Gennytt nr. 3 - 2009

19. februar 2009, årgang 11.

 

 

* Matvarekjedene skeptiske til genmat

* Redningsaksjon for Gennytt

* Nye skadeinsekt går til åtak på genspleisa bomull i USA

 

 

Noreg: Kven vil selje genmais?

Dei norske matvarekjedene har ulikt syn på GMO, viser ei undersøking Ren mat har gjort. Dersom det vert tillete å selje genmodifisert mais i Noreg, vil Norgesgruppen (Ultra, Meny, Kiwi og Spar) ta slike produkt inn i sine hyller, medan Ica-kjeden er meir kritisk. Rema 1000 og Coop uttrykker sterkast skepsis til genmodifisert mat generelt, og ynskjer ikkje å selje matvarer som inneheld GMO.

 

- Det må dokumenterast fordelar ved eit genmodifisert produkt før det vert aktuelt for oss, seier miljøsjef Knut Lutnæs i Coop.

 

Alle landbruksorganisasjonane er mot bruk av GMO til mat og dyrefôr.

 

- Vi vurderer situasjonen fortløpande, men ingenting tilseier at vi vil endre standpunkt med det første, seier administrerande direktør Ole-Jakob Ingeborgrud i Norsk Landbrukssamvirke, på vegne av heile den norske landbruksfamilien.

 

Norgesgruppen vil overlate avgjerda til styresmaktene, som har kompetansen.

 

- Det er ikkje vår jobb å drive politikk, og vi vonar på ei eintydig avgjerd frå Miljøverndepartementet, seier konserndirektør for informasjon og samfunnskontakt i Norgesgruppen, Per Roskifte.

 

Direktoratet for Naturforvaltning har rådd Miljøverndepartementet til å tillate dei to sprøytemiddelresistente maistypane T25 og NK 603. Tilrådinga har vorte kraftig kritisert, mellom anna av Bioteknologinemnda.

 

Dette er fôrmaistypar, men dei er også søkt godkjent som mat. Årsaka kan vere at det er vanskeleg å sikre at plantesortar som er godkjende til fôr ikkje hamnar i matvarer. Dermed kan det for første gang verte tillete å selje genmodifisert mais i norske daglegvarebutikkar.

 

http://www.oikos.no/newsread/news.asp?docid=10996&wce=lag_ren_mat

 

 

 

Redningsaksjon for Gennytt

- Vi er veldig glade for alle godord vi har fått om Gennytt. Vi har også fått nokre løfte om økonomisk støtte, seier redaktør Marte Rostvåg Ulltveit-Moe i Ren mat, som gjev ut Gennytt.

 

- Når vi har nok pengar til å drive Gennytt ut 2009, vil nyheitsbrevet bli relansert. Vi vonar dette kan skje tidleg i mars.

 

Ho oppmodar alle som ynskjer at Gennytt skal leve vidare til å spa opp litt pengar kvar. Det kostar ikkje meir enn 66 000 kroner å gje ut Gennytt i et heilt år.

 

- Vi vonar også at vener av Gennytt vil vere med på å få opp talet på abonnentar ved å spreie informasjon om Gennytt i sine nettverk, seier Ulltveit-Moe.

 

 

 

GMO-debatt om Frankensteinmat på nettet

Genmodifisert mat kan redde verda frå svoltkatastrofe, meiner Heidi Nordby Lunde, debattredaktør i ABC Nyheter og Høgrepolitikar.

 

- USA meiner EU sine haldningar er umoralske og uvitskaplege, medan EU skuldar  amerikanarane for å presse utviklingslanda til å velje mellom import av genmodifiserte frø som kan ureine eigne avlingar eller å la innbyggjarane svelte. Dette har utvikla seg til ein handelskrig der frontane er steile. Denne debatten står Noreg heilt utafor, skriv Lunde, som dermed har skapt debatt på http://www.abcnyheter.no/node/83471

 

 

 

USA: Fleire svoltne insekt i GMO-åkrane

Bomullsbønder i USA slit med stadig fleire nye skadedyr etter at dei byrja å dyrke genmodifisert bomull. Dei sprøyter mindre mot dei tradisjonelle skadeinsekta, men opplever ein enorm auke i nye typar som skadar avlingane. Dette kom fram på den årlege Beltwide Cotton Conferences i San Antonio.

 

http://deltafarmpress.com/cotton/beltwide-insects-0202/

 

 

Frankrike: GMO-striden blussar opp

Ein fersk rapport frå det franske mattilsynet (Afssa) konkluderer med at maisen MON810 ikkje utgjer noko helsefare. Men regjeringa vil ikkje endre på forbodet fordi rapporten ikkje seier noko om miljøkonsekvensane.

 

- Vi står fast ved forbodet i påvente av avgjerda i EU-kommisjonen, som vi vil respektere, seier statsminister Francois Fillon. (Dagbladet 18.02)

 

http://uk.reuters.com/article/rbssIndustryMaterialsUtilitiesNews/idUKLC50438220090212

 

 

Men heller ikkje sist måndag klarte ekspertane i EU-kommisjonens å verte samde om å godkjenne eller ikkje godkjenne moratoria mot den genmodifiserte maisen MON 810 som Hellas og Frankrike har innført. Saka vert dermed send attende til Ministerrådet.

 

http://www.google.com/hostednews/afp/article/ALeqM5g5UC4dqHX5lo8ZjraGHeq1TwVQrQ

 

 

 

EU: Ingen GMO-felt skal vere hemmelege

Alle har krav på å vite kvar GMO vert dyrka, slår EU-domstolen fast. Risikoen for at denne informasjonen skal nyttast til å øydelegge avlingane er ikkje nok til å hemmelegstemple lokalitetane.

 

http://www.dw-world.de/dw/article/0,,4036841,00.html

 

 

 

Georgia: Vil forby GMO

 Georgia vil erklære seg som eit GMO-fritt land, skriv russiske Novosti.

 

- Jordbruket i Georgia skal vere sunt og økologisk reint, og eg vil instruere regjeringa til å sikre seg at genmodifiserte produkt vert forbode, slik det er i ein del land i Aust-Europa og i CIS, sa president Mikhail Saakashvili på ein lokal TV-kanal nyleg.

 

http://www.organic-market.info/web/News_in_brief/Genetic_Engineering/Georgia/176/188/0/5085.html

 

 

 

Peru: Bruk forbrukarmakta!

- Folk i Peru må boikotte mat som inneheld GMO, og krevje merking av slik mat, seier den franske journalisten Marie-Monique Robin, i eit lengre intervju med Latinamerica Press. Ei ny lov som skal tillate GMO er på trappene i landet. Robin stod bak boka og dokumentarfilmen The World According to Monsanto.

 

http://www.latinamericapress.org/articles.asp?art=5792

 

 

 

Genteknikken spreier seg

GMO-areala i verda veks stadig. I 2008 utgjorde dei 125 millionar hektar, det er 9,4 prosent meir enn året før.

 

I følgje ein rapport frå ISAAA, samarbeidsorganet for GMO-produsentar, dyrka 25 land GMO i fjor, dei tre nye landa som kom til var Burkino Faso, Egypt og Bolivia.

 

Seks europeiske land står på lista, men her er det førebels snakk om små areal på under 50 000 hektar. USA står for halvparten av GMO-arealet i verda.

 

http://www.landbrugsavisen.dk/Nyheder/Netnyheder/2009/2/12/Stor%20vaekst%20i%20verdens%20areal%20med%20gmo-afgroeder.htm

 

 

 

Belgia: Genspleisa poplar

Den belgiske regjeringa ynskjer å gje grønt lys for et forsøksfelt med genmodifiserte poppeltre, skriv http://www.rtlinfo.be/

 

 

 

Konferanse og debatt: Tillit til matmerking?

Naturviterne inviterer til stor konferanse og debatt tysdag 24. februar kl. 10.00 - 15.00 på Håndverkeren i Oslo.

 

I Noreg finst regelverk for merking av all mat, både med og utan innpakning. Naturviterne ynskjer å debattere korleis maten vert merka, og om informasjonen til ei kvar tid er god nok. Møtet er ope og gratis for alle.

 

http://www.naturviterne.no/?module=Articles;action=Article.publicShow;ID=2301

 

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat. Nyheitsbrevet vert finansiert ved kronerulling. Denne utgåva er støtta av Ren Mat.

GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat

Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no