Gennytt nr. 9 - 2008

2. mai 2008, årgang 10.

Matmangel tvinger land til å importere GMO.

 

Skal økologi eller GMO løyse matvarekrisa?

 

Dansk press på EU for raskare handsaming av GMO-søknader

 

 

Stoppar eksporten for å fylle eigne kornkammer

 

Stadig fleire av dei store kornprodusentane stansar eksporten. Dermed er det fritt fram for produsentane av genmodifisert mais og kveite - dei landa som er avhengige av import har ikkje noko val.

 

Auka matprisar grunna kornmangel vil truleg føre til at genmodifiserte vekstar vert meir vanlege. Både Japan og Sør-Korea vert tvungne til å importere genmodifisert havre, skriv New York Times. Hovudleverandøren er USA, der 75 prosent av avlingane no er genspleisa.

 

Den femte største kveiteeksportøren i verda, Kasakhstan, har no stoppa all eksport på grunn av den globale matkrisa. Indonesia har stoppa eksporten av ris, og prisen på kveite og ris stig stadig

 

Eit stort matvareselskap i Japan, Nihon Shokuhin, fortel at dei høge maisprisane tvingar dei til å importere billegare GM-mais for første gong. Dermed bryt dei ikkje akkurat lova, men eit sosialt tabu.

 

Tidlegare har Vietnam, Egypt, Kina, Kambodsja og India stoppa salet av korn for å kunne opprette lager. Også Russland, Ukraina og Argentina har vedteke restriksjonar på eksport, dermed er ein tredel av den globale kveitemarknaden lukka, skriv Financial Times

 

http://www.ft.com/cms/s/0/38cd4d58-0b15-11dd-8ccf-0000779fd2ac.html?nclick_check=1

 

http://www.miljorapporten.se/article.jsp?article=22671

 

RETTELSE:

Denne saken baserer seg på en artikkel i en svensk avis som omtaler genmodifisert HAVRE. Dette er en oversetterfeil gjort av den svenske journalisten. Det korrekte skal selvsagt være mais (dvs corn).

http://www.iht.com/articles/2008/04/21/business/21crop.php

 

 

GMO lab opnar i 2012

 

Samstundes har Kasakhstan planar om å grunnlegge eit stort forskingslaboratorium, der produksjonen og skal omfatte GMO. Det skal stå ferdig i 2012.

 

http://eng.gazeta.kz/art.asp?aid=107453

 

 

Teknologi-frykt eller sund fornuft?

 

Den danske matministeren Eva Kjer Hansen kallar det ”teknologi-forskrekkelse” når genmodifiserte plantar er forbode i Danmark. FN`s landbrukspanel kallar det sund fornuft.

 

Den danske landbrukskommissæren Mariann Fischer Boel er samd med Hansen, og vil få fart i EUs saksbehandling av GM-vekstar, og løyve fleire pengar til EFSA.

 

- Danske bønder må få same tilgang til GM-fôr som kollegaene i Nord- og Latin-Amerika. Men EU er så treig med å godkjenne GM-plantar, at danske bønder kan risikere å mangle fôr neste år, seier Hansen.

 

- Matministeren går ut i frå at om vi berre tillet GMO, er matvarekrisa løyst, seier Dan Belusa i Greenpeace. Men forsøk syner at genmodifisert bomull må sprøytast like mykje som konvensjonell bomull etter fire år, fordi andre insekt tek over der møllen vert hindra.

 

- Forsøk i USA har vist, at GMO-plantar ikkje gjev større utbytte. Det er ei myte og GMO kan ikkje løyse verdas problem med at skaffe mat til alle, seier Belusa.

 

http://www.arbejderen.dk/index.aspx?F_ID=47797&TS_ID=1&S_ID=36&C_ID=129

 

 

Økologi - ikkje GMO - er løysninga på matmangelen

 

Økologi kan auke matvareproduksjonen i u-landa.

 

- Dei grunnleggande problema for dei fattige på landsbygda i mellom anna Afrika og Sør-Amerika er at jorda er utpint på grunn av manglande organisk gjødsel og lite vekselbruk.

 

Det einsidige landbruket fører til mangelsjukdomar og insektangrep. Men vekselbruk ville ein kunne auke produksjonen til det doble eller tredoble, seier Per Clausen i danske Enhedslisten. Han meiner at påstanden om at meir kunstgjødsel, sprøytemiddel og GMO er løysninga på matvarekrisa er basert på manglande innsikt.

 

- Økologi gjev fattige bønder ein nyttig reiskap, GMO og intensive grøne revolusjonar er ikkje realiserbart for bønder som ikkje har råd til såfrø, kunstgjødsel og kjemikaliar, som slike dyrkingsmetodar er avhengig av, seier han.

 

- Industrilandbruket satsar dessutan ofte på eksport af fôrprodukt til Vesten. Konsekvensane vert auka mangel på mat i ulanda og meir fattigdom, meiner Clausen.

 

http://www.enhedslisten.dk/%C3%B8kologi-ikke-gmo-er-l%C3%B8sning-p%C3%A5-madmangel

 

 

Uetisk å si nei til GMO?

 

Vi kan aldri vite alt om korleis plantar oppfører seg: Når veit vi nok om ein GM-plante?

 

- Vi må ikkje kome i ein situasjon der vi mistar klare nytteverdiar av politiske grunnar. Desse problemstillingane vert særleg viktige sett i lys av matvarekrisa i verda, meiner Dr. scient. og seniorforskar Askild Holck på forsking.no.

 

I løpet av dei åra GMO-plantar har vore kommersielle, er det samla mykje kunnskap om helsemessige, sosioøkonomiske og økologiske fordelar ved desse plantane. Vi veit mykje meir enn det som vanlegvis kjem fram i GMO-debatten, skriv Holck.

 

http://www.forskning.no/artikler/2008/april/180400

 

 

Opnar for genmodifisert naudhjelp

 

Folkekirkens Nødhjelp i Danmark peikar no på genmodifisering av for eksempel mais som eitt av fleire moglege botemiddel på matvarekrisa. I Noreg har Kirkens Nødhjelp tilliks med miljørørsla vore skeptisk til bruk av genspleisa mat. No opnar generalsekretær Atle Sommerfeldt døra på gløtt:

 

– Tradisjonelt har vi vore kritiske, særleg når det har vore snakk om genmodifiserte varer i form av matvarehjelp som kjem utanfrå. Samstundes er vi kjende med at til dømes den sørafrikanske regjeringa no har lagt til rette for å forske fram nye metodar på feltet. Eg vil ikkje gå så langt som mine danske kollegaer, men også vi må vere i stand til å spørje om genmodifisering kan vere forsvarleg dersom det vert gjort lokalt på ein ansvarleg måte, seier Sommerfeldt til Vårt Land.

 

http://www.vl.no/verden/article3475639.ece

 

 

Noreg: Stoppar ris frå Kina

 

Etter fleire funn av den genmodifiserte risen Bt63 i ikkje-genmodifisert ris, har EU nedlagt forbod mot slik ris frå Kina. Noreg har følgt opp EUs forbod på nasjonalt grunnlag. Landbruks- og matdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet har fastsett en felles forskrift som forbyr import av ris frå Kina som inneheld Bt63, og krev sertifikat for all kinesisk ris.

 

Les hele saken om beskyttelsestiltak for ris fra Kina hosMattilsynet

 

 

EU: Importkjøt fôra med GMO

 

Nitti prosent av kjøtet som vert importert til EU er fôra med GMO, også variantar som er forbode i EU.

 

- Det er ganske ironisk at vi importerer svinekjøt, kylling og biff som har ete det fôret vi nektar våre eigne bønder å bruke, seier Mr Parish, i landbrukskomiteen i EU.

 

http://www.farmersguardian.com/story.asp?sectioncode=1&storycode=17990

 

 

Kirgisistan: Frykt for miljø og folkehelse

 

Miljøvernorganisasjonar i Kirgisistan er uroa over dei store mengdene genmodifiserte produkt som vert importert til landet, og vil presse styresmaktene til å ta affære.

 

Akim Moldokulov, ein mellomstor kirgisisk bonde, seier at masseimporten av genspleisa eple frå Kina utkonkurrerar lokale produsentar. Kring 60 prosent av folket i Kirgisistan lever av jordbruk.

 

http://www.iwpr.net/?p=rca&s=f&o=343225&apc_state=henprca

 

 

Genteknikk kan gje meir biobrensel

 

Bruk matplantar til mat, og ta genteknikk i bruk for å auke produksjonen av vekstar som kan bli biobrensel. Slik vil Bayer løyse både svoltproblema og klimaendringane.

 

Styreleiar Friedrich Berschauer i Bayer Crop Science, seier til den tyske avisa Die Welt at ein kan auke produksjonen av vekstar for biobrensel med 30 prosent med biotekniske hjelpemiddel.

 

http://www.nyteknik.se/nyheter/bioteknik_lakemedel/bioteknik/article338895.ece

 

 

Biodiesel av genmodifiserte algar

 

Biodrivstoff treng ikkje å legge beslag på landbruksareal til matvareproduksjon, meiner amerikanske forskarar. En genmodifisert blågrønalge som trivst i salthaldig vann gir dobbelt så mye biodrivstoff som mais dyrka på same areal

 

http://ing.dk/artikel/87601

 

 

Polen: Umerka GMO-mat

 

Ein stor del av varene i polske matvarebutikkar inneheld GMO, både lovlege og ulovlege variantar. Journalistar i Dziennik Polska har funne genspleisa soya i alt frå barnemat, sauser, yoghurt, brød og sjokolade.

 

- 95 prosent av soyaen som vert nytta av polske matprodusentar er genmodifisert, og det finst ikkje lenger ein polsk bonde som ikkje fôrer dyra sine med importert GM-soya, seier Marek Kryda frå organisasjonen “GMO-free Poland”.

 

http://www.packagingeurope.com/NewsDetails.aspx?nNewsID=22043

 

 

Cermaq-selskap satsar på soyabønner

 

Norgrain, der Cermaq eig 72,5 prosent, har erklært ein opsjon på å kjøpe 20 prosent av Denofa As. Etter det vil Norgrain eige 60 prosent av Denofa.

 

Denofa importerer GMO-frie soyabønner, hovudsakeleg frå Brasil, og foredlar dei.

http://www.dn.no/forsiden/borsMarked/article1380387.ece

 

 

BIOKONFERANSEN 2008

 

Må bremsa på eller er genteknologi framtida?

 

Bioforsk inviterer til Biokonferansen 2008 den 27. mai 2008. Tema er genteknologi knytt til mat og plantar. Göran Persson, tidlegare svensk statsminister, er blant innleiarane.

 

Hele programmet

 

http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/aktuelt/nyheter/2008/apr_08/landbruksforskning-biokonferansen-2008-p.html?id=509351

 

 

GMO-konferanse i Tyskland

 

Aarhus Convention arrangerer ein stor GMO-konferanse i Tyskland 19. – 20- mai.

http://www.unece.org/env/pp/gmo.htm

 

 

...........................................................

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er et gratis nyhetsbrev om mat og genteknologi, og sendes ut to ganger hver måned. Ansvarlig redaktør er Marit Bendz. GENNYTT utgis av magasinet Ren Mat. Nyhetsbrevet finansieres ved kronerulling. Denne utgåva er støtta av Ren Mat.

 

GENNYTT legges også ut her: www.oikos.no/renmat

 

Tips, adresseforandringer m.v kan sendes til gennytt@oikos.no