Gennytt nr. 19 - 2008

27. november 2008, årgang 10.

 

Genmodifisert mat påverker formeringsevna. Laboratorieforsøk i Austerrike syner at mus som åt genspleisa mais fekk både færre og mindre avkom.

 

Norsk forskar etterlyser debatt om helse- og miljørisiko ved nanoteknologi og nanomateriale brukt på mat.

 

Storstila smugling av genspleisa frø til Polen, og GMO-plantar frør seg ukontrollert i fleire land.

 

Austerrike: Skremmande langtidseffekt av GMO på mus

Genmodifisert mat kan føre til redusert fruktbarheit, i følgje ei ny studie frå Austerrike. Uavhengige forskarar har på oppdrag frå den austerrikske regjeringa testa genspleisa mais på mus. Forsøket gjekk føre seg over 20 veker med to grupper mus. Etter tre generasjonar fekk musene som vart fôra med GM-maisen færre ungar, og musungane var lettare enn i kontrollgruppa.

 

Forskingsresultata har fått Greenpeace til å forlange at all genspleisa mat på marknaden vert trekt attende, då den utgjer eit trugsmål mot helsa til folk.

 

Dr Jurgen Zentek, professor i veterinærmedisin ved Universitetet i Wien og leiar for forskargruppa, seier at det utan tvil er ein direkte samanheng mellom endringane i fertilitet hos musene og GMO-dietten.

 

- Dersom dette ikkje er grunn nok til å legge ned heile genteknologiindustrien ein gong for alle, veit ikkje eg kva slags katastrofe som skal til, seier Dr Jan van Aken, GMO-ekspert i Greenpeace International.

 

http://www.dailymail.co.uk/health/article-1085060/Why-eating-GM-food-lower-fertility.html

 

 

Forskingsrapporten kan ein lese her.

http://www.bmgfj.gv.at/cms/site/attachments/3/2/9/CH0810/CMS1226492832306/forschungsbericht_3-2008_letztfassung.pdf

 

 

 Monsanto tilbakeviser resultata frå den austerrikska studien og meiner den ikkje held vitskapelege mål.

http://monsanto.mediaroom.com/index.php?s=43&item=661

 

 

 

 

Polen: Massiv smugling av GMO

30000 dekar illegale GMO-åkrar er oppdaga i Polen. Lovprosjektet som skulle forby genspleisa plantar utanfor definerte områder, er underkjent av EU, og ei rekkje griseprodusentar nektar å bøye seg for forbodet mot GMO i fôr som vart vedteke i 2006 og tredde i kraft i august i år, skriv den franske nettstaden http://www.infogm.org/.

 

Dei store genteknologiselskapa marknadsfører openlyst genmodifisert såfrø i Polen sjølv om det er forbode å selje slikt i landet. Ikkje noko problem, meiner R. Gabarkiewicz, direktør i GBE Polen, som representerer bl.a. Monsanto, Pioneer, Bayer og BASF. Til polske aviser seier han at forbodet berre gjeld sal på polsk territorium. Difor marknadsfører selskapa genspleisa frø, og viser til salskanalar i nabolanda. Monantos polske nettsider inneheld også brukarrettleiing for ulovelege genspleisa frø.

 

 


Neste trugsmål - nanoteknologi?

Nanoteknologi er på veg inn i matsektoren, også i EU/EØS. Ingen veit førebels kva risiko dette representerer. Risikovurdering av nanoteknologi og nanomateriale brukt på mat er ifølge ein EFSA-rapport ikkje mogleg i dag på grunn av svært avgrensa datamateriale og mangel på metodar for å vurdere moglege skadeverknader.
Døme på bruk av nanoteknologi i matsektoren er kontaktmateriale til pakking/oppbevaring av mat, vanlege næringsmiddel omdanna/omstrukturert ved hjelp av nanoteknologi, nanomateriale som ingrediensar og tilsettingsstoff og nanoteknologiske plantevernmidlar

Av desse er det førebels berre nanoteknologiske kontaktmateriale på den norske marknaden.
- Risikoen ved bruk av nanomateriale innan mat- og fôrsektoren ser førebels ut til å vere svært låg i Noreg, men utviklinga går fort, og vi bør ha ein offentleg debatt om desse tinga i framkant, seier seniorforskar ved Bioforsk Jord og miljø, Erik Joner.

 

http://www.politikkavisen.no/www__Dbioforsk__Dno/11_70_9795_102_1182358_109_5124_7_43103118_127_EUTF8.html

 

 

Nanoteknologi handlar om å studere og manipulere ulike material på et atomært nivå. Då kan ein designe material, system og komponentar med unike eigenskapar, som igjen opnar opp for framstilling av produkt med heilt nye kvalitetar. Les meir på: http://www.ntnu.no/studier/nanoteknologi

 

 

 

Sverige: BAFS stoppa av GMO-skepsis

For ti år sia kjøpte BAFS Plant Science seg inn i det svenske planteforedlingsselskapet Svalöf Weibull med 40 prosent. Planen var ei storstilt satsing på GMO. Men det kommersielle gjennombrotet i den europeiske marknaden kom aldri, og no har kjemigiganten gjeve opp og seld seg ut.

 

- Vi er nøydde til å tilpasse oss den europeiske marknaden, der aksept for GMO er låg. Men GMO spreier seg jo raskt over heile verda, seier Monika Lekander i Svalöf Weibull.

 

http://www.atl.nu/Article.jsp?article=49904&a=Skepsis%20till%20gmo%20stoppade%20BASF

 

 

 

GMO-frie soner i Norden

Ei rekke organisasjonar stør oppmodinga til Nordisk Råd om å arbeide for ei friviljug GMO-fri sone i Norden. Den svenske grasrotrørsla Hej då GMO går sterkt inn for at Skåne - og helst heile Sverige - vert GMO-fri sone. Økobøndene på Åland vil gjere øya si til GMO-fri sone.

 

http://hejdagmo.se/2008/11/25/helst-ska-hela-skane-vara-gmo-fritt-eller-helst-hela-sverige/

 

 

 

Mexico: Ukontrollert spreiing av GMO

Genmodifisert mais har spreidd seg i Mexico, skriv Nature. Sia 1998 har det vore forbode å dyrke GMO i landet. I 2001 og 2004 vart det funne genspleisa mais i fleire åkrar, men det finst andre studie som syner at ingen GMO veks i Mexico.

 

Eit vitskapleg tidskrift har sagt nei til å publisere den aktuelle studien på grunn av det politiske sprengstoffet i den, og det er no Moleculare Ecology som står for grunnpubliseringa.

 

http://www.sr.se/cgi-bin/p1/program/arkiv.asp?ProgramID=406&formatID=1&nyheter=1&Max=2008-11-13&Min=2002-11-08&PeriodStart=2008-11-12&Period=1&Artikel=2439515

 

 

 

India: Ukontrollert spreiing av GMO

Illegal spreiing av genspleisa bomull i den indiske delstaten Orissa er eit alvorleg trugsmål mot jordbruket, åtvarar Latha Jishu. Stadig større areal vert nytta til bomull på bekostning av korndyrking og andre matplantar i delstaten.

 

http://www.business-standard.com/india/storypage.php?autono=340002

 

 

 

Mali: Opnar for GMO

Parlamentet i det vestafrikanske landet Mali har vedteke ei lov som kan opne for dyrking av genmodifiserte plantar, skriv http://www.maliweb.no/. Loven møtte sterk motbør frå opposisjonen i Parlamentet, som hevda at landet ikkje har eit naudsynt apparat til å kontrollere eventuell dyrking av GMO. Fleire parlamentsmedlemer argumenterte også med at problema i landbruket ikkje kan løysast med genmodifisering, og at bøndene sjølv ikkje ynskjer GM-plantar.

 

 

 

Forbrukarar til kamp mot GMO

Forbrukarorganisasjonen Fritt helsevalg har skrive eit ope brev til Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim, der dei ber om eit svar på om han kan garantere for at Noreg vert GMO-fritt så lenge det ikkje er prov for at GMO er heilt trygt. Jan Klyve i FHV seier at dei førebels ikkje fått svar på brevet.

 

http://www.fritthelsevalg.org/htmlsite/aktuelt.asp?parent=1&flag=1&ban=1&id=624

 

 

 

EU: Kva skjer med GMO-reformen?

Torsdag 4. desember skal miljøministrane i EU bli samde om kva dei skal meine om reformene innafor godkjenningssystemet for GMO.

 

http://www.greenpeace.org/international/press/reports/media-briefing-gmo-debate

 

 

 

Stilling ledig

Lyst til å jobbe med bistand og policy knytt til bærekraftig forvaltning av biologisk mangfald i jordbruket? Utviklingsfondet utlyser eit eittårs vikariat med moglegheit for forlenging. Søknadsfrist: straks

 

Meir info: http://www.utviklingsfondet.no/Utviklingsfondet_-_forsiden/Kontakt_oss/Ledige_stillinger_i_Utviklingsfondet/?module=Articles;action=Article.publicShow;ID=1880

 

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat. Nyheitsbrevet vert finansiert ved kronerulling. Denne utgåva er støtta av Utviklingsfondet.

GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat

Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no