Gennytt nr. 15 - 2008

12. september 2008, årgang 10.

 

* Vert det rydda plass for GMO i frøkvelvet på Svalbard likevel? Forskriftsendring ute på høyring.

 

* Regjeringa vil ikkje trekke seg ut av Monsanto, trass i stygge tilfelle av barnearbeid i India

 

* GMO-kontrollane har feil fokus, meiner forskar.

 

* Franske aktivistar har herpa alle GMO-forsøk i Frankrike

 

 

 

Genspleisa frø inn i Dommedagskvelvet?

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har hatt ute på høring eit forslag om endring av forskriftene om lagring av GMO i Svalbard Globale Frøhvelv, som vil gjere det lovleg å lagre genspleisa frø der. Høyringsfristen gjekk ut 1. september.

 

Det var i si tid Landbruks- og matdepartementet (LMD) som bad om å vurdere moglegheita for ei endring.

 

- Men bakgrunnen var ikkje at det er ønskeleg å lagre genmodifiserte frø på Svalbard i dag, understrekar seniorrådgjevar Grethe Evjen i LMD til Gennytt.

 

- Vi ønska ei vurdering av kva byggingsmessig planlegging som var naudsynt dersom det i framtida skulle verte aktuelt å lagre GMO i frøkvelvet, seier ho. LMD går dermed imot forskriftsendringa som dei sjølv har teke initiativet til.

 

- Vi ber no om at denne forskriftendringa vert stoppa, og heller vurdere ho på nytt etter at saka har vore oppe i det internasjonale rådet for frøkvelvet, seier Evjen, som tykkjer det er uheldig at LMD ikkje har vore i kontakt med HOD undervegs i denne prosessen.

 

- HOD ventar framleis på svar frå fleire høyringsinstansar som har bede om utsett frist, og saka vert vurdert etter at desse har kome inn, seier seniorrådgjevar Anne J Børmark i HOD.

 

 

 

Konspirasjonsteoriar

Det florer med ulike teoriar for kvifor Noreg har etablert Svalbard Globale Frøhvelv, ikkje minst på ulike bloggar.

 

- Ein av dei går ut på at vi hadde mista nøkkelen, ein annan at vi i Noreg sikrar oss frø for så å utslette resten av verda, humrar Grethe Evjen. William Engdahl er ein av dei som har sett fart i rykta om at Monsanto er sterkt inne i drifta av ”Dommedagskvelvet”, noko Evjen avkreftar.

 

http://www.globalresearch.ca/index.php?context=va&aid=7529

 

 

 

Monsanto: Barnearbeid stoppar ikkje det norske oljefondet

Frøgiganten Monsanto er ansvarleg for barnearbeid i India, men finansminister Kristin Halvorsen vil ikkje trekke oljefondet ut av selskapet.

 

Fremtiden i våre hender (FIH) meiner Norge må selje seg ut av Monsanto fordi dei står bak nokre av dei verste formene for barnearbeid under produksjon av bomullsfrø i India.

 

Tidligare har Etikkrådet rådd oljefondet til å trekke seg ut av Monsanto, men fann etter nye vurderingar at den aktive eigarskapen til Norges Bank har vore med på å redusere bruken av barn i produksjonen.

 

– Det har skjedd forbetringar. Eg ynskjer at Norges Bank som aktiv eiger skal halde fram samarbeidet med Monsanto for å kjempe mot grove former for barnearbeid, seier Halvorsen.

 

http://www.dagsavisen.no/innenriks/article367839.ece

 

 

 

EU: GMO-kontroll hindrar verdshandelen

Identifisering av helsefarleg GMO vert ikkje prioritert, og det er urovekkande, skriv forskar Arne Holst-Jensen i tidsskriftet Nature Biotechnology. Han vil ha meir lempelege reglar for påvisning av godkjent GMO og fokusere meir på identifisering av ukjent GMO, som kan ha skadelege verknader for miljø og helse

 

- Internasjonal varehandel gjev betre tilgang, større utval og billegare varer, men svekkar samstundes kontrollen med kva som vert omsett, skriv han.

 

- Streng tolking av regelverket i EU vil få alvorlege konsekvensar for verdshandelen. Dette problemet åleine kan løysast ved å praktisere ein viss toleranse for slik ureining, men det er langt meir alvorlege utfordringar kring ulovleg GMO, knytt til moglege skadelge konsekvenser for helse, miljø og den generelle tilliten til landbruk, industri, forvaltning og kontroll, meiner Holst-Jensen.

 

http://www.forskning.no/artikler/2008/august/191182

 

 

 

Danmark: Bønder klare for GMO

250 danske bønder har kursa seg i dyrking av GMO, og ventar berre på godkjenning for å sette i gang dyrking av genspleisa mais og potet.

 

Matminister Eva Kjer Hansen er glad for at bøndene er godt rusta.

 

- Vi skal dra nytte av fordelane til desse plantane, som betre økonomi og reinare miljø, seier ho. Allereie i dag importerer dansk landbruk store mengder genmodifisert soya, som i hovudsak vert nytta som fôr til svin og kyr.

 

President for Landbruksrådet og formann for Dansk Landbrug, Peter Gæmelke, er svært tilfreds med at alt no er på plass, så det er mogleg å kome i gang med dyrking av GMO i Danmark.

 

http://www.landbrugsavisen.dk/Nyheder/Netnyheder/2008/9/2/Gaemelke%20tilfreds%20med%20gmo-fremtid.htm

 

 

 

Frankrike: All GMO er rasert

Monsanto har ikkje fleire jorde med GMO-forsøk igjen i Frankrike i år, etter at alle forsøksfelta no er øydelagde av aktivistar, skriv agranet.com.

 

Kring hundre aktivistar tok nyleg knekken på dei to siste avlingane med mais (MON810) i Vienne.

 

Monsanto kallar protestane for vandalisme, som er skuld i stor tilbakegang for bioteknologisk forsking i Frankrike.

 

http://www.landbrugsavisen.dk/Nyheder/Netnyheder/2008/8/26/Aktivister%20haerger%20franske%20GMO-forsoeg.htm

 

 

 

Afrika: Virusresistent GM-mais

Afrikanske forskarar har avdekka korleis virussjukdomen MSV oppstår. MSV er eit av dei mest øydeleggjande plantevirusa afrikanske maisåkrar vert råka av. Forskarane vonar å bruke denne informasjonen til å utvikle genspleisa frø som er resistente mot denne sjukdomen

 

http://www.scidev.net/en/news/african-scientists-reveal-origins-of-maize-virus.html

 

 

 

Litteratur; Avslørande om genressursavtalar

Forskar Regine Andersen ved Fridtjof Nansens Institutt har nettopp gjeve ut boka "Governing Agrobiodiversity: Plant Genetics and Developing Countries"? I boka presenterer ho den første, større analysen som er gjort av korleis internasjonale avtalar på ulike relevante felt påverkar forvaltninga av landbruksgenetiske ressursar i utviklingsland. Boka avslører at den gjensidige påverknaden mellom dei ulike avtalane i hovudsak har hatt negative konsekvensar for landbruksgenetiske ressursar i utviklingsland, trass i gode intensjonar. Boka tek også opp korleis ein kan oppnå ei betre forvalting av landbruks-biomangfaldet.

M

eir informasjon om boka finn du her:

http://www.fni.no/news/080909.html

 

 

 

Ope møte om landbruk og klima

Landbruks- og matdepartementet inviterer til innspelsmøte i samband med arbeidet med ei stortingsmelding om landbruk og klimautfordringar.

 

Vel 50 organisasjonar vert invitert til møtet 25. september. Påmelding innan 22. september.

 

http://www.regjeringen.no/upload/LMD/Vedlegg/Brev/Brev_klimaseminar_100908.pdf

 

 

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat. Nyheitsbrevet vert finansiert ved kronerulling. Denne utgåva er støtta av Utviklingsfondet.

 

GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat

 

Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no