Gennytt nr. 13 - 2008

3. august 2008, årgang 10.

 

* Over heile verda vert presset stadig sterkare for å dyrke GMO på grunn av klimaendringar og matvarekrise.

 

* Auke i GMO over store delar av verda, men førebels ikkje i EU. Kor lenge varer det?

 

 

EU: GMO som botemiddel på matkrisa

Debatten om GMO vert stadig heitare, den britiske statsministeren Gordon Brown er ein av dei som ivrar mest for å opne opp for dyrking og omsetting av genspleisa avlingar med grunngjeving i matmangel. På eit EU-toppmøte i sommar var det semje om å sette i gang arbeidet med å forenkle reglane for godkjenning av GMO-mat, og EU-kommisjonen gjekk ut med ei oppmoding til land med nasjonale forbod om å oppheve dei.

 

http://www.independent.co.uk/news/world/europe/europe-warms-to-gm-crops-as-possible-solution-to-food-crisis-851595.html

 

Europeiske bønder som dyrkar GMO får større avlingar og høgare inntekter enn konvensjonelle bønder, i følgje ei ny undersøking blant over 400 spanske maisbønder. Samstundes syner undersøkinga at GMO-bøndene brukte mindre sprøytemiddel. Kring 20 prosent av bomullsarealet i Spania er genspleisa.

 

President i EU-kommisjonen, Jose Manuel Barroso, vil fjerne dei strenge reglane som hindrar kontroversiell teknologi. Men Frankrike tek snart over ordførarklubba i EU, og president Nicolas Sarkozy kjem tvert om til å argumentere for auka kontroll med GMO.

 

www.independent.co.uk/news/world/europe/farmers-praise-gm-crops-in-eu-study-856907.html

 

 

Tromsø: Lærer om GMO og biotryggleik

- Vi må forske meir på de negative følgjene av produksjon av genmodifisert mat, meiner mikrobiolog Yan Liu frå Kina, der GMO-jordbruket no skyt fart. Ho meiner at dette er særleg viktig i Kina fordi det finst endemiske (lokale) soyasortar.

 

- Vi risikerer genflyt til ville sortar soya. Styresmaktene må gje meir støtte til slik forsking, meiner ho. Kina har som mål å produsere 95 prosent av eigen mat i 2020, og satsar no for fullt på GMO.

 

Frå India kjem enda sterkare åtvaringar mot ei ukontrollert utvikling på grunn av sjølvmord blant bønder og forgifta husdyr..

 

- Regjeringa gjer ingenting og let dyrking av BT-bomull spreie om seg, seier økonom Aruna Rodrigues frå organisasjonen Sunray Harvesters. Regjeringa i Zambia vil derimot ikkje ha noko form for GMO-produksjon.

 

- Vi undersøker om det finst GMO-produkt i landet, forklarer Elmaree Retief, forskar ved National Institute for Scientific and Industrial Research i Zambia. Han understrekar at fattige afrikanske land ikkje har mykje dei skulle sagt i denne debatten internasjonal..

 

Alle tre er deltakarar på eit internasjonalt kurs i biotryggleik som vert arrangert for sjette år på rad av GenØk i Tromsø.

 

http://www.politikkavisen.no/www_bistandsaktuelt_com/17_4_34_23156_31_2632_87695096_1227852_EUTF8.html

 

 

Noreg: To tredelar skeptiske til GMO

GMO-kampen handlar om makt over maten, skriv Nationen. I ei meiningsmåling avisa har gjort, kan 66 prosent ikkje tenkje seg å kjøpe GMO-mat.

 

GMO er dei store konsernas agenda. Det er i seg sjølv ein grunn til å vere på vakt. Skepsisen er stor også i vitskaplege miljø. Men forkjemparane framstiller skepsisen som bakstreversk og argumenterer med at kunnskap og opplysing skal få slutt på motstanden, skriv Nationen i leiaren.

 

www.nationen.no/meninger/leder/article3651035.ece

 

 

Sverige: Kunnskapslaus jordbruksminister

- Vi er hundre prosent sikre på at det ikkje finst nokon risiko når vi godkjenner GMO-produkt, sa jordbruksminister Eskil Erlandsson på ein direktesendt TV-debatt om GMO.

 

Rune Lanestrand, redaktør i Småbrukaren, meiner at ingen som kan det minste om GMO kan ta Erlandsson på alvor.

 

- I regjeringa finst dessverre ingen erklærte motstandarar av GMO, eller i det heile nokon som har sett seg inn i risikoane ved GMO i mat og fôr, meiner han.

 

Det svenske Jordbruksverket har no vedteke reglar for dyrking GMO. Dei vert sett i kraft 1. september.

 

http://www.atl.nu/Article.jsp?article=47638&Svenska%20gmo-regler%20b%F6rjar%20g%E4lla%20i%20september

 

 

Bonn: Sette stoppar for gentre

I juli var 192 land samla i Bonn for å stoppe utryddinga av artar innan 2010. Ingen trur at ein vil lukkast med det, og det ventar ingen sanksjonar for dei som let vere å handle. Men ein klarte å sette ein stoppar for bruk av genmodifiserte tre som klimatiltak. Bell Batta Torheim i Utviklingsfondet meiner at mykje bra vart oppnådd i Bonn, men etterlyser straff for dei som ikkje følgjer opp avtalen.

 

http://www.miljojournalen.no/cgi-bin/naturvern/imaker?id=118769

 

 

Danmark/Sør-Afrika: Testar minealarmplante

Forskarar frå University of Stellenbosch i Sør-Afrika og det danske bioteknologifirmaet testar no ut ein genspleisa tobakksplante som vert raud når det veks i nærleiken av landminer. Planten vert raud i staden for grøn når den veks i jord som inneheld eit stoff som siv ut frå landminer. Ein vonar at planten kan gjere rydding av miner mindre farleg.

 

Det er også planar om feltforsøk i Serbia.

 

http://www.nwrage.org/index.php?name=News&file=article&sid=2285

 

 

Storbritannia: Umerka GM-olje

Britiske forbrukarar et mat som er kokt i olje laga av genmodifiserte ingrediensar, utan i vite det, åtvarar Surrey County Council Trading Standards. Det er ulovleg å bruke slik olje utan at menyen er tydeleg merka. 66 prosent av kafear, restaurantar, pubar og takeaways brukte olje frå GMO utan å gjere kundane merksame på det.

 

http://www.costsectorcatering.co.uk/online_article/Was-your-takeaway-cooked-using-GM-oil/3991

 

 

USA/Irak: Løgn og svada om GMO

Presidenten i Global Americana Institute, Juan Cole, tilbakeviser at det er eksperimentert med genspleisa såfrø i Irak, slik det vert hevda.

 

- At Bremer har nekta irakiske bønder å bruke sitt eige såfrø er nonsens, skriv han på si eiga heimeside. Det har i fleire år versert historier om korleis amerikanarane delte ut genspleisa såkorn i Irak, som gjorde bøndene avhengige av nytt såkorn kvart år. Dette meiner Cole er løgn.

 

http://www.juancole.com/2008/07/genetically-modified-seeds-not-used-in.html

 

 

Sør-Afrika: GMO mot tørke – småbrukarar pressa til å så GMO

Klimaendringane kan redusere maisproduksjonen i Sør-Afrika med 20 prosent i løpet av dei neste 15 til 20 åra. I vest tørkar landet ut, seier miljøministeren, som meiner landet må satse på genmodifiserte, tørkeresistente typar mais.

 

http://uk.reuters.com/article/environmentNews/idUKPEK32997620080706

 

Bønder vert overtalt av Landbruksdepartementet til å byte til genspleisa frø, med lovnader om banklån og større profitt, seier Lesley Liddell, direktør i Biowatch. Sanninga er at dei fleste ender opp med stor gjeld fordi dei må kjøpe såfrø kvart år i tillegg til plantevernmiddel.

 

http://www.ipsnews.net/africa/nota.asp?idnews=43256

 

 

EU: 89 nye GMO-forsøk i 2007

I fjor var det 89 nye forsøksutsettingar i EU med til saman 13 ulike planteartar. Dei fleste var sprøytemiddeltolerante (83 %) eller insektresistente (51 %). Antibiotikaresistensmarkørar inngjekk i 19 % af forsøksplantane mod 17 % i 2006.

 

http://www.dmu.dk/Nyheder/gmp.htm

 

 

EU: Nestlé ynskjer mildare GMO-reglar

 

Det største matkonsernet i verda ber europeiske politikarar om å lempe på reglane for dyrking og bruk av GMO. Peter Brabeck i Nestlé meiner at dei høge prisane på konvensjonelle basisvarer gjer at produkta ikkje når fram til verdas fattigaste.

 

http://www.food-business-review.com/article_news.asp?guid=76322E2F-A62F-4F60-99A6-54077946C0DD

 

 

Mindre metan frå hormonku?

Kyr som får det genmodifiserte hormonet rBST for å auke mjølkeproduksjonen slepp ut 7 prosent mindre metan pr liter , hevdar ei gruppe amerikanske forskarar. Nokre av dei er knytt til Monsanto, som produserer det omdiskuterte hormonet, skriv New Scientist.

 

http://www.atl.nu/Article.jsp?article=47762&a=Mindre%20metan%20fr%E5n%20ko%20p%E5%20gmo?

 

 

Frankrike: Tour de GMO

Eit alternativt Tour de France - utan doping – vart arrangert frå 3. til 28. juli som ein del av det internasjonale året mot GMO. Turen gjekk over store delar av landet, med innslag av alt frå fornybar energi og lokal matomsetting til GMO. Dette burde Gennytt sjølvsagt skrive om FØR sykkelturen.... Les meir på http://www.altertour.net/

 

 

Bioteknologinemnda:

Lars Ødegård, generalsekretær i Norges Handikapforbund, held fram som leiar i

Bioteknologinemnda for perioden 1. august 2008 til 1. august 2012.

 

Resten av medlemmene i den nyvalde nemnda finn du her:

 

http://www.regjeringen.no/nb/dep/hod/aktuelt/nyheter/2008/oppnevning-av-medlemmer-til-bioteknologi.html?id=520275

 

 

Konferanse i Sverige: Populærvitskapleg om GMO

Tema: Bruk av genteknikk i produksjon av oljeerstatningsprodukt og medisinkikk.

 

Tid: 5 oktober 2008. Stad: Riksdagshuset. Målgrupper er politikarar, industri, miljøorganisasjonar, media, forskarar og andre interesserte. Påmeldingsfrist er 27. september. Informasjon og program på http://www.genteknik.se/ (länk till annan webbplats, öppnas i nytt fönster)

 

 

USA: Snart er alt genspleisa

Arealet med genmodifiserte avlingar held fram å auke i USA. I følgje tal frå det amerikanske landbruksdepartementet vil 92 prosent av all amerikansk soya i år vere genmodifisert, mot 91 prosent i 2007. Ein liknande tendens ser ein når det gjeld mais, der 80 prosent er genmodifisert i år mot 73 prosent i fjor, opplyser Agra Europe Weekly.

 

http://www.landbrugsavisen.dk/Nyheder/Netnyheder/2008/7/3/Flere%20gmo-afgroeder%20i%20USA.htm

 

 

Verda: Stadig meir GMO

GMO aukar på verdsmarknaden, og det er blant jordbruksgigantane produksjonsauken er størst - i USA, Argentina, Brasil, Canada, Kina og India. Unnataket er EU.

 

http://www.jordbruksverket.se/nyhetsarkiv/nyheter/gmookarpavarldsmarknaden.5.71828f571158338f31a80003768.html

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Denne utgaven er støttet av Ren Mat.

 

GENNYTT legges også ut her: www.oikos.no/renmat

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no