Gennytt nr. 2 - 2009

4. februar 2009, årgang 11.

 

* Blålys for Gennytt

* Norsk professor åtvarar mot GMO - trur auken i talet på allergikarar har samanheng med genspleisa plantar.

 

* GMO gjer bøndene til slavar - både i USA, Australia og Burkina Faso

 

 

  

Fare for nedlegging av Gennytt

Gennytt står utan finansiering frå 1. mars 2009. Dersom ein ikkje får til ei ordning i løpet av februar, kjem ikkje Gennytt ut i mars og kan bli lagt ned. Eit anna alternativ er å overlate Gennytt til ein annan utgjevar. Ren mat har hatt ansvaret for Gennytt sia hausten 2006.

 

- Vi har drive med kronerulling, men Ren mat har måtte dra det tyngste økonomiske lasset, det har vi dessverre ikkje lenger råd til, seier redaktør Marte Rostvåg Ulltveit-Moe, som er skuffa over Miljøverndepartementet.

 

- Dei avslo søknaden vår, vi har og fått nei frå fleire andre private bedrifter og ideelle stiftingar.

 

Gennytt har vore drifta av ulike delar av miljørørsla sia starten i 1999, og ho meiner e-postbrevet har noko av æra for at norske styresmakter har ført ein restriktiv politikk på feltet.

 

- Kunnskap om GMO er stor i Noreg. Det er ein klar samanheng mellom kunnskapen blant folk og skepsisen til GMO-industrien. Jo meir folk veit, jo større føresetnader har dei til å vurdere informasjon om eit felt, seier Ulltveit-Moe, som vonar at dei som set pris på Gennytt  no hiv seg rundt og støttar vidare drift. Ta kontakt med Marte Rostvåg Ulltveit-Moe på tlf 97595967 eller e-post: marterum@oikos.no

 

 

 

Åtvarar mot genmanipulering

- Det kan vere ein samanheng mellom genmanipulert mat og den eksplosive auken av allergikarar i USA og Australia, seier professor og slimhinneekspert Per Brandtzæg ved Rikshospitalets patologiklinikk til Ren mat.

 

- Vi veit at dei siste 10 åra har førekomsten av allergi auka kraftig i USA og Australia, samstundes som folk et stadig meir genmodifiserte mais- og soyaprodukt. Eg ser det som sannsynleg at det er ein samanheng her, men det må sjølvsagt bevisast vitskapelig, seier professoren.

 

Dei insektresistente genmodifiserte plantane (Bt-plantane) produserer Cry-protein som skal ta knekken på skadeinsekt. Desse Cry-proteina kan opne opp barrieren i slimhinnene, på same måte som kolera-toksinet gjer. Det er kjent at Cry-protein og kolera-toksinet liknar kvarandre og har liknande effekt. Dersom Cry-proteina opnar opp slimhinnene kan vi bli mykje meir sårbare for å utvikle dei vanlege allergiane - mot nøtter, kumjølk, hønseegg m.m.

 

- Det er ikkje undersøkt korleis Cry-protein som vert produsert i ein genmanipulert plante verkar på slimhinnene til menneske. Det er dokumentert at Cry-proteina uttrykt i ein plante ikkje er heilt like dei Cry-proteina som er uttrykt i ein bakterie. Det er ubegripeleg for meg at dette ikkje er forska meir på, seier Brandtzæg, som meiner vitskapen har ei moralsk plikt til å undersøke årsakssamanhengane her før genmodifisert mat kjem i sal i enda fleire land.

 

http://www.oikos.no/newsread/news.asp?docid=10926&wce=lag_ren_mat

 

 

 

EU: GMO-dyrking vert trumfa igjennom

EU-kommisjonen vedtok i slutten av januar å arbeide for at to nye genmodifiserte maissortar, TC 1507 frå Pioneer og Bt 11 frå Syngenta vert godkjende for dyrking i EU. Begge to er reistente mot glyfosat, det verksame middelet i Roundup. Frå før er berre ein genmodifisert plante godkjent for dyrking i EU, mais Mon 810. Frankrike, Hellas og Ungarn har mellombels  forbod mot dyrking av Mon 810, men Kommisjonen ynskjer å oppheve desse forboda.

 

Desse sakene går no vidare i EU-apparatet. Utfallet er truleg klart: Ministerrådet klarer aldri å verte samde i GMO-saker, og saka går då attende til Kommisjonen, der fleirtalet vil trumfe godkjenninga gjennom, trass i motstand frå miljøkommissæren.

 

http://www.smabrukarlaget.no/tema/wto/wto_dagfordag.html

 

 

 

Frankrike: EU må verte sjølvforsynt

Her kan du og lese at franske bønder går føre i kampen mot GMO-fôr. Europa har gjort seg avhengig av import av store mengder fôrprotein. Blair-House-avtalen mellom EU og USA set tak på arealet EU kan bruke til proteinvekstar sjølv, noko som igjen fører til at EU importerer store mengder genmodifisert fôr. WWF Frankrike tek til orde for å bli mindre avhengig av fôrimport. og foreslår å senke kjøttforbruket i EU, å dyrke meir eng med innslag av proteinrike vekstar, og merking av husdyrprodukt som er framstilt utan GMO, melder TV5 Monde.

 

Den GMO-froe regionen Rhone-Alpes i Frankrike har allereie vedteke å arbeide for auka sjølvforsyning av fôr.

 

- Vi kan ikkje avvise GMO dersom vi ikkje hjelper bøndene med å klare seg utan, seier ein representant frå det franske småbrukarlaget Confédération paysanne. Det vert difor sett i gang eit rettleiingstilbod for å kartlegge ressursane på kvart enkelt bruk, og ut frå det legge ein plan for å auke sjølvforsyninga med fôr.

 

 

 

Sverige: Økonomi styrer valet av GMO-fôr

Salet av genspleisa soya gjekk ned i Sverige i fjor, men det er ikkje på grunn av at bøndene er vorte meir skeptiske, i følgje Lantmännen. I fjor selde selskapet 5 000 ton genspleisa soya,  det vil seie mellom  10 og 15 prosent av den totale omsettinga til bønder, det er ein reell nedgang i høve året før, det talet var kring 25 prosent.

 

Sjefen for fôrdivisjonen i Lantmännen Lantbruk, Lennart Nilsson, trur at prisutviklinga kan gjere den genmodifiserte soyaen meir interessant att. I dag kostar GMO-fri soya 25 dollar meir pr tonn.

 

- Vi reknar med at skilnaden vil auke til 50 dollar til våren, seier han.
http://www.atl.nu/Article.jsp?article=51029&nyhetsbrev&a=Ekonomi%20styr%20valet%20av%20genmodifierat

 

 

 

USA: Eit snev av dobbeltmoral?

USA planlegg ei lov som skal hindre utanlandsk GMO-mat frå å kome inn i landet - dersom den" kan truge landbruk, miljø eller folkehelse"....

 

http://www.newscientist.com/article/mg20126923.300-us-prepares-to-block-influx-of-gm-food.html

 

 

 

USA: GMO-positiv minister

Dei aller fleste amerikanske miljøvernarane er skuffa over valet til Obama av Tom Vilsack som landbruksminister. Vilsack gått inn for genmodifisert mat. Økomiljøet meiner likevel Vilsack har synt seg å vere ein progressiv fyr som det er mogleg å kome i dialog med.

 

http://www.gronnhverdag.no/artikkel.php?id=3993

 

 

 

Auka risiko med kombinerte GMOar

Dei fleste nye genmodifiserte organismar er kombinerte GMOar, som er tilført fleire ulike eigenskapar. I USA er ein GMO med åtte tilførte eigenskapar no på veg ut på marknaden.

 

Desse byr på ei rekke nye utfordringar i høve risiko, regelverk og påvisning/merking. Forskarar frå Belgia, Frankrike og Noreg har sett på desse utfordringane i ein artikkel som nyleg vart publisert i tidsskriftet Environmental Biosafety Research.

 

Risikovurderinga må til dømes ta omsyn både til dei enkelte eigenskapane og til moglege utilsikta effektar av å kombinere eigenskapar.

 

http://www.vetinst.no/nor/Nyheter/Kombinerte-GMOer-gir-nye-utfordringer

 

 

 

GMO: Framtidas mat eller slavedrift?

- Genmodifisert mais og soya har gjort bøndene her til slavar. Er det sånn vi vil ha det? spør bondelagsleiar Chris Petersen i Iowa i samtale med Bergens Tidende, som i ein omfattande artikkel tek pulsen på haldningane til GMO både i Noreg og USA.

 

http://www.bt.no/utenriks/article780041.ece

 

 

Australia: Reelle slavekontraktar

Bønder som dyrkar genmodifisert canola opplever at jorda mistar verdi fordi kontraktane dei har inngått med frøselskapa vil følgje jorda om ho vert seld. Den som driv jorda vert økonomisk ansvarleg dersom det finst GM-plantar utan at det er inngått avtale med selskapet. Å gå attende til konvensjonell produksjon kan difor vise seg umogleg. Rettsakar mellom bonde og frøselskap vert av erfaring svært dyre for bonden, skriv

http://www.infogm.org/

 

Også New Zealand kan tape på GMO. Forskarar ved Lincoln-universitetet konkluderer med at  dyrking av genspleisa potet kan føre til tap av turistinntekter på kring 90,5 millionar euro pr. år. Tap av eksportinntekter kjem i tillegg.

 

 

 

Brasil: GMO løyser ingen problem, tvert om

Omlegginga til genmodifiserte avlingar har ført til meir bruk av kjemiske sprøytemiddel i Brasil, og har ikkje auka produksjonen

 

- Genmodifiserte plantar har ikkje nådd nokre av måla om auka mattryggleik og utviking for dei fattigaste, seier professor Janice Jiggins, i ein IAASTD-rapport om det globale jordbruket,

 

- Dei patenterte genplantane har også ført til ein større konsentrasjon i eigeforholda til jorda, drive dyrkingskostnadene i veret og teke ifrå bøndene retten til å bruke eige såkorn, noko som elles er vanleg i utviklingsland, seier Jiggins. Konklusjonen er at genteknologi ikkje løyser matkrisa, og at verda heller må satse på eit meir økologisk landbruk.

 

http://www.naturskyddsforeningen.se/natur-och-miljo/jordbruk-och-mat/genteknik/gengrodor-inte-hallbart/

 

 

 

Burkina Faso: Monsanto til angrep

Så langt har bøndene i Vest-Afrika motsatt seg å bruke dyre GMO-ar, noko som har ført til at  Monsanto går til frontalangrep på det svakaste leddet i regionen, det lutfattige Burkina Faso med den korrupte presidenten Blaise Compaoré.

 

http://www.lmd.no/index.php%3Farticle=11827

 

 

 

GMO og rettane til bønder

På eit seminar ved Fridtjof Nansens Institutt fredag var GMO og genressursar tema, les innlegga på: http://www.fni.no/news/090130.html

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat. Nyheitsbrevet vert finansiert ved kronerulling. Denne utgåva er støtta av Ren Mat.

GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat

Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no