Gennytt nr. 9 - 2009

08. juni 2009, årgang 11.

 

* Vinden snur i Amerika, medisinske forskarar ropar kraftig varsko, og ei ny
bok konkluderer med at GMO ikkje gjev større avlingar enn konvensjonelle
vekstar.

 

* Monsanto møter superugras i GMO-åkrar med meir sprøytegift - den same som
vart nytta under Vietnamkrigen.

 

* Alternativ pilegrimsferd mot GMO frå Berlin til Brüssel

 

 

 

USA: Amerikanske legar slår alarm

Genmodifisert mat utgjer ein alvorleg helserisiko og det bør kome eit
mellombels forbod, er konklusjonen til The American Academy of Environmental
Medicine (AAEM). Det medisinske akademiet meiner at det er ein klar
samanheng mellom GM-mat og helse.

 

- Legar ser at GMO har uønska helseeffektar på pasientane sine, men treng
hjelp til å vurdere kva verknader GMO har på ulike sjukdommar, til å stille
dei rette spørsmåla, sier Dr. Jennifer Armstrong, president AAEM.

 

Rapporten meiner det er prov for at GMO utgjer ein alvorleg helserisiko
innan mellom anna toksikologi, allergi, reproduktiv helse og stoffskifte.

 

- Fleire dyreforsøk har vist at genspleisa mat skadar ulike organ i kroppen.
Med dei prova vi no har, er det avgjerande med eit moratorium på GM-mat for
tryggleiken til pasientane våre og den offentlege helsa, seier Dr. Amy Dean,
informasjonsleiar og styremedlem i AAEM.

 

AAEM vil no ha eit moratorium mot all mat som inneheld GMO inntil ein har
gjennomført langsiktig testing av all eventuell helserisiko og innført
merking av GM-mat.

 

- Legar må ha nok kunnskap til å fortelje pasientar, resten av helsestellet
og samfunnet korleis dei skal unngå genmodifiserte produkt, seier Dean.

 

Her finn du heile rapporten frå AAEM:

 

http://www.aaemonline.org/gmopost.html

 

 

https://webmail.nordicpim.com/exchweb/bin/redir.asp?URL=http://www.aaemonline.org/pressrelease.html

 

 

 

Bok: Inga avlingsauke med GMO

GMO-avlingar vert ikkje større enn andre avlingar, er konklusjonen i boka
"Failure to yield", som har analysert effekten av genmodifiserte plantar i
USA i praksis sia 90-talet. Det potensielle avlingsnivået for GMO, under dei
beste føresetnadene, kan vere høgare enn for konvensjonelle plantar. Men
forsøksresultata i praksis viser at det ikkje har vorte nokon reell
avlingsauke.

 

http://ucsusa.org/food_and_agriculture/science_and_impacts/science/failure-to-yield.html

 

 

Du kan også laste ned heile boka på 44 sider gratis:

http://www.ucsusa.org/assets/documents/food_and_agriculture/failure-to-yield.pdf

 

 

Mexico/USA: Underleg oppførsel

Eit forskarteam i Mexico og ved California Universitet har funne ut at
proteina i genmodifiserte maisfrø oppfører seg merkeleg. Dette kan kanskje
gje noko av svaret på kvifor GMO-maisen spreier seg faretruande i
meksikanske åkrar. Uformell utveksling av GM-frø mellom bønder er ei anna
årsak. Funna er publisert i tidsskriftet Public Library of Science.

 

http://www.universityofcalifornia.edu/news/article/21281

 

 

 

Mexico: Meir eksperimentering

Det mexicanske Landbruksdepartementet har fått inn 25 søknader frå bønder og
firma som ynskjer å teste ut nye GMO-ar i landet. Fire er allereie godkjende
av Miljøverndepartementet og ein reknar med at utplanting kan starte i
september. Monsanto er ein av dei. Dette gjeld i dei nordlege delane av
landet. Bøndene i sør er uroa for krysspollinering mellom GMO og dei lokale
artane, slik at dei endrar sitt genetiske innhald.

 

http://www.reuters.com/article/marketsNews/idUSN0424072320090604

 

 

 

USA/Monsanto: Vietnamvåpen mot ugras

Bruk av genmodifiserte plantar som er resistente mot Roundup skapar aukande
problem i USA. Fleire typar "superugras", som er motstandsdyktige mot dette
sprøytemiddelet, spreier seg raskt. Særleg gjeld dette amarantus-ugras, som
kan bli opptil 3 meter høgt og innehalde 10 000 frø pr. plante. Soyafrø, som
vert liggande att frå genmodifiserte avlingar, utgjer også eit aukande
problem.

 

Produsenten Monsanto tilbyr no det kreftframkallende ugrasmiddelet 2,4 D for
å utrydde slik soya og Roundup-resistent ugras. 2,4 D vart tidlegare brukt i
Agent Orange under Vietnamkrigen.

 

http://www.france24.com/en/20090418-superweed-explosion-threatens-monsanto-heartlands-genetically-modified-US-crops?page=1

 

http://www.saynotogmos.org/in_the_field.htm

 

 

 

Danmark: 61 % seier nei til GMO

Snart er ni av ti sukkerroar i verda genspleisa. Likevel vil dei fleste
danskar ikkje røre GMO-produkt med ei eldtang.

 

- Det vert vanskeleg å hindre bruk av genspleisa plantar i landbruket på
sikt, meiner professor på Københavns Universitet, Birger Lindberg Møller.

 

- GMO-toget køyrer for full damp. Det har gått opp for dei fleste
politikarane at dersom vi skal løyse utfordringane i verda med stigande
folketal og klimaproblem, er GMO ein viktig del av løysinga, seier
professoren, som arbeider på Institutt for Plantebiologi og Bioteknologi.
Men er det opp til danske veljarar, er det framleis ingen aksept for å bruke
GMO i mat.

 

61 prosent meienr at det ikkje er akseptabelt, 27 prosent seier ja til GMO,
medan resten ikkje veit. Men dei er på glid - da bladet for to år sida
spurde om det same, var 21 prosent for og 67 prosent mot.

http://politiken.dk/tjek/dagligliv/mad/article722846.ece

 

 

 

Danmark: Genspleisa pengar

Likevel er dei fleste danske forbrukarar i direkte kontakt med GMO kvar
einaste dag, i følgje sjefen for seteltrykkeriet i den danske
Nationalbanken, Jørgen Strandgaard. Dei danske papirpengane inneheld nemleg
genmodifisert bomull.

 

- Nationalbanken har brukt genspleisa bomull i danske pengesetlar sia
papirprodusentane fekk løyve til at bruke det i produksjonen i byrjinga av
1990-talet.

 

http://www.foodculture.dk/Lige%20nu/Nyeste/Kort%20nyt/Genmodificerede%20pengesedler.aspx

 

 

Sverige: GMO farlegare enn terrorisme

Svenskar er meir uroa for GMO enn alkoholskadar, terrorisme og epidemiar,
viser ei ny undersøking frå Mittuniversitetet

 

- Folk oppfattar genmodifisert mat som ganske risikofylt fordi dei har
etiske aspekt på at menneska modifiserer naturen. Alkohol og tobakk opplever
dei fleste derimot som noko vi har kontroll over, seier Anna Olofsson,
dosent ved Mittuniversitetet.

 

http://www.lantbruk.com/Article.jsp%3Farticle=39590

 

 

 

Globalt nei til GM-mjøl

16 landbruks- og forbrukarorganisasjonar i Canada, USA og Australia avviser
nye forsøk på å få godkjent genmodifisert kveite. I eit felles opprop skriv
dei at Monsanto og deira allierte må slutte å presse genmodifisert kveite på
forbrukarane.

 

http://www.greenpeace.org/canada/en/campaigns/ge

 

 

 

EU: GMO-lover gløymer etikken

- Lovverket om GMO i EU må ta omsyn til sosiale og etiske spørsmål. Så langt
er lova prega av balansekunst mellom vitskap og politikk, meiner Anders
Johansson ved Linköpings universitet, fersk doktor med Tema Teknikk og
sosial endring. Han peikar i doktoravhandlinga si mellom anna på at sjølv om
det er lite genspleisa mat i butikkane, er det svært vanleg med GMP i
dyrefôr. Det er billegare og visast ikkje i sluttproduktet i og med at dyr
ikkje treng å merkast.

 

http://www.forskning.se/pressmeddelanden/pressmeddelanden/svarbalansaktforregleromgenmodifieradegrodor.
5.343737ae1213a2bc0b580001739.html

 

 

 

Usbekistan: Startar GMO-kultivering

Vitskapsakademiet i Usbekistan har starta bygginga av eit høgteknologisk
senter for genetikk og eksperimentell biologi i Karshi. Genspleisa potet er
blant plantane usbekarane vil satse på.

 

http://en.ca-news.org/news/64951

 

 

 

EU: Gå genfritt

Torsdag 18. juni startar Joseph Wilhelm ein 38 dagar lang protestmarsj mot
GMO frå Berlin til Brüssel. Fleire andre profilerte miljøaktivistar, som
indiske Vandana Shiva, vil vere med på den første etappen denne dagen.

 

Den tyske økobonden, som og er ein av grunnleggjarane av Fairtradeselskapet
Rapunzel, vonar å få selskap av andre GMO-motstandarar på den 1000 kilometer
lange spaserturen, som endar i EU-hovudstaden 30. juli.

 

Ein annleis vandrarferie

 

http://www.genfrei-gehen.de/

 

 

 


.....................................................

 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?

 

Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.

 

GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut
to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve
av magasinet Ren Mat.

 

GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat

 

Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no