Gennytt 15. januar 2008

Nr. 2-2008, 10. årgang

Norsk professor i molekylærgenetikk har skapt heftig debatt i media dei siste par vekene.

 

Frankrike forlenger forbodet mot dyrking av genmais, medan EU snart må ta stilling til kva dei skal gjere i høve GMO-import og WTO.

 

Forsking frå fleire land syner at GM-bomull ikkje har dei påståtte positive effektane.


 

 

Naudsynt med genmodifisering

 

Noreg og verda treng GMO. Teknologi er eit verkty for å løyse dei store utfordringane vi ser framfor oss. Om vi ikkje får utvikle og bruke GMO, kan det få konsekvensar som verken miljøvernarar, politikarar eller forskarar ynskjer å ta ansvar for, meiner Hilde-Gunn Opsahl Sorteberg. Ho er professor i molekylærgenetikk og medlem av vitskapskomiteen for mattryggleik, og meiner at dei fleste i Noreg er grunnlaust skeptiske til genmodifisering og genmodifiserte organismar.

 

- Noreg og verda trenger genmodifiserte organismar, skriv Sorteberg i ein kronikk i Aftenposten.

 

Les kronikken http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/article2181913.ece

 

Sjå og innslag om genmodifisert mat med professor Hilde-Gunn Opsahl Sorteberg på Schrödingers katt, NRK Nett-TV. og debatt på Verdt å vite (P2) her:

http://www20.nrk.no/meldinger/webmelding.aspx?prosjektid=1180&type=les


 

 

Skyt inn gen og får ut medisin

 

- Sjølvsagt skal vi vere varsame med genmanipulering. Men det har vore for mykje skremselspropaganda i Norge, seier professor Simon Geir Møller ved Centre for Organelle Research (Core) ved Universitetet i Stavanger. Han driv omfattande genmanipulering med plantar.

 

– Vi plasserer gen i planten, som vert til ein proteinfabrikk. Og defekte protein er årsaka til tallause sjukdomar hos menneske, seier Møller, som har patent på denne metoden genmanipulering.

 

- Den fine med denne metoden er at vi ikkje bruker antibiotika-resistens som utvelgingsmetode av genmodifiserte plantar, noko som elles er svært vanleg. Eg er heilt samd i at ein skal vere varsam med genmanipulert materiale, men i Norge har vi veldig strenge reglar, og alt vi driv med skjer i lukka rom, godkjent av styresmaktene, seier Møller som har 17 år med studium og forsking i USA og Storbritannia bak seg.

 

http://www.aftenbladet.no/fritid/midten/article573987.ece


 

 

Storbritannia: Grønt lys for klona mat

 

Kjøt og mjølk frå klona husdyr bør godkjennast for konsum, meiner EU-forskarar. Dei innrømmer at slike dyr er meir utsette for sjukdom og tidleg død enn andre dyr, men meiner likevel at det ikkje er nokon grunn til å halde produkta unna britiske butikkhyller.

 

http://www.thisislondon.co.uk/news/article-23432051-details/EU%20gives%20green%20light%20for%20cloned%20food%20to%20go%20on%20sale%20in%20UK%20shops/article.do


 

 

Frankrike: Forlenger forbodet mot GMO-dyrking

 

Den franske regjeringa har forbode dyrking av den genspleisa maisen MON810. José Bové og 15 andre franske bondeaktivistar har avslutta sveltestreiken og den internasjonale bondeorganisasjonen Via Campesina uttaler at ”avgjerda er eit sterkt signal om å revurdere eit mogleg totalforbod mot GMO i Europa og verda”.

 

Avgjerda om å forlenge forbodet kom etter at ei ekspertgruppe førre onsdag uttrykte sterk tvil om maisen er trygg, og synte til ei rekke nye vitskaplege fakta om negative verknader på flora og fauna.

 

http://uk.reuters.com/article/environmentNews/idUKPAB00373820080111


 

 

EU må snart ta stilling

 

Canada er samd i at EU skal få utsett deadline til 11. februar for å bli samd med seg sjølv om ein skal endre importlovane om GMO, slik WTO har kravd, skriv The Canadian Press.

 

http://canadianpress.google.com/article/ALeqM5h2IyFVO36Ttq5kx-4lRVaeIdt6Lw


 

 

GMO-suksess – rein bløff?

 

Genspleisa bomull har vorte framstilt som ein suksess med tanke på inntening for bøndene, reduksjon i bruken av kjemikalie og gagn for biomangfaldet. No viser fleire uavhengige forskarar – frå Kina, Sør-Afrika og USA, at dette slett ikkje er tilfelle. Les meir om desse studia på

 

http://www.gmwatch.org/p1temp.asp?pid=86&page=1


 

 

Norden: Nordisk genressurssenter

 

Frå 1. januar i år er det nordiske arbeidet med genressursar samla i den nye organisasjonen Nordisk genressurssenter, eller NordGen.

 

Verksemda vart tidlegare teke hand om av organisasjonane Nordisk Genbank Husdyr, Den Nordiske Genbanken og Det Nordiske skogsbrukets frø og planteråd.

 

NordGen skal mellom anna arbeide for at avlsprogram tek vare på den genetiske breidda blant husdyr og genressursar frå skogstre, for å oppretthalde den store genetiske variasjonen i populasjonane.

 

http://www.norden.org/webb/news/news.asp?id=7568&lang=3


 

 

Svimlande auke i Monsanto-overskot

 

Monsanto, den største frøprodusenten i verda, kom ut av første kvartal med eit overskot på 256 millionar dollar mot 90 millionar dollar året før. Omsetninga av frø og genmanipulerte produkt har auka med 23 prosent, medan salet av Roundup og andre ugrasmiddel har auka med heile 55 prosent.

 

Det var særleg auka sal av Roundup i Brasili, Argentina og Europa som var årsaka til den store omsetninga i kvartalet, i tillegg til framgang i sal av frø og genspleisa produkt til Brasil og Argentina.

 

http://epn.dk/industri/article1218783.ece


 

 

Kina: Klimakvoter for GM-ris

 

Arcadia Biosciences forhandlar med kinesiske styresmakter for å påskjønne bønder i Kina som dyrkar GMO – det kan gje dei klimakvoter som dei kan selje på den internasjonale ”karbonmarknaden”. Arcadia forklarer dette med at den genspleisa risen treng mindre kunstgjødsel med nitrogen, og dermed vert utsleppa av klimagassar mindre enn ved tradisjonell risdyrking.

 

http://www.guardian.co.uk/environment/2008/jan/08/gmcrops.food


 

 

Kina: Supervin for eit langt liv

 

Kinesiske forskarar er i ferd med å lage ein ny type raudvin av genspleisa druer. Dei inneheld seks gonger så mykje resveratrol som vanlege druer. Dette stoffet forlengjer livet til både gjærsopp, fluer og rundormar, og vert naturleg produsert i plantar for å ta knekken på infeksjonar, skade, stress og UV-stråling.

 

Yuejin Wang ved Nordvest Universitet for landbruks og skogbruk i Yangling i Shaanxi-provinsen, har utvikla supervinen ved å sette inn eit ekstra gen frå ein vill druesort. Målet var å skape ein plante som var resistent mot skadeinsekt, som altså vert haldne i sjakk av resveratrol.

 

http://www.newscientist.com/channel/health/mg19726370.800-superwine-might-boost-lifespan.html?feedId=online-news_rss20



 

USA: Ny seier til Monsanto

 

Monsanto har vunne ein ny seier i retten over ein bonde frå Mississippi som i 1999 vart skulda for å bruke såfrø frå ein patentert genmodifisert soyaplante. Bonden Homan McFarling må betale 375 tusen dollar i erstatning til frøselskapet.

 

Sia slutten av nittitalet har Monsanto saksøkt nærare 100 bønder av same grunn.

 

http://www.stltoday.com/stltoday/business/stories.nsf/story/2F4182ED85D17FDA862573C900629433?OpenDocument


 

 

Tyskland: Verdskongress for plantemangfald

 

Planet Diversity, verdskongress om framtida for mat og jordbruk, vert arrangert i Bonn 12. til 16. mai. Påmelding innan 31. mars, les meir på

 

http://www.planet-diversity.org/registration.html


 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.