Gennytt 28. mai 2007

Nr. 11 - 2007, årgang 9.

 

Ein av fem nordmenn trur det vert dyrka genmodifisert mat i Noreg sjølv om det er forbode. Tilliten til den generelle norske mattryggleiken er vorte svekka dei siste par åra.

 

Amerikansk dyrefôr med GMO er stogga både i Noreg og Irland.


 

 

Norske forbrukarar meir skeptiske

 

34 prosent av nordmennene er uroa for at det er innblanding av genmodifiserte organismar i maten dei et, viser den årlege forbrukarundersøkinga til Mattilsynet. Ein av fem trur at det vert dyrka genmodifisert mat i Noreg, sjølv om det er forbode. Berre 13 prosent trudde det same i 2003.

 

I det heile er stadig fleire er uroa for miljøgifter i maten, frå 42 prosent i fjor til 52 prosent i år.

 

Folk har også vorte meir skeptiske til kor opne norske styresmakter er om utrygg mat, og om matkontrollen er god nok. Fleire trur at Mattilsynet held attende informasjon om utrygg mat Mattilsynet strøystar seg med at folk trur langt meir på offentleg informasjon enn åtvaringar i media.

 

– Det vert stadig oftare oppdaga små restar av genmodifiserte organismar (GMO) i importert mat. Det kan få folk til å tru at også norsk landbruk nyttar slike omstridde metodar, seier rådgjevar på mattryggleik, Aina Bartmann i Landbrukssamvirke til Newswire.

 

Også norsk dyrefôr skal vere reint for genmodifiserte organismar. Det er eit krav, enten fôret er produsert her i landet eller det er importert. Men det er vorte stadig vanskelegare å finne utanlandske produsentar som garanterer at fôret er fritt for genmodifiserte ingrediensar.

 

– Det betyr at vi bruker mye ressursar på å finne fram til område og produsentar som kan garantere at dyrefôret er reint for GMO, seier Aina Bartmann.

 

http://www.itromso.no/nyheter/article89569.ece


 

 

FK trekker GMO-fôr

 

Det er funne genmodifisert materiale i kraftfôr og hundefôr frå Felleskjøpet, som er produsert i perioden 30. april og 11. mai 2007. Det er Felleskjøpet sjølv i ein eigenkontroll som har påvist for høge verdiar av genmodifisert materiale i eit parti maisglutenmjøl importert frå USA. Partiet vart motteke ved Felleskjøpets fabrikk i Vaksdal 16. april og var analysert og godkjent som GMO-fritt frå leverandøren.

 

Likevel er verdiane av GMO målt for høge og Felleskjøpet Agri har difor sperra både restlageret av maisglutenmjølpartiet og det fôret som er produsert ved fabrikken.

 

Maisglutenmjølet har vore nytta som råvare i produksjon av nokre variantar av drøvtyggarfôr, enkelte fjørfefôrblandingar og nokre hundefôrprodukt.

 

Det er berre kraftfôrkundar på Vestlandet som er råka, medan hundefôret er distribuert i alle butikkane til Felleskjøpet.

 

Matmons kattefôr og fôr til gnagarar er ikkje råka i denne saka.

 

Felleskjøpet er i kontakt med Mattilsynet i høve dei tiltak som vert sett i verk.

 

Kundar som ynskjer å bytte fôr med produksjonsdato 30.04.-11.05 kan gjere det gjennom å kontakte sin lokale butikk/forhandlar.

 

Også frå Sverige vert det meld at spor av GM-soya i fôr er vorte vanlegare det siste året.


 

 

Irland: GMO i dyrefôr


 

Medan GM-maisen i Vaksdal tilhøyrde ein lovleg type, har irske styresmakter funne illegal GM-mais i importert dyrefôr frå USA. 7 000 tonn dyrefôr er kverrsett på hamna i Dublin etter at landbruksdepartementet fann innslag av den illegale maisen Herculex Rw.

 

Greenpeace har funne den same maistypen i dyrefôr meint for det nederlandske marknaden. Herculex Rw er tillate i USA, men ikkje i EU.

 

Den misvisande sertifiseringa vert teke opp i EU både av Irland og Nederland, og amerikanske styresmakter vert bedne om ei forklaring, skriv The Irish Times.

 

http://www.ireland.com/newspaper/ireland/2007/0521/1179498486896.html


 

 

Ny EU-støtte til gmo-landbruk

 

EUs konkurranseministrar satsar på genmodifiserte organismar for landbruket i sin nye industriplan. Førre måndag vedtok konkurranseministrane i EUs 27 medlemsland ei rekke tiltak for å betre konkurranseevna til industrien. Eitt av dei er støtte til industriutvikling av bioteknologi, mellom anna mynta på produksjon av mat og fôr. Ministrane understrekar at denne omstridde teknologien har eit «betydelig økonomisk og miljømessig potensial for europeisk jordbruk og skogbruk, inkludert bruk utanfor mat og fôr, slik som industriell omforming og molekyl-farming».

 

Ministrane tek atterhald om at dette skal skje på trygt vis og slik at forbrukarane kan få ta informerte val blant alle former for landbruksproduksjon.

 

– EUs leiarar held blindt fram med å fremje genmodifiserte avlingar, trass i klare signal om at dette er mislykka i marknaden. EU burde heller nytte sin midtvegs-gjennomgong av strategien sin for bioteknologi til å fremje grønare landbruksmetodar. Det er konkurransedyktig og skaper arbeidsplassar, seier Helen Holder i Friends of the Earth til Nationen.

 

http://www.nationen.no/eu_wto/article2784092.ece


 

 

Austerrike: GMO-fri sone møter sterk motstand

 

EU-domstolens generaladvokat har kome fram til at argumenta for å halde Austerrike fritt for genmanipulerte plantar og dyr ikkje oppfyller krava i EU-lova. At landet har mykje økologisk jordbruk og småskala bønder er ikkje nok, skriv advokaten i ei fråsegn. Ho er medviten om at både organisasjonar og enkeltmenneske kjem til å kjenne seg svikta av avgjerda, men påpeikar at det ikkje er oppgåva til ho eller domstolen å avgjere kva som er god miljøpolitikk.

 

Fråsegna er rådgjevande for EU-domstolen, men det er uvanleg at den kjem til ein annan konklusjon i sin avgjerande dom.

 

http://www.atl.nu/Article.jsp?article=40593&Fortsatta%20motg%E5ngar%20f%F6r%20%D6sterrikes%20gmo-fria%20zon.


 

 

USA: Kontroversiell ris vert planta ut

 

Genspleisa ris med tre menneskeleg protein frå morsmjølk har fått godkjenning for utplanting i Kansas av det amerikanske jordbruksdepartementet USDA.

 

I risgryna vert det produsert dei tre proteina lysozym, laktoferrin og albumin, som alle har antibakterielle eigenskapar. Risen vert produsert av amerikanske Ventria Bioscience som planlegg produksjon av drikkar som kan motverke mellom anna diaré og blodmangel.

 

Dette vert den første planten med menneskelege protein som vert planta på friland i stor skala, skriv Nature.

 

http://www.nyteknik.se/art/50769


 

 

Frankrike: Ny minister skeptisk til GM-mais

 

Frankrike kan følgje Tyskland når det gjeld restriksjonar mot den genmodifiserte maisen MON810, har landbruksminister Alan Juppe uttalt til Le Parisien. Han forklarer skepsisen med at det nyleg er oppdaga at insektgifta i maisen vert utsondra på måtar som ikkje akkurat var venta.

 

http://uk.biz.yahoo.com/25052007/323/france-follow-germany-gm-corn-restriction.html


 

 

Brasil: Kommersiell GM-mais


 

Bayer har fått godkjent GM-maisen LibertyLink for dyrking i Brasil, trass i store protestar frå miljøorganisasjonar.

 

LibertyLink er produsert av det tyske firmaet Bayer CropScience og er tolerant mot eit ugrasmiddel (glufosinate ammonium pesticide) Dette er den tredje typen GM-frø som vert tillate for kommersiell dyrking i Brasil – frå før er soyaen Roundup Ready og ein bomullsvariant med insektresistens godkjent, skriv SciDevNet.

 

http://www.scidev.net/content/news/eng/bayer-wins-brazil-gm-corn-approval.cfm


 

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Ren Mat har gitt økonomisk støtte til GENNYTT for mai og juni 2007.

 

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no