Gennytt nr. 6 mars 2008

15. mars 2008, årgang 10.

Genspleisa bomull i India fører til stadig nye katastrofar for folk og dyr.

 

Den mest utbreidde genmaisen har til no ukjende eigenskapar.

 

 

India: Nye verknader av genbomull

 

Indiske kyr produserer berre halvparten så mykje mjølk etter at bøndene i Nordvest-India byrja å fôre dyra med genspleisa bomullsplantar, seier bønder i området. Tidlegare har det dei kallar monsterbomull teke livet av tusenvis av sauer.

 

Styresmaktene og offentlege landbruksetatar vil ikkje uttale seg om helseskadar frå genspleisa bomull på dyr og menneske. Mellom anna skal millionar av bønder vere råka av hudsjukdomar og allergi.

 

http://www.i-sis.org.uk/BTAllergyNorthIndia.php

 

 

Ukjende konsekvensar

 

Genmais MON 810 har uventa genetiske karakteristikkar når det gjeld å blande seg ned andre typar mais. Eit forskarteam frå det italienske universitetet i Firenze, med professor Marcello Buiatti i spissen, har kome fram til overraskande resultat om GM-maisen MON 810. Konsekvensane når det gjeld bioligisk tryggleik er ikkje kjent.

 

MON 810 er den einaste genmodifiserte maisen som vert dyrka kommersielt i Europa i dag og utgjer vel 1 prosent av det samla arealet.

 

http://www.springerlink.com/content/?k=Rosati %2b Boganihttp://www.i-sis.org.uk/MON810GenomeRearranged.php

 

 

EU: Genspleisa oljeraps er ufarleg

 

EFSA har bestemt seg for at det er usannsynleg at Bayer’s genmodifiserte oljeraps har nokon skadeleg effekt på helsa til folk, dyr eller miljø.

 

http://www.foodnavigator.com/news-by-product/news.asp?id=83879&idCat=0&k=EFSA--GM-oilseed-rape

 

 

Ein ny rapport om konsekvnsane av å gje dyr genspleisa fôr er utarbeidd av GMO-panelet til EFSA, du kan lese rapporten clicking here.

 

 

Genspleisa biodrivstoff

 

Den amerikanske genforskaren Craig Venter reknar med å ha klart eit nytt, genmodifisert drivstoff med CO2 som basis i løpet av halvanna år.

 

- Dette er det sprengstoff i, og gjev fantastiske moglegheiter, seier professor Stig Omholt om nyhenda frå Venter, grunnleggjaren av genforskingsinstituttet «The Institute for Genomic Research».

 

Forskargruppa bruker syntetiske kromosom til å modifisere eksisterande organismar. Det finst allereie organismar som produserer oktan, men ikkje i dei mengder som trengst for å kunne bli ein leverandør av drivstoff. Difor må vi designe dei genetisk, seier Venter.

 

Forskarane seier dei legg inn «sjølvmordsgen» i dei modifiserte organismane, slik at dei tek livet av seg om dei skulle klare å kome seg ut av laboratoriet.

 

Venter jobbar og med organismar som kan lage vaksiner mot influensa og andre sjukdomar.

 

http://www.dagbladet.no/magasinet/2008/03/03/528597.html

 

 

USA: Turbulens rundt hormonfri mjølk

 

Afact, ei gruppe amerikanske bønder som er organisert og nær knytt til Monsanto, har starta ein motoffensiv mot profileringa av mjølk frå kyr som ikkje er behandla med syntetiske hormon. Dette hormonet skal stimulere mjølkeproduksjonen.

 

Recombinant bovine somatotropin, også kjent som rBST eller rBGH, vert seld av Monsanto under namnet Posilac, skriv New York Times.

 

http://www.nytimes.com/2008/03/09/business/09feed.html?_r=2&ref=business&pagewanted=print&oref=slogin&oref=slogin

 

 

Folk flest er irrasjonelle?

 

Ei undersøking som er gjort av the Food Standards Agency samanliknar gapet mellom kva forbrukarar oppfattar som risikabel mat og kva vitskapen kan bevise utgjer ein helserisiko. Rapporten konkluderer med at det ofte ikkje er nokon samanheng mellom dei to.

 

- Resultatet er at folk er unødvendig uroa over enkelte matvarer, men utset seg for helserisiko ved å ete andre ting, som beviseleg er skadeleg. Nesten to tredelar svarte at dei var skeptiske til mat som inneheld GMO, sjølv om det ikkje finst viskapenege prov på at slik mat er meir helsefarleg enn anna mat, heiter det i rapporten.

 

http://www.independent.co.uk/life-style/health-and-wellbeing/health-news/ignorance-blinds-us-to-the-real-risks-in-our-food-study-claims-793710.html

 

 

Brasil: Kvinneaksjon

 

Hundrevis av kvinnelege aktivistar frå gruppa Via Campesina har invadert fleire av åkrane til Monsanto i Brasil og øydelagt GMO-avlingane. Ein talsperson for gruppa seier at styresmaktene og president Lula da Silva favoriserer store utanlandsske firma framfor sine eigne bønder.

 

http://www.infoshop.org/inews/article.php?story=20080307152528777

 

 

Brasil: Vil utvikle GM-biobrensel

 

Brasilianske firma, som ynskjer å produsere biobrensel, vert hindra av dei strenge GMO-lovene i landet. Sukkerroar, modifiserte for å produsere meir etanol, kan bli utvikla i løpet av tre til fem år, men bioteknologilovene set ein stoppar for kommersiell dyrking opptil 7 år.

 

I førre månad gav Brazil's National Biosafety Council (CNBS) løyve til kommersiell dyrking av to genmodifiserte maistypar, andre produkt har venta på godkjenning i årevis.

 

Kring halvparten av dei 500 tonna med sukker som vert dyrka i Brasil vert no til etanol.

 

http://www.reuters.com/article/rbssIndustryMaterialsUtilitiesNews/idUSN0432419120080304

 

 

Korea: Løgn og fanteri

 

Land som ikkje er sjølvforsynte med mat er tvugne til å ete det eksportlanda finn det for godt å sende dei, skriv Kim Eun-jin, jusprofessor ved Wonkwang University i Sør-Korea. Den koreanske sukkerindustrien har nettopp annonsert at dei vil starte import av maisstivelse frå genspleisa amerikanske plantar, noko han ser på som svært urovekkande.

 

Denne avgjerda er bygd på løgner, meiner han

 

http://english.hani.co.kr/arti/english_edition/e_opinion/273013.html

 

 

Kirgisistan: Kva skjer?

 

Kirgisiske miljøvernarar er uroa over den manglande debatten om GMO i landet, og er redd det skjer ein ukontrollert import av genspleisa frø. I motsetnad til andre land er styresmaktene tause om temaet, dei seier ingenting og gjer ingenting, skriv Environment News Service.

 

http://www.ens-newswire.com/ens/mar2008/2008-03-10-04.asp

 

 

Himmel: GMO for romfararar

 

Både ein normal og ein genspleisa type at planten vårskrinneblom (arabidopsis) er med i det første europeiske romlaboratorium Columbus på den internationale romstation (ISS)

 

Føremålet er å undersøke effekten av vektlaus tilstand på veksten til planterøtene. Eksperimentet skal gje større viten om plantevekst og auke effektiviteten innafor landbruk på jorda. Den nye kunnskapen kan forsyne astronautar med frisk mat i framtida, skriv danske Teknik og Viden.

 

http://www.teknikogviden.dk/artikler/visArtikel.asp?id=11553

 

 

Helvete: GMO er synd

 

I følgje ei rekke aviser har paven utvida rekka over dødssynder til også å gjelde GMO, ureining og narkotika. Men det var visstnok ”berre” ein biskop som hadde uttala seg om dette, og heller ikkje som dødssynder, men som nye trugsmål mot skaparverket. Med det ynskjer Gennytt alle ei riktig god påske!

 

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Norges Bondelag har gitt økonomisk støtte til GENNYTT for mars 2008.

 

GENNYTT legges også ut her: www.oikos.no/renmat

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no