Gennytt nr. 19 - 2009

18. november 2009, årgang 11.

 * Kan vi genmanipulere oss ut av klimakrisa? 

* Klimakvotar for GMO? Monsanto vil gjere GMO til "karbonbrønn". Dermed vann dei prisen for verste lobbyverksemd for klimaløysingar i København



* Stadig nye rapportar om samanhengen mellom GMO og allergi




 

GMO I KØBENHAVN


 

Usemje om GMO som klimatiltak


GMO er eit av mange forslag til løysing på problema ein varmare klode fører med seg. Informasjonsansvarleg i Utviklingsforbundet, Sigurd Jorde meiner at genmodifisert mat er blant dei klimatilpassingstiltaka som kan redde matproduksjonen i mange fattige land.


- Mange prosjekt retta mot klimaendringar er for små til å møte dei store globale effektane, men tiltak som til dømes genmodifisert mat og kunstig vatning kan gjere lokalsamfunn mindre sårbare, seier han.


Truls Gulowsen, leiar i Greenpeace Norge, meiner at ein heller bør vidareutvikle tradisjonelle jordbruksmetodar, som er betre enn dagens moderne industrijordbruk.

- Vi kan ikkje genmanipulere oss ut av klimakrisa. Dei som foreslår bruk av genmanipulering som klimatilpassingstiltak, føyer seg inn i rekka av dei som misbruker kriser for å fremme eigen agenda. Dette har vi sett ved distribusjon av genmanipulert såkorn i kriseramma område tidlegare. Og det tek vi sterk avstand frå, seier Gulowsen


http://www.utrop.no/Nyheter/Utenriks/17667


Samstundes har No-Patents-on-Seeds koalisjonen, der Utviklingsfondet er ein av initiativtakarane, lansert eit globalt opprop for å stoppe "Monsantosering" av mat, såfrø og dyr. Styresmakter, politikarar og patentkontor over heile verda vert bedne  om å stoppe det stadig aukande talet patent på mat, såfrø og husdyr. I slutten av mars 2010 vil dette oppropet bli levert til styresmakter og patentkontor over heile verda.


http://www.no-patents-on-seeds.org/index.php?option=com_content&task=view&id=93&Itemid=56





 

Forslaget er eit forræderi


- Det offisielle forslaget til klimaavtale er skrive av næringslivet til næringslivet. Det er ikkje ambisiøst nok, sa fysikaren, forfattaren og klimaeksperten Vandana Shiva under klimatoppmøtet. Ho kritiserte også ei rekke av dei alternativa som har kome fram, som biodrivstoff, CO2-handel, GMO og såkalla reint kol, som går utover bønder og verdas fattigaste.


- Nett no konkurrerer dei rike landa om å konspirere mest mogleg i kulissane i Bella Centret. Men det er styrken til sivilsamfunnet som vil avgjere det heile til slutt. Vi vil ikkje finne oss i forræderiet og marknadsløysninge på klimaproblema. Regjeringar vil falle. Folket vil vise vegen, sa Shiva


http://www.arbejderen.dk/index.aspx?F_ID=60399&TS_ID=2&S_ID=46&C_ID=219





 

Rasande Havfrue-pris til Monsanto


Monsanto fekk Den Rasande Havfrue-prisen for å framstille  genmodifiserte RoundupReady-plantar som ei løysning på klimakrisa. GM-soya vert også dyrka som biodrivstoff, og Monsanto ynskjer at desse plantane skal bli del av den grøne utviklingsmekanismen, CDM. Bruken av RoundupReady-plantar vil dermed få eit ytterlegare konkurransefortrinn fordi dei då vil kvalifisere til CO2-kredittar.


Friends of the Earth International står bak prisen saman med m.a. ATTAC Danmark, og Naomi Klein annonserte prisvinnaren på ein pressekonferanse i København tysdag kveld.


Monsanto er medlem av The Round Table on Responsible Soy (RTRS) som, i følgje prisutdelarane, har gitt selskapet ei hjelpande hand ved å opne for at genmodifisert soya vert stempla som bærekraftig.


Alle kandidatane har drive lobbyverksemd for å auke eiga forteneste og hindre effektive tiltak mot klimaendringane. Les meir om prisen og alle dei åtte kandidatane på hjemmesiden til Den Rasende Havfrue


Sjå prisutdelinga her:

http://www.youtube.com/watch?v=Ge864JnnVm0


http://fora.tv/2009/12/15/Klein_Gives_Monsanto_Award_for_Worst_Climate_Lobbyist





 

Monsanto rular...


Associated Press har i ein omfattande artikkel avslørt korleis Monsanto mellom anna skvisar konkurrentar. Konfidensielle, detaljerte kontraktar forpliktar bønder til å kjøpe Monsanto-frø. Andre middel er omfattande patent på frø og gen, rettssakar mot alle som bryt kontraktar og patentrettar og oppkjøp av ei rekke andre frøselskap. Slik har Monsanto tileigna seg full kontroll over mindre frøselskap og styrer utviklinga av GMO-ar i nye utanlandske genteknologiselskap.


http://www.webwire.com/ViewPressRel.asp?aId=109598

 





- men ikkje overalt.


Den føderale domstolen i St. Louis i USA har dømt Monsanto til å betale to millionar dollar i skadeerstatning til to bønder som har fått avlingane sine ureina av genmodifiserte plantar frå selskapet. Dommen fall 4. desember, og kan ikkje ankast.


Til saman har over tusen amerikanske bønder gått til sak mot Monsanto for liknande tilhøve. I følgje ein av advokatane til bøndene, er 30% av dei konvensjonelle rismarkene i USA smitta med genmodifisert ris.


Etter dommen fall rismarknaden med 14 prosent, noko som påfører amerikanske risbønder eit tap på 150 millionar dollar, skriv http://www.lesmotsontunsens.com/





 

Senterungdomsleiar vil skåle for GMO


Leiaren i det svenske Centerpartiets Ungdomsförbund, Magnus Andersson, lanserte i går boka Klimatutmaningen under klimatoppmøtet, der han mellom anna går inn for GMO


- Om nokon kan vise meg ein vekst som gjer at vi kan får meir energi til lågare pris (..), ei frukt som kan vekse i dei tørraste delane av Afrika og mette fleire menneske, så lovar eg å by denne personen på sjampanje, skriv han i boka, som ligg digitalt her:


http://xrdsi.se/projects/Magnus-Andersson/press-kit.html





 

GMO og allergi, ein samanheng?


Kvifor er matallergi eit aukande problem? spør professor Per Brandtzæg i P2-kommentaren 28. november. Problemet med allergi og matintoleranse har eksplodert i USA og Australia. parallelt med innføringa av genmodifisert mat. GM-plantene vert tilført "bakterielle funksjonar", som påverkar  tarmveggen til insekt, slik at plantane i seg sjølv vert eit insektmiddel. Ein hypotese går ut på at mat med desse funksjonane gjer at også tarmveggane til menneske reagerer, og dermed fører til allergi og intoleranse. Høyr Brandtzæg her:


http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/580932


 




GMO og lever og nyrer


I følgje ein studie utført av tilsette ved universiteta i Caen og Rouen i Frankrike, fører  dei EU-godkjende genmodifiserte maissortane MON810, MON863 og NK603 til problem for lever- og nyrefunksjonar, fortel professor Gilles-Eric Séralini til


http://letelegramme.com/actualite-en-direct/

 





EU: fritt fram for kvar enkelt


Der er auka tilslutning i EU om at medlemslanda sjølv skal avgjere om dei vil dyrke GMO eller ikkje, og slik frita EU for dei langsame godkjenningsprosedyrane. Samstundes kan landa, som er motstandarar av GMO, halde fast på eit forbod mot dyrking. Det hollandske forslaget legg derimot opp til å halde fast på felles godkjenning for import av genmodifiserte produkt.


http://www.landbrugsavisen.dk/Nyheder/Netnyheder/2009/12/16/EUHvertlandskalselvafgoeregmospoergsmaal.htm




 

Noreg: GMO-disputas


Cand. jur. Henrik Øvrebø disputerte fredag 11. desember for PhD -graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Rettslig kontroll med usikre konsekvenser for naturmiljøet ved utsetting av GMO", der han tek for seg vanskane med å utvikle eit regelverk der usikkerheit er eit element i reguleringsregimet.

http://www.webfinanser.com/nyheter/182123/reglene-om-utsetting-av-genmodifiserte-organismer/


 




Noreg: Rettleiing om GMO til bransjen


Mattilsynet har utarbeidd ei rettleiing for området genmodifisering. Den tek for seg  både regelverk, utbreiing av GMO på verdsbasis, og krava til dokumentasjon og internkontroll hos verksemder innan næringsmiddel- og fôrbransjen.

Veileder til bransjen: Informasjon om genmodifisering i næringsmidler og fôrmidler





 

God jul

frå red. Marit Bendz, marit@skriftaogveggen.no


Gje gjerne bort eit gratisabonnement i julegåve.

 


Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?


Tips oss på mailto:gennytt@oikos.no%20%5C%20blocked::mailto:gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.


GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat.


GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no