Gennytt nr. 14 - 2008

20. august 2008, årgang 10.

* Monsanto gjev opp hormonproduksjon for mjølkekyr, forbrukarskepsisen er for stor.

 


* I motsetnad til våre eigne majestetar, har prins Charles sterke og kontroversielle meiningar om mangt, ikkje minst når det gjeld GMO, som han skildrar som det største trugsmålet mot menneske og miljø i vår tid.

 

 


Monsanto; Rimeleg hormonfabrikk for sal....

Monsanto kvittar seg med eit upopulært produkt når dei no har lagt produksjonen av veksthormonet rBGH ut for sal. Dei amerikanske bøndene vil ikkje ha det lenger.

 

Hormonet vert produsert naturleg av kyr i små mengder, men med ekstra tilskot aukar dei mjølkeproduksjonen. Hormonet er forbode i EU, men vert mykje nytta av amerikanske mjølkeprodusentar. Men den siste tida har bruken møtt stor motstand også i USA, og stadig fleire bønder vel ikkje å gje dyra hormonet. Det er årsaka til at Monsanto no vil kvitte seg med heile fabrikken og rettane til produksjonen.

 

I 2007 fekk 17 prosent av mjølkekyrne i USA rBGH, mot 22 prosent for fem år sia.

 

http://www.nytimes.com/2008/08/07/business/07bovine.html?_r=1&adxnnl=1&oref=slogin&ref=business&adxnnlx=1218712542-67Au4Tr63iRtnbDHwOLCUA

 

 


Prins Charles: Miljøkjempe og dommedagsprofet

Britiske prins Charles har den siste veka skapt enorme overskrifter att på grunn av svært bombastiske meiningar om mattryggleik.

 

Han meiner at utviklinga av genteknologi vil føre til den største miljøkatastrofen nokon sinne.

 

- Dersom verda trur at dette er vegen å gå, vil vi ende med at millionar av småbønder over heile verda vert drivne frå jorda si og ut i uhaldelege, forringa og dysfunksjonelle byområde av ubeskriveleg fælske, seier Charles til The Daily Telegraph.

 

Utsegnene den kongelege økobonden har kome med, har reist spørsmål om han i det heile bør ta over trona. Han vert kalla ein moderne Marie Antoinette og irriterer truleg vettet av den britiske regjeringa, som har godkjend ei rekke forsøksfelt med genspleisa avlingar. Miljøminister Phil Woolas ber prinsen om å underbygge påstanden.

 

- Dersom det har vore ei katastrofe, på vær så snill å legg fram prov, seier han til Sunday Telegraph. Men Charles vert støtta av 85 prosent av britane og dei fleste uavhengige forskarane på feltet i Storbritannia.

 

I staden for GMO ynskjer Charles fleire familiedrivne bruk, der ein arbeider med naturen og ikkje mot den.

 

http://news.bbc.co.uk/2/hi/uk_news/7566012.stm

 

http://www.guardian.co.uk/commentisfree/2008/aug/17/monarchy.gmcrops

 

 


Storbritannia: Vil ha topphemmelege GMO-forsøk

Britiske genforskarar ynskjer eit mykje strengare vakthald ved forsøksfelta, då nesten alle dei 54 områda som er lagt ut sia 2000 er øydelagde av demonstrantar. I tillegg vil dei at lokaliseringa av felta skal haldast hemmeleg.

 

http://www.guardian.co.uk/environment/2008/jul/29/gmcrops.activists

 

 


Storbritannia: Poppel på tanken

I sin iver etter å utvikle nye energikjelder som kan erstatte olje, har britiske forskarar ved universitetet i Southampton søkt om løyve til å eksperimentere med genspleisa poplar, som veks fire gonger raskare enn ordinære.

 

Allereie i 1999 vart det gjort forsøk med genmodifiserte tre i landet, men aktivistar røska opp alle 115. Reaksjonen frå den britiske miljørørsla er at GM-tre er enda farlegare for miljøet enn mindre vekstar, fordi dei lever lenge og spreier frø og pollen over enorme område.

 

http://www.dailystar.co.uk/latestnews/view/46913/Scientists-apply-to-plant-GM-trees/

 

 


Sverige: Fascinert av modifisert

Forskinga på genspleisa mais på Øland fascinerer Tina Ehn frå det svenske Miljøpartiet. Ho er i utgangspunktet imot genmodifisering, men meiner likevel at det er viktig å forske på dette feltet. Maisen er ein type som skal tåle sprøytemiddelet Roundup.

 

- Det känns lite läskigt när man ser att allt annat runt majsen dör medan den står kvar, seier Ehn, som også er medlem av den svenske genteknologiemnda.

 

Ho forsvarar seg med at ein ikkje kan vere imot noko ein ikkje veit noko om.

 

http://www.barometern.se/nyheter/oland/gmo-skeptiker-positiv-till-olandsk-majsforskning(780842).gm

 

 


Kina; Morsmjølk frå klona kyr

Professor Ni Ling ved Kinas jordbruksuniversitets genetiske dyrelaboratorium har så langt klona kring 300 kyr..

 

- Ei normal ku gjev kring 3 500 liter mjølk i året, men vi klonar kyr som gjev 10 000 liter. Kloninga er ikkje problemfri, og mange av kalvane vert fødde med defektar og dør. Men talet minskar, seier professoren.

 

Kyrne er genmodifiserte slik at mjølka også inneheld genmateriale frå menneske - eit protein som finst i morsmjølk. Dette meiner han er både nyttig og bra, då vanleg kumjølk er fattig på protein.

 

Mjølka er ikkje godkjent av dei kinesiske styresmaktene, men Li Ning vonar å starte masseproduksjon til den kinesiske marknaden i løpet av eit par år.

 

http://norrkoping.expressen.se/sport/OS/1.1260568/han-gor-kina-till-supermakt-i-kloning

 

 


Bananapokalypse?

Vert genmodifiserte banar redninga dersom den muterte muggsoppen held fram med å rasere bananplantasjane i Asia? Cavendish-bananen er omtrent einerådande på marknaden, og bananproduksjonen er difor svært sårbar, skriv journalist og forfattar Dan Koeppel i boka Banana - The Fate of the Fruit that Changed the World.

 

Koeppel meiner at bananindustrien må satse på forsking og genmodifisering. Problemet er frykta hos produsentane for at forbrukarane vil vende ryggen til ein reagensrørbanan, truleg med fiskegen.

 

Bananen er verdas femte viktigaste råvare, og sjølv om vestlege forbrukarar kan vere utan den i fruktcocktailen sin, kan det verte langt verre konsekvensar for bønder og fattige i u-land.

 

http://www.vl.no/verden/article3719631.ece

 

 


Frå teori til prov; GMO er helsefarleg

Rekka av sterke indisium på at GMO utgjer ein helse risiko er samla i ein rapport som Britiske Soil Association nettopp har gjeve ut. Konklusjonen i "GM crops - the health effects" er at GMO kan føre til ei lang rekke alvorlege og uventa helseskadar. Det er også mykje som tyder på at kjøt, egg og mjølk frå dyr som er fôra med GMO inneheld restar av genspleisa materiale.

 

http://www.soilassociation.org/Web/SA/saweb.nsf/

 

 


Honduras: Landbruksministeren ombestemte seg

Styresmaktene i Honduras omfamnar no GMO, og ber bøndene om å satse på genspleisa maisfrø. Mange land i den tredje verda har forbode både dyrking og import av GMO, sjølv om matkrisa vert nytta som eit argument av frøkonserna for å opne opp for nye, genspleisa typar.

 

Landbruksminister Hector Hernandez har vore svært skeptisk til GMO. Men så kom matkrisa og maisprisen vart dobla. I løpet av sommaren har han totalt skifta meining og oppmodar no bønder om å dyrke meir mais - inkludert genspleisa plantar.

 

I resten av Mellom-Amerika er GMO ikkje tillate.

 

http://www.npr.org/templates/story/story.php?storyId=93310225

 

 


New Zealand: Storsatsing på genspleisa dyr

Det største stateseigde vitskapsverksemda på New Zealand, Agresearch, har søkt om godkjenning for å genspleise 18 ulike dyr for å produsere medisin, mellom anna kyr, bøflar, hestar, sau og geiter. Dei vil bruke genmateriale både frå menneske, aper og E coli-bakteriar.

 

http://www.nzherald.co.nz/category/story.cfm?c_id=16&objectid=10525786

 

 


Eurobiotech 2008 - Aust-Europa treng støtte

I Polen vert det arrangert eit internasjonalt møte i oktober; "Genes are not for Sale: Call for 10 years Moratorium on GMOs". Dette skjer i Krakow 16. -17. oktober 2008, samstundes med Central European Congress og Life Sciences "EUROBIOTECH 2008", som er svært positive til GMO.

 

http://targi.krakow.pl/_pliki_/test/Eurobiotech08.pdf.

 

 


Til den kreative:

GENET (European NGO Network on Genetic Engineering) treng hjelp til å utforme ein unik, frisk og stilig logo. Fristen er 31. oktober.

 

http://www.genet-info.org/members-section/logo-contest.html

 

 


Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Denne utgaven er støttet av Utviklingsfondet.

 

GENNYTT legges også ut her: www.oikos.no/renmat

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no