Gennytt nr. 16 - 2008

1. oktober 2008, årgang 10.

* Er FrP i ferd med å gjere eit programvedtak i utakt med folkemeininga?????

 

* GMO-fritt hønsefôr snart mangelvare i Storbritannia, og eit ”keltisk” opprør er i ferd med å byggje seg opp mot regjeringa.

 

* Monsanto promoterer GMO på YouTube

 

 

 

 

FrP: Fri flyt av genspleisa produkt

GMO-mat vart heftig diskutert på programkonferansen til FrP sist helg, og fleirtalet landa pussig nok ikkje på det mest populære standpunktet i Noreg.

 

Programkomiteen vil ikkje ha politisk regulering av genteknologi, og går inn for å opne grensene for genmodifisert mat. Men komiteleiar Per Sandberg seier til ABC Nyheter at fordi partiet er delt i to, kan det vere at den endelege teksten vert endra etter høyringsrunden i partiet.

 

http://www.abcnyheter.no/node/74865

 

 

 

Noreg: GMO gjer vondt verre

Det trengst endringar i matproduksjon og landbruk for å takle svoltproblem og dei utfordringane klimaendringane fører med seg. Men GMO er ikkje vegen å gå for å auke matproduksjonen og betre foredlinga. Det var konklusjonen dei fleste slutta seg til på eit ope seminar i Oslo 25. september. Det er heller ein trong for lokalt tilpassa løysningar som nyttar naturressursane på ein bærekraftig måte, og GMOar har lite å tilføre høgare matproduksjon og betre fordeling.

 

Teknologien har slett ikkje levert det den har lova, verken auka produksjon eller mindre bruk av plantevernmiddel.

 

– GMO fører tvert om til større industrialisering av jordbruk, redusert biologisk mangfald, auka bruk av plantevernmiddel, mindre bærekraftige jordbrukspraksisar og at småbønder blir tvungne bort frå jorda si, sa koordinator Henk Hobbelink i GRAIN ( www.grain.org ).

 

Hilde-Gunn Sorteberg, professor ved UMB, vil skilje mellom teknologien og sluttproduktet.

 

– Slåss vi for mye mot ny teknologi, kan dei store selskapa halde fram, medan dei små vil tape, sa ho. Møtet vart arrangert på initiativ frå Utviklingsfondet og Norad.

 

http://www.utviklingsfondet.no/Utviklingsfondet_-_forsiden/Temaer_vi_jobber_med/Biologisk_mangfold/Artikler_om_biologisk_mangfold/?module=Articles;action=Article.publicShow;ID=1803

 

 

 

EU: GMO-arealet aukar dramatisk

Sjølv om det framleis berre er ein einaste genmodifisert plante som er godkjent for dyrking i EU, nemleg ein mais som er resistent mot skadedyr, veks arealet i stort tempo. Romania og Polen har tidobla areala sine med gen-mais i år, i til saman sju EU-land vert det dyrka 21 prosent meir GMO enn i fjor.

 

- Det er eit stort problem at landbruks- og miljøministrane i EU aldri klarer å bli samde om godkjenning av nye genmodifiserte avlingar, seier Nathalie Moll, administrerande direktør for landbruk i Europabio, som ynskjer å byggje ein opinion mot landbruksministrane i saka.

 

- Bøndene ynskjer denne teknologien, legg ho til.

 

http://www.abcnyheter.no/node/74854

 

Måndag var landbruksministrane i EU igjen ute av stand til å bli samde om eit ja eller nei til bruk av ein type genspleisa soya (MON 89788) i mat og fôr.

 

http://www.reuters.com/article/environmentNews/idUSTRE48S5H020080929

 

 

 

Keltisk anti-GMO-opprør mot sentralmakta

Få stader er folkemeininga slik i opposisjon til styresmaktene med omsyn til GMO som på dei britiske øyer. No går skotske og walisiske ministrar saman med nordirske kollegaer til felles front mot GMO-forkjemparane i Westminster. Irland har tidlegare fått støtte frå Nord-Irland i kampen for å halde øya GMO-fri.

 

Men der Tony Blair i si tid måtte gje opp, held politikarane i London fram, trass i massive protestar frå både veljarar og lokale politikarar.

 

http://www.independent.co.uk/environment/green-living/celtic-revolt-against-westminster-over-gm-crops-944768.html

 

 

 

Storbritannia: Verpehøner har snart ikkje noko val

I år utgjer GMO-fri soya for første gong under halvparten av den totale soyaavlinga i verda, og alt tydar på at det neste tiåret vil mengda minske til 20 prosent. Ein talsmann for den britiske hønsefôrprodusenten Humphrey Feeds er redd dei vil gå tom for GMO-fritt fôr i løpet av eit par år.

 

http://www.thepoultrysite.com/articles/1106/future-for-gm-feed-in-freerange-egg-production

 

 

 

Afrika; GMO lokalt, GMO-fritt til Europa?

Vil framtida for afrikanske bønder bli at dei produserer GMO-fritt til skeptiske europearar, medan dei sjølv må ta til takke med genmodifiserte variantar?

 

Ein studie utført av COMESA i Aust-og Sør-Afrika viser at det er ein frykt blant bønder for å tape marknader dersom ein innfører genteknologi i jordbruket. Men genspleisa variantar av landbruksprodukta som vert eksporterte, som te, kaffi, kakao, tobakk, sukker og bananar, er framleis ikkje kommersialiserte. Det er difor ingen fare for eksporten, er konklusjonen.

 

http://www.nation.co.ke/magazines/artandculture/-/1222/471918/-/8o2yrjz/-/index.html

 

 

 

Tyskland: Garanterer GMO-fri mjølk

Frå og med i dag er mjølka frå det tyske Landliebe 100 prosent garantert fri for GMO og andre kontroversielle stoff. Hollandske Campina, som eig Landliebe, garanterer at kyrne berre har ete tysk gras og europeisk kraftfôr som ikkje inneheld GMO.

 

I første omgang gjeld lovnaden berre drikkemjølk og mjølk som vert levert til tyske skular.

 

http://www.landbrugsavisen.dk/Nyheder/Netnyheder/2008/9/26/Campina%20satser%20paa%20europaeisk%20foder.htm

 

 

 

Brasil: Fem genspleisa maissortar i bruk

Mellom fire og fem prosent av det brasilianske maisarealet er no genspleisa sortar, melder CNN. Styresmaktene har nettopp godkjent to nye maissortar, begge er resistente mot sprøytemiddelet glyphosat.

 

I Brasil haustar bøndene to gonger i året, og den store etterspurnaden tilseier at allereie neste sesong kjem GMO-arealet til å stige kraftig.

 

For to år sia godkjende Brasil også to typar genspleisa soya, og over halvparten av soyaarealet er i følge Agra Europe no nytta til GMO. Båre jordlause bønder og miljøorganisasjonar kjempar ein hard kamp mot GMO i Brasil.

 

http://money.cnn.com/news/newsfeeds/articles/djf500/200809221138DOWJONESDJONLINE000445_FORTUNE5.htm

 

 

 

Giftig nabohjelp

Bomullsplantar som produserer si eiga gift mot parasittar, vernar også konvensjonelle plantar som mais, peanøtter, soyabønner og grønsakar som veks i nærleiken, slår kinesiske forskarar fast.

 

http://www.ft.com/cms/s/0/e8490a9a-85e2-11dd-a1ac-0000779fd18c.html?nclick_check=1

 

 

 

Sverige: Vil modifisere middelhavsplantar

Plantegenetikarar over heile verda arbeider med å skape genmodifiserte matvekstar som toler tørke og høg konsentrasjon av CO2. Professor i plantegenetikk på SLU i svenske Ultuna i Sverige, Christina Dixelius, seier til Sveriges Radio at det er viktig tilpasse sydlege plantar til den korte nordiske sommarnatta, difor er det urovekkande at Asia ligg i front på genforsking.

 

Intervju med Dixelius kan du høyre her:

Christina Dixelius, professor i växtgenetik, i fokus

 

 

 

Vandana Shiva skremde svenske politikarar

På en konferanse om GMO i Sveriges Riksdag nyleg, fortalde Vandana Shiva om dei katastrofale verknadane GMO har hatt på biologisk mangfald og situasjonen til småbønder, særleg i India. Her kan du sjå og høyre intervju med ho.

 

http://mp.se/templates/Mct_78.aspx?avdnr=12311&number=155710

 

 

 

Monsanto går YouTube

Under ein visitt i frøkvelvet på Svalbard vart Hugh Grant i Monsanto og Google-direktør Larry Brilliant så gode kompisar at dei saman har laga eit 36 minutt langt ”debattprogram” - "Creating a World That Can Feed Itself” og lagt det ut på YouTube. Om du er interessert i korleis Monsanto vil skape ei verd som kan fø seg sjølv:

 

http://www.youtube.com/watch?v=I9I1IkbcHNE

 

 

 

Verdt å lese: Ny bok om GMO

Beth Harrison frå California har så langt i år vunne fire prisar for si nye bok om genspleisa mat; ”Shedding light on genetically engineered food”.

 

http://www.thetruthaboutgmos.com/

 

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

Tips oss på mailto:gennytt@oikos.no%20Gennytt%20nr.%2016%20-%202008 eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

 

GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat. Nyheitsbrevet vert finansiert ved kronerulling. Denne utgåva er støtta av Utviklingsfondet.

 

 

GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat

 

Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no