Gennytt nr 15 - 2009

Gennytt 13. oktober 2009, årgang 11.

 

 

* Tusenvis av brød og andre bakevarer, som inneheld ulovleg GMO, er allereie ete av norske forbrukarar. Ingen forstår korleis den genmodifiserte varianten har hamna i linfrøa frå Canada.

 

* Genmodifisert raps er funne i australsk honning. Danske birøktarar fryktar at det same vil skje i Danmark om det vert opna opp for dyrking

 

Noreg: Tonnevis med linfrø ureina med ulovleg GMO

 

 

154 tonn med linfrø, infisert med ulovleg GMO, har gått ut til norske forbrukarar.

 

 

Grossisten Harlem Foods i Oslo fekk rett før helga vite at sju parti med canadisk linfrø, som dei kjøpte i perioden februar til april, i følgje tyske laboratorium inneheldt den ikkje-godkjende, genmodifiserte linfrøtypen Triffid.

 

 

Produktsjef Øyvind Pettersen ved Harlem Foods seier at meldinga kom som eit sjokk. Han understrekar at verksemda har svært strenge kvalitetskrav, og at dei er fortvila over det som har skjedd.

 

 

- Alle våre leverandørar hentar no linfrø frå Russland og Ukraina framfor Canada. Men det heile er mystisk, fordi linfrøa var godkjente og testa som GMO-frie både i Canada og hos importørane i Belgia.

 

 

I førre Gennytt skreiv vi om dei genmodifiserte og ulovlege linfrøa som var funne i tyske matvarer. Omfanget vert stadig større. Linfrø og mjølblandingar som inneheld "Triffid" er distribuert til 24 nye land, inkludert Norge.

 

 

- Det går mange rykte, vi vonar at sanninga kjem for ein dag i neste veke, då EU og Canada skal drøfte denne saka, seier Pettersen. Han ventar no på utspel frå Mattilsynet om korleis dei skal informere kundane sine om det som har skjedd. Harlem Foods leverer for det meste til bakeri og andre storkundar.

 

 

 

Veka før vart også eit parti bakemiks, ureina med same GMO, stoppa ved Stangeland Mølle AS i Sandnes. Linfrøa er importert frå Canada til Europa av det belgiske firmaet fa.N.V.Braet.

 

 

- Partiet er sperra, den eine pallen som allereie var sendt ut har vi fått henta inn att, seier Øyvind Aareskjold frå ei messe i Tyskland. Han er dagleg leiar ved Stangeland Mølle. Han er imponert over jobben det lokale Mattilsynet har gjort.

 

 

- Vi vil ikkje ha slike varer, det vil ikkje denne produsenten vi handlar med heller, seier han, og vonar at dette er ei mistyding og at partiet slett ikkje inneheld GMO.

 

 

- Det meiner iallfall produsenten sjølv. Vi har heller ikkje sett tal på mengder eller analyserapportar, seier han.

 

 

 

- Det har vore mange tilsvarande saker i Europa den siste tida, seier rådgjevar Monica Stubberud ved Mattilsynet, seksjon for planter og vegetabilsk mat.

 

 

- I Noreg har vi førebels ikkje eigne analysemetodar for denne genmodifiserte varianten, men veterinærinstituttet jobbar med å etablere ein slik analysemetode.

 

 

Mattilsynet fekk den første meldinga frå RASFF (Rapid Alert System for food and feed) 2. oktober, den andre 9. oktober. RASFF er eit europeisk meldesystem der det vert utveksla informasjon om helsefarleg mat og fôr i eit samarbeid mellom medlemslanda i EU, EFTA/EØS, EFSA (European Food Safety Authority) og EU-kommisjonen.

 

 

 

Ingen forstår korleis denne ureiningen har skjedd. Den aktuelle GMOen vart forbode i Canada allereie for 8 år sia etter prøvedyrking. Den har aldri vore godkjent verken til mat eller dyrefôr

 

 

- Vi har inga aning kor stor spreiing dei ulovlege linfrøa har nett no, men potensialet er tydeleg enormt, seier Lucy Sharratt, koordinator i i aktivistgruppa Canadian Biotechnology Action Network i Ottawa til Reuters.

 

 

I Sverige har Axfood stoppa produktet Garant Ekologiska Linfrön etter at spor av dei canadiske GM-linfrøa vart funne i produktet.

 

 

- Det første gongen det er funne spor av GMO i eit økologisk produkt i Sverige, etter kva eg veit, seier Rolf Brattström, statsinspektør ved Livsmedelsverket.

http://www.reuters.com/article/marketsNews/idUSN0537374020091005?pageNumber=2&virtualBrandChannel=11604

 

Australia: Honning ureina med GMO

 

 

Greenpeace har funne pollen frå genmodifisert raps i australsk honning frå Geelong. Honningen inneheld pollen frå Monsantos "Roundup Ready" GM-raps. Det betyr at folk som kjøper honning frå desse bikubane, vil ete genmodifisert mat utan å vete det.

 

 

- Bønder er ikkje forplikta til å informere naboane sine om kva dei dyrkar på markene sine, så birøktarane har vore like uvitande som alle andre, seier  Louise Sales frå Greenpeace. Organisasjonen appellerer til den australske helseministeren om å sørgje for ei korrekt vurdering av helse- og miljørisikoen ved GMO.

http://www.okologi.dk/Nyheder/search-nyhed-detail.asp%3FId1=2421

 

Dansk Biavlerforening åtvarer med GMO

 

Danske birøktarar er redd GMO vil skade marknadsføringa av honning. Dersom den  inneheld meir enn 0,9 prosent GMO, skal den merkast. Dansk Biavlerforening meiner at nærare halvparten av dei 4 000 danske honningprodusentane vil gje opp eller flytte biene dersom det vert dyrka GMO innafor det temmeleg vide arbeidsfeltet til biene.

http://www.okologi.dk/Nyheder/search-nyhed-detail.asp%3FId1=2421

 

Danmark: Økologisk risikovurdering av GMO

 

 

Danmarks miljøundersøgelser ved Aarhus Universitet kjem i morgon med ein ny rapport om risiko ved genmodifiserte plantar. I 2008 var det 87 nye forsøksfelt med 15 ulike GMOar i EU, og rapporten tek for seg ulike økologiske effektar og konsekvensar av GMO. Frå onsdag 14. oktober kl. 12 vert rapporten tilgjengeleg på:

http://www.dmu.dk/Pub/FR738.pdf

 

GMO og klima i Sør-Amerika

 

 

Monsanto bur seg på å gjere pengar på klimakvotar framfor klimaforhandlingane i København. Saman med andre store bioteknologiselskap pressar dei på for å få karbonkreditt for ulike landbruksvarer.

 

 

Ei frivillig "ansvarleg" merking av den genmodifiserte soyaen Roundup Ready i Sør-Amerika er sponsa av WWF. Forslaga for å inkludere jordbruk i klimakvotehandelen gjeld mellom anna reduksjon i metan- og lystgassutslepp.

http://lasojamata.org/es/node/397

 

 

GMO og klima i Afrika

 

 

Afrikansk Senter for Biotryggleik (ACB) meiner at bioteknologi er nøkkelen til mattryggleik når klimaendringane slår inn. I ein fersk rapport om "klimaavlingar" vert  denne teknikken framheva for å identifisere "klima-gen" i afrikanske plantar, gen som kan gjere plantar i stand til å tåle tørke, varme og større saltmengder. Dei store bioteknologiselskapa posisjonerer seg no for å patentere slike gen.

 

 

Monsanto er gjennom strategiske partnarskap i framkant når det gjeld patentering av afrikanske matvekstar som durra, mais, peanøtter, bomull, kveite, kasesava, sukkerrør og banan.

http://www.biosafetyafrica.org.za/index.php/20090929243/GM-climate-craze-seizes-African-food/menu-id-100029.html

 

Råd til danske bønder; Styr unna GMO

 

 

Den canadiske bonden Percy Schmeiser var nyleg i Danmark for å åtvare danske kollegaer mot dyrking av GMO. Han vart verdskjent etter ein bitter strid med Monsanto. Rapsåkrane hans vart ureina av GM-raps frå naboåkrar, dermed vart han saksøkt av frøprodusenten for å nytte det patenterte såkornet deira. Schmeiser fekk ein delvis siger i canadisk høgsterett, og har sia brukt mykje tid på å åtvare mot farane med GMO.

 

 

Kva har Danmark i vente dersom landet opnar for dyrking av GMO? All verdas ulukker, om ein skal tru den 78 år gamle bonden

 

 

- Særleg økologiske bønder har alt å frykte, seier han etter 15 års erfaring frå canadisk GMO-dyrking.

 

 

- Det er ikkje sant at avlingane vert større og at GMO er svaret på svelt og hungersnød. Det er ikkje sant at GMO betyr mindre sprøyting -  tvert imot.

 

 

Det er ei rekke urovekkande indisium på helseskadar, i tillegg er det ein etisk dimensjon; kan ein ta patent på gen? Patent på liv? undrar Schmeiser.

http://www.maskinbladet.dk/article/article_view.php%3Fid=47668

 

Spania: GMO-asyl:

 

 

Spanske miljøvernarar har søkt "jordbruksasyl" i den franske ambassaden i Madrid som ein protest mot den spanske GMO-politikken.

http://www.google.com/hostednews/afp/article/ALeqM5getdA_lb_knVN5F2GEkRm2jLM88Q

 

Australia: Uroa bønder

 

 

Genmodifisert cannola veks i vegkantane i New South Wales i Australia, berre nokre meter unna jorda til svært uroa bønder som vil dyrke GMO-fritt.

http://www.abc.net.au/worldtoday/content/2009/s2696714.htm

 

 

Konferanse for lærarar

 

 

Bioteknologinemnda og Skolelaboratoriet i biologi ved Universitetet i Oslo inviterer til den femte, årlige nasjonale bioteknologikonferansen for lærarar 23.-24. november.

 

 

For meir informasjon og påmelding: http://www.bion.no/kurs/konferanse_november_09/index.shtml

 

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat.

 

Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no