Gennytt nr. 7 - 2008

1. april 2008, årgang 10.

 

- Genmais godkjent i EU, men genpotet på vent

 

- Monsanto børsvinnar, men tapte mot kanadiske bønder

 

- Wales med strenge reglar for GMO-dyrking, Danmark går andre vegen

 

 

EU: Fritt fram for genmais

 

EU-kommisjonen godkjende sist fredag import, vidareforedling og sal av den genspleisa maisen GA21 i alle medlemsland i ti år framover. Det er framleis ikkje lov å dyrke maisen i EU.

 

Det var langt frå semje blant medlemslanda om denne avgjerda, men så lenge ein ikkje klarer å kome fram til eit felles standpunkt, går saker attende til kommisjonen, som vanlegvis følgjer råda frå EFSA (European Food Safety Authority)

 

- Vi er svært glade for denne avgjerda fordi det vil gjere eksporten enklare for kornhandlarane i Argentina, Canada og USA, seier pressetalsmann Medard Schoenmaeckers i Syngenta International, til The Guardian.

 

http://www.guardian.co.uk/feedarticle?id=7420151

 

 

EU: Genpotet på vent

 

EU-kommisjonen vil derimot ikkje bestemme seg for kva dei skal gjere med den genspleisa poteta Amflora før til sommaren, skriv Frankfurter Allgemeine Zeitung. EU’s miljøminister Stavros Dimas ynskjer ein prinsippdebatt om GMO før poteta eventuelt vert godkjent i EU.

 

http://uk.biz.yahoo.com/14032008/323/eu-decide-basf-s-genetically-modified-potato-summer-report.html

 

 

Danmark: GMO og økologisk side ved side

 

Danske bønder skal i følgje ein ny lov få dyrke genmodifiserte potet berre ti meter frå økologiske felt dersom denne poteta vert lovleg å dyrke neste år. Det danske Plantedirektoratet meiner at spreiinga ikkje vert større enn 0,9 prosent, som er grensa for innblanding av GMO i økologiske og konvensjonelle avlingar. Tidlegare var kravet 20 meter. GM-potetene skal nyttast til papir- og tekstilproduksjon.

For genspleisa mais er avstandskravet endra frå 200 til 150 meter.

 

Regelendringane reduserer også avstanden for når bønder skal informere naboar om GMO-dyrking, og når konvensjonelle og økologiske bønder kan få kompensasjon.

 

http://ing.dk/artikel/86557

 

 

Frøbørs: Investorar kastar seg over Monsanto

 

Medan resten av finansverda skrantar, kunne Monsanto i førre veke legge fram rekordresultat for 2007, og forventningane for 2008 er skyhøge. Bakgrunnen er at dei høge kornprisane, særleg i USA, har fått bønder til å investere stort i genmodifiserte frø. Monsanto har stige 10 prosent på børsen i New York, skriv den danske nettavisa borsen.dk

 

http://borsen.dk/finans/nyhed/128776/

 

 

Canada: Monsanto betaler

 

Dei kanadiske bøndene Louise og Percy Schmeiser vann ein moralsk siger over Monsanto i førre veke, då selskapet gjekk med på å betale 660 dollar for reinsing av rapsåkeren til paret. Den var ureina med genspleisa raps frå eit av felta til Monsanto i nærleiken.

 

Schmeiser sende ei rekning i 2005, og Monsanto gjekk med på å betale den. Føresetnaden var at paret heldt munn om vilkåra i avtalen og aldri stemde selskapet for retten igjen. Det gjekk ikkje Schmeiser med på.

 

Førre gongen dei to møttast i retten var då Monsanto melde paret for patentbrot, då genspleisa raps vart funne i åkeren til paret utan at dei hadde betalt for bruksrett. Etter ein lang rettsprosess vart Schmeisers funne skuldige av kanadisk høgsterett, men dei slapp å betale erstatning.

 

http://www.atl.nu/Article.jsp?article=45820&a=Monsanto%20betalar%20lantbrukares%20rensning

 

 

Wales: Avskrekkande GMO-reglar

 

Wales foreslår beintøffe reglar for dyrking av GMO. Dei som sel genmodifiserte frø, utviklar eller dyrkar genmodifiserte planrar, vert erstatningsansvarlege om dei spreier seg. Regionregjeringa held strengt på prinsippet om at den som ureinar skal betale.

 

I følgje Agra-Net vonar bondeorganisasjonen Farmers' Union of Wales at det foreslåtte regelverket skal avskrekke alle frå dyrking av GMO i Wales.

 

http://www.atl.nu/Article.jsp?article=45696&a=Avskr%E4ckande%20gmo-regler

 

 

Romania: Nei til genmais

 

Den rumenske regjeringa har vedteke eit forbod mot den genmodifisert maisen MON 810, den einaste genplanten som lovleg kan dyrkast kommersielt i EU i dag. Dette gjer den største maisprodusenten i Europa til eit GMO-fritt land. Tidlegare har Frankrike, Ungarn, Italia, Austerrike, Hellas og Polen forbode dyrking av GM-mais.

 

http://www.greenpeace.org/international/press/releases/romania-says-no-to-ge-maize

 

 

Spania: GMO-fritt ferieparadis

 

Styresmaktene på Kanariøyene har erklært øygruppa for GMO-fri region.

 

http://www.greenpeace.org/international/press/releases/seralini_study_MON863

- for dei spanskkyndige:

http://www.europapress.es/epsocial/00313/20080325192002/gobierno-canarias-declara-archipielago-zona-libre-cultivos-transgenicos.html

 

 

Japan:

 

Greenpeace har tvunge firmaet Meiji Seika Kaisha Ltd til å offentleggjere namna på kjøparar av GF2. Dette er eit kunstig søtningsstoff basert på ein ikkje godkjent gmo-tilsetting.

 

Den største sjokoladeprodusenten i Japan, Meiji Seika, har no trekt attende fleire produkt som inneheld dette stoffet.

 

http://www.reuters.com/article/rbssConsumerGoodsAndRetailNews/idUST32799420080325?pageNumber=1&virtualBrandChannel=0

 

 

Kina: Genetisk storsatsing

 

Kinesiske forskarar har genmodifisert ris slik at planten døyr om den vert utsett for sprøytemiddelet bentazon. Ettersom konvensjonell ris tåler dette plantevernmiddelet, kan den nye ristypen vere med på å hindre uønska spreiing av genris til konvensjonelle felt, resonnerer forskarane frå Zhejianguniversitetet i Kina, som meiner metoden bør vurderast ut i frå eit miljøperspektiv.

 

Motstandskraft mot sprøytemiddel er den vanlegaste eigenskapen hos genmodifiserte plantar som vert dyrka i dag.

 

Kina satsar elles stort på utvikling av ny bioteknologi. Huang Dafang, direktør ved bioteknologisk institutt ved det kinesiske Landbruksakademiet, seier at investeringane dei neste fem åra kan kome opp i 1,4 milliardar dollar.

 

http://www.atl.nu/Article.jsp?article=45836&a=Minskad%20resistens%20kan%20g%F6ra%20gmo-gr%F6dor%20s%E4krare

 

 

Sverige: GMO-fritt Jämtland og Härjedalen

 

Den svenske landbruksorganisasjonen LRF skal arbeide aktivt for å gjere Jämtland/Härjedalen til GMO-fri sone. Det vart bestemt på fylkesårsmøtet trass i motstand frå delar av organisasjonen.

 

- Målet er no å få samtlege kommunar i regionen til å utrope seg som GMO-frie soner, seier Liv Ekerwald frå Ås, ho trur på massiv støtte frå forbrukarane i fylket.

 

Regionleiinga var ikkje samd i avgjerda, og viser til at moderne genteknikk og GMO-forsking kan gje eit løft til landbruksnæringane.

 

- Ny genteknikk kan vere løysinga på problema våre i framtida, og difor er det betre å vurdere risiko mot nytte i kvart einskild tilfelle, seier regionsleiar Håkan Nilsson.

 

http://www.op.se/parser.php?level1=2&level2=6&id=892065

 

 

Tyskland: Kurrant å seie genmjølk

 

Greenpeace har fått medhald i tysk høgsterett i at organisasjonen framleis kan bruke ordet “genmjølk” i protestane sine mot meierigiganten Müller.

 

Miljøorganisasjonen har i fleire år protestert mot bruk at mjølk frå kyr som har ete genmodifisert fôr. Müller gjekk til sak mot Greenpeace for språkbruken, vann fram i byretten i Köln, men tysk høgsterett støtta Greenpeace med grunngjeving i ytringsfridomen.

 

http://www.markedsforing.dk/artikler/vis/artikel/greenpeace-maa-fortsat-sige-gen-maelk/

 

 

Tukling med genar verre enn nano

 

Mat produsert ved hjelp av nanoteknologi ser ut til å vere mindre skremmande for forbrukarane enn mat produsert ved genmodifisering, syner undersøkingar.

 

http://www.foodnavigator.com/news-by-product/news.asp?id=83972&idCat=0&k=nanotechnology-GM

 

 

Sårt tiltrengt omdømmebygging

 

Tidlegare spin-doktor i Monsanto, Lord Tim Bell, skal no hjelpe president Alexander Lukashenko i Kvite-Russland med imaget…..

 

http://www.independent.co.uk/news/uk/politics/thatchers-pr-guru-to-spin-for-europes-last-soviet-ruler-797798.html

 

...........................................................

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Denne utgåva er støtta av Ren Mat.

 

GENNYTT legges også ut her: www.oikos.no/renmat

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no