Gennytt nr. 6 - 2009

17. april 2009, årgang 11.

 

* Patent på genspleisa husdyr aukar fokuset på og motstanden mot all genmanipulering

 

* Tyskland følgjer andre EU-land og forbyr dyrking av maisen MON810. Den norske landbruksministeren gler seg over forbodet, det gjer ikkje Monsanto, som truleg går til søksmål.

 

* Bønder som dyrkar GMO får ikkje større avlingar enn andre, viser uavhengig amerikansk forsking.

 

 

Tyskland: Patent på "stakkars kreatur" skapar storm

Tusenvis av bønder og andre miljøforkjemparar demonstrerte i München denne veka mot patentering av plantar og dyr. Bakgrunnen var at Monsanto har teke patent på ein genmodifisert gris. Ei rekke organisasjonar, mellom anna The No Patents on Life, fryktar at slike patent m.a. vil føre til at bønder i utviklingsland mistar retten til eigne frø, og ytterlegare forverre den globale matvarekrisa.

http://www.no-patents-on-seeds.org/index.php?option=com_content&task=blogcategory&id=3&Itemid=28&lang=de

 

Patent på plantar og dyr kan gje selskap som Monsanto enorm makt over matproduksjonen i verda, ikkje minst i utviklingsland. Seniorforskar og jurist Morten Walløe Tvedt ved Fridtjof Nansens Institutt seier til Gennytt at dersom ei avling vert iblanda patentert såkorn, kan dyrkinga i seg sjølv innebere ei krenking av patentet, sjølv om bonden ikkje veit om iblandinga. Ein veit no at GMO-ar spreier seg raskt og ureinar konvensjonelle åkrar i stort omfang.

- Det problematiske med patent innafor husdyravl er at nokre av avlsmetodane som vert prøvd patentert er heilt alminnelege avlsmetodar, fortel han.

- Eit urovekkande faktum er at Monsanto ikkje driv stor husdyravlsproduksjon, slik at dei mange patentsøknadene selskapet har levert inn kan tyde på at dei prøver å skaffe seg marknadsmakt innafor husdyrsektoren berre ved hjelp av rettslege mekanismar - utan nokon ambisjon om å skape innovasjon innafor denne sektoren, seier Tvedt.

Grisepatentet kan også ramme norske selskap som Norsvin International. Eit patent på ein avlsmetode vert og krenka ved import. Det betyr at dersom norske avlsmiljø nyttar den patenterte metoden, vil produktet av denne metoden krenke patentet om det vert seld til eit land der patentet er godkjent.

 

16. juli 2008 sa EPO ja til patent på gris. Monsanto var den opphavlege patentsøkaren, men patentrettane er no seld til eit anna amerikansk selskap, Newsham Choise Genetics. Programkoordinator i Utviklingsfondet, Teshome Hunduma Mulesa, seier til Gennytt at Greenpeace i Tyskland saman med ei rekke andre støttespelarar, vil klage inn avgjerda fordi dei meiner at patentet strid mot den europeiske patentkonvensjonen. Den seier at vesentlege biologiske prosessar for framstilling av plantar og dyr ikkje skal kunne patenterast.

- Det er Utviklingsfondet samd i. Noreg må gjere alvor av sin sjølverklærte restriktive patentpolitikk og intervenere i plante- og dyrepatent. Vi ynskjer også at Noreg/EFTA aldri må krevje at u-land skal innføre patent på plantar og dyr i handelsavtalar, seier Mulesa.

 

Tyskland: Jubel for tysk GMO-forbod

Den tyske landbruksministeren Ilse Aigner har nedlagt forbod mot dyrking av genmaisen MON810, og møter sterk kritikk frå eiga regjering. Bønder, naturvernorganisasjonar, honningprodusentar og forbrukarar har pressa fram forbodet, nyleg vart over 54 000 underskrifter mot genmais levert landbruksministeren.

MON810 har ei innebygd gift som dreper skadedyr, og er den einaste genmanipulerte maisen som er godkjent for kommersiell dyrking i EU. Aigner grunngjev forbodet med risikoen for skadeverknader for menneske, dyr, plantar og miljø. Ho viser til to nye studie, som viser stor risiko for at maispollen spreier seg og at  MON810 ikkje berre drep skadedyr, men også marihøner og andre nytteinsekt.

http://www.nationen.no/landbruk/article4263673.ece

 

Brekk glad for tysk GMO-forbOd

I Noreg ligg det to søknader om gen-mais til behandling i Miljøverndepartementet.  Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) meiner det tyske forbodet styrkar motstanden mot gen-mais i Noreg.

- Eg er kjempeglad, dette er heilt i tråd med mine tilrådingar til Miljøverndepartementet, seier han til Nationen.

Statssekretær i Miljøverndepartementet Heidi Sørensen (SV) tykkjer det er interessant at den tyske landbruksministeren sier nei på grunn av mogleg økologiske konsekvensar

- Det er nettopp det som er ambisjonane i den norske genteknologilova: å unngå uønska smitte, i både det konvensjonelle landbruket, det økologiske landbruket og naturen elles, seier Sørensen, som ikkje vil kommentere om det tyske forbodet får konsekvensar for handsaminga av GMO-søknadene i Noreg.

http://www.nationen.no/landbruk/article4265070.ece

 

Monsanto godtek ikkje forbodet

Produsenten av MON810, Monsanto, er naturleg nok lite glade for det tyske forbodet, og vurderer å rettslege tiltak, slik dei allereie har gjort mot Frankrike.

- Vi har lova på vår side, og vil kjempe for at tyske bønder skal få sette ut MON810 denne våren, seier Ursula Luettmer-Ouazane, direktør i Monsanto i Tyskland. Ho held fast ved at den genmodifiserte maisen er heilt trygg for helse og miljø.

http://news.yahoo.com/s/afp/20090415/ts_alt_afp/germanyusenvironmentbiotechgmomonsanto

 

Monsanto slit tungt i Sør-Afrika

Monsanto vil betale erstatning til dei sørafrikanske bøndene som fekk avlingane sine totalt øydelagt i fjor etter å ha gått over til genmodifisert mais.

http://in.reuters.com/article/governmentFilingsNews/idINN0220100420090402

 

Danmark: Professor vil genmodifisere økolandbruket

Formannen for Det Strategiske Forskningsråd meiner at Danmark skal bruke GMO dersom landet skal halde fram i det økologiske toppskiktet. Professor Peter Olesen seier til avisa Børsen at økologisk mat er i ferd med å miste meirverdien sin på grunn av fordommar mot GMO.

http://www.landbrugsavisen.dk/Nyheder/Netnyheder/2009/2/19/Professor%20Dansk%20oekologi%20skal%20vaere%20genmodificeret.htm

 

Inga avlingsauke med GMO

Genmodifiserte plantar gjev svært liten avlingsauke, er konklusjonen i ein rapport frå Union of Cencerned Scientists, ei uavhengig forskargruppe knytt til Massachusetts Institute of Technology. Gjennom fleire år har industrien ropt ut at dei vil fø verda, og lova at GMO-ar vil gje større avlingar. Men etter tjue år med forsking har amerikanske bønder knapt opplevd nokon avlingsauke.

For ein soya- og ein maissort, begge resistente mot ugrasmiddel, er det ikkje registrert avlingsauke i det heile. For den insektgiftproduserande maissorten MON810, som er forbode i stadig fleire europeiske land, er det registrert ein "marginal" avlingsauke i normalår. I år med mykje skadeinsekt har den genmodifiserte maisen gjeve ein avlingsauke på mellom 7 og 12 prosent.

http://www.ucsusa.org/food_and_agriculture/science_and_impacts/science/failure-to-yield.html

 

Argentina: Helsefarleg landsbyliv

Den argentinske landsbygda er vorte ei "helsekatastrofe" og er meir ureina enn byane på grunn av sprøytemiddel, i følgje den lokale miljøvernorganisasjonen the Rural Reflection Group (GRR). Den har sia 2006 kartlagt effekten av sprøyting med glyfosat (Roundup) frå fly, som vert nytta på genmodifisert soya. Kreft blant unge, fødselsdefektar og lupus er blant sjukdomane som aukar, i følgje tal frå m.a. distriktslegar.

http://www.ipsnews.net/news.asp?idnews=45974

Argentina: Mistanke om fødselsskadar

Ei vitskapleg gransking som vart offentleggjort sist måndag stadfestar dette. Ugrasmiddel som vert nytta i store mengder på genmodifisert soya kan vere årsaka til auka fosterskadar, seier embryolog og professor Andres Carrasco
http://www.laht.com/article.asp?ArticleId=331718&CategoryId=14093

 

USA: "Sunn" gensoya

Ein ny type genmodisfisert soya kjem på den amerikanske marknaden i løpet av året. Den vert marknadsført som ekstra sunn, fordi den skil ut mindre skadelege stoffar når den vert varma opp.

http://www.gmo-compass.org/eng/news/429.docu.html

 

Cuba: Testforsøk med eigenutvikla GM-mais

Genmodifisert mais er utvikla på CIGB, det cubanske senteret for bioteknologi, og testforsøk er gjort i fem provinsar på den karibiske øya. Diskusjonen kring forsøka har førebels gått føre seg i lukka rom.

http://www.ipsnews.net/news.asp?idnews=46470

 

Europa: Ein stadig større del av Europa vert GMO-fritt

Her finn du oppdatert kart over GMO-frie soner i Europa:

http://www.gmo-free-regions.org/gmo-free-regions/maps/map.html

 

Genialt...

Sjå Utviklingsfondet vesle, GENiale animasjonsfilm:

http://www.utviklingsfondet.no/genialt/

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat.

GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat

Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no