Gennytt nr. 18 - 2008

4. november 2008, årgang 10.

* EU-toppar planlegg kampanje i løynd for å få skeptiske europearar til å akseptere genmodifisert mat

 

* Regjeringa tek snart ei avgjerd om genmais skal vere lov å selje i Norge

 

* Patentert brokkoli ein prøvestein for kontroll over all matproduksjon

 

 

 

EU: Hemmeleg GMO-kampanje på toppnivå

Styresmaktene i EU arbeider i det stille for å innføre fleire GMO-ar. Den engelske avisa The Independent har fått tak i hemmelege notat som syner at representantar frå alle EU-landa så langt har hatt to møte for å få fart på godkjenningane av genmodifiserte plantar i Europa.

 

Dei hemmelige møta vert organisert av EU-president Jose Manuel Barroso, og målet er å overtyde ålmenta om at GMO er uunngåeleg. EU må handsame søknader om godkjenning av GMO raskare, og han åtvarar mot å krevje vurdering av økonomiske og samfunnsmessige konsekvensar, slik den norske Genteknologiloven krev.

 

- Framgangsmåten til EU-presidenten står i fare for å svekke tilliten til EUs beslutningssystem for godkjenning av GMO-ar ytterlegare, seier Bell Batta Torheim, programkoordinator i Utviklingsfondet. Ho forstår ikkje kvifor det er så viktig for EU-presidenten å pushe igjennom godkjenninga av slike vekstar.

 

- Vurdering av bærekraft og samfunnsnytte får fram sentrale problemstillingar ved bruk av GMO i matproduksjonen, som tap av biologisk mangfald og meir makt til storselskapa, seier ho. Helen Holder i Friends of the Earth Europe seier til avisa at målsettinga til Barroso er å introdusere GMO i Europa så raskt som mogleg.

 

- Difor går han no rett til statsministrar og presidentar for å få dei til å overkøyre sine eigne landbruksministrar.

 

http://www.independent.co.uk/environment/green-living/europes-secret-plan-to-boost-gm-crop-production-973834.html

 

 

 

Nær ei avgjerd om GMO-maisen

Mykje tyder på at regjeringa vil seie nei til norsk import av genmodifisert mais. Ifølge kjelder i regjeringssystemet kjem det snart ei avgjerd i saka. Både SP og SV er negative til import, og Jens Stoltenberg tek neppe opp kampen med samarbeidspartnarane sjølv om han skulle vere positiv, skriv Nationen. Les kronikk: http://www.nationen.no/meninger/kommentar/article3886174.ece

 

 

 

Du et GMO kvar dag

Ja til GMO frå Direktoratet for naturforvaltning, som vi skreiv om i juni (Gennytt nr 12 – 2008) har endeleg nådd resten av pressa.

 

- Genmodifiserte planter et du nok kvar dag, seier seniorforskar Knut Berdal ved Veterinærinstituttet til NRK. Han har leia gruppa som har gjeve råd til DN og Mattilsynet om bruk av genmodifisert mais i Norge.

 

- Ingen vitskaplege grunnar tilseier at desse ikkje skal godkjennast, seier han. Veterinærinstituttet analyserer ofte matprøver, og i kring halvparten av prøvene er det GMO.

 

I fjor fann Mattilsynet spor av genmodifiserte organismar i 32 av 40 prøver frå fôr til fisk og dyr. Også i den eine av seks prøver av næringsmiddel fann tilsynet GMO.

 

Statssekretær i Miljøverndepartementet, Heidi Sørensen seier denne saka no er til politisk handsaming og skal avgjerast i løpet av kort tid.

 

Direktoratet for naturforvaltning vil ikkje kommentere saka før den er politisk avgjort.

 

http://www.nrk.no/nyheter/1.6281672

 

 

 

Ber om møte - raskt

Stadig fleire organisasjonar åtvarar mot godkjenning av dei to genspleisa maissortane.

 

Norges Bondelag og Norsk Landbrukssamvirke har bede om eit snarleg møte med den politiske leiinga i Miljøverndepartementet.

 

Senterpartiet meiner det er uaktuelt å ta inn dei to genmodifiserte maistypane til Norge.

 

- Det er uaktuelt å gjere unntak for genmodifisert mais. Vi har en nasjonal politikk på dette området og en restriktiv lovgiving. Den skal førast vidare, seier stortingsrepresentant Trygve Magnus Slagsvold Vedum i Senterpartiet til NTB.

 

http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=521770

 

 

 

Norden: Nordisk Råd og GMO-fritt Norden

Nordisk Råd rår regjeringane i dei nordiske landa til å arbeide for at landbruksnæringa og bransjeorganisasjonane gjennom friviljuge avtalar kan innføre GMO-frie soner. I tillegg vert regjeringane oppmoda om å skjerpe merkinga av GMO-produkt i Norden. Vedtaket kjem etter eit forslag frå den venstresosialistiske grøne gruppa i Nordisk Råd, om å gjøre Norden til en GMO-fri sone.

 

- Ingen har eksakt kunnskap om effektane av genmodifiserte produkt. Det er føre var-prinsippet som gjeld, seier Rolf Reikvam (SV), leiar i gruppa.

 

http://www.politikkavisen.no/www__Dnorden__Dorg/1171844_4_539_60_77_875656_53_1267982_60_EUTF8.html

 

 

 

Strid om brokkolipatent

Eit britisk selskap ynskjer å ta patent på ein brokkolitype som motverkar kreft. 16 norske organisasjonar ber no regjeringa gjere greie for kva den har gjort i saka, sia dei for eit år sida bad regjeringa om å prøve å stoppe patentet. Det vil opne for at private selskap kan få kontroll over store delar av matproduksjonen.

 

Glukosinolatar, som finst i ein del brokkoli og kål, kan motvirke kreft og har fleire gunstige helseeffektar. Ved å krysse vill brokkoli med meir dyrkingsvennleg variant, har det britiske selskapet Plant Bioscience Limited (PBL) utvikla ein brokkoli som har ekstra mykje av det gunstige stoffet.

 

I verste fall kan eit slikt patent føre til at alle bønder som dyrkar brokkoli vert saksøkte, fordi vanleg brokkoli også inneheld det kreftmotverkande stoffet. Det høgaste klageorganet i den europeiske patentorganisasjonen (EPO) skal no ta ei prinsipiell avgjerd om vanlege plantar skal kunne patenterast.

 

http://www.utviklingsfondet.no/Utviklingsfondet_-_forsiden/Temaer_vi_jobber_med/Biologisk_mangfold/Artikler_om_biologisk_mangfold/?module=Articles;action=Article.publicShow;ID=1866

 

 

 

Sverige: Skånsk kål til biobrensel

EU pløyer 55 millionar kroner ned i skånsk jord for å dyrke genmodifisert kål til biobrensel.

 

- No har eg endeleg fått draumeprosjektet mitt, seier forskingsleiar Sten Stymne til Sveriges Radio. For å få fram kål som produserer mykje olje, planlegg 13 forskargrupper frå tre kontinent å krysse kål med gen både frå plante- og dyreriket.

 

http://metro.se/se/article/2008/11/03/10/0818-45/index.xml

 

 

 

EU: GM-bomull godkjent til mat

EU godkjende i førre veke import av ein type genspleisa bomull for sal i alle medlemslanda i ti år framover. LLCotton25, utvikla av Bayer CropScience, skal nyttast i mat for menneske og dyr, men skal ikkje dyrkast i EU.

 

http://miranda.hemscott.com/news/static/tfn/item.do?newsId=69262790718053

 

 

 

USA: GM-druer redninga for vindyrkarane?

Sprøytemiddel har snart teke livet av vindruene i Illinois og resten av Midtvesten, men no har forskarar ved The University of Illinois modifisert seg fram til ein ny druetype, Improved Chancellor, som tåler ugrasmiddel. Plantebiolog Robert Skirvin vonar på løyve til utandørs dyrking til våren.

 

http://www.eurekalert.org/pub_releases/2008-10/uoia-hrg101408.php

 

 

 

England: Lilla medisintomatar

Britiske forskarar ved John Innes-senteret i Norwich har utvikla ein genmodifisert tomat med auka innhald av antioksydantar. Den lilla tomaten er skapt ved å tilføre to gen frå prydløvemunnblomsten.

 

- Ein perfekt kombinasjon for å produsere athocyaninar, som og finst i blåbær, seier studieforfattaren Eugenio Butelli. Tomatane er ikkje testa for moglege biverknader, og det er langt fram til dei kan testast på menneske. For EU er supertomatane ”gefundenes Fressen” til kampanjen for å få europearar til å akseptere genmodifisert mat.

 

http://uk.reuters.com/article/healthNewsMolt/idUKTRE49P2K720081027

 

 

 

Svalbard Globale frøhvelv : Sjette beste nyskaping 2007

Like bak partikkelakselleratoren i Sveits og like framfor ein ny hybridbilmotor frå Chevrolet, ligg Svalbard Globale frøhvelv på lista over verdas beste nyskapingar 2008 - kåra av Time Magazine.

 

http://www.time.com/time/specials/packages/article/0,28804,1852747_1854195_1854118,00.html

 

 

 

Info om GMO; Nyttig nettside

Friends of the Earth Europe, eit nettverk av miljøorganisasjonar der Norges Naturvernforbund er norsk deltakar, har lansert ei nyttig internettside om GMO-problematikken.

 

http://www.foeeurope.org/GMOs/Index.htm

 

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat. Nyheitsbrevet vert finansiert ved kronerulling. Denne utgåva er støtta av Utviklingsfondet.

 

GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat

 

Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no