Gennytt nr. 12 - 2008

19. juni 2008, årgang 10.

 

* Skepsisen mot GMO i Europa gjev Monsanto og dei andre frøgigantane enorm makt over matproduksjonen i verda. Mange spør om vi kjem utanom GMO i framtida.

 

* Rådet frå Direktoratet for Naturforvaltning om å godkjenne import av to typar gemspleisa mais møter massiv motstand både frå grasrota og fagmiljøet, men Kristin Halvorsen vil ikkje love at regjeringa lyttar.

 

* Den auka bruken av glysofatresistente GMO-ar fører til mangel på sprøytemiddel.

 

 

Patentjakt: Meir makt til Monsanto

Dei store frøselskapa spekulerer i klimaendringar og matmangel for å sikre seg makt over matproduksjonen i framtida, er konklusjonen i ein rapport frå ETC-gruppa (Action Group on Erosion, Technology and Concentration) i Canada.

 

Monsanto, Bayer og sju andre selskap har levert inn minst 532 patentsøknader over heile verda på 55 ulike gen som vernar plantar mot hete, tørke og oversvømming. Dersom dei vert innvilga, får desse selskapa kontrollen over avgjerande råmateriale som kan sikre mat til ei stadig svoltnare verd.

 

Dei store GMO-produsentane var på plass på matvaremøtet i Roma for å marknadsføre teknologien sin som svar på den globale svelten.

 

http://www.independent.co.uk/environment/climate-change/biotech-giants-demand-a-high-price-for-saving-the-planet-842480.html

 

 

Genmaten vil kome

- Åra med tilbakehald har vore på sin plass, men om nokre år trur eg genmodifiserte produkt er ein del av norsk landbruksproduksjon, seier genforskar Odd-Arne Olsen. Han ser korleis amerikanske selskaper får enorm profitt på genmodifisering. Europa sit framleis på gjerdet i GMO-debatten, medan dei store marknadane i Amerika og Asia ikkje har den same skepsisen.

 

I sju år har den norske genetikaren arbeidd for dei to største bioteknologiselskapa i USA; Pioneer Hi-Bred og Monsanto.

 

- I Latin-Amerika har etterspurnaden eksplodert, og det er bøndene som driv den. Når 300 millionar amerikanarar har ete genmodifisert soya og mais i ti år uten påviste skadeverknader, er det klart at skepsisen minkar, seier forskaren, som vil ha oss meir interessert nettopp i det økonomiske aspektet.

 

Professoren ser for seg at Monsanto får eit monopol tilsvarande det Microsoft har i dag.

 

- Dette er verdt ein breiaere diskusjon. Amerikanarane kan bli eineråaende internasjonalt på denne enormt veksande marknaden. Ynskjer vi det? Overgangen vil likevel kome når GMO byrjar å gripe inn i økonomien for alvor, trur Olsen.

 

http://www.forskning.no/artikler/2008/mai/183453

 

 

Oppdrettsnæringa: Kjem ikkje utanom genmodifiserte råvarer i fiskefôr

- Europeiske forbrukarar bør vere klare over at genmodifiserte råvarer i fiskefôret truleg kjem til å verte nytta i framtida, seier Wout Dekker, administrerande direktør i Nutreco.

 

Eksportørene er tilbakeholdende med å sende råvarer som mais, gluten og soyabønnemel til Europa fordi de kan risikere å få hele sendingen i retur eller destruert dersom det er spor av ikke godkjente GMO.

 

- Auken i jordbruket når snart ei grense, og genmodifiserte råvarer er einaste løysning, mener Dekker.

 

http://www.kyst.no/index.php?page_id=59&article_id=81724

 

 

Europeisk GMO-motstand

Men den lokale motstanden mot genmodifiserte plantar aukar i Europa. Sveits har forlenga forbodet mot GMO i tre nye år, fram til november 2010. I fylket Aveyron i sør-Frankrike har osteprodusentar kutta ut all bruk av soja i fôret til sauene. 15 kommunar i fylket har også erklært seg som GMO-frie. I Bretagne blokkerte 50 aktivistar den kooperative fôrforhandlaren Cecaliment i protest mot import av genmodifisert fôr. Den belgiske regionen Wallonia har vedteke ei ny lov som vil gjere dyrking av genmodifiserte plantar vanskelegare. Miljøvernminister Benoît Lutgen grunngjev lova med at GMO-kulturar kan øydelegge arbeidet til generasjonar av bønder

 

http://www.smabrukarlaget.no/tema/wto/wto_dagfordag.html

 

 

Dei tre omstridde GMO-ane:

For første gong i historia ynskjer Direktoratet for Naturforvaltning (DN) at Noreg skal godkjenne import av to typar genmodifisert mais til mat og fôr. DN seier nei til import av ein type oljeraps.

 

Avgjerda om det skal verte lov å importere genmais vert teke av Miljøverndepartementet. SV-leiar og finansmisister Kristin Halvorsen sa på ein pressekonferanse i går at ho ikkje vil love at regjeringa avviser GMO-import.

 

Oljeraps GT73 (resistent mot glysofat/Roundup) er søkt importert og bruk til fôr og til industrielle formål av Monsanto Company. DN rår til å avslå søknaden om markadsføring av oljerapsen GT73 grunna miljørisiko, sjølv om det ikkje er søkt om dyrking.

 

Monsanto har og søkt om importert og bruk til videreforedling, mat og fôr, men ikkje dyrking, av Mais NK603 (også resistent mot glysofat). Mattilsynet ser NK603 som helsemessig like trygg som konvensjonell mais.

 

VKMs faggruppe for genmodifiserte organismar konkluderer at NK603 mais ikkje medfører endra helserisiko som mat og fôrvare i høve anna mais. DN rår til å godkjenne alle dei omsøkte bruksområda.

 

Mais T25 (resistent mot glufosinat-ammonium/Finale og Basta) er søkt godkjent for dyrking, frøavl, import, vidareforedling, mat og fôr av Bayer CropScience. Mattilsynet ser T25 som like helsemessig trygg som tradisjonell mais, både til bruk som næringsmiddel og fôrvare. Men det vert peika på moglege samfunnskostnader i samband med dyrking.

 

http://www.dirnat.no/content.ap?thisId=500035133&language=0

 

 

Genmatimport kan være ulovleg

- Import av genmanipulert mais kan vere lovstridig, meiner professor i teknologi- og miljø Karl Georg Høyer ved Høyskolen i Oslo Han meiner at slik import også kan vere i strid med genteknologilova, som har klare krav om både samfunnsnytte og bærekraftig utvikling.

 

- Vurderinga til DN strid imot lovfortolkninga til Bioteknologinemnda, seier Høyer, som sjølv er medlem av nemnda. Jussprofessor Jan Fridthjof Bernt stiller spørsmål ved etikken.

 

- Dersom vi ikkje vil akseptere å dyrke ein type genmais i vårt eige land på grunn av fare for spreiing, er det sterkt problematisk å bidra til at andre land gjer det, seier han.

 

http://www.dn.no/forsiden/naringsliv/article1422357.ece?jgo=most_read&WT.svl=sistlest

 

 

KSL-kravene tillet ikkje GMO

Krava i Kvalitetssystem i landbruket gjev ikkje rom for bruk av genmodifisert plantemateriale i produksjonen på norske gardsbruk, seier KSL-ansvarleg Henrik Solbu i KSL Matmerk, som no arbeider med ei revidering av dei eksisterande KSL-krava. Men også i dette kravarbeidet er det venta eit nei til bruk av GMO.

 

http://www.dagligvarehandelen.com/xp/pub/venstre1/siste/328081

 

 

Massiv motstand mot DN

- Vårt råd til Miljøverndepartementet er å avvise råda frå DN, vi veit ikkje nok om konsekvensane, verken for helse eller miljø ved bruk av genmodifiserte matvarer, seier informasjonsjef i Norges Bondelag, Kjetil Randem.

 

Leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken er opprørt over tilrådingane, som han meiner er dobbeltmoralske. Natur og Ungdom mener DN trakkar på føre-var-prinsippet, og er redd dette kan være startskotet for ytterlegare innføring av GMO til Noreg.

 

 

Sverige: Mangel på sprøytemiddel

Stor etterspurnad etter glyfosatprodukt fører til lange leveringstider og prisstiging både globalt og i Sverige. Ein viktig årsak er auken i glysofatresistente, genmodifiserte avlingar i USA, som medfører ein stor auke i bruken av sprøytemiddel. Også i Europa har bruken av sprøytemiddel auka.

 

http://www.atl.nu/Article.jsp?article=47098&a=Brist%20p%E5%20v%E4xtskyddsmedel

 

 

GMO-hjelp frå islamsk bank

The Islamic Development Bank (IDB) vil bidra til kampen mot matkrisa i verda mellom anna ved å hjelpe bønder i fattige muslimskdominerte land med såfrø.

 

- Eg vil gjerne bruke ein del pengar på utvikling av GMO, seier presidenten i IDB, Dr Ahmad Mohamed Ali, til BBC World Service.

 

http://news.bbc.co.uk/1/hi/world/europe/7436633.stm

 

 

Ny rissort er ”rein” sjølv om vatnet er ureina.

Forskarar frå Sverige og Danmark har funne eit protein som styrer opptaket av arsenikk i plantar. Dei vonar å nytte dette til å skape risplantar som ikkje inneheld dette stoffet sjølv om plantane tek opp arsenikkhaldig vatn.

 

http://www.sr.se/cgi-bin/p1/program/arkiv.asp?ProgramID=406&formatID=1&nyheter=1&Max=2008-06-15&Min=2002-11-08&PeriodStart=2008-06-15&Period=2&Artikel=2129088

 

 

Storsatsning på biotryggleik

Norad har løyva 48,9 millioner kroner i støtte til GenØk i perioden 2008-2012. Midla skal nyttast til bærekraftig utvikling av artsmangfald og naturressurser i samarbeidsland.

 

GenØk har sia 2003 samarbeidd med Norad om ulike biotryggleiksprosjekt.

 

http://www.genok.org/

 

 

 

Gennytt tek ferie i juli, og ynskjer alle ein riktig god sommar :)

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Denne utgaven er støttet av Ren Mat.

 

GENNYTT legges også ut her: www.oikos.no/renmat

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no