Gennytt nr. 10 - 2008

15. mai 2008, årgang 10.

 

* Brei front mot GMO i Noreg, ønske om 10 års forbod

 

* Stor forvirring om GMO kan berge matvarekrisa – vert det større eller mindre avlingar ved dyrking av GMO?

 

* GM-poteta Amflora må vente

 

 

Vil ha Noreg GMO-fritt i 10 år

Utviklingsfondet, Natur og Ungdom, Bonde- og småbrukarlaget og Naturvernforbundet overleverte tysdag krav til regjeringa om å innføre eit 10 års forbod mot genmodifiserte organismar i mat og fôr og på open åker. I alt femten organisasjonar og tre ungdomspolitiske parti har til no slutta seg til kravet om eit slikt forbod.

 

Monsanto og Syngenta har søkt om godkjenning av ei rekke GMOar i Noreg. Desse sender Direktoratet for naturforvaltning (DN) vidare ut på høyring i desse dagar.

 

- Dei talrike søknadane utgjer ei stor arbeidsbyrde for miljøstyresmaktene. At dei ikkje har kapasitet til å handheve dette på ein skikkeleg måte er openbart, seier programkoordinator i Utviklingsfondet, Bell Batta Torheim, og refererer til ei rekke feil DN har gjort i sakshandsaminga. Ho meiner at eit mellombels forbod vil frigjere miljøstyresmaktene og organisasjonane som jobbar med GMO for mykje bortkasta arbeid.

 

http://www.oikos.no/newsread/news.asp?docid=10661&wce=dokument

 

 

EU/FN: Stor konferanse om mat og GMO

Kring 5000 aktivistar demonstrete denne veka i Bonn mot GMO og mot produksjon av biodrivstoff i samband med den store FN-konferansen, der også Noreg deltek.

 

2000 ekspertar skal mellom anna diskutere framtidig handel med til dømes genspleisa mais og korn.

 

- No forhandlar Noreg om erstatningsreglar på møte i Cartagenaprotokollen om biotryggleik i Bonn. Eit mellombels forbod mot GMO vil vere ein langt enklare måte å unngå genureining på enn å lage kompliserte reglar for korleis GMO-selskapa skal betale for skadane som GMOar har påført, seier Bell Batta Torheim.

 

http://www.reuters.com/news/video?videoId=82240&feedType=VideoRSS&feedName=Environment

 

 

Snart et vi alle genmodifisert mat

- Om nokre år et vi alle genmodifisert mat og ler når vi tenkjer attende, seier seniorforskar Askild Holck, Nofima mat - tidlegare Matforsk. Han meiner at matvarekrisa gjer det naudsynt å satse på genteknologi.

 

Stadig meir av det som vert dyrka i verda er genmodifisert. To tredelar av all soya og ein firedel av risen som vert dyrka er genmodifisert.

 

- Slike avlingar er hausta i over ti år, og erfaringane er svært gode. Det er ein av dei mest suksessrike plantane som er introdusert på marknaden. Vi har hatt ein enorm vekst frå år til år. meiner Holck

 

Leiar i Naturvernforbundet Lars Haltbrekken er ikkje samd.

 

- Hovudproblemet med matvaresituasjonen i verda er den skeive fordelinga, og den løyser vi ikkje ved å gje dei multinasjonale selskapa meir makt over matfatet vårt, seier Haltbrekken til TV 2-nyhetene.

 

http://www.tv2.no/nyhetene/innenriks/article1824565.ece

 

 

Genmodifisert soya gjev lågare avlingar

Ein treårig studie av konvensjonell og genmodifisert soya i USA, gjennomført av universitetet i Kansas, viser at GM-soyaen gav 10 % lågare avling, skriv nettstaden www.betapolitique.fr. Auka magnesiumgjødsling til GM-plantane gav lik avling, noko som kan tyde på at GM-maisen har vanskar med å ta opp magnesium. Professor Bob Watson, som har leia undersøkingane, og som er vitskapsdirektør i Miljøverndepartementet, svarer kort og godt ”Nei!” på spørsmålet om GM-plantar kan løyse matkrisa i verda.

 

www.independent.ca.uk/environment

 

 

EU stoppar premieren for Amflora

EU-kommisjonen har igjen sett ned foten for den genspleisa poteten Amflora, som etter planen skulle setjast ut i Tsjekkia denne våren.

 

BASF har venta i fleire år på godkjenning frå EU, og i fjor haust rekna BASF med at det berre stod att formalitetar før ein kunne starte produksjon.

 

- Vi mistenker Stavros Dimas for å ha politiske baktankar sida han stadig utset godkjenninga av Amflora. Søknaden har ligge på bordet hans i ni månader utan at vi har høyrd noko. Difor vurderer vi no å gå til rettssak, seier Susanne Benner, talsperson for BASF.

 

EU har no sendt søknaden attende til EFSA, som skal gjere ei tredje gransking med omsyn til antibiotikaresistensen. Amflora er utvikla i eit samarbeid mellom svenske Svalof Weibull og tyske BASF.

 

http://www.lantbruk.com/Article.jsp?article=36361

 

 

Frankrike: Nederlag for Sarkozy

Parlamentet i Frankrike har avvist ei lov som ville gje tilgang til å dyrke GMO. Presidenten mangla støtte frå sitt eige parti. Berre en tredel av hans eigne partifellar støtta lovforslaget, dermed klarte venstrefløya å samle 136 røyster mot 135 for å forkaste forslaget.

 

http://politiken.dk/udland/article508222.ece

 

 

Danmark: Nei til genspleising med antibiotikaresistens

Eit fleirtal i Folketinget vil pålegge regjeringa alltid å seie nei til dyrking av GMO som inneheld ein genmarkør med antibiotikaresistens.

 

http://ing.dk/artikel/88024

 

 

Danmark: GMO til dyr, ikkje til menneske

Konvensjonelle kjøtprodusentar frå Dansk Kvægs er overveiande positive til GMO. 67 % ynskjer å sjølv dyrke GMO til dyr om det vert tillete. Men 80 % vil på den andre sida ikkje dyrke GMO for konsumvare til menneske. Heile 70 % meiner det er i orden å fôre kyr med GM-soya.

 

79 % av bøndene trur forbrukarane vil reagere negativt på produkt som inneheld GMO. Likevel meiner 73 % at det vert dyrka GMO på danske jorde om 10 år.

 

http://www.maskinbladet.dk/article/article_view.php?id=23983

 

 

EU: Sterk lokal motstand

Genmodifisert raps er på avvegar i Wallonia aust i Belgia. Landbruksministeren i Wallonia ynskjer eit moratorium for både handel med og prøvefelt for genmodifiserte plantar så lenge ein ikkje kan sikre seg mot uønska spreiing.

 

Landbrukskammeret i det franske alpefylket Haute Savoie har med 35 mot 15 stemmer sagt nei til dyrking av GMO i fylket. Bakgrunnen er at ein stor del av jordbruksproduksjonen i Haute Savoie er beskytta av systemet med opphavsmerking.

 

Organisasjonen for geografisk opphavsmerka mat i Sveits ynskjer og eit strengt lovvern mot alle typar genmodifiserte organismar. Målet er å få ei streng lovgjeving på plass før det offisielle GMO-moratoriet i landet går ut i 2010.

 

http://www.smabrukarlaget.no/tema/wto/wto_dagfordag.html

 

 

Bulgaria: Lovendring for GM-bomull

Det bulgarske parlamentet har endra lova som forbyr utplanting av genspleisa bomull. Dersom ein får ei godkjenning frå EU er det dermed det fritt fram for å dyrke genmodifiserte variantar av både mais, raps, soja og bomull i landet.

 

http://www.parliament.bg/bills/40/754-01-167.pdf

 

 

Danmark: GM-gjær lagar biobrensel

Dansk gen-gjær pressar 30 % meir biodrivstoff ut av halmballar. Det danske biotekfirma Terranol hevdar at ein genmodifisert gjærstamme kan gjere bioetanol konkurransedyktig med bensin. Dersom denne gjærsoppen vert teken i bruk, kan ein produsere 120 milliardar liter biobrensel – det svarer til 40 % av det samla bensinforbruket i Europa.

 

Gjærstammen kan og nyttast til å produsere bioetanol av treflis.

 

Dersom gjæra vert slept laus på avfalls- og restproduksjon frå industri, land- og skogbruk over heile verda, vil det kunne spare kloden for 250 millioner ton CO2-utslepp.

 

http://ing.dk/artikel/87961

 

 

Verda: Stadig meir GMO

Det samla arealet med GMO-avlingar steig ytterlegare 14 % til 114 millionar hektar i løpet av 2007, syner tal frå det danske Plantedirektoratet. På førsteplass ligg USA med eit dyrka areal på 57,7 millionar hektar, etterfølgd av Argentina med 18 millioner.

 

http://www.maskinbladet.dk/article/article_view.php?id=23975

 

 

Ope møte: Biodrivstoff – regner vi oss inn i solnedgangen?

Tid: Torsdag 22. mai, kl. 09.00–12.30

 

Sted: Håndverkeren konferansesenter, Oslo

 

http://www.bion.no/moter/biodrivstoff/index.shtml

 

 

...........................................................

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Denne utgåva er støtta av Ren Mat.

 

GENNYTT legges også ut her: www.oikos.no/renmat

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no