Gennytt nr. 18 - 2009

27. november 2009, årgang 11.

 

* Er du mot dyrking av GMO? Då verv du medskuldig i komande hungerkatastrofar, er eitt av argumenta i GMO-debatten.

 

* Frankrike innfører GMO-merking av mat, med lågare grense enn EU. Det liker ikkje dei franske bioteknologane

 

* GMO har ført til drastisk auike i bruken av sprøytemiddel i Amerika

 



Berre GMO kan mette verda

GMO vert stadig hyppigare lansert som løysinga på svoltproblemet. Argumentasjonen er at dersom du er mot GMO, let du dei svoltne i stikken.

 

Info GMO har gjeve ut ei brosjyre på 77 sider med tittelen: "Genmodifiserte organismar for å fø verda? Eit dårleg teknisk svar på eit politisk spørsmål", vel og merke på fransk for dei som kan det. Den kostar 7 Euro og kan tingast her:


http://www.infogm.org/spip.php?article4227


Fleire miljø meiner at bruk av GMO er heilt naudsynt i møtet med klimautfordringar og auka matproduksjon. Landbruksminister Brekk er skeptisk.


- Eg har meir tru på tradisjonelle arbeidsformer og tilpassingar av plantar. Vi veit framleis for lite om konsekvensane til at det kan avklarast politisk, men det vert  diskutert, sa Brekk i samband med FAO-toppmøtet i Roma nyleg..


Ein tysk risforskar er blant dei som meiner at ein ikkje kjem utanom GMO om ein skal mette den auka folkemengda i verda.


- Eg trur GMO er ein naturleg del av landbruket i framtida, der ligg det eit kjempepotensiale når det handlar om å skaffe mat på bordet til den stadig aukande menneskemengda i verda, seier Achim Dobermann, som er forskingsleiar ved det Internasjonale Risforskingsinstitutt  (IRRI) på Filippinane.


- Ein av dei enklaste måtane å forbetre næringsinntaket til så mange menneske på, er å dyrke ris med høgt innhald av A-vitamin. Men det kan vi ikkje gjere med tradisjonell foredling, fordi ein treng gen frå mais. Det har et stort potensiale, men der er stor motstand, seier han, og undrar seg over den store europeiske motstanden mot bruk av GMO i Asia og Afrika.


Han meiner at europearane ikkje har forstått at dei har nokre andre utfordringar der enn i Europa.


http://ing.dk/artikel/104125-risforsker-kun-gmo-kan-maette-verdens-stigende-befolkning




 

Meir ulovleg linfrø til Noreg


Mattilsynet har på nytt fått varsel om import av linfrø frå Canada til Noreg som er ureina med ulovleg genmodifisert materiale. Denne importen omfattar kring 47 tonn, og vart importert av Idun Industrier i midten av september. Frøa er distribuert til ulike bakeri, og omfattar både linfrø og ulike frøblandingar.


Varer er sperra på lager og vil bli trekt attende.


Linfrøa er ureina med GMO-varianten Triffid, som ikkje er godkjent verken i Canada eller EU, og er dermed heller ikkje helserisikovurdert i EU eller Noreg.


Til no er kring 540 tonn med GMO-infisert linfrø importert til Noreg.


http://www.mattilsynet.no/aktuelt/nyhetsarkiv/genmodifisering/flere_funn_av_genmodifisert_linfr__74705



 

Auka bruk av sprøytemiddel


Genmodifiserte plantar har til no vore av to slag: Enten produserer dei ei insektgift sjølv (insektresistente plantar) eller dei er motstandsdyktige mot sprøytemiddel. I følgje ei ny undersøking av Charles Benbrooke, tidlegare direktør for landbruksavdelinga i det amerikanske Vitskapsakademiet, har dei insektresistente GM-plantane ført til ein nedgang i sprøytemiddelbruken i USA på 29.000 tonn frå 1996 til 2009. Men i same periode har sprøytemiddelbruken for den andre typen GM-plantar auka med 173.000 tonn.


I Sør-Amerika vert no Roundup spreidd over GMO-åkrane med fly, og det vert rapportert om sjukdom og dødsfall på grunn av forgifting i landsbyane i nærleiken.


http://www.organic-center.org/science.pest.php?action=view&report_id=159




 

Frankrike: Friviljug GMO-merking

Frankrike vil innføre ei frivillig merking av mat som er GMO-fri. Merket skal og kunne settast på kjøtprodukt frå dyr som ikkje har ete GMO-fôr. GMO-fritt-merket skal gjere det mogleg for bøndene å ta ut ein pris som dekkar dei høgare kostnadene ved ikkje å nytte GMO i dyrefôr eller til dyrking.


Den franske foreininga for plantebioteknologi (L'Association des biotechnologies végétales) er ikkje glad for matmerket med teksten "utan GMO" (sans ogm), med ei grense på maks 0,1% GMO i plantemateriale og ei nedtrapping til 0,1% også for fôrmiddel. Organisasjonen hevder at denne nye grensa vil vere et nytt hinder for utviklinga av genmodifiserte plantar i Frankrike, og gjer det umogleg med sameksistens mellom genmodifiserte og ikkje genmodifiserte kulturar. Tydelegare kan det vel ikkje seiast at EU-grensa, som og er den norske grensa, på 0,9% er fastsett for at ønsket om GMO-fri mat ikkje skal hindre utbreiinga av eit genmodifisert landbruk.


http://www.actu-environnement.com/idx_ae.php4

 





Mexico: Forskarprotestar mot GMO-forsøk


Mexico har gjeve Monsanto og Dow Agri-fakultet løyve til å dyrke genmodifisert mais på kring 13 hektar, fordelt på 24 felt nord i landet. Eksperimenta går ut på å teste hardføre plantar, og styresmaktene seier dei skal ta seg av kontrollen. Men forsøka uroar forskarar, særleg av di Mexico ikkje har noko godt system for å verne dei naturlege maisvariantane mot iblanding av GMO. Nærare 2000 forskarar har underteikna eit opprop for å få stansa forsøka.


 - Det er uråd å hindre ureining til andre maisåkrar i nærleiken, seier genforskar  Montgomery Slatkin ved Berkeley-universietet i California.


Dyrking av GMO har vore forbode i 11 år i Mexico, landet der maisplanten først vart kultivert.


http://www.nature.com/news/2009/091125/full/462404a.html


 




Danmark: Genspleisa kveitemjøl


Danskane vil utvikle ein genspleisa kveiteplante som er resistent mot soppen gulrust. Forskingsprosjektet har fått nærare 20 millionar kroner frå  Det danske Strategiske Forskningsråd for å  utvikle ein metode til å finne dei rette resistensgena.

- Når metoden fungerer skikkeleg godt, vil vi overføre dei til kveite og gjere den resistent overfor gulrust, seier prosjektleiar John Mundy, som er professor ved Biologisk Institut på Det Naturvidenskabelige Fakultet i København.


- I framtida skal bønder sleppe å sprøyte mot sopp og andre plantesjukdommar, då er  plantane sjølv resistente, seier han.


http://ing.dk/artikel/104402


 



Noreg: Usemje om GMO og risiko


Faggruppen for genmodifiserte organismer
(GMO) i Vitenskapskomiteen for mattrygghet har nå publisert fire nye helse- og miljørisikovurderingar av genmodifiserte organismar. Tre av vurderingane gjeld herbicid- og insektresistente maishybridar, medan den siste gjeld fornya godkjenning av ein genmodifisert soya med herbicidtoleranse. .


Fleirtalet i faggruppa finn det lite truleg at dei fire GMO-ane vil medføre risiko for helse og miljø, medan eit mindretal påpeikar at nokre av dei kanskje kan framkalle allergiar.


http://www.vkm.no/eway/default.aspx?pid=277&trg=Content_6208&Content_6208=6187:1706322::0:6210:2:::0:0

 




GMO-fritt


Prisen på solsikkemjøl har stege med nesten ti prosent siste månaden. Årsaka er at  Tyrkia har innført eit regelverk om import av genmodifiserte sortar som tilsvarer EUs regelverk. I praksis er dette ei innstramming av råvareimporten til Tyrkia, og ei kraftig auke i etterspurnaden av ikkje-genmodifisert solsikkemjøl, som kan fraktast  via Svartehavet.


http://www.slf.dep.no/portal/page?_pageid=53,418236&_dad=portal&_schema=PORTAL&p_d_i=-121&p_d_c=&p_d_v=12195&p_d_i=-221&p_d_c=&p_d_v=12195




 



Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?


Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.



GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat.



GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no