Gennytt 1. februar 2008

Nr. 3-2008, årgang 10

Brei norsk motstand mot genmodifisert mat

 

Monsanto, Syngenta og BASF trekker seg ut av globalt landbrukspanel

 

Sterk mistanke om at GMO kan føre til allergi, diabetes og stoffskiftesjukdomar


 

 

Norsk semje mot GMO

 

Å ta i bruk genmodifiserte organismar kan ta frå både bønder og forbrukarar retten til å velje GMO-fritt i framtida. Det er ingen forhold i norsk landbruk som tilseier at vi har noko å tene på å ta i bruk GM-plantar eller GM-fôr, skriv leiarane i åtte norske organisasjonar.

 

I innlegget vert det vist til at bruk av GMO i staden kan svekke tilliten til norsk mat hos forbrukarane. For økologisk dyrking vil innblanding av GM-plantar vere fatal. Difor seier alle norske landbruksorganisasjonar nei til å ta i bruk GMO før vi har meir kunnskap om dei langsiktige konsekvensane.

 

Innlegget er underteikna av leiarane i Forbrukerrådet, Norges Naturvernforbund, Utviklingsfondet, Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Landbrukssamvirke, Norges Bygdekvinnelag og Oikos, som poengterer at debatten ikkje må innskrenkast til ein kamp om forskingsmidlar, slik det har vore ein tendens til.

 

I følgje internasjonale undersøkingar er heile 70 prosent av europearane mot GMO. Sjølv i Nord-Amerika er det sterk motstand mot genmodifisert kveite.

 

http://www.bondelaget.no/bibliotek/taler/dbafile106830.html


 

 

Norden som GMO-fri sone

 

Det venstresosialistiske grøne partiet (VSG) i Nordisk Råd meiner at Norden bør erklære seg rom GMO-fri sone, slik mellom anna Austerrike, Hellas og Polen har gjort.

 

- Forskinga tyder på at genmodifiserte organismar har ein negativ effekt på helsa, konstaterer VSG, som og trekker fram det biologiske mangfaldet som eit argument for forslaget.

 

http://www.norden.org/webb/news/news.asp?id=7628&lang=2


 

 

GMO-firma ute av internasjonalt forum

Bioteknologiske firma trekker seg ut av eit internasjonalt samarbeid som skal kartlegge framtida for det globale landbruket. The International Assessment of Agricultural Science and Technology for Development har som mål å finne svar på korleis ein skal brødfø det veksande folketalet på jorda, på same måte som Klimapanelet jobbar for å møte klimaendringane.

 

Dette internasjonale landbrukspanelet kom nyleg fram til at GMO ikkje kan nyttast som eit verkty for å redusere svelt og fattigdom i verda, tvert om kan denne teknologien føre til store problem for utviklingsland. Dermed ville ikkje Monsanto, Syngenta og BASF vere med vidare, skriv The Guardian.

 

http://www.guardian.co.uk/environment/2008/jan/22/gmcrops.climatechange


 

 

USA: Trugsmål mot EU

 

The American Soybean Association (ASA) åtvarar europeiske land mot følgjene av importstoppen av amerikansk genmodifisert soya. Soyaprodusentane trugar med represaliar dersom Europa ikkje hevar blokaden. Den amerikanske soyaindustrien har tapt millionar på grunn av den europeiske skepsisen mot GMO, og får støtte frå WTO, som meiner at land som har stoppa importen av GM-mais bryt internasjonale handelslovar.

 

http://www.foodnavigator.com/news-by-product/news.asp?id=82866&idCat=0&k=ASA--GM-EU


 

 

BASF aukar aktiviteten i Asia

 

Restriksjonane i EU mot GMO har og ført til at BASF no vender seg mot Søraust-Asia i samarbeid med National Institute of Biological Sciences (NIBS) i Kina.

 

- Vi er skuffa over den politiske utviklinga i Europa, seier kommunikasjonsrådgjevar Mette Johansson i BASF.

 

http://www.theengineer.co.uk/Articles/Article.aspx?liArticleID=304144


 

 

Polen: GMO-forbod vert underkjent

 

EU-kommisjonen godkjenner ikkje Polens forbod mot genmodifiserte plantar. Det finst ingen vitskaplege grunnar for eit slikt forbod, skriver agra-net.com. Jordbruksministeren i Polen seier at den polske loven skal endrast for å stemme overeins med reglane i EU.

 

http://www.agra-net.com/portal/home.jsp?pagetitle=showstory&article_id=1201309067827&pubId=ag089


 

 

USA: Mais- og soyaprisane i veret

 

Økonom Barry Ward ved Ohio State University reknar med at i USA vil prisen på mais stige med mellom 24 og 35 prosent i 2008, medan soyaprisen vil bli 23 prosent høgare enn i fjor.

 

Også prisen på frø vil gå opp med mellom 5 og 10 prosent.

 

- Vi rekna med at oljeprisen ville stige, men ikkje at kalium- og fosforprisane også ville fyke i veret, seier han.

 

http://www.farmersguardian.com/story.asp?sectioncode=54&storycode=15875


 

 

Pris til Monsanto-sjef

 

Robert T. Fraley, Ph.D., sjefsteknolog og visepresident i Monsanto, er tildelt NAS (National Academy of Sciences) høgthengande vitskapspris for arbeidet med å forbetre avlingar med hjelp av bioteknologi. Prisen vert delt ut tredjekvart år for viktig vitskapleg arbeid til kommersiell nytte.

 

http://orange.advfn.com/news_National-Academy-of-Sciences-Recognizes-Monsantos-Chief-Technology-Officer-for-D_24379936.html


 

 

EU: Kritiske til klona kjøt

 

I byrjinga av februar skal medlemslanda i EU ta stilling til ein rapport frå EFSA som slår fast at kjøt frå klona dyr er ufarleg å ete. Svenske forskarar er uroa for at Sverige vert tvunge til å godta klona kjøt i framtida.

 

- At kjøtet ikkje er farleg som mat er ikkje godt nok motiv for å godta slikt kjøtt, seier forskar Anne Lundén i Gentekniknämnden. Ho meiner at lidingane for dyret og det etiske aspektet også å reknast med.

 

http://www.sr.se/cgi-bin/ekot/artikel.asp?artikel=1838377


 

 

Genmodifisering og stoffskifte

 

Mange hundre millionar menneske vert brukt som forsøksdyr for testing av om genmodifisert mat er trygg, skriv forbundsleiar Bente Bakke i Norsk Thyreoideaforbund, pasientorganisasjonen for stoffskiftesjuke i Norge.

 

- Dersom det stemmer at genmodifisert mat og dyrefôr kan føre til stoffskifteendringar, er det svært alvorlig, meiner ho. Stadig fleire amerikanarar utviklar sjukleg overvekt og diabetes type 2. Dette har skjedd nærmast epidemisk i løpet av dei åra genmodifisert mat har kome i store mengder på den amerikanske marknaden. Det ser også ut til at stoffskiftelidingar knytt til skjoldbruskkjertelen aukar, særleg lågt stoffskifte.

 

http://www.helserevyen.no/index2.asp?newsid=5915


 

 

GMO og allergi

 

Stadig fleire studiar viser at det truleg er ein samanheng mellom GMO og allergiar. I USA har talet på allergikarar auka i takt med utbreiinga av genspleisa mat.

 

http://www.powerpublish.co.uk/?a=articles&p=5309

 

I India vert stadig fleire bomullsarbeidarar råka av allergi, skriv Dr Sudhir Kumar Kaura, genetikar i Hisar, Haryana State i India.

 

http://www.i-sis.org.uk/BTAllergyNorthIndia.php


 

 

Supergulrot

 

Med ei ny genmanipulert supergulrot skal det bli mogleg å oppta 41 prosent meir kalk enn frå vanlege gulrøter. Dette er godt nytt for allergikarar og folk som slit med fedme, skriv BBC. Det vert og forska på andre grønsaker for mellom anna å motverke beinskjørheit og osteoporose.

 

http://fpn.dk/mad/kost_ernaering/article1235486.ece



 

GMO-register

 

Ein ny online GMO-database er opna av engelske GeneWatch og Greenpeace. Her vert det samla opplysningar om hendingar og skadar på grunn av ulovlig spreiing og ureining av GMO.

 

http://www.gmcontaminationregister.org/


 

 

Ope møte om bioteknologi

 

Bioteknologinemnda ynskjer å sette søkelyset på bioteknologi i et Nord/Sør-perspektiv torsdag 6. mars kl. 10.00 - 15.00. Temaet er bruk av bioteknologi innafor helse, landbruk og handel, og kva rolle moderne bioteknologi vil ha i norsk bistands- og utviklingsarbeid i tida framover. Møtet vert halde på Håndverkeren konferansesenter, Rosenkrantzgate 7 (inngang Kristian IV gate) og er gratis og ope for alle.

 

http://www.bion.no/moter/nord_sor_perspektiv/index.shtml



 

GMO-seminar i Alnarp

 

Partnerskap Alnarps og Jordbruksverket inviterer media til seminar om GMO 6. februar ved Sveriges lantbruksuniversitet i Alnarp. Det vert informert om moglegheiter og problem med dyrking av genmodifiserte plantar, kva slags dyrking vi vil ha i Sverige i næraste framtid og kva reglar som gjeld.

 

http://www.sjv.se/presskontakten/pressmeddelanden/pressmeddelanden/pressinbjudangmoseminariumialnarp.5.313fdc3e116c968a30080007082.html


 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Cultura Gavefond har gitt økonomisk støtte til GENNYTT for januar og februar 2008.