Gennytt nr. 4 februar 2008

15. februar 2008, årgang 10.

Ny norsk metode for å avsløre spor av GMO

 

Sverige utviklar GMO-ris for bønder i Bangladesh og GMO-havre til biodrivstoff

 

Skadeinsekt utviklar resistens i USA

 

Supermetode for GMO-kvantifisering

 

 

Veterinærinstituttet har utvikla ein metode for kvantifisering av genmodifiserte organismar som er mykje betre enn den som vert nytta i dag til å teste om matvarer inneheld GMO.

 

- Kvantifisering vil seie å mengdebestemme GMO-innhaldet, slik at ein kan finne ut kor mykje GMO det er i prøven om det er 1 eller 100 prosent av ingrediensen som stammer frå GMO, forklarer seniorforskar Knut G Berdal ved Veterinærinstituttet til Gennytt.

 

Dagens metodar kan ikkje nyttast på ei rekke prøvetypar, fordi arvestoffet er degradert eller til stades i svært små mengder. Den nye metoden er særs godt eigna på slike vanskelege prøvetypar. Med den nye metoden kan GMO kvantifiserast på nivå som er mindre enn ein hundredel av det som er mogleg i dag.

 

Det har teke fleire år å utvikle metoden, SIMQUANT, som vart presentert i tidskriftet European Food Research and Technology 12. januar. Berdal fortel at dei allereie har fått fleire førespurnader både frå inn- og utland.

 

- Vi kan bruke metoden i dag, men vi har ikkje teke den inn i standard sortimentet av analysemetodar, og den er ikkje akkreditert som dei tradisjonelle metodane vi tilbyr, fortel han. Metoden har mindre krav til dyre og avanserte instrument enn dagens metodar, og er difor også eigna til bruk i utviklingsland til forvalting av internasjonalt GMO-regelverk.

 

Veterinærinstituttet er involvert i teknologioverføring mellom anna til Zambia og Mosambik.

 

- Dersom vi vert bedne om å hjelpe til med å ta metoden i bruk, vil vi være positive til det, seier Berdal. Les meir om SIMQUANT på:

 

http://www.vetinst.no/nor/nyheter/supermetode_for_gmo_kvantifisering

 

 

Gambling med miljø og helse

- Dei som argumenterer for at vi skal dyrke genspleisa plantar, kan ikkje utelate den økologiske sida, skriv zoologiprofessor Eline B. Hågvar i ein kommentar i Dagsavisen i går.

 

Ho samanliknar debatten om GMO med den vi hadde på 50- og 60-tallet om plantevernmiddel, der ulempene først vart openberre etter fleire tiår.

 

- Det er allereie påvist at det kan være helseskadeleg å ete GM-plantar. Vi kan til dømes få allergi av GM-mais, og andre korttidseffektar er indikert på rotter. Men langtidseffektar er det førebels ikkje råd å påvise.

 

Ho hevdar at genteknologar sjeldan snakkar om miljøproblem, medan økologar fokuserer nettopp på dei.

 

- Det er dessutan auka etterspurnad etter mat som ikkje er genmodifisert. Noreg har difor alle føresetnader for å praktisere føre-var-prinsippet når det gjeld GMO, skriv Hågvar.

 

http://www.dagsavisen.no/meninger/article335300.ece

 

 

Sverige/Bangladesh: GMO mot arsenikk

Forskarar ved Skövde Universitet samarbeider med kollegaer i ved universitetet i Rasjhadi i Bangladesh for å utvikle ris som motverkar arsenikkforgifting. Plantegen som bryt ned arsenikk i menneske, dyr og natur skal settast inn i ein lokal rissort i Bangladesh, skriv Biotech Sweden

 

http://biotech.idg.se/2.1763/1.144809

 

Sverige: Havre som bioenergi

Forskarar frå SLU i Alnarp utanfor Malmö undersøker om det er mogleg å genmodifisere havre for energiproduksjon, skriv Sydsvenskan. I staden for å produsere stivelse, vil ein endre havreplanten til å produsere olje.

 

- Halvparten av energien forsvinn i forvandlinga frå sukker og stivelse til etanol. Om ein vekst kan omdirigerast til å produsere olje direkte, får vi dobbelt så mykje energi i form av flytande biobrensel, seier Sten Stymne på SLU, som vonar å sjå resultat på åkeren om 15 år.

 

http://www.atl.nu/Article.jsp?article=44738&a=Havre%20kan%20bli%20n%E4sta%20energigr%F6da

 

 

Sverige: Bønder inspirerte av Bullshit

Svenske småbrukarar hentar inspirasjon frå den indiske motstandsrørsla i kampen mot genmodifiserte avlingar. Etter å ha sett filmen Bullshit, om kampen til miljøaktivisten Vandana Shiva mot Monsanto, seier Rune Lanestrand til Bohusläningen:

 

- Mange indarar kan verken lese eller skrive, likevel har dei meir kunnskap om GMO enn oss. Dei er pressa mot veggen, og det er vi snart og.

 

http://www.bohuslaningen.se/ung/ung_utgang.php?id=358015&avdelning_1=101&avdelning_2=140&avdelning_3=0

 

 

USA: Skadeinsekt utviklar resistens mot GMO

Amerikanske skadeinsekt har utvikla resistens mot genmodifisert bomull. Dette er i følgje amerikanske forskarar det første dokumenterte tilfellet der eit insekt er vorte motstandsdyktig mot plantar som er modifisert med eit gen for insektgift.

 

Dei resistente skadeinsekta er til no funne i to delstatar. Forskarar frå University of Arizona har lett i bomullsfelt med den same planten i Australia, Kina og Spania, utan å finne dei, i følgje forskingsrapporten, som er publisert i Nature Biotechnology.

 

http://www.farmersguardian.com/story.asp?sectioncode=1&storycode=16263

 

 

GMO-bløffen

GMO har ført til ein massiv auke i bruken av sprøytemiddel, stikk i strid med kva næringa lova. Teknikken har heller ikkje ført til mindre svelt og fattigdom, syner ein ny rapport frå Friends of Earth. Over 90 % av GMO-bøndene er fattige. I følgje ISAAA (International Service for the Acquisition of Agri-biotech Applications) er 11 av dei 12 millionane bønder som i dag dyrkar GMO fattige.

http://www.guardian.co.uk/environment/2008/feb/13/gmcrops.food

 

 

Danmark: Nei til antibiotikaresistente gen-plantar

Den danske opposisjonen overkøyrer regjeringa og seier nei til genmodifisert mais og potet med antibiotikaresistens. Men eit splitta Europa gjer at EU-kommisjonen kan trumfe igjennom løyve til marknadsføring av produkta same kva Danmark meiner.

 

Dei fire GMO-ane er alle plassert i kategori 1, som er den minst risikable gruppa. Fødevareministeren fikk derimot støtte for å godkjenne ein femte type, maisen GA21 , som ikkje inneheld antibiotikaresistente genmarkørar.

 

http://ing.dk/artikel/85502

 

 

Spania: Vil ha billegare GM-mais

Skyhøge maisprisar gjer at spanske importørar og forbrukarar vonar på ei endring i regelverket til EU, slik at landet kan importere GM-mais frå Argentina, skriv Reuters.

 

EU-reglane tillet import av GA21-mais berre når den er foredla. Ein talsmann for Syngenta, som har patentrettane til GA21, ventar at landbruksministrane i EU snart ville godkjenne import av maisen også i form av heile korn

 

http://uk.reuters.com/article/environmentNews/idUKN1225990120080212

 

 

EU: Forlangar dokumentasjon

EU-kommisjonen forlangar bevis frå Kina for at risen EU importerer frå landet ikkje inneheld GMO.

 

http://www.earthtimes.org/articles/show/185336,eu-cracks-down-on-chinese-rice-imports-after-gm-traces.html

 

 

Polen stemnar EU-kommisjonen

Polen melder EU for brot på eigne reglar. Stemninga kjem etter at unionen lenge har pressa landet for å akseptere genspleisa mat og plantar.

 

I Polen er det framleis forbode å selje og dyrke genmanipulerte plantar, sjølv om den nye regjeringa er meir EU-vennleg enn den førre.

 

http://www.sr.se/ekot/artikel.asp?artikel=1893332

 

 

Lauk utan tårer

Ved hjelp av genteknologi har forskarar ved Crop & Food Research i New Zealand endra eigenskapane til lauk, slik at den ikkje irriterer auga. Når vi kutter lauken, vert stoffet cystein omdanna til ein svovelhaldig gass, som stig opp og blandar seg med tårevæske.

 

Hjernen svarer med å auke produksjonen i tårekjertlane, for å forsøke å tynne ut gassen som irriterer. Forskarane har klart å "skru av" gena som gjer at svovelforbindelsane i lauken vert omdanna til den irriterande gassen.

 

http://www.forskning.no/Artikler/2008/februar/1202311466.0

 

 

Møte om biotek

Vi minner om det opne møtet om bioteknologi i eit nord/sør-perspektiv torsdag 6. mars 2008 kl. 10.00 16.00 på Håndverkeren konferansesenter.

 

http://www.bion.no/moter/nord_sor_perspektiv/index.shtml

 

 

.........................................................................................................

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Cultura Gavefond har gitt økonomisk støtte til GENNYTT for januar og februar 2008.

 

GENNYTT legges også ut her: www.oikos.no/renmat

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no