Gennytt nr. 1 - 2009

8. januar 2009, årgang 11.

 

 

 

* Det mykje brukte sprøytemiddelet Roundup kan føre til alvorleg skade på menneskeceller og til og med vere dødeleg, viser ny fransk forsking.

 

* Samstundes vert nordmenn mindre skeptiske til GMO, fordi mange trur bøndene treng mindre sprøytemiddel på genmodifiserte åkrar. Miljøpartiet Unge Venstre seier ja til trygg genmat.

 

 

 

Monsanto: Svimlande overskot, giftig gift

Frø- og sprøytemiddelgiganten Monsanto auka overskotet i månadane september - november 2008 med 117 prosent i høve same periode i 2007. Overskotet for dei tre månedane i fjor var på 558 millionar dollar - eller nesten eit halvt norsk landbruksbudsjett. Særleg gjer selskapet det godt i Sør-Amerika, ikkje minst på grunn av ugrasmiddelet Roundup. Monsanto har utvikla fleire genmodifiserte soya- og maissortar som tåler meir av denne ugrasgifta enn vanlege plantar. Roundup vert i mange tilfelle spreidd med fly, og det er rapportert om dødsfall og alvorleg sjukdom i blant folk som bur rundt mais- og sojaåkrar som vert sprøyta.

Samstundes viser ei ny undersøking av Nora Benachour og Gilles Eric Séralini at sjølv svært små dosar - utblanda opp til 100 000 gonger - av ulike Roundup-variantar drep menneskeceller på få timar og skadar membranar og DNA. Giftverknaden vert auka på grunn av glyfosat og andre tilsettingsstoff som finst i ugrasmiddelet. Undersøkinga er publisert i det amerikanske tidsskriftet "Chemical Reseaurch in Toxicology".

 

http://pubs.acs.org/doi/abs/10.1021/tx800218n

 

 

 

 

Noreg: Over halvparten vil ha genmat

Norske forbrukarar, og særleg dei yngre, er vorte meir positive til genmat, syner ei undersøking ved Norsk senter for bygdeforskning i Trondheim. Ein av grunnane er at dei trur det vert nytta mindre sprøytemiddel på genmodifiserte avlingar.

-  Noko har skjedd dei siste fem åra, seier forskar Trine Magnus til Adresseavisa. Ho har spurt 1.000 forbrukarar om synet deira på genmodifisert mat, og samanlikna med ei  større undersøking frå 2002. Over halvparten er i dag positive til bruk av genteknologi dersom den fører til eit meir miljøvennleg landbruk og mindre bruk av sprøytemiddel. Mange er opptekne av helseeffekten som mindre bruk av sprøytemiddel kan få for den enkelte.

- Nesten halvparten av dei spurte er opne for at dyrking av genmodifisert mat faktisk kan gje ein slik gevinst, seier Magnus, som trur miljø- og klimadebatten har hatt mykje å seie for haldningsendringa ho har funne.

 

http://www.adressa.no/forbruker/article1213963.ece

 

 

 

Unge Venstre seier ja til trygg genmat

Unge Venstre meiner Noreg må opna for å ta inn trygge genmodifiserte varer, fori den største utfordringa vår er å løfte to milliardar menneske ut av fattigdom utan å laga ei klimakatastrofe.  Unge Venstre stør prinsippet med å vere føre var. Men i ei verd med fleire og fleire innbyggjarar som treng mat, samstundes som global oppvarming trugar avlingar, er det med dagens kunnskap meir risikabelt å la vere å satse på GMO. Genteknologi er ein naudsynt del av svaret, meiner Unge Venstre.

 

http://www.ungevenstre.no/arkiv/uttalelser/pa-tide-a-seia-ja-til-genmat/

 

 

 

England: Mystisk GMO-innblanding

Ulovleg genspleisa oljeraps er funne blant vanleg raps på jorde i Somerset i England. Det der ut som genrapsen er sådd i åkeren, og dermed at det ikkje at det er ein krysning. Den genspleisa rapsplanten er tillete som dyrefôr i EU, men det er ikkje lovleg å dyrke den.

 

http://www.edie.net/news/news_story.asp?src=nl&id=15787

 

 

 

Sverige: GM-feltpotet overvintra, elles alt vel

Genmodifisert potet har overvintra i ein del forsøksfelt i Feleberga i Sverige. Elles har Jordbruksverket så langt ingenting å utsette på feltforsøka som er gjort i Sverige på ulike typar genspleisa vekstar.

 

http://www.nsk.se/article/20090102/NYHETER/218663410

 

 

 

Noreg: Mindre kontroll med amerikansk ris

Mattilsynet slakkar på krava til kontroll med importert ris frå USA, og har med verknad frå 1. februar 2009 fastsett endringar i krava om analyserapport ved import av langkorna ris med opphav i USA. Dei vart oppretta for å unngå innblanding av ikkje-godkjend genmodifisert ris LL 601.

Frå 1. februar 2009 vil det berre vere krav om dokumentasjonskontroll og ikkje lenger krav om prøvetaking ved slik import. Dermed vert gebyret på 8 500 kroner for slik prøvetaking også oppheva.

 

http://www.mattilsynet.no/genmodifisering/endring_av_beskyttelsestiltak_ved_import_av_langkornet_ris_fra_usa_65663

 

 

 

Uganda: Gen-cassava vil ut i friluft.

I desse dagar får styresmaktene i Kampala ein søknad på bordet om utplanting av to typar cassava som er utvikla i drivhus av National Crops Resource Research Institute (NCRRI) Namulonge. Det er i dag forbod mot all dyrking av GMO i Uganda utanfor laboratorium, så dette vert eventuelt det første unnataket frå den lova.

 

http://greenbio.checkbiotech.org/news/uganda_gm_cassava_ready_field_trials

 

 

 

EU: Mat og demokrati

GMO-frie regionar arrangerer europeisk konferanse i Lucerne i Sveits 24. og 25. april. Temaet i år er "Mat og demokrati".

 

http://www.gmo-free-regions.org/fileadmin/files/gmo-free-regions/Food_and_Democracy.pdf

 

 

 

Russland: GMO-tobakk mot kreft

Til slutt ei gladnyheit til alle nikotinslavar; russiske forskarar er i ferd med å utvikle ein ny type tobakk som tek livet av kreftceller, og ikkje folk...

 

http://greenbio.checkbiotech.org/news/russian_scientists_grow_new_tobacco_kills_cancer_instead_humans

 

 

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat. Nyheitsbrevet vert finansiert ved kronerulling. Denne utgåva er støtta av Ren Mat.

GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat

 

Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no