Gennytt nr. 20 - 2008

17. desember 2008, årgang 10.

 

* No har også italienske forskarar påvist helseskadar på mus som har ete GMO

 

* EU har godkjent import av GM-mais. Neste sak gjeld dyrking av to genspleisa soyatypar.

 

* GMO invaderer stadig nye område, ikkje minst i Latin-Amerika

 

 

Italia: GMO bryt ned immunsystemet hos mus

Forskarar ved National Research Institute on the Food and the Nutrition i Roma har gjort nye, urovekkande funn. Dei har studert endringar innafor immunsystem, fruktbarheit og allergi både hus unge og gamle mus. Resultata, som vart presenterte Journal of Agricultural Food Chemistry i byrjinga av desember, tyder på at den genmodifiserte maisen MON810, den einaste GMO-en som er godkjent for dyrking i EU og ein av dei mest utbreidde genmaistypane frå Monsanto, bryt ned immunforsvaret i både unge og eldre mus. Studien stadfestar resultat frå Austerrike tidlegare i haust.

 

http://www.i-sis.org.uk/MON810gmMaizeMiceImmuneSystem.php

 

 

 

EU: Godkjenningsstempel på GMO-import

EU-kommisjonen har endeleg godkjent import av den genmodifiserte maistypen MON 89788 og sal i alle dei 27 medlemslanda. Godkjenninga gjeld for bruk i mat og dyrefôr, førebels i ti år. Men det vert framleis ikkje lov å dyrke den i EU.

 

http://www.enn.com/agriculture/article/38790

 

 

 

EU: Dyrkingsløyve neste?

Neste skritt for EFSA er å få igjennom dyrkingsløyve for to andre genmodifiserte maisvariantar; bt 11 frå Syngenta og mais 150 fra Pioneer.

EUs miljøkommissær Stavros Dimas vil seie nei til godkjenning fordi "risikoen er for høy", men han har sterke krefter mot seg. Dersom dei to sortane vert godkjende for dyrking i EU, vil det vere første gong sia 1998, då mais MON810 vart godkjend. MON810 er seinare vorte  mellombels forbode i Frankrike. Greenpeace har sett i gang ein støtteaksjon for Dimas - som kanskje er i mindretal i EU-kommisjonen.

 

www.write-a-letter.greenpeace.org/332

 

 

 

GMO-frie soner
Miljøvernministrane i EU vart i førre veke samde om at EU-landa bør kunne opprette soner utan genmodifiserte organismar. Ministrane kom også til semje om at vurderingane av dei langsiktige miljømessige konsekvensane bør betras.  

 

http://www.euractiv.com/en/cap/eu-ministers-back-gmo-free-zones/article-177557

 

 

 

Austerrike: Kjeft for GMO-vegring

EFSA meier at Austerrike ikkje har gode nok argument til å nekte import av genmais som er godkjend av EU, trass i sterke indisium på at mus vert mindre fertile etter å ha ete genspleisa fôr. Grunngjevinga finn de her:

 

http://www.efsa.europa.eu/EFSA/efsa_locale-1178620753812_1211902199319.htm

 

Også den sveitsiske regjeringa vil forlenge det mellombelse forbodet i landet mot GMO til 2013, melder nettstaden swissinfo.ch

 

 

 

Frankrike: GMO gjev høgare prisar

Greenpeace har fått utarbeidd ein rapport om meirkostnadene dersom Frankrike igjen skulle godkjenne dyrking av GMO. Universitetet i Pau skriv i rapporten at dyrking av GM-mais vil gjere det vanskeleg å halde innblandinga i GMO-fri mais under 0,1%, slik kravet er i dag for franske maisdyrkarar. Konvensjonell maisdyrking vil i så fall måtte flyttast til andre land som Ungarn, Marokko og Sénégal. Ekstrakostnader for å halde gen-mais og anna mais frå kvarandre vil føre til at kylling med merket Label Rouge vil bli 4 -15 eurocent dyrare pr. kilo. Det paradoksale er at det er dei GMO-frie produkta som skal påførast ekstrapris dersom det vert tillete å dyrke genspleisa mais.

 

http://www.enn.com/agriculture/article/38790

 

 

 

Italia: GM-food i Slow Food-land
Italia skal ta opp att dyrkinga av ni genspleisa plantar etter eit avbrekk på ti år. Den nye godkjenninga inneheld likevel ein del restriksjonar. Mange italienske regionar har erklært seg GMO-frie. Dyrkinga gjeld kiwi, sitrusfrukt, kirsebær, jordbær, mais, eggeplantar, oliven, tomatar og druer.

http://www.seedquest.com/News/releases/2008/december/24587

 

 

 

Latin-Amerika: GMO spreier seg - på lovlege og ulovlege vis

Genspleisa mais og soya invaderer Sør- og Mellom-Amerika, eit uendeleg stort mangfald av lokale artar vert truga av innblanding frå genspleisa variantar. Til dømes er maismangfaldet i Mexico truga av importerte GMO-variantar. Landet har kring 60 ulike lokale maissortar.

President Lula i Brasil promoterer stadig meir GMO. Det er venta at landet vil passere naboen Argentina og bli den nest største GMO-produsenten i verda i løpet dette året, i følgje the International Service for the Acquisition of Agri-biotech Applications (ISAAA)

Berre India har auka arealet sitt meir enn Brasil frå 2006 til 2007.

 

http://www.lapress.org/articles.asp?art=5758

 

Kollegaen Evo Morales i Bolivia har derimot peika motsett veg, og ynskjer iallfall i teorien meir økologisk jordbruk. For to år sia vedtok styresmaktene ein lov for å verne det giftfrie, miljøvennlege jordbruket. Men bøndene har sett lite resultat økonomisk, og forbodet mot GMO har enno ikkje vorte nedfelt i lova. No er eit kompromiss om at "genmodifiserte produkt skal regulerast" på trappene, for ikkje å erte på seg bønder som allereie dyrkar genspleisa soya

 

Også på Cuba vil genmodifisert mais vere klar til utplantingneste år, grunngjevinga er at landet vil gjere seg meir uavhengig av importert mat.

 

http://www.reuters.com/article/scienceNews/idUSTRE4B18V620081202

 

 

 

USA: Ulovleg, men ufarleg?

Ingen risiko for dyr eller menneske, er konklusjonen etter at ulovleg bomull vart funne blanda med anna bomull i Texas. Kring eit kvart tonn eksperimentelle bomullsfrø, som produserer si eiga skadedyrgift, hadde blanda seg med kommersiell bomull på naboåkeren.

Amerikanske styresmakter avdramatiserer funnet og seier at det ikkje er noko fare for tryggleiken verken i mat eller fôr.

 

http://www.fda.gov/bbs/topics/NEWS/2008/NEW01920.html

 

 

 

Pakistan/Kina: Gen-spleising

Pakistan og Kina har underteikna ein samarbeidsavtale om dyrking av kinesisk genbomull i Punjab-provinsen. I tillegg skal dei to landa saman utvikle nye sprøytemiddel.

 

http://www.dailytimes.com.pk/default.asp?page=20081118story_18-11-2008_pg7_49

 

 

 

Genmodifiserete tortillachips

Maisvarianten som vert nytta i chips, taco og tortilla frå matvaregiganten Frito-Lay har vore skjerma for genspleising, men no er det slutt. Maisbønder i Iowa, Nebraska og andre statar har så smått byrja å dyrke genmodifiserte variantar, etter signal frå produsentane om at dei ville akseptere det.

http://www.desmoinesregister.com/article/20081130/BUSINESS/811300325/1029

 

 

 

USA: Pris for utørst ris

Genforskarar som har utvikla ein risplante som tåler tørke har fått den prestisjetunge prisen

U.S. Department of Agriculture National Research Initiative Discovery Award for arbeidet sitt.

 

http://www.sacbee.com/latest/story/1442494.html

 

 

 

i siste liten....

treng du ei JULEGÅVE til han eller ho som har alt? Og til alle andre?

Gje bort eit gratisabonnement på GENNYTT.

Send ei melding til gennytt@oikos.no med

 TIL (namn og epostadresse) og FRÅ (namn)

 så skal vi ordne ein hyggjeleg juleepost til mottakaren.

 

 

Så ei lita julegåve til alle Gennyttabonnentar, men ynskje om ei god jul:

http://jazzmontor.no/johnjones.htm

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat. Nyheitsbrevet vert finansiert ved kronerulling. Denne utgåva er støtta av Utviklingsfondet.

 

GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat

 

Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no

 

 

 

Frilansjournalist Marit Bendz, Førde

marit@skriftaogveggen.no

Tlf. 91 14 14 57