Gennytt 1. januar 2008

Nr. 1-2008, årgang 10

Fôrkostnadene til europeisk landbruk kan stige med 600 prosent dersom ein ikkje opner for genmodifiserte råvarer

 

Det vert forska alt for lite på konsekvensane av GMO, meiner professor ved Genøk

 

Østfolding skriv bok om GMO for ”klimaversting” i USA

Norsk miljøkampanje mot Monsanto


 

EU varslar krise utan genfôr

 

Ein fersk rapport om dei økonomiske verknadene av forbod mot GMO i råvarer, skapar inntrykk av eit skrekkscenario dersom ikkje EU-landa raskt opnar for bruk av nye genmodifiserte sortar til husdyrfôr, skriv Nationen.

 

Rapporten er skriven av landbruksdirektoratet under EU-kommisjonen, og ligg her:

 

http://ec.europa.eu/agriculture/envir/gmo/economic_impactGMOs_en.pdf

 

Den åtvarar mot fôrkostnader som i verste fall kan auke med 600 prosent dersom dei viktigaste eksportlanda Argentina, Brasil og USA ikkje kan stette kravet til EU om null innhald av ikkje godkjende GMO.

 

Då vil importen bli stoppa, fôrmangelen bli prekær, husdyrproduksjonen gå kraftig ned, medan importen vil auke frå konkurrentland som kan produsere billig takka vere GMO som ikkje er godkjende i EU. Norsk landbruk står overfor liknande utfordringar i og med at Brasil, der Noreg hentar soyaen sin, no har tillete GMO.

 

Den internasjonale sertifiserings-eksperten John Fagan, som grunnla det første selskapet i verda som kan teste for innhald av GMO, Genetic ID, trur ikkje på påstandane frå EU-direktoratet .

 

- Det er masse GMO-fri råvare for dei som vil ha det. Det er i hovudsak kraftfôrindustrien som ropar opp om problem. Det trengst berre at kundane i landbruk eller havbruksnæring kommuniserer kva og kor mykje dei treng av GMO-frie varer, seier han til avisa.

 

http://www.nationen.no/eu_wto/article3190860.ece



 

Fråverande forsking

 

- Det er eit stort problem at det ikkje vart forska nok på konsekvensane før vi slapp første generasjon GMOar ut i naturen. For legemiddel er det store sikringstiltak og krav om testing, medan mat, som vi et kvar dag, ikkje er underlagt så strenge tiltak, seier Terje Traavik, professor i genøkologi og forskingssjef ved Det nasjonale senteret for biosikkerhet (Genøk), til forsking.no. Han meiner at det er sett altfor lite på samanhengen mellom til dømes auken av allergiar og auka forbruk av genmodifisert mat.

 

- Det finst i det heile ikkje forsking som ser på om kjemisk ureining, klimaendringar og genmodifikasjon gjensidig påverkar kvarandre, seier han.

 

Produsentane av genmodifisert mat set inn store ressursar for å kome inn på marknaden i utviklingsland, fordi dei ikkje har den same lovgivinga knytt til GMO som europeiske land.

 

- I tillegg til helse- og miljøproblem kan genmodifiserte organismar som utkonkurrerar lokale variantar ha stor innverknad på samfunna som i utgangspunktet er sårbare. Dette kan medføre både sosiale, økonomiske og kulturelle endringar i negativ lei, seier Traavik.

 

http://www.forskning.no/Artikler/2007/desember/1198144771.17


 

 

Zambisk matforskar studerer ved Genøk

 

I 2002 vart Zambia ramma av ein massiv hungerkatastrofe. Likevel nekta landet å ta imot amerikansk naudhjelp i form av genmodifisert mais. Grunnen var uvisse om korleis genmodifisert mais ville verke inn på helsa til menneske som får opptil 90 prosent av næringsinntaket sitt via mais.

 

- Vi var ikkje i ein posisjon der vi kunne bestemme om det var trygt eller ikkje, fortel Tracy Munthali, zambisk matforskar som no studerer ved Nasjonalt senter for biosikkerhet, Genøk.

 

– Som matforskar meiner eg at mat ikkje bør ha nokon negative effektar. Når du et noko, bør du vite kva du et, og det veit du ikkje når du et genmodifisert mat.

 

Munthali er i Tromsø for nettopp å lære seg å analysere maten for modifiserte gen.

 

– Når du kultiverer dei tradisjonelle maissortane, treng du ikkje å kjøpe såfrø kvart år. Du vel det beste du har, sparer det til neste år og sår det i jorda. Bøndene ville gjort akkurat det same med amerikansk genmodifisert mais: dei ville plante det, og då ville det bli ein del av avlinga neste sesong. Slik ville ein etter kvart tapt den tradisjonelle typen. Det ville vorte ei katastrofe, seier Munthali, som reiser heim til Lusaka no på nyåret. Der skal ho truleg jobbe i ein helt ny lab som vert oppført i samarbeid med Genøk.

http://www.forskning.no/Artikler/2007/desember/1198150432.96


 

Nyttig genspleising

Plantefysiolog i Tromsø ser berre nytte i genmodifisering.


 

- Det er eit svært nyttig verktøy for foredling av plantar, og meir presis enn alle dei andre metodane vi har, seier Olavi Junttila, professor i plantefysiologi ved Universitetet i Tromsø.

 

- Tidlegare nytta ein mellom anna mutasjonsforedling, der plantane vert behandla med kjemikaliar eller stråling for å framkalle heilt tilfeldige mutasjonar. Ein visste aldri kva ein fekk. Genteknologi gjev nye og meir presise måtar å endre gena til plantane på, seier Junttila.

 

http://www.forskning.no/Artikler/2007/desember/1198151065.06


 

Skriv bok til forsvar for GMO

 

Lene Johansen frå Slevik har fått stipend på 40.000 dollar frå den kontroversielle amerikanske tankesmia Competitive Enterprise Institute (CEI) i Washington for å skrive ferdig ei bok om bioteknologi. Boka handlar om dei menneskelege kostnadene ved regulering av plantebioteknologien, om matforsking, genmanipulering av plantar og den strenge reguleringa av denne verksemda.

- Eg er usamd i politikken som vert ført og meiner at ei liberalisering vil kunne hjelpe tusenvis av menneske, særleg i den tredje verda, seier ho til Fredrikstad Blad.

 

Norske miljøvernorganisasjonar meiner CEI er ein klimaversting, og tankesmia hevdar sjølv å vere ein leiar i kampen mot det dei kallar klimaendringshysteriet.

 

http://f-b.no/article/20071231/NYHET/147103995/-1/STJERNEN


 

 

Fann ikkje genmat

 

Mattilsynet har ikkje påvist ulovlege mengder genmodifisert materiale ved Proteinfabrikken AS i Sandefjord, som produserer ulike typar kosttilskot. Mattilsynet tok tidleg i haust prøver av produkt som innheldt ingrediensar av mais og/eller soya, dei planteartane det globalt vert dyrka flest genmodifiserte variantar av.

 

Først til våren kjem den endelege rapporten om den landsomfattande undersøkinga til Mattilsynet i 2007.

 

http://www.sb.no/article/20071228/NYHETER/858082537/1052/LDI


 

 

Sverige: Nye GMO-regla til godkjenning

 

Det svenske Jordbruksverket har sendt forslag til reglar for GMO-dyrking til EU-kommisjonen. Om dei vert godkjende, skal reglane tre i kraft til våren.

 

Forslaget går mellom anna ut på at ved dyrking av GM-mais skal avstanden til andre maisåkrar vere minst 50 meter, ved potet skal avstanden vere tre meter. http://www.lantbruk.com/Article.jsp?article=35346


 

 

Danmark: Miljøminister frikjent

 

Politiet har frikjent klimaministeren, dåverande miljøminister Connie Hedegaard, for i sommar å ha godkjent den genspleisa maisen MON863, som er resistent overfor antibiotika og har ført til lever- og nyreskadar på forsøksrotter, skriv avisa Information.

 

Greenpeace melde Hedegaard for forsettleg å bryte dansk lov.

 

http://ing.dk/artikel/84218’


 

 

Brei protest mot brokkolipatentering

 

Frå 1. januar 2008 vart Noreg medlem av den europeiske patentorganisasjonen (EPO), som har byrja å godkjenne patent på vanlege plantar og dyr. Dette er i strid med målet til regjeringa om å føre ein restriktiv patentpolitikk. Det høgaste klageorganet i EPO vurderer no om det skal oppretthalde patentet på ein vanleg brokkoli. 16 norske miljø-, utviklings- og landbruksorganisasjonar åtvarer mot at saka kan skape presedens og ber regjeringa intervenere slik at brokkolipatentet vert oppheva.

 

http://www.naturvern.no/cgi-bin/naturvern/imaker?id=111234


 

 

Storbritannia: Skifta meining

 

Den britiske forskaren og professoren Sir David King, som påstod at GMO ville kunne hindre hungersnaud i den tredje verda, innrømmer at han tok feil. Han var ei viktig støtte for dei britiske styresmaktene som har eit sterkt ynskje om å gje løyve til dyrking av GMO i Storbritannia, skriv britiske Daily Mail.

 

http://www.dailymail.co.uk/pages/live/articles/technology/technology.html?in_page_id=1965&in_article_id=503339


 

 

Thailand: GM-mais ureina naboåker

 

Genspleisa mais er funne på eit lokalt gardsbruk i nærleiken av maisåkrane til Monsanto i Phitsanulok-provinsen. Kommersiell dyrking av GMO er forbode i Thailand, men Monsanto har løyve til å drive eit testområde 500 meter frå garden der det villfarne maisen vart funne, skriv Bangkok Post.

 

http://www.bangkokpost.com/News/21Dec2007_news09.php


 

 

Kampanje mot Monsanto

Norges Miljøvernforbund startar kampanje mot Monsanto på grunn av at forbrukarar vert nekta innsyn i GMO i matvarer, og krev at mat med GMO-ingrediensar vert tydeleg merka.

 

http://www.miljovernforbundet.no/render.asp?articleno=1647&segment=1&session=


 

 

Ny bok om sosioøkonomiske konsekvensar av GMO

Ei fersk bok frå TWN med tittelen ”Potential Socio-Economic, Cultural and Ethical Impacts of GMOs: Prospects for Socio-Economic Impact Assessment” av Elenita C Dano kan lastast ned frå: http://www.biosafety-info.net/pubart.php?pid=34

 

Ynskjer de ei papirutgåve av boka, kan den tingast på http://www.twnside.org.sg, eller frå Third World Network i Malaysia, epost: twnet@po.jaring.my


 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Cultura Gavefond har gitt økonomisk støtte til GENNYTT for januar og februar 2008.