Gennytt nr. 5 - 2009

1. april 2009, årgang 11.

 

* Importløyve eller ikkje - fiskefôrprodusentane kan framleis bruke
prosessert GMO. Så langt har dei ikkje nytta høvet, men det vert stadig
vanskelegare å skaffe soya og mais som ikkje er genmodifisert

 

* GMO gjer maten dyrare, medan frøselskapa håvar inn profitten.

 

* Gennytt er sikra stabil finansiering

 

Framleis lovleg med steindau GMO

Norske fiskefôrprodusentar står framleis fritt til å bruke GMO så lenge
fôret vert merka. Det finst ingen krav til merking av sjølve fiskeproduktet
med at fisken har ete fôr med GMO.

 

Regelverket gav løyve til bruk av 19 typar genmateriale i fiskefôr i ein
overgangsperiode mellom 2005 og 2008.

 

- Denne perioden er forlenga i påvente av enden på ein særs langdryg prosess
i EØS, seier Henrik Stenwig, direktør for helse og kvalitet i FHL (Fiskeri-
og havbruksnæringens landsforening) .

 

- Importsøknaden for maistypane NK603 og T25, som framleis ligg hos
Miljøverndepartementet, har ingenting med oss å gjere fordi
fiskefôrindustrien ikkje har behov for spiredyktig plantemateriale,
forklarer han.

 

Avdelingsdirektør Lindis Nerbø i Miljøverndepartementet stadfestar at det
føreståande vedtaket om import av GMO berre gjeld spiredyktig GMO.

 

- Våre vedtak fell inn under genteknologilova, og gjeld ikkje prosessert
GMO, som har eige regelverk, seier ho. Det er dette regelverket som gjer at
oppdrettsnæringa kan bruke genspleisa materiale, utan å kome i konflikt med
genteknologilova. Men mellombels vert GMO ikkje nytta at dei tre store
fôrprodusentane Skretting, Ewos og Biomar. Dei ventar på oppdrettarane.

 

- Vi forheld oss til det råvarene som er lovlege, og ventar på kva
oppdrettarane ynskjer, seier kommunikasjonssjef Lillian Høivik i
fôrprodusenten Skretting.

 

- Norsk laks skal konkurrere med andre proteinleverandørar, og i EU er 80 %
av fôret allereie produsert med GMO. Dessutan vert GMO-fri mais og soya
mindre og mindre tilgjengeleg, og om prisskilnaden vert stor nok, vert det
ikkje råd å konkurrere og genmodifisert fôr vil tvinge seg fram, seier
Høivik. Dette er Stenwig samd i.

 

- Oppdrettsbransjen er imot genmodifisering av fisk, men ikkje bruk av GMO i
fôr. Bondelaget kan vere meir prinsipielle, men dei meiner også at bruken av
GMO-fôr må vegast opp mot økonomi, seier han.

 

- Skilnaden er at oppdrettsnæringa treng både globale råvarer og ein global
marknad, og vi er ikkje subsidierte. Dermed vil det som skjer på verdsbasis
slå inn tidlegare oss enn hos bøndene, meiner Stenwig.

 

 

 

Genplantar gjer maten dyrare

Det er berre dei store frøselskapa som tener pengar på GMO. Matvarebransjen
og resten av matvarekjeden vert påført milliardar i ekstrautgifter med
kontrollar, analyser, overvåking og ekstra rensing av maskiner. Det viser ei
undersøking dr. Christoph Then har gjort for BÖLV, dei tyske
økoprodusentane, skriv Nationen 26. mars.

 

I tillegg har prisen på såvare skutt i veret på soya, mais og bomull, slik
at for bonden er kostnadene ofte større enn vinsten ved bruk av genspleisa
plantar.

 

- Agroselskapa tener på genteknikk fordi kundane må ta kostnadene. Dette
gjev grunnlag for å stille politisk krav om at den som ureiner skal betale,
seier Peter Röhrig, genteknikkekspert i BÖLW.

 

http://www.boelw.de/

 

 

 

Frankrike: Vil ha innsyn i GMO-testar

Det franske forskingsinstituttet Criigen (Comité de recherche et
d'informatyion indépendentes sur le génie GENétique) har overlevert i
overkant av 43.000 underskrifter til den franske regjeringa med krav om
større openheit om genmodifiserte organismar. I dag vert søknader om
godkjenning av GMO-ar handsama slik at råmaterialet i testane for helse,
tryggleik og miljø vert halde hemmeleg for offentlegheita. I praksis er det
søkjarselskapet som sjølv utfører testane, medan offentleg
godkjenningsinstans berre kontrollerer innleverte rapportar. Det er ikkje
mogleg for politikarar, media eller andre å få innsyn i testane. Criigen
fryktar at "signifikante effektar kan skjulast i mange dokument".

 

http://www.criigen.org/

 

 

 

EU: Bort med overordna regelverk for GMO-dyrking?

Nederland lanserer eit forslag til korleis EU skal kome vidare når det gjeld
godkjenning av GMO-ar; skilje lovene for import og dyrking.

 

Landet, som truleg vert raskt ute med dyrking av GMO om det vert tillete,
meiner at kvart enkelt land bør kunne avgjere om det skal vere lov å dyrke
GMO. Import for bruk i fôr eller mat skal i følgje forslaget framleis
godkjennast på EU-nivå. Elleve EU-land er positive til forslaget.
http://www.atl.nu/Article.jsp?article=52453&nyhetsbrev&&a=Stöd%20för%20självbestämmande%20om%20gmo-grödor

 


 

Sør-Afrika: Uår for GM-maisavlingar

Sørafrikanske bønder har tapt millionar i inntekt etter at 82 000 hektar
avlingar med genmodifisert mais slo feil. Det skjedde rett og slett inga
pollinering.

 

Monsanto skuldar på ein feil i prosessen på laboratoriet, og nektar for at
avlingssvikten har noko med genmodifiseringa å gjere. Selskapet lovar
bøndene kompensasjon.

 

Anti-GMO-lobbyen meiner at maisfloppen er eit teikn på kva ein kan vente seg
av verre ting i framtida.

 

- Vi kjem stadig over nye, utilsikta bieffektar av GMO, seier talsmann
Andrew Taynton.

 

http://www.digitaljournal.com/article/270101

 

 

 

Luxemburg: Femte EU-land som forbyr GM-mais

Luxembourg gjer som Ungarn, Austerrike, Hellas og Frankrike når landet no
varslar forbod mot dyrking av den genmodifiserte maissorten MON810.
Helseminister Mars Di Bartolomeo grunngjev forbodet med "miljø, landbruk og
helsa til forbrukarane". Luxembourg tek i bruk EUs sikkerhetsklausul for å
kunne forby MON810, og stør samstundes vedtaket i Ministerrådet om ein ny
GMO-politikk.

 

http://greenbio.checkbiotech.org/news/luxembourg_become_fifth_eu_country_ban
_monsanto_gm_maize

 

 

 

EU: GMO-raps godkjent

EU- kommisjonen har godkjend den genmodifisert rapsen T45 frå Canada for
bruk som mat og fôr, import og bearbeiding i ti år. Den er genspleisa for å
tåle ugrasmiddel. Det er i dag 26 godkjende GMOar i EU. I tillegg ligg det
kring 90 søknader om godkjenning av nye GMOar for kommersiell bruk, 17 av
desse gjeld dyrking.

 

http://www.reuters.com/article/marketsNews/idUSLA44533320090310

 

 

 

Italia: Vatikanet seier nei til GMO

Italienske miljøvernarar jublar for pave Benedikt, som refser multinasjonale
selskap for plyndring av naturressursar og spreiing av GMO i fattige land...

 


- Vi har venta i 15 år på denne støtta frå den katolske kyrkja, seier
Fabrizia Pratesi, koordinator i EQUIVITA Scientific Committee, som tykkjer
utspelet gjev von om ei betre verd.

 

http://www.equivita.it/

 

 

 

Polen: Sveltestreik og stortromme mot GMO

Åtte aktivistar har gått til sveltestreik mot GMO, etter initiativ frå
polske økobønder. Dei protesterer mot ukontrollert spreiing av GMO, særleg
MON 810 og utstrakt bruk av GMO i dyrefôr.

 

http://www.gmo-free-regions.org/stop-the-crop-action/pl.html

 

 

Andre GMO-motstandarar vil halde verdas lengste trommekonsert 24. og 25. mai
for å gjere Polen og resten av verda GMO-fri. Wojtek Sowka byggjer verdas
største tromme, målet er å kome i Guinness rekordbok.

 

http://www.stop-gmo.info/

 

 

 

Gennytt lenge leve!

Takka vere pengar frå Miljøverndepartementet er Gennytt no sikra stabil
finansiering. Ein stor takk til alle støttespelarar den siste tida som fekk
oss over kneika.

 

Vi ber om at alle med interesse for GMO-debatten spreier nyheitsbrevet
vidare - jo fleire abonnentar jo sterkare står vi i framtida. Send det
vidare til alle potensielle lesarar, eller send oss eit tips med
epostadresser til dei som kan ha interesse av nytt om GMO.

 

 

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut
to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve
av magasinet Ren Mat.

 

GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat

 

Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no