Gennytt nr. 11 - 2008

2. juni 2008, årgang 10.

* Konvensjonen om biologisk mangfald: Det er mogleg å få til bindande erstatningsreglar for skade skulda genmodifiserte organismar.

 

* Etisk nemnd vert ignorert av Patentstyret, og regjeringa gjer ikkje det den har lova i høve patent på brokkoli

 

* Aktivistar stoppa forsøk med GMO i Sverige og Tyskland

 

 

Cartagenaprotokollen på veg

Det er mogleg å få bindande erstatningsreglar for skade skulda genmodifiserte organismar.

 

Brasil, Japan, Paraguay og Peru sto hardt imot bindande erstatningsreglar på det fjerde partsmøte under FN-avtalen om handel med genmodifiserte organismar. Avtalen høyrer inn under Konvensjonen om biologisk mangfald, som har hatt partsmøte i Bonn dei siste to vekene. Dei fire landa aksepterte til slutt vidare forhandlingar med sikte på bindande reglar.

 

- Det er eit viktig gjennombrot at partane etter fire års forhandlingar har vorte samde om at siktemålet er bindande erstatningsreglar, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

 

Forhandlingane held fram i ei lita gruppe land frå alle fem FN-regionar, deriblant Noreg. Den skal ha inntil to møte fram til neste partsmøte i Japan i 2010.

 

Avtalen, kalla Cartagena-protokollen, er juridisk bindande, og omfattar alle levande dyr, plantar, sopp, mikroorganismar og virus som har fått endra eigenskapar ved bruk av genteknologi. I alt 147 land er partar til protokollen. Fordi Protokollen stiller strenge krav til førehandsgodkjenning og transport over landegrensene, har store eksportland som USA, Canada og Australia til no vald ikkje å delta.

 

Les den internasjonale pressemeldingen (pdf)

http://www.regjeringen.no/nb/dep/md/aktuelt/nyheter/2008/erstatningsregler-for-skade-som-skyldes-.html?id=512096

 

 

Evaluering av matproduksjonen i verda

GMO har lite å bidra med i matproduksjonen i framtida, er konklusjonen til 400 forskarar etter tre års arbeid. Den omfattande rapporten The International Assessment of Agricultural Knowledge, Science and Technology for Development (IAASTD) tek til orde for at det er naudsynt med fundamentale endringar i verdas matproduksjon.

 

Les rapporten her:

http://www.agassessment.org/

 

Den slår fast at småskala agro-økologisk landbruk og andre former for bærekraftig småskalalandbruk vil være meir effektivt for å møte dagens utfordringar enn den gamle modellen med satsing på eit landbruk som er avhengig av store mengder kunstgjødsel, kjemiske sprøytemiddel og stort energiforbruk.

 

http://www.reporter.no/Resources/8077.html

 

 

Ignorert av Patentstyret

Den etiske nemnda, som vart oppretta som eit ”avbøtande tiltak” ved innføringa av EUs patentdirektiv i 2004, har berre fått ei sak til vurdering på fire år. Nemnda har no sett seg lei på korleis dei vert behandla av Patentstyret, og har sendt ein kritisk rapport til Næringskomiteen på Stortinget, der dei mellom anna ynskjer styrka mandat.

 

http://www.etikkom.no/Etikkom/Nyheter/2008/210508

 

 

Brokkoli til bry

Regjeringa vil ikkje gå imot patent på brokkoli.

 

Frå 1. januar 2008 vart Norge medlem av den europeiske patentorganisasjonen (EPO), som har byrja å gje patentløyve på vanlige planter og dyr. I et brev til tre ministrar i desember 2007 bad 16 organisasjonar regjeringa intervenere slik at det omstridde brokkolipatentet vert oppheva. Men justisministeren svara at regjeringa ikkje vil sende nokon merknad.

 

Noreg deltok nyleg for første gong på møte i EPO som ordinært medlem. Regjeringa hadde tidlegare lova at ho skulle utgreie sitt restriktive syn. Men i Noregs innspel under EPO-møtet vart dette synet knapt nemnt.

 

http://www.utviklingsfondet.no/Utviklingsfondet_-%20forsiden/Temaer_vi_jobber_med/Biologisk_mangfold/Artikler_om_biologisk_mangfold/?module=Articles;action=Article.publicShow;ID=1464

 

 

Åtvarar mot genteknologi

Sveriges tidlegare statsminister Göran Persson samanliknar genteknologien med kjernekraftdebatten.

 

- Lat oss ikkje gjere kjernekraftfeilen om att. I denne saka må politikarane lytte til folket, sa Persson på den årlege biokonferansen ved Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB) Han tok for seg dei mange dilemmaa genmodifisering utløyser.

 

- I Europa er heldigvis GMO-spørsmålet prega av ei audmjuk haldning, sa Persson, som meinte dette er ei riktig og god haldning sia vi i store spørsmål alltid må tenkje på dei som kjem etter oss.

 

- Vona er jo at genmodifisering av plantar i framtida skal kunne hjelpe alle dei som svelt rundt om i verda ved at dei gjev avling trass tørke og dårleg jord, men sikker kan vi ikkje vere, sa Persson.

 

http://www.nrk.no/programmer/tv/schrodingers_katt/1.5840122

 

 

Sverige: Hej då GMO

Åtte landbruks- og miljøorganisasjonar har gått saman i ei ny svensk rørsle; ”Hej då GMO”. Målet er å stoppe patent og monopol på såfrø

 

- Alle som arbeider med svelt, som FN eller FAO, meiner at GMO ikkje er løysinga, seier Kathleen McCaughey, kampanjesjef i Greenpeace.

 

http://www.miljorapporten.se/article.jsp?article=23069

 

 

Sverige: Slutt på forsøk med GM-potet i Göinge

Det vert ikkje meir forsøksdyrking med genmodifisert potet i Östra Göinge. Forsøket ved Feleberga vart ein fiasko for Plant Science Sweden og Kristofer Vamling. Han fortel at dei ganske enkelt ikkje var nøgde med kvaliteten på potetene. Forsøka held fram i Halmstad, Kristianstad og Lomma. Vamling tilbakeviser at avgjerda har noko med protestaksjonane i Göinge å gjere.

 

http://www.kristianstadsbladet.se/apps/pbcs.dll/article?AID=/20080521/OSTRAGOINGE/497975621/1021/OSTRAGOINGE

 

 

Sveits: Forlangar GMO-forbod

Det sveitsiske forbodet mot genmodifisert landbruk vert forlenga til 2013. Forbodet vart innført i 2005, då landet starta eit forskingsprogram for å undersøke nytte og risiko ved GMO. Resultatet skal vere klart i 2012.

 

Forbodet mot GMO har i følgje den sveitsiske regjeringa ikkje hatt nokre negative effektar på jordbruk, forsking eller internasjonale tilhøve. Tvert om har bøndene i landet tent på å kunne profilere seg som GMO-frie.

 

http://www.atl.nu/Article.jsp?article=47023&a=Schweiz%20f%F6rl%E4nger%20gmo-f%F6rbud

 

 

Danmark: Utviklar gengras

Genspleisa dansk gras skal gje mindre kumøkk i miljøet. DLF-Trifolium er i gang med å utvikle genmanipulert gras med meir sukkerstoff. Dermed kan næringsstoff lettare brytast ned i kuvomma, og kumøkk og urin dermed vere til mindre belastning for naturen. Men det manglar framleis dokumentasjon på denne logikken.

 

http://ing.dk/artikel/88615

 

 

Tyskland: Pressa til å gje opp GMO-forsøk

Rektorane ved to tyske universitet har gjeve opp dyrking av GMO etter massive protestar og demonstrasjonar på forsøksfelta.

 

- Massehysteri, meiner ein av forskarane som er råka.

 

I april avslutta Nürtingen-Geislingen-universitetet forsøka etter at kring 20 aktivistar inntok forsøksmarkene. I tillegg har det vore massive protestar frå lokalbefolkninga, aktivistar og politikarar. Mindre enn ein månad seinare følgde Justus Liebig universitetet opp.

 

- Det er trist at nokre universitet ikkje har ryggrad til å stå i mot ulovleg aktivisme og offentleg press, seier Heinz Saedler, leiar av Max Planck Institute for Plant Breeding Research i Köln til Nature.

 

http://ing.dk/artikel/88181

 

 

Monsanto: Store summar til lobbyverksemd

Monsanto brukte over 2,3 millionar dollar på korridorpolitikk dei første tre månadene i år.

Selskapet har dessutan slutta fred med konkurrenten Syngenta etter år med rettssaker begge vegar.

 

http://www.silobreaker.com/DocumentReader.aspx?Item=5_862562819

 

 

Ny, revolusjonær leiar

Skribenten og programleiaren Monty Don tek over som ny president i Soil Association til hausten.

http://books.guardian.co.uk/story/0,,2282264,00.html#article_continue

 

 

Bioteknologi for lærarar

Institutt for kjemi bioteknologi og matvitenskap (IKBM) ved UMB på Ås arrangerer bioteknologikurs for lærarar (10 stp). Kurset tek sikte på å gje ein djupare fagleg kompetanse for å undervise i tema innafor bioteknolog i den vidaregåande skulen.

 

http://www.umb.no/24409

 

 

Sverige: Ny webside med gennytt

Den svenske Gentekniknämnden har opna ei ny heimeside der dei presenterer siste nytt innafor genteknologi i Sverige og elles i verda.

 

http://www.genteknik.se/

 

 

ANNONSE:

Invitasjon til åpent møte om

Bioprospektering

Bioteknologisk gulljakt i naturen eller

politisk luftspeiling?

Fredag 6. juni 2008, kl.10.00 - 14.30

Konferansesenteret Høyres hus,

Stortingsgata 20, Oslo

Gratis deltakelse!

For informasjon og påmelding:

http://www.bion.no/, bion@bion.no, tlf.: 24 15 60 20

 

bio1teknemnda
bio1teknemnda
biotek nemnda

 

 

Retting:

I Gennytt nr 9 skreiv vi at både Japan og Sør-Korea vert tvungne til å importere genmodifisert havre. Hovudleverandøren er USA, der 75 prosent av avlingane no er genspleisa.

Det skal sjølvsagt ikkje vere havre, men MAIS (corn)

 

http://www.iht.com/articles/2008/04/21/business/21crop.php

 

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Denne utgaven er støttet av Ren Mat.

 

GENNYTT legges også ut her: www.oikos.no/renmat

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no