Gennytt nr. 17 - 2009

13. november 2009, årgang 11.

 

* Kommersiell GMO-forsking fører mellom anna til global ulikskap og etiske dilemma, meiner stipendiat ved UMB


* Dei strenge kontrollrutinane i Europa avdekkar stadig meir lovleg og - meir urovekkande - ulovleg GMO i produkt merka GMO-frie.



 

Uavhengig forsking på GMO - finst det?


Synet på GMO blant forskarar er påverka av korleis forskingsprosjekt vert finansiert. Det kan gje etiske dilemma for dei som skal ta avgjerdene, meiner  doktorstipendiat Valborg Kvakkestad ved Universitet for biovitenskap (UMB). Ho har undersøkt kva for haldningar forskarar har til GMO, og kva dei er mest opptekne av å forske på.


- Forskarar vert nytta som "ekspertar" når ny teknologi skal vurderast. Då er det viktig for dei som skal ta avgjerder å vere klar over korleis haldningar og resultat vert farga av miljøet forskarane tilhøyrer, seier ho til bladet Forskningsetikk.


Fram til 1970-talet var planteforedling stort sett i offentleg regi. I dag er denne typen forsking mest knytt opp til industri. Det kan være uheldig, meiner ho.
- Tidlegare vart det argumentert for at mat og medisin var så viktige for dei grunnlegende behova hos menneske at det offentlege burde vere ansvarleg for forsking og utvikling. I og med at det ligg mest profitt i produkt som rike land kan kjøpe, fører industridominansen i dag til global ulikskap. Vidare kan det vere større rom for miljøomsyn ved offentleg GMO-utvikling enn ved privat, seier Kvakkestad


http://www.etikkom.no/Documents/Bladet-Forskningsetikk/Alle-utgaver/Forskningsetikk%202009-3.pdf

 




Tyskland: Ureina såfrø over heile landet


Maisfrø vert oftare ureina med både lovleg og ulovleg GMO. 22 av 386 prøver av maissåfrø i Tyskland i 2009 inneheldt GMO, skriv Landscentret. Ingen av prøvene inneheldt meir enn 0,1 prosent GMO, det betyr i praksis 80-100 plantar pr. hektar.


Av dei 22 prøvene inneheldt halvparten ulovlege GMO-ar, opptil fem ulike sortar. I halvparten fann ein og Mon 810, som kan dyrkast i EU, men vart forbode i Tyskland i april 2009.
Opphavslanda til dei GMO-infiserte såfrøa er mange, både Tyskland, Frankrike, Ungarn, Romania, Tyrkia, Slovenia og Chile. Innhaldet er allereie spreidd over det meste av Tyskland.

http://www.landbrugfyn.dk/indhold/sider/nyheder/vis_nyhed.aspx%3Fid=521




 

Polen: GMO-mais merka GMO-fri


Dei polske leverandørane garanterte GMO-frie varer, men fôret inneheldt opptil 50 prosent av den genmodifiserte maisen MON 810. Svenske Lantmännen tinga 1 500 tonn mais av sin nederlandske handelspartnar, som sende tinginga vidare til sitt polske dotterselskap.


Seinare analysar viste at to polske firma hadde levert mais med høge innslag av GMO -  Polskie Mlyny og eit dotterselskap. Dei hadde til saman levert 185 tonn mais, som i snitt inneheldt 36 prosent GMO-mais. Polsky Mlyny har garantert GMO-frie varer i avtalen med det nederlandske  handelshuset, og skuldar på sine leverandørar - bøndene.

Polen kjempar i EU for å ta vare på sitt nasjonale forbod mot produksjon av og handel med GMO. Samstundes har polske bønder lov til å importere og bruke GMO-frø frå andre EU-land, noko som truleg har skjedd her.

http://www.atl.nu/Article.jsp?article=56359&nyhetsbrev&a=Polska%20odlare%20mörkade%20om%20%22gmo-fria%22%20majsen



 

Russland: Illegal GMO


I følgje leiaren for foreininga for russiske kornprodusentar eksisterer det utan tvil genmodifiserte kulturar i Russland. Han meiner at landet snart står i same situasjon som Brasil gjorde for nokre år sida, då styresmaktene der godkjende slike kulturar rett og slett fordi den ulovlege dyrkinga var kome så lang at det ikkje var nokon veg attende. Russland har ikkje godkjent nokon genmodifiserte plantar, men det føregjekk ein del forsøk med poteter og jordbær mellom 2002 og 2004. Nå fryktar miljøorganisasjonar auka dyrking av genmodifisert soya i Svartehavsområdet. I nabolandet Ukraina reknar ein med at mellom 45 og 70% av soyaproduksjonen er ikkje-godkjent GMO, skriv  http://www.infogm.org/.



 

Sverige: Uro for bier


Honninghausten i Luleå-området er unormalt låg, skuldast det tørken i juli eller er det bi-dauden som herjar i USA og Europa som har nådd Nord-Sverige? Luleå Biodlarförening veit ikkje, men har vedteke å jobbe mot GMO i Sverige.


Færre bier gjev mindre pollinering, som igjen gjev mindre avlingar. Insektmiddel og GMO er aktuelle grunnar til at biene døyr.


http://www.pitea-tidningen.se/nara_dig/artikel.aspx%3FArticleId=4994764





 

Danmark: Reiser debatt om haldningane til GMO


Familielandbruget Vest-Jylland etterlyser ein kritisk debatt om haldningane til GMO i landbruket. Er GMO verkeleg er ein god idé, spør Arne Noe, som analyserer dei kjende fordelane med GMO:


- GMO skulle vere til nytte for miljøet, fordi ein kan sprøyte mindre. I USA har innføringa av GMO ført til ein eksplosjon i bruken av enkelte sprøytemiddel. Det har gjeve resistent ugras, som igjen har ført til bruk av meir og sterkare gift.


- GMO skulle gje større utbyte og fø dei svoltne i verda. Genmodifisert soya og mais har så langt ikkje medført større avlingar over tid enn tradisjonell planteforedling.


- Canada hadde ein gong verdas største eksport av økologisk rapsolje. Det er slutt. GMO-raps har spreidd seg i naturen, og det er i dag uråd å dyrke økologisk raps i Canada. Erfaringane viser at det er uråd å kontrollere spreiing av GMO i naturen.


http://www.maskinbladet.dk/article/article_view.php%3Fid=49954





 

USA: Over tusen siktingar mot GMO-selskap


Bayer CropScience AG kan verte ansvarleg for det økonomiske tapet bønder i Missouri er påført fordi risen er vorte ureina med GMO. Frøselskapet har 1 200 slike saker mot seg, og den første opna i byrjinga av november. Ureining med ulovleg GMO øydela eksportmarknaden til risbøndene, som no vil ha erstatning. Rettssaken vil truleg vare til byrjinga av desember.


http://www.bloomberg.com/apps/news?pid=20601100&sid=aT1kD1GOt0N0




 


USA: Bønder bryt lova og GMO spreier om seg


Kvar fjerde GMO-bonde respekterer ikkje påbodet om tryggingssonar rundt dei genmodifiserte maisåkrane sine, i følgje Center for science in public interest. 57 prosent av maisen i USA er no genmodifisert, og skil ut eit giftstoff.

For å unngå utrydding av andre insekt og resistens blant skadeinsekta, er bøndene pålagt å dyrke eit belte av ikkje-genmodifisert mais rundt dei genmodifiserte kulturane. Dette vert no gjort i stadig mindre grad, skriv

http://www.lesmotsontunsens.com/





 

USA: GMO for hjertet


Genspleisa soya med omega-3-gen skal hindre hjerteinfarkt og slaganfall blant amerikanarane. Matdepartementet i USA har slått fast at omega-3-olje produsert av genmodifisert soya er ufarleg å ete, skriv New Scientist. Dermed er USA klar for det første produktet som er genmodifisert for å gje helsevinst. Monsanto er først ute med ein omega-3-soya, men BASF ligger ikkje langt etter.


http://www.newscientist.com/article/mg20427322.300-a-golden-age-for-gm-crops.html




 


USA: Ny runde med GMO-poteter


Fleire amerikanske selskap arbeider no med å utvikle genmodifiserte matpoteter. Ei arbeidsgruppe skal før utgangen av 2009 kome med forslag til korleis potetene skal marknadsførast for å unngå ei reprise av fiaskoen med ein genspleisa potettype frå Monsanto på midten av 1990-talet.


http://www.landbrugsavisen.dk/Nyheder/Netnyheder/2009/11/6/GmokartoflerpaavejiUSA.htm





 

New Zealand: Antiprompegras


Kua prompar metangass, ein farleg klimagass. AgResearch har planar om feltforsøk med ein type genmodifisert gras, slik at utsleppa frå kyrne på New Zealand går ned. 


http://www.nzherald.co.nz/science/news/article.cfm?c_id=82&objectid=10607618





 



Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?


Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.


GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat.


GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no