oslo (Radisson SAS Plaza Hotel) med start 3. mai kl. 09.30. Temaet vert etiske spørsmål kring godkjenning av GMO-raps for sal i Noreg.

 

Storprodusenten Monsanto vil ikkje stille opp, skriv forskning.no.

 

- Det er veldig trist at Monsanto ikkje ynskjer å delta, men vi skal nok finne andre representantar for verdiane til storindustrien, seier Ellen-Marie Forsberg, forskar ved dei forskingsetiske komitear. Sjølv trekkjer ho ingen etiske konklusjonar, men undrar seg over at media ikkje har plukka opp temaet.

 

- For nokre år sia var det ein heftig debatt om genmodifisert mat. Men no som genmodifisering igjen er vorte aktuelt, er debatten helt fråverande, påpeikar ho.

 

Interesserte i workshopen kan kontakte Ellen-Marie Forsberg, ellen-marie.forsberg@etikkom.no, tlf 970 61971 eller Matthias Kaiser, matthias.kaiser@etikkom.no, tlf. 91 733928.

 

http://www.forskning.no/Artikler/2007/april/1176880221.93


 

 

Sverige: Forsøksdyrking med GMO-raps

 

Jordbruksverket har godkjent forsøksdyrking av genmodifisert raps i seks kommunar i Sør- og Midt-Sverige i fem år. Forsøka gjeld ein rapstype med høgt innhald av feittsyrene Omega-3 og Omega-6. Plant Science Sweden AB, som skal gjennomføre forsøka, er eit svensk dotterselskap til BASF Plant Science.

 

http://www.ja.se/nyheter/visanyhet.asp?nyhetID=8078

 

I følgje Livsmedelsekonomiska institutet (SLI) vil lønsemda til svenske bønder auke med 4 12 prosent dersom dei gjekk over til genspleisa raps, mais, sukkerroer og potet. Analysen baserer seg på utanlandske data tilpassa svenske tilhøve.

 

http://www.ja.se/nyheter/visanyhet.asp?nyhetID=8087


 

 

EU: Ikkje regelverk med det første

 

Felles EU-reglar for sameksistens mellom tradisjonell, økologisk og genmodifisert landbruk vil ikkje vere klare før tidlegast i 2009.

 

http://www.alertnet.org/thenews/newsdesk/L23165161.htm


 

 

Storbritannia: Bøndene splitta i synet på GMO-fôr

 

Nærare halvparten (47 %) av kjøtprodusentane blant britiske bønder er klare for å dyrke genmodifisert fôr, viser ei undersøking av British Grassland Society. 37 prosent var skeptiske, men kunne late seg overtale. Berre 16 prosent var absolutt imot dyrking av GMO-fôr. Halvparten av den siste gruppa var økobønder, skriv The Farmers Guardian.

 

http://www.farmersguardian.com/story.asp?sectioncode=29&storycode=8978


 

 

USA: Gret over merka mjølk

 

Monsanto ynskjer å forby matmerking med fri for kunstige hormon , og har klaga slik merking av mjølkeprodukt inn for Food and Drug Administration og Federal Trade Committee.

 

- Dette vil skremme forbrukarane til å tru at det kan vere helsefare i mjølka frå kyr som er fora med veksthormonet rBGH, som finst i kvar tredje mjølkeku i USA, meiner produsenten av hormonfôret Posilac.

 

http://www.livescience.com/humanbiology/070424_bad_labeling.html


 

 

Mexico: Avtale om lokale genmaisforsøk

 

Maisbønder i Mexico har underteikna ein kontrakt med Monsanto om å kjøpe og så genspleisa frø. Maisprodusentforbundet har vore i forhandlingar med Monsanto i fleire månader om ein plan for genmodifisering av nokre lokale maissortar som kan motstå sjukdom og auke avlingane, skriv The Herold.

 

Resultatet av forsøka som no vert sert i gang vert tidlegast nytta i kommersiell produksjon i 2009.

 

http://www.eluniversal.com.mx/miami/24289.html


 

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Ren Mat har gitt økonomisk støtte til GENNYTT for mai 2007.

 

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no