Gennytt nr. 11 - 2009

6. august 2009, årgang 11.





* Stadig fleire ekspertar åtvarer mot GMO fordi ingen veit biverknadene, og
industrien hindrar uavhengig forsking. Likevel held vestlege land fram med
forsking på GMO under paraplyen u-hjelp



* Stadig meir jordbruksland, mat, dyrefôr og til og med plantejord vert
ureina med GMO.


 


Forskarar knebla av industrien

Det amerikanske vitskapsmagasinet Scientic American er krass i kritikken mot
dei store frøselskapa, som nektar vitskapsmenn å publisere uavhengige
rapportar om GMO.



Forskarar må spørje selskap som Monsanto om løyve til å gå ut med resultata
av uavhengige testar. Denne restriksjonen på fjernast, krev redaktørane på
leiarplass.

 

http://www.scientificamerican.com/article.cfm?id=do-seed-companies-control-g

 

 



GMO kan gje ufatteleg krise

To leiande europeiske vitskapsmenn åtvarar særleg India mot å godta genetisk
modifisert (GM) korn og mat. Professor i molekylærbiologi Gilles-Eric
Seralini ved universitet i  Caen og genetikkprofessor Michael Antoniou ved
King's College i London seier at desse produkta er avviste i Europa og er
blitt dumpa i India av multinasjonale selskap som ikkje kan finne marknad
for dei i Europa.

 


- 99,9 prosent av GMO inneheld giftige plantevernmiddel, og vi veit ikkje
verknaden verken på menneskekroppen eller miljøet. Det største problemet er
alt hemmeleghaldet, det trengst  mange fleire uavhengige testar i høve helse
og miljø, seier dei to, som understrekar at vitskapen skal brukast til beste
for menneske, ikkje for selskap.

 

http://www.business-standard.com/india/news/%5Cgm-food-can-causebiggest-heal

 

 


Irland: Legar åtvarer mot GMO-mat

The Irish Doctors' Environmental Association (IDEA) ber om moratorium for
all GMO-mat straks, skriv det irske legetidsskriftet Irish Medical Times.
Ein ny rapport frå the  American Academy of Environmental Medicine (AAEM)
seier at mat som inneheld GMO utgjer ein alvorleg helsefare, og legar må
informere pasientane sine om at dei bør unngå slik mat. Det har dei ein
moralsk plikt til, i følgje den irske legeforeininga.

 

http://www.ideaireland.org/gmfood.htm

 




Storbritannia: GMO som utviklingshjelp

Britane har i det stille løyvd 100 millionar pund til støtte for GMO til
verdas fattige, sjølv om det er forbode å dyrke desse vekstane i
Storbritannia. Dei neste fem åra skal pengane nyttast m.a. til forsking på
GMO i samarbeid med Syngenta.

 

http://www.guardian.co.uk/environment/2009/jul/19/gm-crops-aid-uk-funding

 

 

 

Sverige: 4 prosent GMO i polsk maisfôr

Det svenske Jordbruksverket melder Lantmännen for feilmerking etter at vart
det avdekka 3,9 prosent GMO i eit parti GMO-fri fôrmais frå Polen. Ureininga
av fôret vart oppdaga ved ein rutinekontroll i byrjinga av juli. Lantmännen
hadde kjøpt fôret frå eit hollandsk handelshus.



Kring 100 tonn av partiet på totalt 1200 tonn var allereie levert vidare,
for det meste til mjølkebønder i Sør-Sverige. Dermed kan Arla ikkje oppfylle
garantien om GMO-fri mjølk.


- Vi har aldri hatt problem med denne leverandøren tidlegare, seier Kjell
Larsson, fôrtryggleiksansvarleg ved Lantmännen.


- Det nederlandske handelshuset har all dokumentasjonen og vi kan ikkje
snoke i kven som er deira leverandørar. Vi veit berre at maisen er dyrka i
Polen.

 

http://www.atl.nu/Article.jsp?article=54704&nyhetsbrev&a=Lantmännen%20åtalsanmäls%20för%20gmo-foder

 

 

 


Sør-Afrika:

Sørafrikanske bønder har tapt millionar av dollar etter at avlingar med 82
000 hektar genmais slo feil. Plantene såg fine ut, med produserte ikkje
korn. Monsanto seier det har skjedd ein feil under produksjonen av maisfrøa
og har lova å betale erstatning. 280 av tusen bønder opplevde opptil 80
prosent avlingssvikt for tre ulike typar genspleisa mais.


Marian Mayet, direktør for den afrikanske senteret for biotryggleik i
Johannesburg, krev forbod mot all GMO, og gjev teknologien til Monsanto
skulda.

- Du kan ikkje gjere "feil" med tre ulike maistypar. Monsanto seier dei
berre gjorde ein feil i laboratoriet, vi meiner at bioteknologi er ein feil,
seier ho.

 

http://www.digitaljournal.com/article/270101

 

 




Afrika: Meir mat, mindre gift

Dr. Daniel Mataruka i African Agricultural Technology Foundation (AATF)
påstår likevel på sin blogg at GMO har gjeve høgare maisavlingar i
Sør-Afrika (tal frå 2008) og at bønder i Burkina Faso har redusert mengda av
pestisid med to tredelar medan avlingane har auka med 15 prosent, takka vere
GMO.



http://www.whybiotech.com/?p=915

 

 

 


GMO aukar meir enn økologisk

Genmodifiserte avlingar breier om seg meir enn økologiske. Økologane jubla
over 32,3 millionar hektar verda over i 2007, bio-industrien over 114,3.
Avlingane av økologisk dyrka mat auka frå 14,8 millioner hektar i 2000, til
32,3 millionar i 2007. På same tid auka GMO-avlingane frå 44,2 til 114,3
millionar hektar, syner tal frå ISAAA. Berre fra 2007 til 2008 auka
GMO-areala med nye 10,7 millioner hektar, til 125 millioner hektar verda
over.


97 prosent av omsetninga, målt i verdi, skjer i USA og EU.


USA står for nesten halvparten av verdas GMO-avlingar (62,5 millioner
hektar). Argentina kjem på andreplass med 21 millionar og Brasil med 15,8
millionar hektar GMO i 2008.

 

http://www.isaaa.org/resources/publications/briefs/39/executivesummary/defau

 

 

 


USA: Fleire bønder mot straumen

Fleire amerikanske bønder har gått tilbake konvensjonell soya det siste
året.



Det er fleire grunnar til at arealet med gmo-fri soya har auka. Bøndene får
meir betalt for den GMO-frie soyaen, genmodifisert såkorn er nesten dobbelt
så dyrt og prisen på sprøytemiddelet Roundup Herbicide, som vert nytta til
GM Roundup Ready, er mangedobla.

I tillegg har mange fått problem med GM-mais som har utvikla resistens mot
Roundup.

 

http://www.non-gmoreport.com/articles/july09/non-gmo_soybean_acreage_increas

 

 

 


EU: Konstant usemje om GMO

Det europeiske mattilsynet EFSA har etter ei ny vurdering at den
genmodifiserte maisen MON810, erklært den som "ufarleg for dyre- og
folkehelsa og for miljøet". I et skarpt svar til EFSA avviser den franske
landbruksministeren og ministeren for miljø og bærekraftig utvikling denne
konklusjonen, og krev respekt for vedtaket som er fatta samrøystes i EU av
miljøministrane, og som forlangar ei endring og styrking av
godkjenningsprosedyrane til EFSA.

I følgje den franske samanslutninga av miljøorganisasjonar, France nature et
environnement, er arbeidet til EFSA i strid med alle vitskaplege metodar.

 

http://www.bizjournals.com/stlouis/stories/2009/07/20/daily49.html

 

 

 

GMO i valkampen

Kampen mot GMO er ein av dei viktigaste sakene til toppkandidat for
Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane, Unni Underdal. På spørsmål frå
NRK Sogn og Fjordane om kva sak som er den viktigaste for ho å kjempe for
dei neste fire åra, svarer ho:


- Legge til rette for tilgang på rein mat for alle. Her tenker eg særleg på
økologisk mat og kampen mot GMO, noko som er spesielt viktig for
utviklingsland.

 

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/valg_2009_sogn_og_fj

 

 




USA: GMO-frø på ville avvegar

Frø frå genspleisa sukkerroer er funne i jord, som er seld til amerikanske
bønder. Produsenten Pro Bark i Oregon har stoppa salet, men veit ikkje kor
mykje som allereie er seld.

Ein av naboane til funnstaden for dei genmodifiserte, forvilla
sukkerplantane er økobonden Frank Morton. Han har i mange år åtvara mot
krysspollinering ved slik uønska GMO i Willamette Valley, som har ein stor
produksjon av grønsakfrø.

 

http://www.gazettetimes.com/articles/2009/05/31/news/top_story/1aaa01_beets0

 

 

 


Denofa: Brasiliansk aksjemajoritet

Den største soyaprodusenten i verda, Amaggi Exportacao e Importacao i
Brasil, har kjøpt seg inn i norske Denofa og eig no 51 prosent av aksjane.
Denofa importerer gmo-frie soyabønner, i hovudsak frå Brasil, og produserer
soyaolje, soyamjøl og lecithin til matvare- og fôrindustrien ved fabrikken i
Fredrikstad. Denofa driv også produksjon av rapsolje i Polen



http://www.reuters.com/article/wtUSInvestingNews/idUSN0213354020090803

 

 

 


EU: Lang marsj mot små gen

Marsjen for ei GMO-fri framtid nådde Brüssel for ei veke sia. Kring 3 000
har delteke på den tusen kilometer lange protestspaserturen frå Berlin.


http://www.ifoam-eu.org/

 

 

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no

eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut
to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve
av magasinet Ren Mat.

 

GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat

 

Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no