Gennytt nr. 10 - 2009

25. juni 2009, årgang 11.

 

* Ei lov for GMO-mat og ei anna for GMO-frø - dette kan bli problematisk

 

 

* Danske birøktarar gjev opp dersom GMO vert dyrka i nærleiken av kubane. Danskane vi ikkje ha GMO-honning. Men det vil matministeren, som meier dansk GMO skal hjelpe på hungeren i verda.

 

 

 

Dobbel standard, dobbel moral?

GMO kjem inn under to ulike lover i Noreg.

- Vi risikerer at matlova undergrev intensjonen i genteknologilova, sa Aina Bartmann på eit fagseminar i Oslo 10. juni, og bad om å sleppe doble standardar.

 

- Vi flaggar den norske genteknologilova høgt internasjonalt, men det vert jo berre flaut når denne lova ikkje gjeld mat, sa Bartmann, som er seniorrådgjevar i Norsk Landbrukssamvirke.

 

Bioteknologinemnda inviterte til møtet for å sette søkjelyset på uttrykka "forbrukaromsyn" og "miljøvennlig produksjon" etter matlova, og halde dette opp mot genteknologilova.

 

 

I Noreg vert all handel med genmodifiserte mat- og fôrvarer regulert. Genteknologilova vert nytta på levande materiale, som spiredyktige frø. Dersom det dreier seg om prosessert mat, som til dømes maismjøl eller rapsolje, er det matlova som gjeld.

 

Genteknologilova er den strengaste, og slår fast at bærekraft, samfunnsnytte og etiske tilhøve er sjølvstendige vurderingskriterium for ein GMO - i tillegg til risiko for helse og miljø. Matlova har ingen direkte heimel for å ta inn vurderingskriteria bærekraft, samfunnsnytte og etikk. Om dei tre kriteria helse, miljø og tryggleik også skal gjelde matlova, skal då all fôrvare vurderast ut frå bærekraft i landet det er dyrka?

 

- Ja, meiner Bartmann. Rolf Dalseg, seniorrådgjevar i Helsedirektoratet, påpeika at vi har eit internasjonalt ansvar for å stille krav om bærekraft også i prosessert GMO.

 

 

Landbruket ynskjer harmonisering mellom dei to lovane, havbruksnæringa ynskjer det ikkje. Direktør Henrik Stenwig i Fiskeri- og havbruksnæringens Landsforening trur at det snart vert umogleg å unngå GMO i fiskefôr.

 

- Det er eit paradoks at meir enn 90 prosent av all animalsk mat i EU har ete genmodifisert fôr. Dette gjeld også oppdrettsfisk som kjem frå andre verdsdelar.

 

Birgitte Valen er rådgjevar i Miljøverndepartementet, som framleis rugar på ein haug GMO-søknader.

- Det er vanskeleg å få svar på konkrete spørsmål frå dei som har søkt om å importere GMO-produkt til Noreg. Dermed må vi basere vurderingane våre på generell informasjon, sa ho. Når det kjem vedtak frå den kanten er det framleis ingen som veit.

 

 

 

Danmark: Lita interesse for GMO-honning

Halvparten av danske birøktarar gjev opp eller flyttar biene dersom det kjem GMO-avlingar innafor området til biene. Honning kan maksimalt innehalde 0,9 prosent GMO, om den då ikkje vert merka. Det vil gå ut over marknadsføringa, meiner Danmarks Biavlerforening. Dei får støtte av Økologisk Landsforening, som tek sterk avstand frå auka bruk av GMO i Danmark.

- Med den store motstanden blant danske forbrukarar mot GMO, vil dette vere eit stort problem. Det må politikarane innsjå. påpeikar daglig leiar i Dansk Biavlerforening, Asger Søgaard Jørgensen..

 

http://www.foodobserver.dk/idn2088.asp

 

 

 

Danmark: GMO til dei fattige

- Det må bli lettare å få godkjent genmodifiserte produkt. Det vil gjere det mogleg for bøndene å produsere meir mat til gagn for dei som svelt, meiner den danske matministeren

 

Eva Kjer Hansen frå Venstre, som vil ha debatt om GMO.
Opposisjonspartiet Enhedslisten meiner derimot at ministeren rotar.

 

- Det er noko sludder når matministeren gjev uttrykk for at vi i Danmark og i EU skal dyrke meir mat til den tredje verda og difor må akseptere fleire GMO-ar. Om vi byrjar å eksportere mat til fattige land, vil det øydeleggje økonomien i desse landa, som er skral frå før, seier Per Clausen.
- Det desse landa treng er hjelp til å dyrke jorda utan å utpine den, i samsvar med økologiske prinsipp. Om ein introduserer GMO til u-landsbønder, vert dei sterkt avhengige av både såfrø og sprøytemiddel frå kjemigigantar som Monsanto, seier Clausen

 

http://www.dr.dk/Nyheder/Indland/2009/06/22/132419.htm

 

http://politiken.dk/debat/ledere/article737179.ece

 

 

Det er forbrukarane som til slutt vil avgjere lagnaden til dansk GMO

http://politiken.dk/erhverv/article737362.ece

 

 

 

EU: Bestemme sjølv!

Elleve EU-land ber Ministerrådet om å la kvart enkelt land avgjere eventuelt forbod mot  dyrking av genspleisa plantar på eiga jord. I dag er det EU - i siste instans Kommisjonen - som avgjer om genmodifiserte plantar skal godkjennast eller ikkje. Ved ei tidligare avrøysting støtta 22 EU-land Austerrike og Ungarn i retten til å forby dyrking av den genmodifiserte maisen MON 810. EU-president Barroso på si side, skal no prøve å presse Frankrike og Hellas til å heve eit tilsvarande forbod. Ei anonym kjelde i EU-kommisjonen seier til AFP at dersom godkjenning skulle underkastast avstemming på europeiske nivå, ville det garantert ende i avslag. Det er Austerrike, Bulgaria, Kypros, Ungarn, Irland, Litauen, Malta, Nederland og Slovenia som tek opp dette på Ministerrådsmøtet 25. juni.

 

http://weblog.greenpeace.org/sverige/2009/06/europeiska_lander_vill_bestamm.html

 

 

 

Ekspertane stridast om potet

To ekspertgrupper på 21 forskarar nedsett av EUs mattilsyn, EFSA, er delt i synet på den stivelsesforsterka poteten Amflora frå BASF. To av forskarane meiner det er "uforsiktig" å revitalisere helse- og miljørisikoen ved denne poteten, og peiker mellom anna på faren for uønska spreiing. Poteten har også eit antibiotikaresistent markørgen. I følgje Greenpeace er det første gong det er uttrykt offentlig usemje i EFSA, skriv ushaia.com.

 

BASF ser likevel på rapporten frå EFSA som ein siger, og Akiko Frid i svenske Greenpeace trur poteten kan bli godkjent for dyrking i Sverige.

 

http://www.eurobiotechnews.eu/service/start-page/top-news/?tx_ttnews%5Btt_news%5D=10199&tx_ttnews%5BbackPid%5D=12&cHash=d5cc3ee883

 

 

 

Anti-GMO-rabulist til EU-parlamentet

Den franske bondeaktivisten og GMO-motstandaren José Bové er vald inn i EU-parlamentet for det franske miljøpartiet Europe Ecologie. Dei grøne gjekk sterkt fram i det franske valet, og vart det tredje største partiet med 14 mandat. Norske Eva Joly vart og vald inn for same parti, og vert dermed første norske representant.
José Bové er kjent for aksjonar mot GMO-åkrar i Frankrike, han starta den økologiske  jordbruksorganisasjonen Confédération Paysanne og stilte som presidentkandidat i 2007.

 

http://www.dagbladet.no/2009/06/07/nyheter/utenriks/frankrike/eva_joly/6607776/

 

 

 

Tyskland: GM-bygg til GM-øl?

Universitetet i Giessen har fått løyve til å teste dyrking av genspleisa bygg.  

 

http://www.naturkost.de/wp/2009/05/versuchsanbau-von-gen-gerste-erlaubt/ 

 

 

 

Vener let ikkje vener ete GMO

Center for Food Safety har starta ein kampanje mot GMO.

 

http://ga3.org/campaign/Aphis3

 

 

 

Bok og GMO i u-land

Ny bok for dei som les tysk: Transgenes Saatgut in Entwicklungsländern - Erfahrungen, Herausforderungen, Perspektiven. GMO i utviklingsland - erfaringar, utfordringar, perspektiv.

 

http://www.itas.fzk.de/deu/lit/2008/saut08a_summary.htm 

 

 

 

Hazard ID and Risk Assessment of (Trans)gene Flow

GenØk - Senter for biosikkerhet, skal vere vertskap for den første av ein serie internasjonale konferansar om biotryggleik 23. - 26. august i Tromsø.

 

http://conference.genok.prosjektweb.net/

 

 

 

Guddommeleg GMO

Det pavelege vitskapsakademiet har kome fram til at genmodifisert jordbruk er Guds vilje...

 

Vatikanet meiner at GMO kan vere med på å minske hunger og fattigdom i verda, og at reglane er for strenge, slik at det berre er multinasjonale selskap som har råd til å sysle med slik dyrking.

 

http://miljoaktuellt.idg.se/2.1845/1.234358/vatikanen-stodjer-gmo

 

 

 

Monsanto i Texas

Siste nytt om Monsanto kan du høyre her, frå Texas Health Freedom:

http://www.youtube.com/watch?v=N9JHHGTvO2Y&feature=channel

 

 

Vi ynskjer alle Gennyttlesarar ein triveleg ferie, neste utgåve kjem i byrjinga av august .

 

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden.

Ansvarleg redaktør er Marit Bendz.

 

GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat.

GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat

Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no