Gennytt nr. 17 - 2008

15. oktober 2008, årgang 10.

Dersom Noreg skal ta si eiga lovgjeving seriøst, seier vi nei til import av GMO, meiner doktorgradsstipendiat.

 

GMO-debatten dabbar av, TV-dokumentaren om Monsanto gjorde visst ikkje særleg inntrykk på nordiske sjåarar.

 

GMO-merking av matvarer kan vere spikaren i kista for all GMO, meiner The Soil Association.

 

 

 

Noreg: GMO-ja vil gje dramatisk signaleffekt

- Det vil virke som om vi ikkje tek vår eiga lovgjeving seriøst dersom Noreg seier ja til import av GMO, meiner Frøydis Gillund, doktorgradsstipendiat ved GenØk, Senter for Biosikkerhet.

 

Genteknologilova føreset ei meir heilskapleg risikovurdering enn tilsvarande lov i EU, fordi den inkluderer både biologiske og samfunnsmessige aspekt.

 

- Dersom vi tillet import til Noreg, vil dette ha stor signaleffekt overfor andre land, sia avgjerda vil vere basert på mangelfull vurdering av samfunnsnytte og bærekraft, seier ho til Gennytt.

 

Noreg har ratifisert Århus-konvensjonen, som krev at vanlege folk skal informerast og konsulterast i avgjerder knytt til dyrking og omsetting av GMO. I tillegg er det forventa at styresmaktene tek desse innspela til etterretning i beslutningsprosessen. En reell vurdering av komplekse spørsmål som bærekraft og samfunnsnytte kan berre skje gjennom ein breid og deltakande prosess.

 

- Det er viktig at forskarar kjem på banen og engasjerer seg i saka, og at både media og styresmaktene legg til rette for ein offenleg debatt, seier Gillund, for det er nok av engasjerte aktørar.

 

- Genmodifisert mat, og særleg dyrkning av GM-plantar, vil kunne føre til irreversible endringar, dette er så alvorleg at det krevst stor offentleg merksemd, seier Gillund.

 

Kronikken ”Historisk avgjørelse” av Frøydis Gillund kan du lese her:

 

http://www.genok.org/nyheter_cms/2008/oktober/la_oss_sl__et_slag_for_den_norske_genteknologiloven___historisk_avgj_relse/95

 

 

 

GMO vert tidd i hel

Europearar er skeptiske til GMO, men bryr seg lite om kva som står på innhaldslista til matvarene dei kjøper, viser ei stor EU-studie. I januar i år vart kjøpemønsteret til 41 000 EU-borgarar kartlagt, etterpå vart dei spurt om kva dei trudde dei hadde kjøpt. Resultatet viste at halvparten av dei som hadde handla GMO-varer ikkje visste om det.

 

På den europeiske marknaden finst minst 68 matprodukt som i følgje EU-reglane har GMO på varedeklarasjonen. Dette er mest matoljer og margarin, men også fiskepinnar, chips, kjeks og sjokolade. Ingen av dessa vert selde i Sverige eller Noreg, i Sverige finst det tvert om kring 60 produkt som er merka GMO-frie.

 

Debatten i media har dabba av dei siste par åra, med unnatak for Tyskland og Storbritannia. I Sverige er den nærast borte – og enno er den meir til stades i nabolandet vårt enn her.

 

http://www.webfinanser.com/nyheter/?id=112499

 

 

Den avslørande dokumentarfilmen om Monsanto har til dømes vekt ein viss debatt i Sverige, medan her i landet, der ” The World According to Monsanto” gjekk på NRK2 for ein månad sida, har det vore heilt stille. Den svenske debatten etter filmen kan du følgje her::

 

http://www.barometern.se/ledare/gmodebatten-har-blivit-sa-intensiv-att-den-samlats-under-en-samlingsartikel(898459).gm

 

 

 

Sverige: Vil sparke jordbruksministeren

Svenske småbrukarar vil kvitte seg med det dei kallar ein ambassadør for GMO, nemleg den svenske jordbruksministeren Eskil Erlandsson. Etter visinga av Monsanto-dokumentaren på svensk TV gjekk 18 ulike organisasjonar saman om ein stor demonstrasjon mot GMO-giganten i Helsingborg sist laurdag, som eit avspark for ein intensivert kamp mot GMO.

 

Erlandsson vert skulda for å pisse Monsanto opp etter ryggen.

 

http://www.skanskan.se/apps/pbcs.dll/article?AID=/20081012/NYHETER/242505509/1162/gringo

 

 

 

USA: Obama støttar GMO-merking

Amerikanarane vert meir og meir skeptiske til GMO. Krav om merking vert mellom anna støtta av presidentkandidat Barack Obama. Frå neste år skal kring 28 000 produkt merkast.

 

- Då mjølkeprodukt frå hormonbehandla kyr vart merka, slutta forbrukarane å kjøpe denne mjølka. GMO-merking av matvarer vil vere byrjinga på sluten for GMO over heile verda, meiner Peter Melchett i The Soil Association.

 

http://www.fwi.co.uk/Articles/2008/10/13/112619/us-consumers-rejecting-gms-says-soil-association.html

 

Eit anna teikn på at amerikanarane vert meir medvitne GMO er at produksjonen av genspleisa bomull har minska i USA, derimot aukar den jamt og trutt i India.

 

http://www.gmo-compass.org/eng/agri_biotechnology/gmo_planting/343.genetically_modified_cotton_global_area_under_cultivation.html

 

 

 

Belgia: Politisk grisegrafitti

Greenpeace i Belgia har aksjonert mot fôrprodusenten Aveve fordi den blandar genmodifiserte ingrediensar, i hovudsak soya, i dyrefôret. Kjøt og mjølk produsert på genspleisa fôr vert ikkje merka, og forbrukarane vert dermed ført bak lyset, meiner Greenpeace, som har måla eit digert grisetryne på Aveve-fabrikken. http://www.greenpeace.org/belgium/fr/news/Aveveoctober

 

 

 

EU: Nei til klonkjøt

Europearane vil heller ikkje ha klona husdyr på matbordet. Ein EU-studie viser at 58 prosent av EU-borgarane meiner at kloning av husdyr bør vere forbode. I førre månad vart det opplyst frå styresmaktene i USA at dei vil vurdere eit forslag om å gje løyve til sal av genmodifiserte dyr som mat.

 

http://www.dailymail.co.uk/news/article-1076023/Keep-cloned-animals-offspring-food-chain-demand-shoppers.html?ITO=1490

 

 

 

Mali: Monsanto blandar seg inn i lovformuleringar

Nasjonalforsamlinga i det vestafrikanske landet Mali behandlar no ei ny lov om bioteknologisk tryggleik. Bondeorganisasjonane i Mali kritiserer regjeringa for dårleg forarbeid. Lovteksten er uklar, og skil ikkje GMO frå tradisjonell bioteknologi som gjærbakst og vanleg plante- og dyreavl. Bondeorganisasjonane hevdar at dette skuldast direkte medverknad i forarbeidet frå genteknologiselskapet Monsanto og den amerikanske statlege bistandsorganisasjonen USAID. På den andre sida er verken bønder eller forbrukarar spurt om kva dei meiner, noko som er i direkte strid med Cartageneprotokollen, seier bondeorganisasjonane.

 

http://www.maliweb.net/

 

 

 

Monsanto: Børsvinnar

Medan dei fleste børsaktørane rasa i verdi i førre veke, gjekk Monsanto opp med heile 9,8 prosent.

 

http://www.blt.se/jobbet_o_pengarna/tt_ekonomi/fortsatt-nedat-pa-wall-street(899142).gm

 

 

 

London: Skal GMO berge verda?

Ein stor Feeding the World-konferanse, arrangert av Organic Research Centre, har sett som mål å foreta ein grundig og ærleg gjennomgang av alle fakta og påstandar frå begge sider i GMO-debatten

 

Feeding the World-konferansen vert arrangert i Queen Elisabeth II Conference Centre 12. november.

 

http://www.feedingtheworldconference.org/

 

 

 

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat. Nyheitsbrevet vert finansiert ved kronerulling. Denne utgåva er støtta av Utviklingsfondet.

 

GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat

 

Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no