Gennytt nr. 8 - 2009

20. mai 2009, årgang 11.

  

* GMO-motstandarar i Romania slåst mot korrupsjon og er særdeles skeptiske
mot frøkvelvet på Svalbard.

 

* To av tre verksemder har manglande eller ikkje gode nok rutinar for å
unngå innblanding av genmodifisert materiale i produkta sine.

 

* Dansk grasfrøprodusent gjev opp forsking på GMO etter ti år

 

 

 

Cluj, Romania: GMO-kamp på kniven og skepsis mot frøkvelv

 

GMO-motstandarane i Romania fører ein tøff kamp mot stadig større areal
genmodifiserte avlingar. Ramona Duminicioiu er ein av fem tilsette i
organisasjonen Inf'OMG Romania i Cluj Napoca, og seier til Gennytt at sjølv
leiaren for den største bondeorganisasjonen i landet er ein ihuga
GMO-forkjempar med nære relasjonar til Monsanto.

 

- Det er reine mafiastrukturen, og leiaren representerer slett ikkje
bøndene. Romania er gjennomkorrupt, seier ho til Gennytt. Vi møtast på ei
kafé i Cluj, i veska har ho ein tjukk bunke kopiar av nye GMO-søknader ho
skal gå igjennom, kommentere og levere grundige analyser av før
høyringsfristen går ut..

 

- Nokre av søknadene gjeld GMO-ar som er resistente mot sjukdomar som ikkje
eksisterer her i landet ein gong, sukkar ho.

 

Visepresidenten i Inf'OMG Romania er vitskapsmannen Aurel Maxim. Tidlegare
arbeidde han med eit skandaleråka GMO-forsøk med plommer, men konverterte og
underviser no ved universitetet i Cluj. Han er einaste GMO-motstandaren i
eit råd nedsett av miljøvernministeren.

 

Ramona får ei djup rynke i panna når vi fortel om frøkvelvet på Svalbard.

 

- Dette var inga god nyhende. Dette er noko Monsanto treng! Det viktige er å
halde frøa i live ved å dyrke dei, ikkje fryse dei ned. Bill Gates, som er
ein av bidragsytarane til frøkvelvet, er ein stor GMO-helt, seier Ramona.

 

Romania er den nest største GMO-produsenten i Europa etter Spania. I 2007
gjekk bøndene over frå å dyrke GM-soya, som vart forbode i EU, til GM-mais.
Men forbodet gjeld berre på papiret, den genmodifiserte soyaen finst enno i
åkrane.

 

- Situasjonen er ute av kontroll, og vi har starta ein ny kampanje for
GMO-merking. Greenpeace har avslørt at mellom 60 og 90 prosent av soya merka
GMO-fri, inneheldt GMO. Då er ikkje merkinga mykje verdt. Men analysane dei
gjorde vart ikkje godkjend, så vi vil ta nye stikkprøver no, og velje eit
laboratorium som ikkje kan underkjennast. Det einaste i Romania er eigd av
staten, vi stoler ikkje på dei. Vi skal sende prøvene til Ungarn eller
Bulgaria, forklarer Duminicioiu.

 

- Men vi må få nokre politikarar med oss. Heile parti er umogleg, då måtte
vi inngå kompromiss, og det gjer vi ikkje! fastslår juss- og
miljøvitskapsstudenten, som ikkje forstår når ho skal få tid til å ta
eksamen.

 

 

 

Noreg: Dårlege rutinar, mange GMO-spor

 

I 2008 vart det påvist ulovleg innhald av genmodifisert materiale i fem av
142 undersøkte prøver - ein av næringsmidlar og i fire fôrvarer. Spormengder
av genmodifisert materiale vart påvist i ein av seks næringsmiddelprodukt og
i to av tre undersøkte fôrvarer. Det viser Mattilsynets tilsynsprosjekt på
genmodifisert mat og fôr.

 

To av tre kontrollerte næringsmiddelverksemder hadde manglande eller ikkje
gode nok rutinar for å unngå innblanding av genmodifisert materiale i sine
produkt.

 

- Når så mange har manglande dokumentasjon på at spormengder er utilsikta
eller teknisk uunngåeleg, må fleire utarbeide betre rutinar i
internkontrollsystema sine, seier rådgjevar Monica Wear Stubberud i
Mattilsynet. Det vart berre avdekka funn av ulovleg innhald av genmodifisert
materiale i eitt risprodukt - med påfølgjande omsetningsforbod og retur av
produktet.

 

http://www.mattilsynet.no/gmo/tilsynsprosjekt/resultater_fra_tilsynsprosjekt_p__genmodifisert_mat_og_f_ocirc_r_i_2008_69851

 

 

 

Danmark: Frøfirma legg ned GMO-forsking

 

Danske DFL Trifolium gjev opp forskinga si på GMO av økonomiske årsakar og
frustrasjon over den trege godkjenningsprosessen i EU.
- Eg har kjempa for GMO heile livet, og vil halde fram med det, seier Klaus
K. Nielsen til svenske Grovvarenyt. Helene Power er GM-ansvarleg ved
Landbruksdepartementet, og tykte det var veldig trist å høyre at dei legg
ned.

 

- Men eg forstår frustrasjonen, å få et GMO-produkt godkjent kostar kring ti
millionar kroner, og eg er uroa for den framtidige EU-kompetansen i genetisk
modifisering dersom Europa vert drenert for kunnskap som ikkje kjem attende,
seier ho. Power peikar på ein annan effekt; at selskapa prøver å omgå
GMO-lovane ved å endre plantane med andre metodar, til dømes kjemisk syntese
av heile genomet.
- Det er eit vell av teknologiar som ordlyden i lova ikkje omfattar.


http://www.chemicalnet.se/iuware.aspx%3Fpageid=792%26ssoid=101685

 

 

 

Belgia: Genmodifiserte tre

 

Global Forest Coalition og STOP GE Trees Campaigne krev stopp i eit belgisk
prosjekt for utplanting av genmodfiserte poplar for energiføremål. Det er
allereie planta ei rekke av dei genmodifiserte trea. Poplar veks over store
delar av kloden, og formeirar seg ukjønna og ved vegetative skot. Nye skot
skyt frå stubbar når trea er hogde. I praksis vil det difor vere uråd å
hindre uønska spreiing av poplane. Dei bind 30 prosent mindre karbon i treet
og 70% mindre karbon i jorda enn vanlege poplar

 

http://www.globalforestcoalition.org/news/view/164

 

 

 

Spania: Bønder mot røkla

 

Spanske bønder er i utakt med sine eigne kundar, i landet som dyrkar 75
prosent av all genmodifisert mais i EU. 5000 spanjolar demonstrerte nylig
mot dyrking av GM-mais, og kravde at statsministeren skal følgje dei andre
statsministrane i EU som no forbyr dyrking av genmaisen .

 

Det er dei spanske bøndene, som har erfaring heilt frå 1998 med å dyrke slik
mais, ikkje samde i. Mange av dei er overtydde om at GMO gjev større
veksttryggleik, og set pris på eigenskapane til den omstridde planten..

 

http://www.bondebladet.no/rammebetingelser/2009/05/08/uenighet-om-gmo-mais-i-spania.aspx

 

 

 

Sverige: GMO-motstandarane tapte - og vann

 

Centern har vedteke at partiet skal vere ope for kommersiell bruk av
genmodifiserte plantar. GMO-kritikarane tapte dermed kampen for å gjere
Sverige til GMO-fri sone.

 

http://www.atl.nu/Article.jsp?article=53346enterns%20gmo-kritiker&nyhetsbrev&&a=Bakslag%20för%20centerns%20gmo-kritiker

 

Men kommunane Östersund og Åre har utropt seg til GMO-fri soner, og
Lantbrukarnas Riksförbund i Jämtland og Västra Götaland har vedleke å slåst
for GMO-frie len.

 

http://ltz.se/ledaredebatt/debatt/1.1043062

 

 

 

Nanoteknologi: Neste trugsmål mot mattryggleiken?

 

Nanoteknologi er på veg inn i matsektoren, førebels mest i emballasje. Det
er usikkert kva risiko dette representerer, men nanoteknologi kan vere eit
trugsmål mot mattryggleiken.

 

http://www.bondebladet.no/mat-og-marked/2008/11/12/nanoteknologi-kan-vaere-en-trussel-mot-matsikkerheten.aspx

 

Det kan være aktuelt å nytte produkt med nanopartiklar i økologisk landbruk,
men kunnskapen om eventuelle negative bieffekter er forebels svært avgrensa.
Mange meiner difor at med bakgrunn i føre var-prinsippet bør ein utsette
bruk av slike produkt i økologisk landbruk og produksjon.

 

http://www.agropub.no/index.gan?id=6947&subid=0

 

Utviklinga går fort, og vi burde hatt ein offentlig debatt om disse tinga i
forkant, seier seniorforsker ved Bioforsk Jord og miljø, Erik Joner til bioforsk.

 http://bioforsk.no/ViewNews.aspx?id=3735al&view=1&viewLanguage=NorwegianBokmaal

 

Økoforskningsinstituttet FIBL i Sveits har ei svært god side om
nanoteknologi og økologisk produksjon:

 

http://www.fibl.org/en/switzerland/themen/nanotechnology.html

 

 

 

Ny bok: Kva er det eigentlig vi driv på med?

 

Boka "Vad gör du människa?" av svenske Nina Östman går rett inn i debatten
om GMO som frelsar mot svolt eller trugsmål mot eit jordbruk i økologisk
balanse. Ho stikk hol på myten om den umoglege sjølvforsyninga, og forklarer
korleis jordbruk og menneske heng saman og korleis vi kan skape balanse i i
dette forholdet. Boka kjem ut 3 juni.

 

http://www.newsdesk.se/pressroom/norstedts/pressrelease/view/vad-goer-du-maenniska-en-bok-rakt-in-i-miljoedebattens-hjaerta-295649

 

 

 

Fagseminar om GMO

 

Bioteknologinemnda inviterer til ope fagseminar om GMO-vurderingskriterie
etter matlova og genteknologilova. Ein ser på kva som ligg i uttrykka
"forbrukaromsyn" og "miljøvennleg produksjon" etter matlova og halde dette
opp mot genteknologilova.

 

Tid: 10. juni 2009 kl. 12.30 - 15.30

 

Stad: Konferansesenteret Høyres Hus, Stortingsgata 20

 

Meir info og påmelding:
http://www.bion.no/moter/GMO_vurderingskriterier/index.shtml

 

 

 

.....................................................

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut
to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve
av magasinet Ren Mat.

 

GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat

 

Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no