Gennytt 5. mars 2007

Nr 5 - 2007, årgang 9.

Russiske forsøk på rotter viser store helseskadar av genspleisa potet. Forsøka vart og utført på menneske.

 

Dei nordiske landa bur seg på sameksistens mellom økologiske/konvensjonelle og genmodifiserte avlingar. Førebels er det berre Danmark som har eit regelverk på plass, men i røynda fungerer det ikkje.

 

Norske GMO-åkrar eller ikkje, vi skal og ha eit regelverk. Raps er mest utsett for ureining av eventuelle GMO-variantar.

 

Norske genmatforskarar manglar ressursar og vert mobba.


 

 

Russland/Monsanto: Pasientar som forsøkskaninar

 

Pasientar på eit russisk sjukehus fekk i 1998 genmodifiserte Monsanto-poteter, som i USA er klassifiserte som plantegift. Også vanlege forbrukar i Russland og Georgia åt slike poteter på slutten av 90-talet, utan at dei ante kva GMO var. Forsøka var hemmelege heilt til russiske Greenpeace nyleg avslørte rapporten.

 

Poteta New Leaf vart skapt av Monsanto i 1995. Den skulle vere motstandsdyktig mot Colorado-billa, som gjer enorm skade i russiske potetåkrar. I tillegg inneheldt poteta ein genmarkør med antibiotika-resistens. Merkeleg nok inneheldt den ikkje E-vitamin, og mykje mindre betakaroten, fruktose og glukose enn vanleg potet. Ved genspleising har ein ikkje styr på kvar i kromosomsettet gena hamnar.

 

Russiske forsøk på rotter førte til svulstar i nyrene og skrumplever. Hemoglobinet i blodet minka. Rapporten konkluderer med at potetene gjev dyr stor risiko for celleendringar i indre organ.

 

Den skotske forskaren Arpad Pusztai gjorde også forsøk med genspleisa potet på slutten av 90-talet, og kom fram til at sjølve genspleisinga kunne gje helseskadar. Resultata vakte oppsikt i media, og kort tid etter fekk Pusztai sparken frå instituttet med skuldingar om slett forsking.

 

Den danske seniorforskaren Rikke Bagger Jørgensen meiner det er feil å samanlikne dei russiske forsøka med det skotske.

 

- Pusztai brukte heilt andre former for transgene poteter, og undersøkte effekten av eit lectin-produserande gen, seier ho til det danske tidsskriftet Ingeniøren.

 

Rapporten frå Russland har ført til ein heftig debatt i Storbritannia om ei rekke planlagde forsøk i vår med genmodifiserte poteter.

 

- Forsøka bør stoppast. Dette viser at Arpad Pusztai vart offer for ein svertekampanje frå den bioteknologiske industrien. Slike komplott bør ikkje regjeringa vere ein del av, seier Alan Simpson, parlamentsmedlem for Labour, til The Independent.

 

http://www.gmfreecymru.org/

 

http://news.independent.co.uk/uk/health_medical/article2278044.ece


 

 

Noreg: Regelverk om sameksistens under arbeid

 

Ei ekspertgruppe i Vitenskapskomiteen for mattrygghet har no overlevert Mattilsynet si vurdering av risikoen ved bruk av GMO i norske åkrar. Den er vag i konklusjonane, mykje på grunn av manglande fakta og forsking.

Det trengst reglar for artar som det finst genmodifiserte sortar av og som det klimatisk sett er mogleg å dyrke i Noreg, slår rapporten fast. Oljeraps har størst potensiale for spreiing, så bete, mais og potet. Aktuelle verkemiddel er krav til avstandsisolering, etterkontroll av areal, reingjøring av maskinar og dyrkingsintervall. Sjølv om ein tek i bruk alle aktuelle verkemiddel, er det knytt stor uvisse til spreiing av gen frå genmodifisert oljeraps.

 

Mattilsynet vil saman med er referansegruppe lage eit endelig utkast til reglar for sameksistens. Her ligg uttalen frå faggruppa:

 

http://www.vkm.no/eway/default.aspx?pid=0&oid=-2&trg=__new&__new=-2:17038

 

Ein rapport frå Nordisk råd skildrar stoda i Norden med omsyn til sameksistens . Ved utgangen av 2006 var Danmark framleis det einaste landet som har teke eit regelverk i bruk.

 

Det er venta at iallfall Danmark, Sverige, Noreg og Finland har eit regelverk på plass ved utgangen av 2007 eller byrjinga av 2008.

 

http://www.norden.org/pub/sk/showpub.asp?pubnr=2007:506



 

Noreg: Genmat-forskarar vert mobba

 

Forskarar som undersøker farane ved genmat, manglar pengar, vert marginaliserte og latterleggjorte, seier professor og medlem av Bioteknologinemnda Terje Traavik til Nationen. - Produsentane utviklar stadig nye sortar, medan forskinga på risiko ikkje kjem vidare. Problemet er mangelen på pengar, påpeikar Traavik, som er forskingsleiar for Norsk Institutt for genøkologi ved Universitetet i Tromsø. Eitt av dei forsømte områda er epidimologi, der ein tek utgangspunkt i faktiske sjukdomstilfelle. Kan nokre av sjukdomane skuldast genmat?

 

- Fleire studie viser at gena som vert sette inn i genmodifiserte organismar ikkje festar seg skikkeleg, og at dei kan føre til uventa endringar i organismen. Slike endringar i genmat kan føre til allergi, gift, mindre næringsinnhald og vere kreftframkallande. Så langt har det vore opp til produsentane som utviklar genprodukta å vurdere moglege skadeverknader, seier Traavik, som etterspør langt meir uavhengig risikoforsking. Han samanliknar handsaminga av dei uavhengige og modige genforskarane med dei forskarane som tidleg varsla om farane for BSE.

 

Dei vart marginaliserte, latterleggjorte og fråtekne forskingsmidla sine.

http://www.nationen.no/mat/article2613640.ece



 

Danmark: GMO-regelverket fungerer ikkje

 

Reglane som skal verne forbrukarane mot GMO kan vise seg å vere umoglege å administrere og kontrollere, både for verksemdene og styresmaktene. Matprodusentane kan berre seie at dei har vore i god tru.Ein pølsefabrikant vart nyleg frifunnen fordi verksemda hadde fått garanti for at mengda GMO i ei krydderblanding ikkje var over grensa for det tillete. Saka får truleg prinsipielle følgjer.

 

Ved å innføre regelen om at matvarer med meir end 1% GMO skal merkast, vert forbrukarane lurt. Det er falsk tryggleik. I røynda har matvareverksemdene ikkje nubbesjans til å kontrollere om regelen vert følgd, seier Lars Bode, direktør i Danske Slagtermestres Landsforening. Men avdelingssjef i det danske Forbrugerrådet, Villy Dyhr, forstår ikkje korleis dei kan gøyme seg bak skriftlege garantiar frå leverandørane.

 

- Då er jo lova verdilaus. Verksemdene får heller sende bøtene til leverandørane, seier Dyhr til Jyllands-Posten

 

http://www.madogsundhed.dk/?page=visnyhed&id=1905



 

Danmark: Nektar å merke GMO-kjøt

 

Slakterigiganten Danish Crown vil ikkje etterkome ynskjet frå danske forbrukarar om å produsere svinekjøt utan GMO. Dei vil heller ikkje merke GMO-kjøtet.

 

Fødevareminister Ritt Bjerregaard meiner at GMO-fritt kjøt er standard, og vil difor ha merka alt kjøt som kan innehalde GMO. Danish Crown meiner derimot at GMO-fritt kjøt er spesialvare, og at forbrukarane eventuelt må betale prisen for at få eit særskild merke på kjøt utan genmodifiserte organismar, skriv Politiken.

 

http://www.madogsundhed.dk/?page=visnyhed&id=2351


 

 

Sverige: Slurv med GMO-kontroller

 

Det vert slurva grovt med kontrollen av eventuell GMO i matvarer både blant kjeder og grossistar. Berre 30 prosent av verksemdene vart godkjende under ein kontroll av Livsmedelsverket. Elleve av 24 verksemder hadde ingen dokumentasjonsrutinar når det gjeld GMO, noko som strir mor EU-reglane. Dessutan oppgav fleire av dei at dei ikkje visste kva GMO betyr...

 

http://matportalen.no/Saker/1171626935.81


 

 

Genlaks endrar åtferd

 

Genmanipulert laks vert meir aggressiv enn villaks, forskarar er uroa for at den kan skade sine ville artsfrendar dersom den rømmer, skriv New Scientist 26.02.

 

http://www.newscientist.com/article.ns?id=dn11260&feedId=online-news_rss20


 

 

Ungarn: EU-støtte for GMO-forbod

 

Ungarn får halde fram med forbodet sitt mot ein genmodifisert mais frå Monsanto, MON 810. I EU s miljøråd røysta 22 av 27 land for. Berre Sverige, Storbritannia, Nederland og Finland støtta EU-kommisjonen, som vil tvinge Ungarn til å fjerne forbodet.


 

 

USA: Økologisk og klona?

 

Landbruksdepartementet i USA skal i løpet av våren avgjere om kjøt og mjølk frå klona dyr kan vere økologisk. Det er semje om at genmat ikkje er økologisk, men dei nasjonale reglane seier ingenting om kloning. I tillegg kjem debatten om forbrukarane har rett til å vite at biffen dei kjøper kjem frå eit klona dyr, skriv Washington Post.

 

http://www.atl.nu/Article.jsp?article=38765&Ekologisk%20m%E4rkning%20av%20klonat%20k%F6tt%20diskuteras

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Norsk Landbrukssamvirke har gitt økonomisk støtte til GENNYTT for mars 2007.


Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no