Gennytt nr. 16 - 2009

30. oktober 2009, årgang 11

 

* Firedobling av ulovlege, kanadiske linfrø til Noreg dei siste to vekene. GMO på villspor er ei katastrofe for bøndene i Canada, som ynskjer boikott av Monsanto.

 

* Ny forsking viser at dyrking av GMO skadar nyttedyr, kan gje fosterskadar, gjer livet vanskelegare for fattige bønder og skrur opp matprisane.

 

 

Noreg: Stadig meir linfrø med ikkjegodkjent GMO

To nye parti linfrø, ureina med ulovleg "Triffid", er registrert importert til Noreg i perioden april - august. Dermed er nærare 500 tonn så langt importert. Dei siste partia har også gått ut til vanlege forbrukarar. Produkta er trekt attende, og Mattilsynet rår forbrukarar som allereie har kjøpt denne typen linfrø om å levere varene attende til utsalsstaden. 

 

- Vi held oss til dei RASFF-meldingane som kjem, seier Monica Stubberud, ved Mattilsynet. Av totalt 46 meldingar om spor av genmodifisert lin frå Canada, er fire komne til Noreg. Dei fleste land i Europa har fått slike parti, fortel ho. Grossisten Harlem Foods, som har motteke det meste av linfrøa, har sjølv teke ein stikkprøve frå det første partiet, resultatet var negativt.

 

- Men dette var ein så liten prøve at den ikkje er representativ for heile partiet, seier Stubberud.

linfrø

 

 Nettverk for GMO-fri mat og fôr, har kritisert Mattilsynet for ikkje å ha god nok kontroll av importerte matvarer.

 

- Det er importfirmaa sjølve som har ansvaret for at varene er lovlege, det vil seie frie for GMO. Dei veit kva land som er aktuelle, til dømes at 90 % av soya dyrka i USA er genmodifisert, og må krevje god dokumentasjon for at varene er GMO-frie, seier ho.

 

Mattilsynet har planlagt 66 stikkprøver av soya, mais, ris og litt raps i år. Linfrø har ikkje vore blant risikovarene tidlegare, difor har Mattilsynet ikkje teke stikkprøver av desse varene.

 

Canadiske styresmakter arbeider framleis hardt for å finne ut korleis dei genmodifiserte linfrøa har hamna saman med ordinære. Har dei overlevd i jorda i fleire år, eller er det nokon som har halde fram med å bruke dei? "Triffid" vart godkjent til bruk i fôr i 1996 og til mat i 1998, vel og merke berre i Canada. Bøndene sjølv bad om forbod i 2001.

 

- Difor er det lite truleg at den er dyrka med hensikt, seier Stubberud, og legg til;.

 

- Men vi veit ein ting; sånne saker vert det fleire og fleire av.

 

Se link til saken her.

 

 

 

 

Canada: GMO trugar eksportindustri

Dei ureina linfrøa er ein katastrofe for dei kanadiske bøndene Nett no står import av genspleisa kveite på dagsordenen. På bakgrunn av 13 års erfaring med mellom anna genmodifisert raps, rår no National Farmers Union (NBU) bønder frå å bruke produkt frå Monsanto.

 

- Internasjonale kundar, som kjøper 82 prosent av den kanadiske kveiten, trugar med å boikotte denne handelen dersom Canada opnar opp for dyrking av den genmodifiserte varianten.

 

http://www.ekoweb.nu/%3Fp=10235

 

 

 

 

Slepp godkjenning eit år til

Mattilsynet gjev fire fiskefôrprodusentar forlenga dispensasjon frå å søkje godkjenning av prosesserte, ikkje spiredyktige fôrvareprodukt av 19 GMO-variantar. Dispensasjonen gjeld fram til 15. september 2010. Bransjen ynskjer å ha ei slik mellombels godkjenning i bakhand i tilfelle GMO-fritt fôr vert for dyrt eller for vanskeleg å få tak i.

 

Se link til saken her. 

 

 

 

 

GMO kan påverke nyttedyr

Plantar, som er genmodifisert til å drepe planteetande insekt, kan også påverke dei naturlege fiendane til desse insekta, har seniorforskar Gabor Lövei ved Det Jordbrugsvidenskabelige Fakultet ved Aarhus Universitet avslørt. Dei potensielle effektane GMO har på naturens orden er lite forska på. Det der ut til at den alminnelege gulløye (Chrysoperla carnea) er særleg kjenslevar for plantar som er genspleisa med si eiga insektgift.

 

- Vi fann både negative og positive effektar av GMO på dei naturlege fiendane til skadeinsekta, men flest negative, seier Gabor Lövei, som legg til at sjølv det å skrive om potensielle negative biverknader av GMO er som at pirke til eir kvefsebol.

 

http://www.agrsci.dk/ny_navigation/nyheder/gmo_kan_paavirke_nyttedyr&OpointEncoding=WINDOWS-1252

 

 

 

 

 

Danmark: Allergivennlege GM-epler, droppar GM-gras


Danske epletre, som pollenallergikarar skal kunne tåle, er utvikla av forskarar ved Det Jordbrugsvidenskabelige Fakultet. Elstar-eplet er genmanipulert slik at allergena er nøytraliserte, og skal testast på forbrukarar i Nederland.

 

http://www.nyhedsinformation.dk/artikel/VisArtikel.aspx%3FSiteID=NI%26Lopenr=110220018

 

 

Samstundes har politisk motvilje fått DLF, den einaste danske verksemda som forskar på GMO, til at droppe utvikling av nye, genmodifiserte grastypar. Etter års foredlingsarbeid stoppar DLF-Trifolium no denne forskinga, dels for å spare pengar, dels fordi det manglar politisk vilje til å omsette dei nye grasfrøa.

 

http://www.landbrugsavisen.dk/Nyheder/Netnyheder/2009/10/27/DLFdroppergmoforskning.htm

 

 

 

 

 

EU: GMO-avskrekking

EU vurderer no om plantar spleisa med eigne gen eller gen frå nære slektningar, og ikkje frå til dømes virus og bakteriar, skal verte lovlege å dyrke i Europa.

 

Nokre forskarar vonar at forbrukarane lettare kan akseptere slike GMO-ar, samstundes som det vert enklare å få dei godkjent for dyrking i EU.

 

www.landbrugsavisen.dk/Nyheder/Netnyheder/2009/10/16/Nymetodeskaldaempegmoskraek.htm

 

 

 

 

 

Irland: Ei total GMO-fri sone

Den irske regjeringa vil forby all dyrking av GMO i landet, og i tillegg introdusere ei friviljug merking av GMO-fri mat. Dette inkluderer også kjøt, egg, fisk, bakevarer og mjølkeprodukt frå dyr som ikkje har ete fôr som inneheld GMO.

 

http://www.organicconsumers.org/articles/article_19360.cfm

 

 

 

 

 

Frankrike: Monsanto dømd for løgner

Høgsterett i Frankrike har gjeve Monsanto bot på 15 000 Euro for villeiande reklame. Dei har feilaktig annonsert med at Roundup er "biologisk nedbryteleg", og at den "etterlet jorda rein". Den viktigaste ingrediensen i Roundup, glyfosat, er klassifisert som "farleg for miljøet" av EU.
Bruken av Roundup har auka dramatisk ved innføring av GM-soya. I USA auka forbruket med 1 900 prosent på soyamarkane frå 1994 til 2007.

 

I Argentina veks kritikken av GM-soya, som er avhengig av Roundup. Forsking ved Argentinas medisinsk fakultet i Buenos Aires har vist at glyfosat fører til skadar på foster og nyfødde - sjølv i små mengder.


http://www.okologi.dk/Nyheder/search-nyhed-detail.asp%3FId1=2429

 

 

 

 

FN: Sterk kritikk av frøgigantane

Store bioteknologifirma tek ikkje berre ifrå fattige bønder evna til å brødfø seg sjølv, men pressar i tillegg opp matprisane, i følgje ein ny FN-rapport.

 

Overdrive vern av rettar er ei hindring snarare enn motivasjon for nyskaping, sa Olivier De Schutter då han la fram rapporten tysdag.

 

http://www.ipsnews.net/news.asp?idnews=48976

 

 

 

 

 

Uruguay: GMO-invasjon

Genmodifisert mais spreier seg dramatisk til konvensjonelle maisåkrar i Uruguay, i følgje ein rapport frå forskarar ved universitetet i landet. 16 prosent av maisen i Uruguay er no genmodifisert.

 

http://americas.irc-online.org/am/6513#1

 

 

 

 

 

Opprop mot genmodifisert mat

Utviklingsfondet mobiliserer mot genmodifisert mat, og har oppretta ei eiga gruppe for føremålet på Facebook.

 

http://www.facebook.com/group.php?gid=134573039338

 

 

 

 

 

Møte: Syntetisk biologi - liv laga?

Syntetisk biologi er ei kraftfull blanding av bioteknologi og ingeniørkunst. Her er store ambisjonar, store dilemma. Bioteknologinemnda, Genøk og Teknologirådet inviterer til gratis, ope møte måndag 9. november 2009 kl. 12.30 DogA (Norsk design- og arkitektursenter), Hausmanns gate 16, Oslo. Påmeldingsfrist: 5. november 2009

 

http://www.bion.no/moter/syntetisk_biologi/index.shtml#b.

 

 

 

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat.

 

GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat

 

 Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no