Gennytt nr. 12 - 2009

24. august 2009, årgang 11.


* Partia seier si meining om GMO til Norges Bygdekvinnelag. - I tråd med
svara til dei tre regjeringspartia, forventar eg eit nei til GMO-søknadene
som ligg på bodet til miljøvernministeren, seier leiaren.



* Ny rapport konkluderer med at økologisk dyrking i snitt gjev større
avlingsauke enn GMO

Failure to yield

 




* DuPont hevder Monsanto har ulovlig monopol på GMO-frø

 

 

Høgre er det norske GMO-partiet

Er GMO-saka så betent i regjeringa at dei ikkje torer å ta ei avgjerd før
valet? I ei spørjeundersøking Norges Bygdekvinnelag har utført kjem det fram
at partia - også dei tre i regjering - har ulike syn på  GMO.

 

- Vi ville utfordre politikarane på ei sak, og stilte alle dei politiske
partia som har ein sjanse til å kome inn på Stortinget følgjande spørsmål:
Kva er dykkar haldning til bruk av GMO i mat og fôr? fortel Kathrine
Kleveland, leiar i Norges Bygdekvinnelag.

 

Fire av partia tek klart avstand frå GMO og ynskjer eit forbod - det er
Senterpartiet, SV og KrF og Rødt. Ap og Venstre er vage i svara sine, medan
Høgre og FrP ynskjer meir forsking på genmodifisering. Høgre er partiet som
er mest positiv til GMO.

- Det uroar meg at avgjera om dei to GM-maistypane er utsett til etter
valet. Ein kan jo spekulere på om Sp og SV ville hatt Nei til GMO som
valkampsak hadde det ikkje vore for Ap, seier Kleveland. Ho kan ikkje forstå
kvifor Arbeidarpartiet held sånn igjen i denne saka.

 

I følgje Nationen vil SV og Sp vil seie nei til søknadene, medan
Arbeidarpartiet skal vere på glid. I Miljøverndepartementet har avisa fått
vite at saka neppe vert avgjort før valet. Andre kjelder i
regjeringsapparatet stadfestar dette.

 

http://www.bygdekvinnelaget.no/content/utfordrer-partiene-om-gmo

 



 

Anti-GMO-nettverk

Saman med ei rekke landbruks- og miljøorganisasjonar har Norges
Bygdekvinnelag starta eit nettverk for mat og miljø, som skal halde GMO-saka
varm. Nettverket vert formalisert på ein møte i Oslo i neste veke.

 


- Då skal vi utarbeide ein felles plattform, og vi i Norges Bygdekvinnelag
teke på oss ei koordineringsrolle, fortel Kleveland.

 

I kveld, måndag 24. august, held ho eit innlegg om GMO på eit ope møte i
Vest- Agder Bygdekvinnelag, nærare bestemt Byhallen i Kristiansand klokka
18.00.

 




 

Fire nye søknader om GMO

I tillegg til dei to tidlegare søknadene om import av genmodifisert mais,
har Direktoratet for naturforvaltning fått fire nye til høyring - tre gjeld
mais og ein gjeld soya. Les meir på

 

http://www.dirnat.no/content.ap?thisId=1981 &language=0

 

 




GMO har gjeve minimal avlingsauke

Genmodifisert mais løner seg berre ved store insektangrep, noko som skjer
ein gong kvart  fjerde til åttande år. Økologisk eller tilnærma økologisk
dyrking gjev jamt over større avlingsauke enn GMO, er konklusjonen i den
ferske rapporten Failure to Yield - Evaluating the Performance of
Genetically Engineered Crops (2009). Her er GMO's bidrag til landbruket
evaluert etter 20 år med feltforsøk og 13 år med produksjon. The Union of
Concerned Scientist står bak rapporten, som er basert på resultat frå
tusenvis av feltforsøk og kommersiell dyrking. Konklusjonen er at GMO har
hatt lite å seie for produksjonsauken. Økologiske produksjon er eit betre
alternativ for rask og kraftig auke av matproduksjon i område med ustabil
mattryggleik og for framtidsretta, bærekraftig drift generelt.



Sia 90- talet, då GM-vekstar kom på marknaden, har avlingar i fleire
kulturar auka kraftig.

 

Tal frå US Department of Agriculture indikerer m.a. at snittproduksjon av
mais per mål dei siste fem åra var 28 prosent høgare enn i perioden 1991-95.
Tradisjonell foredling og betra jordbrukspraksis står for nærare 25 av disse
prosenta, genmais for mellom tre og fire prosent - desse skuldast reduserte
avlingstap ved sterke insektangrep, ikkje auka avlingar i seg sjølv. Fordelt
over dei 13 åra Bt - mais har vært dyrka kommersielt, utgjer snitt
avlingsgevinst ikkje meir enn 0,2 - 0,3 prosent per år. Auka avling ved
hjelp av tradisjonelle metodar ligg til samanlikning i snitt på kring 1
prosent per år.

Forfattarane av rapporten stiller seg kritiske til samanlikningsverdien av
forsøksmetodikk brukt i fleire forsøk der GMO har kome bra ut, og drøftar
uklare forhold i forsøksmetodikk og resultatframstilling i fleire forsøk. 

 

Rapporten meiner kraftig avlingsauke innan matproduksjon kan skje raskast og
billegast ved å ta i bruk agro-økologiske metodar, og viser til ein studie
av 114 forskingsprosjekt i Afrika som gav ei gjennomsnitts avlingsauke på
116 prosent etter omlegging til økologiske og tilnærma økologiske metodar. 

http://usfoodcrisisgroup.org/node/17

 

 

 

Rådyre GMOfrø

Monsanto har planar om å auke prisen på genmodifiserte frø med heile 42
prosent neste år, fordi dei aukar avlingane til bøndene.

<http://www.bloomberg.com/apps/news?pid=20601103&sid=aLW8VZBkP3PA>

 





GMO-krig mellom dei store

DuPont skuldar Monsanto for ulovleg og konkurransehemmande praksis, medan
Monsanto slår attende med at DuPont driv ein hemmelig svertekampanje som
grenser til svindel.

 

Konsernsjef i Monsanto, Hugh Grant har sendt eit brev til styreleiar Charles
Holliday i DuPont, der han skuldar selskapet for eit "alvorleg brot på god
forretningsetikk" og ber om at ein eigen komité av uavhengige styremedlemmer
i DuPont om å undersøke det Grant kallar eit åtak på frøverksemda til
Monsanto.


<http://www.reuters.com/article/rbssChemicalsDiversified/idUSN18435756200908>

 

 



USA/Afrika: Afrikanske prøvekaninar 1

Obama-administrasjonen finansierer framleis forsking på GMO som eit middel
til å auke matproduksjonen i Afrika, sjølv om prosjektet så langt har vore
ein fiasko. Denne støtta vert sterkt kritisert av ein internasjonal
koalisjon av miljøorganisasjonar.

 

I 1990-åra gav USAID seks millionar dollar til eit Monsantoprosjekt, som
utvikla ein genmanipulert, virus-resistent søtpotet gjennom Kenya
Agricultural Research Institute (KARI). Prosjektet har synt seg å vere
totalt mislykka. Forskarar i Uganda har derimot utvikla en virus-resistant
hybrid gjennom konvensjonell avlteknikk til ein brøkdel av prisen. Likevel
held USA fram med å finansiere GMO-prosjektet ved KARI.

http://www.rodaleinstitute.org/20090810/fp1

 

 



USA/Afrika: Afrikanske prøvekaninar 2

Legar og planteforskarar har saman starta eit nytt program for å hindre
svolt i Afrika. Global Harvest-alliansen kombinerer eit eksisterande
matprosjekt for barn i Vest-Afrika med tiltak for å dyrke genmodifiserte,
vitaminrike plantar. Prosjektleiar Dr. Mark Manary seier at målet er å gje
barna eit supplement til mat lenge nok til å få dei friske, og til å utvikle
vitaminrike genspleisa plantar som kan hindre feilernæring i framtida.

 


Samarbeidspartnarar er the Donald Danforth Plant Science Center, St. Louis
Children's Hospital og Washington University School of Medicine.

<http://www.danforthcenter.org/newsmedia/NewsDetail.asp?nid=170>

 

 




DEN GODE JORD

Seminar om utfordringane for matproduksjon i Noreg og verda fram mot 2030 på Hvam i Akershus torsdag 10. september kl. 12.00 - 17.00

Tema vert mellom anna korleis vi skal tilpasse oss eit auka folketal i Noreg
og resten av verda. Programmet er ikkje ferdig, men GMO burde vere ein del
av det. Følg med på http://www.agroutvikling.no/artikkel.cfm?ID_art=314

 

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut
to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve
av magasinet Ren Mat.

 

GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat

 

Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no