Gennytt nr 13 - 2009

Gennytt 10. september 2009, årgang 11.

 

* GMO-motstandarane i Noreg organiserer seg.

*  Presset for meir GMO i EU aukar. Kan EU-kommisjonen kjøpe seg til meir liberale reglar ved samstundes å late kvart enkelt medlemsland avgjere om dei vil forby EU-godkjent GMO?

* Norsk forskingssatsing på genspleisa fiskefôr

 

Norsk nettverk mot GMO

 

Tysdag 1. september vart Nettverk for GMO-fri mat og fôr skipa. Nettverket består av miljø-, solidaritets- og landbruksorganisasjonar med ei kritisk haldning til bruk av GMO i mat og fôr. Usikker teknologi, uønska miljøeffektar, usikre helseeffektar, tap av mangfald og kontroll over såfrø og matfat er nokre av punkta i ein felles plattform nettverket no arbeider med. Katrine Kleveland seier til Gennytt at plattforma skal innehalde alt ein er samde om, men enkelte av organisasjonane ynskjer å gå lenger i kampen mot GMO.

http://bygdekvinnelaget.no/content/nettverk-gmofri-mat-og-f%C3%B4r-utarbeider-plattform

 

 

 

Genspleisa fisk stressar mindre og veks fortare - kanskje

Sebrafisk, fôra med genmodifisert mais (MON810), har betre vekst og lågare stressnivå enn fisk som ét konvensjonelt fôr, er konklusjonen i ein artikkel publisert i British Journal of Nutrition.

 

 

Resultata samsvarer dårleg med eit tidligare forsøk med laks, som voks seinare og vart meir stressa av genmodifisert mais. Fôringsforsøket er gjort i regi av NIFES (Nasjonalt Institutt for Ernæring og Sjømatsforskning) og Veterinærinstituttet, og inngår i doktorgraden Nini Hedberg Sissener skal forsvare 25. september ved Universitetet i Bergen.

 

 

- Tre andre artiklar i avhandlinga handlar om arbeid som er gjort med genmodifisert soya i laksefôr, fortel Sissener til Gennytt. Ideen med sebrafisk var å sjå om ein kunne bruke denne som modell for laks, då det er mykje mindre ressurskrevjande å køyre forsøk med sebrafisk.

 

 

Dei motsette resultata med sebrafisk og laks er vanskelege å forklare.

 

 

- Det er no eit EU-prosjekt på gang (GMSAFOOD) det Norges Veterinærhøyskole (NVH) er involvert. I tillegg har NVH, Veterinærinstituttet og NIFES søkt om eit prosjekt hos Forskningsrådet, der vi skal jobbe vidare med GM-mais på grunn av dei uklare resultata, seier Sissener.

 

 

http://journals.cambridge.org/repo_A61UIC1y

 

 

 

EU: Hemmeleg GMO-rapport

Ifølge Agra Europe, sit Europakommisjonen på ei konsekvensutgreiing frå 2008 om GMO-spor i konvensjonelt frø, som vert halden hemmeleg. Rapporten viser at nulltoleranse for iblanding av GMO i frø medfører enorme kostnader og er økonomisk umogleg.

 

 

Debatten om nulltoleransen vert stadig utsett, denne mangel på handling er skadeleg for den europeiske frømarknaden i følgje frøindustrien, som vonar at det vert fart på sakene med den nye EU-kommisjonen og det nye EU-parlamentet.

 

 

- Vi kan ikkje berre late som problemet vil forsvinne. Det vil det ikkje. Det vil berre verte verre, og det vil berre verte dyrare, seier generalsekretær Garlich v. Essen i European Seed Association.

 

 

http://www.euroseeds.org/home/latest-news

 

 

EU: Vil ha fart på import og godkjenningar

 

Det føregår eit massivt press på EU-kommisjonen for ei meir liberal haldning til GMO.

 

 

På eit ministerrådsmøte sist måndag orienterte EU-kommisjonen om den aukande mangelen på GMO-fri soya og mais. Ein feilslått haust i Sør-Amerika har ført til mindre tilbod, og den danske matministeren Eva Kjer Hansen oppmodar kommisjonen og ministerrådet til å sette i gang hurtige tiltak, som godkjenning av nye GMO-ar og fjerning av nulltoleransegrensa for innblanding av ulovleg GMO. Nulltoleransen har ført til at store parti med soya og mais er returnert på grunn av spor etter GMO-støv frå tidlegare transportar. Spor av GMO-mais i soya pressar soyaprisen opp og gjev europeiske svine- og kyllingprodusentar problem.

 

 

- Den rigide tolkinga av nulltoleransepolitikken er eit teknisk problem, som har alvorlege økonomiske konsekvensar for matforsyninga i heile EU. Det er ein risiko for at ingen produsentar lenger kan eller vil garantere at råvarene er heilt frie for ulovlege GMOar, og dermed skapar dette problem for forsyningstryggleiken og heile matkjeda - også for verksemder som produserer GMO-fritt, seier Kjer Hansen. Ho er vert ved ein konferanse 18. september der ein fersk rapport om GMO skal offentleggjerast og drøftast. 

 

 

http://www.fvm.dk/Default.aspx?ID=18486&PID=0&NewsID=5735

 

 

Evalueringsrapport om GMO ligg her:

 

 

http://ec.europa.eu/food/food/biotechnology/evaluation/gmo_eval_docs_en.htm

 

 

 

EU: Meir GMO-import, men nasjonale val

 

EU-kommisjonen vurderer å late kvart enkelt medlemsland få lov til å forby godkjent GMO.

 

 

- Presidenten José Manuel Barroso vil sjå på om vi kan gje landa meir fridom i denne saka, seier EU-kommissær for landbruk og distriktsutvikling, Mariann Fischer Boel, og legg til at ho stør denne ideen. Men samstundes vil ho få fart på godkjenningsprosedyrane for fleire typar GM-mais.

 

 

http://www.eurobiotechnews.eu/insight-europe/politics-law/articledetail/?tx_ttnews%5Btt_news%5D=11321&tx_ttnews%5BbackPid%5D=27&cHash=a6939ac69c

 

 

 

Europa: Ekspertar forventar meir GMO

 

Europeiske ekspertar ventar at dyrking av GMO vil auke vesentleg i Europa dei næraste ti åra, i følgje rapporten "Genetically modified plants and foods - Challenges and future issues in Europe". Framtidas planter er venta å kome inn på nye bruksområde, som tørke eller næringsinnhald og til industrielle formål som drivstoff, fiber og medisin.

 

 

- Eit aktuelt døme er sjukdomssterke og stiverike potetsortar som blant anna er utprøvd i våre granneland, forklarer prosjektleiar Jon Magnar Haugen i Teknologirådet.

 

 

Marknaden for biodrivstoff kan og vere avgjerande. Eit fleirtal av dei spurte ekspertane meiner likevel at uro for helse og miljø framleis vil gje skepsis.

 

 

- Eit fleirtal i under­søkinga vår trur sameksistens kan fungere, men det er likevel stor tvil om systema kan handsame all risiko, og ikkje minst om plassering av ansvar dersom noko slår feil. Hittil har norske styresmakter kunne føre ei restriktiv line fordi skepsisen rår. I framtida kan interessene og behova sprike meir, og det oppstår ein kostnad jamvel ved å vere utan GMO. Kanskje står den restriktive tilnærminga for fall. Men utfallet kan òg vere ei meir kategorisk tilnærming ved å utrope Noreg til GMO-fri sone, seier Haugen.

 

http://www.teknologiradet.no/FullStory.aspx?m=28&amid=7868

 

 

 

USA: Ser stort potensiale i genøkologi - kanskje

Det amerikanske landbruksdepartementet (USDA) ynskjer å tillate genmodifisering innafor økologisk landbruk.

 

 

- Skiljet mellom økologi og bioteknologi er kunstig, bygd meir på ideologi enn vitskap. Eit vedtak om å endre forskriftene slik at bioteknologi vert lov innafor økologisk landbruk, vil kunne oppmuntre utviklinga av ein ny og berekraftig produksjon med større fordelar for forbrukarane, heiter det i rapporten "Det uutforska potensialet i økologisk-bioteknisk produksjon". Denne vart nyleg fjerna frå websida til USDA etter massive protestar frå økologiske bønder, og USDA forklarer dette med at innhaldet ikkje representerer dei amerikanske styresmaktene.

 

http://www.organicconsumers.org/articles/article_18764.cfm

 

 

 

Danmark: Genspleisa fisk på veg til fiskedisken - kanskje

USA og fleire EU-land søker om å få produsere genspleisa fisk for kommersielt bruk.
- Dei må inntil vidare avlast i lukka system på land, seier zoolog Fredrik Sundström ved Göteborgs universitet. Han har forska på om genmodifisert laks påverkar økosystemet i naturen.

 

 

- Fiskane er genspleisa mellom anna for å tåle miljøgifter. Ein risiko er at slike gifter akkumulerer i fisken og vert overført til dei som et den, seier han.

 

http://www.biotechdenmark.dk/2.1763/1.242889/-odla-gmo-fisk-pa-land

 

 

USA: Kjerringa mot forskarstraumen

Avhandlingar som konkluderer med at GMO kan skade miljøet vert møtt med ein straum av spydige tilsvar frå andre forskarar. Det opplevde økologen Emma Rosi-Marshall ved Loyola University i Chicago for to år sia. Då publiserte ho ein artikkel i Proceedings of the National Academy of Sciences (PNAS), der ho mellom anna slo fast at insekt tek skade av genspleisa mais.

 

 

I august tok ho fatt på ein ny forskingsrunde på GMmais ved Cary Institute of Ecosystem Studies i Millbrook. Les meir om rapporten og åtaka på forskaren på

 

http://thegreenhorns.wordpress.com/2009/09/04/need-an-excuse-to-get-polished-up-on-gmo-issues/

 

GMO-kunst 1

Eit gigantisk bilde av risbønder som haustar ris smykkar no ei rismark i Ratchaburi, Thailand. Biletet målar 16.000 kvadratmeter, og er laga av Greenpeace for å auke merksemda på vern av risplanten mot klimaendringar og genmodifisert ris.

 

http://www.abcnyheter.no/node/94931

 

 

 

GMO-kunst 2

 

Vinnaren av det beste anti-GMO-kunstverket, kåra av ICCPC i Polen i sommar:

 

http://www.stopgmo.pl/images/GMO_Zawleczka.pdf

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat.

 

 

Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no