Gennytt nr. 5 mars 2008

1. mars 2008, årgang 10.

Genmanipulering kan bli einaste måten å berge villaksen på.

 

 Fransk dokumentarfilm om Monsanto

 

 

 Sanninga om Monsanto

 

 Ein dokumentarfilm om Monsanto av den franske journalisten Marie-Monique Robin vert vist på den fransk-tyske kanalen Arte 11. mars kl. 21.00 fransk tid. Opptaka er gjort i Nord-Amerika, Europa og Asia, og tek for seg heile historia til firmaet frå starten i 1901 til dagens genmanipulerte røyndom.

 

Filmen er seld til fleire andre europeiske TV-stasjonar, og ei bok med same tittel er på trappene.

 

http://www.arte.tv/lemondeselonmonsanto

 

Klipp frå filmen og informasjon på engelsk finn du her:

 

http://www.dailymotion.com/visited-week/tag/test/video/x4da65_le-monde-selon-monsanto-arte-mardi_politics

 

 

Genetikk på ville vegar

 

Når oppdrettsslaks blandar seg med villaks, er det dei "tamme" gena som vinn. Det kan bety slutten på dei genetisk reine villaksstammane. Førsteamanuensis Sigurd Einum ved NTNUs Institutt for biologi har saman med kanadiske kollegaer funne ut at enkelte av gena til tamlaks er meir aktive enn gena til villaks. Dei dominante tamlaksgena vil etter kvart gjere tilbakekryssing umogleg. Dermed går villaksstammane ei usikker framtid i møte

 

- Genteknologien gjer det mogleg å lage triploide laksar skapningar med tre sett kromosom. Desse er sterile og vil dermed ikkje true villaksen. Men slik fisk vil ikkje forbrukarane ha.

 

- Vi kan ta tida til hjelp. Allereie no viser det seg av genmodifiseringa har gjort oppdrettsfisken mindre fruktbar, seier Einum.

 

- Held vi på lenge nok, vil laksen truleg verte ute av stand til å reprodusere i naturen, men då snakkar vi om veldig lange tidsperspektiv. I mellomtida er andre tiltak naudsynte om vi vil redusere påverknaden. Dette er eit praktisk døme på marerittet til bioteknologiskeptikarane: ein genetikk på ville vegar.

 

http://www.forskning.no/Artikler/2008/februar/1203431748.73

 

 

EU: Handlingslamma landbruksministrar

Enda ein gong var landbruksministrane i EU ute av stand til å mobilisere eit kvalifisert fleirtal for eller mot søknader om import og sal av GMO-vekstar. Denne gongen handla søknadene om tre maishybridar, ein potettype og ein maissort. Avgjerda vil no bli teken av Kommisjonen, som mest truleg vil godkjenne produkta. Kommissær for landbruk og bygdeutvikling, Mariann Fischer Boel, nytta høvet på pressekonferansen etter rådsmøtet å fortelje landbruksministrane i EU at motstanden deira mot å godkjenne denne typen GMO kan sette landbrukets konkurranseevne i fare. Ho trekte fram den vanskelege situasjonen for svinekjøtprodusentane i EU. Produsentland med ei meir liberal haldning til GMO styrkar posisjonen sin i marknaden fordi dei har lågare fôrkostnader

 

http://uk.reuters.com/article/scienceNews/idUKL182379120080218

 

 

Nye GMO-ar er eit helsetrugsmål

 

Ekspertar fryktar at fire av dei nye typane genmodifiserte poteter og mais kan gjere forbrukarane uimottakelege for antibiotika mot livstruande sjukdomar. Likevel er EU-kommisjonen i ferd med å tillate dei fire antibiotikaresistente GMO-ane.

 

- Dette er ei gruppe antibiotika, som vert stadig viktigare i førebygginga og behandlinga av alvorlege infeksjonar hos menneske, skriv Emea, Det europeiske byrå for legemiddelvurdering. Emea fryktar at menneske kan bli resistente når desse plantane kjem inn i næringskjeda. Også WHO har åtvara mot desse genspleisa plantane, skriv Jyllandsposten

 

http://fpn.dk/mad/fodevaresikkerhed/article1272726.ece

 

 

GMO-striden i EU forverrar svinekrisa

 

Kylling- og svineprodusentane i EU fryktar at fôrkostnadene skal gå ytterlegare opp i løpet av året, og EU-kommisjonen er svært uroa. EU-landa er delt i to leirar for og mot GMO, og usemja fører til problem for fôrimporten.

 

Argentina, som er eit av dei største eksportlanda, har i år byrja å dyrke ein ny type genmais, GA21, og det er venta at ei rekke nye sortar genmanipulerte fôrvekstar vert tekne i bruk i Nord- og Sør-Amerika i løpet av året. Det skapar problem for kjøtprodusentane i EU, som dekkar to tredelar av proteinbehovet gjennom import.

 

http://www.lantbruk.com/Article.jsp?article=35830

 

 

Dansk Kvæg krev avklaring om GMO

 

- EU-landa bør vere meir tolerante overfor genmanipulerte plantar, meiner Peder Philipp, formann i den danske bondeorganisasjonen. Han tykkjer det er urimeleg at proteinprisane i Europa skal vere høgare enn i resten av verda. Andre hindringar gjer konkurransen vanskeleg.

 

- I USA tek det 15 månader å godkjenne ein ny sort, i EU er godkjenningstida 30 månader. I tillegg er praktisk talt alle nye sortar i USA genmodifiserte, og at alle nye soyaareal vert sådd til med genmodifiserte frø, påpeikar Philipp.

 

http://www.landbrugsavisen.dk/Nyheder/Netnyheder/2008/2/25/Dansk%20Kvaeg%20kraever%20afklaring%20paa%20GMO.htm

 

 

Gen for tørke

 

Energi Forskare har oppdaga eit plantegen som regulerer kor bra veksten tåler tørke, og kor mykje koldioksid den tek opp, skriv Science. Genet har ein avgjerande rolle i reguleringa av vatn- og CO2-inntak

Ein av forfattarane bak studien, den finske professoren i vekstbiologi Jaako Kangasjärvi, meiner at kunnskap om denne mekanismen kan verte nyttig for å få fram vekstar som klarer tørke betre, og samstundes lagrar meir CO2,

Men ein må vere svært varsam så planten ikkje vert skada av for mykje ozon i staden, seier han til svenske Vetenskapsradion

 

http://www.sr.se/cgi-bin/p1/program/artikel.asp?ProgramID=406&nyheter=1&artikel=1920996

 

 

Tyskland: GMO-merking kjem

 

Tyskland har gjeve klarsignal for merking av næringsmiddel som er produsert utan noko form for genteknologi. Frukt, grønsaker og alle typar vekstar skal kunne merkast, i tillegg til kjøt, egg og mjølk frå dyr som berre har ete konvensjonelt fôr. Tidlegare har Austerrike godkjend merking av mjølk frå kyr som ikkje har ete GMO-fôr

 

http://www.lantbruk.com/Article.jsp?article=35832

 

 

 

Sør-Korea: Satsar på billeg genmais

 

Sør-Korea har planlagt å importere 50 000 tonn amerikansk genmodifisert matmais, og det vert den første maisen landet importerer for menneskeføde. Tidlegare er GM-mais berre nytta som fôr.

 

 Det er økonomiske årsaker til kontrakten som no er i hamn, seier landbruksministeren. Den genspleisa genmaisen er mykje rimelegare enn konvensjonell mais. Med tanke på forbrukarane i tillegg til von om å nøytralisere kritikken frå anti-GMO-lobbygrupper.

 

- Vi vil starte ein kampanje for å boikotte desse produkta, seier Kim Dae-hoon, talsmann for den største forbrukarorganisasjonen i Sør-Korea.

 

http://uk.reuters.com/article/oilRpt/idUKSEO209720080226

 

 

Storbritannia: Bønder og vitskapsleiar for GMO

 

Vi må ikkje forkaste GMO no som landbruket slit med både å møte det veksande etterspurnaden etter mat og klimaendringane, som trugar produksjonen, seier John Beddington, som er vitskapsrådgjevar for den britiske regjeringa

 

- Genspleisa produkt har vorte ete i ti år i Brasil, USA, Kina og Argentina utan konsekvensar for helsa, så vidt eg veit, uttalte han nyleg på ein landbrukskonferanse i Storbritannia.

 

http://www.planetark.com/dailynewsstory.cfm/newsid/47041/story.htm

 

Samstundes viser ein universitetsstudie at fleirtalet av britiske bønder ynskjer å dyrke GMO. Dei trur at bioteknologi er einaste måten å produsere nok kvalitetsmat på etter kvart som klimaet endrar seg og folketalet aukar.

 

http://www.telegraph.co.uk/earth/main.jhtml?xml=/earth/2008/02/24/scifair324.xml

 

Bioteknologifirma forlangar vern om britiske GMO-avlingar. BASF planlegg utplanting av mjøldoggresistente poteter i Cambridgeshire, og Leeds University vonar å vere dei første som dyrkar fram eit syntetisk gen i ein annan type potet. Begge er redde for at aktivistar vi vandalisere åkrane

 

http://www.farmersguardian.com/story.asp?sectioncode=19&storycode=16439

 

 

USA: Meir GMO-ureining

 

Spor av ulovleg GMO er funne i amerikansk mais frå 2006 og 2007, men kornet utgjer inga fare for mat- og helsetryggleiken, seier Landbruksdepartementet i USA.

 

http://uk.reuters.com/article/environmentNews/idUKN2261868320080222

 

 

Ny web-portal

 

FNs mat- og landbruksorganisasjon, FAO, lanserte nyleg ein ny portal, World Food Situation, som tilbyr oppdatert informasjon om matprisar, lagermengde og andre faktorar som påverkar verdsmarknaden for mat.

 

http://www.fao.org/worldfoodsituation/

 

 

Konferanse om mat og miljø

 

Norges forskningsråd og styret for Matprogrammet inviterer til konferanse om matproduksjon i eit miljø- og klimaperspektiv, og i høve til satsing på mat og helse. Konferansen finn stad på Lillestrøm 6. og 7. mai 2008, påmeldingsfrist 27. april.

 

http://www.forskningsradet.no/servlet/Satellite?c=Arrangement&pagename=ForskningsradetNorsk%2FHovedsidemal&cid=1200976637039

 

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Norges Bondelag har gitt økonomisk støtte til GENNYTT for mars 2008.

 

GENNYTT legges også ut her: www.oikos.no/renmat

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no