Gennytt nr 14 - 2009

Gennytt 29. september 2009, årgang 11.

 

 

* Veterinærinstituttet har utvikla ny teknologi for å avsløre GMO på feil stad.

* Norsk økobonde ynskjer meir forsking på GMO

* Sjølvmord blant indiske bomullsbønder er ei myte

* Monokultur, sprøytemiddel og resistens er i ferd med å rasere landbruket i Uruguay og Argentina.

 

 

Ny og betre metode for GMO-kontroll

 

 

Forskarar ved Veterinærinstituttet har utvikla ein splitter ny teknologi for lettare å avsløre ureining av GMO. Dei har også fått stadfesta at metoden Gennytt omtalte i nr. 4 - 2008 verkar på heilt konkrete matplantar, der ein ikkje har nokon førehandsinformasjon. Metoden påviser og skildrar eigenskapane til ukjende genmodifiserte organismar.

 

 

- No har vi i tillegg utvikla ein heilt ny teknologi for å påvise og beskrive ukjent GMO, fortel dr. Arne Holst-Jensen ved Seksjon for matbakteriologi og GMO.

 

 

- Denne nye metoden, som leser av gentranskiptar, gjer arbeidet enklare fordi vi no kan studere berre dei aktive gena. Så samanlikner vi med ikkje-genmodifiserte variantar og finn ut kva for transkriptar som er nye i høve den ikkje-genmodifiserte varianten. Metoden gjev oss detaljert informasjon om dei aktive gena, slik at vi også kan gje ei mellombels grovvurdering av effektar ein slik GMO kan ha på helse og miljø. Det kan være svært viktig for vidare handtering av ei eventuell ureining med slik GMO, seier Jensen.

 

 

Stadig fleire kornparti som kjem til Europa er ureina med GMOar, både godkjende og heilt ukjende typar som aldri har vorte autoriserte nokon stad. Om Jensen skal spå om framtida, vert det at heilt GMO-fri mais og soya vil bli så vanskelig å få tak i, og difor så dyrt at ingen, heller ikkje forbrukarane, vert viljuge til å betale prisen.

 

 

- Det mest trulege horrible scenariet gjeld raps, som lett kan overleve og blande seg med ville slektningar i Noreg og mange andre land. Det er også årsaka til ein er svært restriktive når det gjeld godkjenning av genspleisa rasp. Mais og soya overlever ikkje i vill tilstand i mange land, og kryssar seg vanlegvis ikkje med ville slektningar - men der er Mexico eit unnatak, seier forskaren ved Veterinærinstituttet..

http://www.vetinst.no/nor/Nyheter/Ukjent-GMO-lar-seg-paavise-med-nyutviklet-metode

 

 

Du kan høyre meir om uautoriserte GMOar og toleransen for slike i programmet Verdt å vite 17. september kl. 12.30, der Arne Holst-Jensen deltek.

http://www.nrk.no/programmer/sider/verdt_aa_vite/

 

Danmark: Hemmeleg GMO-forsking

 

 

Økologisk Landsforening og Danmarks Naturfredningsforening krev at forsøksresultat ved Plantedirektoratet om GMO vert offentlege. Forsking frå Austerrike viser at dyr som vert fôra med slik mais som vert dyrka på forsøksfelt i Danmark får færre ungar.

 

 

Så langt er dei danske forsøka stempla fortrulege.

 

 

- Eg set spørsmålsteikn ved om ein offentleg etat kan delta i forsking, der ein ikkje kan offentleggjere resultata. Det er problematisk, seier Paul Holmbeck, direktør i Økologisk Landsforening.

http://www.okologi.dk/Nyheder/search-nyhed-detail.asp?Id1=2399

 

 

Men kritikken bit ikkje på Monsanto.

 

 

- Det er verken mystisk eller kritikkverdig at GMO-forsøka i Danmark er fortrulege, det handlar om  konkurranse, seier pressetalsmann Mattias Zetterstrand i Monsanto.

 

 

Fødevareministeriet gav nettopp ut ein rapport om bruk av GMO i landbruket. I  "GMO - hvad kan vi bruge det til", er konklusjonen at GMO har eit potensiale i kampen for klima og miljø og matforsyning. Her er rapporten:

http://www.fvm.dk/Default.aspx?ID=18486&PID=0&NewsID=5749

 

Forsk meir på GMO!

 

 

Økobonden og landbrukseksperten Stein Bie går inn for meir forsking på GMO, sjølv om han er skeptisk.

 

 

- Bioteknologi kan være éin av fleire løysingar for å betre mattryggleiken i verda, meiner Bie, ein av nestorane innan tropisk landbruk. Han kallar seg GMO-skeptikar, men ikkje blind.

 

 

- Vi veit kor mykje av ei kornavling som går tapt på grunn av skadeinsekt, og korleis ein i staden for sprøytemiddel kan byggje motstand mot insekta inn i planten, seier Bie, som meiner dette kan vere til enorm hjelp for fattige bønder i Sør.

 

 

- Men sjølv om ingen så langt har klart å bevise at bruken av GMO ikkje er bærekraftig, kan det vere av vi sit på ei bombe. Eg vonar difor at det vert forska intenst, og at styresmaktene som avgjer bruken av GMO har tilstrekkeleg kompetanse, seier Bie.

http://www.bistandsaktuelt.no/Nyheter%20og%20reportasjer/Arkiv%20nyheter%20og%20reportasjer/135332.cms

 

Latin-Amerika: Framgang og frykt

 

 

Introduksjon av storstilt genmodifisert landbruk har auka produksjonen av basismatvarer i Uruguay og Argentina dei siste seks sju åra. Men bak framgangen lurer miljøbelastningar, sprøytemiddelresistens og utkonkurrerte småbønder.

 

 

Uruguay har 1 million hektar landbruksjord. Av disse er 600 000 hektar soya, det meste genmodifisert monokultur. Pengesterke firma kjøper opp jorda, dyrkar soya to-tre år og forsvinn. Småbønder vert pressa til å selje jorda si til kommersielle selskap.

 

 

- Vi kan ikkje klare å drive slik vi ynskjer midt blant sprøytemiddel og genmodifiserte frø, seier småbrukarane Nora og Norman.

 

 

I Uruguay er det brunt, daudt og fritt for ugras rundt soyaplantene. I Argentina derimot, ser enkelte typar ugras ut til å utvikle resistens mot glyfosat, som vert sprøyta frå fly. Forskar ved Universitetet i Buenos Aires, Walter Pengue, er redd  jordbruksmodellen i dagens Argentina er i ferd med å øydelegge store delar av den fruktbare jorda. 

http://www.bistandsaktuelt.no/Nyheter%20og%20reportasjer/Arkiv%20nyheter%20og%20reportasjer/135331.cms

 

India: GMO-sjølvmord ein myte?

 

 

Det er ingen prov for noko oppsving av sjølvmord blant indiske bønder dei siste fem åra, hevdar International Food Policy Research Institute, IFPRI. I rapporten " Bt Cotton and Farmer Suicides in India Reviewing the Evidence" har forskingsinstituttet sett på utviklinga etter at Bt-bomull vart teken i bruk i 2002. Ei rekke produsentar og aktivistgrupper, med Vandana Shiva i spissen, meiner at talet på sjølvmord blant bøndene har auka dei siste 7 åra. Avlingane har gått ned, inntektene er reduserte fordi GMO-sortane trengte meir sprøytemidlar og frøa frå Monsanto er svært dyre.

 

 

IFPRI-rapporten meiner at innføringa av Bt-bomull generelt har ført til auka avlingar og betre inntektsgrunnlag for bøndene, men at varierande klimatiske tilhøve, låge  bomullsprisar og mangelfull kunnskap om bruk av teknologien i nokre regionar førte til varierande avlingar dei første par sesongane.

 

 

- Risikable kredittsystem, tilgangen til svært giftige sprøytemidlar og erstatningsutbetalingar frå styresmaktene etter sjølvmord er langt viktigare årsaker til at mellom 13 000 og 18 000 indiske bønder årleg tek sine eigne liv, meiner instituttet.

http://www.bistandsaktuelt.no/Nyheter%20og%20reportasjer/Arkiv%20nyheter%20og%20reportasjer/134634.cms

 

Tyskland: Garantert GMO-fritt

 

 

Den tyske forbundsregjeringa har lansert eit nytt merke "Ohne Gentechnik". I følgje leiaren i den tyske økoorganisasjonen Bioland, Thomas Dosch, er dette eit skritt i rett retning, sia det gjer det mogleg for forbrukarar å velje bort matvarer som er laga på basis av genmodifiserte råvarer.

http://www.keine-gentechnik.de/dossiers/ohne-gentechnik.html

 

Canada/Tyskland: "Triffidenes dager"

 

 

Trass i at dyrking av genmodifisert lin vart forbode å dyrke i Canada for åtte år sia, er det funne spor av slike frø i brød og frukostprodukt i Tyskland. Dei kanadiske linfrøprodusentane tvinga igjennom eit forbod i 2001 for å verne eksportmarknaden. Meir enn 70 prosent av canadisk lin går til eksport, mellom anna til Europa.

 

 

Det tyske funnet er genspleisa lin av typen "Triffid".

 

 

- Dette er det absolutte mareritt for linprodusentane, seier  Terry Boehm i National Farmers Union. Ingen veit kor ureiningen kjem i frå eller korleis den har hamna i det eksporterte partiet.

 

 

- Dette viser kor farleg ei kvar form for feltforsøk med GMO er for både bønder og konsumentar, seier Arnold Taylor, som er økologisk linprodusent og leiar i Organic Agriculture Protection Fund i Canada

http://www.ekoweb.nu/

 

USA: Frå Monsanto til statsmakta

 

 

President Barack Obama har utnemnt ein tidlegare Monsantodirektør, dr. Roger Beachy, som øvste sjef i ein ny føderal landbruksetat, National Institute of Food and Agriculture. Den skal finansiere forsking og teknologiske nyvinningar som kan gjere landbruket meir produktivt, miljømessig bærekraftig og økonomisk forsvarleg.

http://stlouis.bizjournals.com/stlouis/stories/2009/09/21/daily53.html

 

Polen: Pris til anti-GMO-aktivist

 

 

Den polske GMO-motstandaren og aktivisten Jadwiga Lopata har fått prisen "Golden Cross of Merit", den gjevaste prisen for sosialt engasjement i Polen.

http://www.icppc.pl/eng/index.php

 

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat.

 

Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no