Gennytt nr. 5 - 2010

21. mars 2010, årgang 12.


* Den genmodifiserte poteten Amflora er godkjent for dyrking i EU. Dette kan
vere starten på eit auka press for dyrking av ulike GMO-ar til biodrivstoff
og anna industri i Noreg.


* Fiasko for genmodifisert bomull, men suksess for ikkjemodifisert soya i
India


* Sveits og Bulgaria forlengar forbodet mot GMO





EU: Fritt fram for genmodifisert potet


For første gong på 12 år har EU godkjent dyrking av ein genmodifisert
plante. GM-poteten Amflora frå kjemiselskapet BASF er minst like
kontroversiell som maisen MON810, sia den inneheld eit gen som er resistent
mot antibiotika. EU-kommisjonen, med president Barroso i spissen "har knust
moratoriet frå 1998", skriv journalist Hervé Kempf i le Monde. I følgje
Kempf er avgjerda teken utan at kommissærane har diskutert saka i
fellesmøte.


Det faglege grunnlaget for avgjerda frå mattilsynet i EU, vart kritisert av
Ministerrådet i 2008 fordi ein bør ikkje nytte antibiotikaresistente gen i
vekstar.


Samstundes som Amflora vart godkjent, fekk tre andre genmodifiserte
maistypar grønt  lys frå EU-kommisjonen, vel og merke ikkje for dyrking,
berre sal.


Amflora inneheld mykje stivelse, og kan berre dyrkast for industrielt bruk
og til dyrefôr, ikkje som mat for menneskje. BASF er den leiande
kjemikalieprodusenten i verda, og har hovudkvarteret sitt i Ludwigshafen i
Tyskland.


http://www.spiegel.de/international/europe/0,1518,681507,00.html


EU-kommisjonen har med dette ignorert at 60 prosent av EU-borgarane ynskjer
fleire fakta før ein byrjar dyrke plantar som kan skade helse og miljø,
skriv Friends of earth. GMO-motstandarar er allereie i gang med å samle
underskrifter mot vedtaket.


http://www.avaaz.org/en/eu_health_and_biodiversity/98.php?CLICK_TF_TRACK




Potet og drivstoff - pådrivar for GMO?


Teknologirådet har nyleg oversendt eit innspel til Stortinget om
Genmodifisert mat og landbruk - utvikling og utfordringar. Her peikar rådet
på at nye plantevariantar til mellom anna biodrivstoff, kan utløyse vinstar
også her i landet og skape auka politisk interesse og påtrykk.


Nye generasjonar GM-plantar og produkt vil stille Noreg overfor vanskelege
politiske vegval.  Hittil har norske styresmakter komfortabelt ført ei
restriktiv line i forvissing om at skepsisen rår også i resten av Europa. I
framtida kan vi oppleve at interessene spriker meir, og at det oppstår ein
kostnad også ved å vere utan GMO, skriv rådet.


- Dette kan føre politikken til eit vippepunkt, seier prosjektleiar Jon
Magnar Haugen.


Sameksistens er eit avgjerande dilemma; let det seg gjere å opne for å dyrke
GMO utan samstundes å svekke fridomen til andre bønder? Alternativet kan
vere å konsolidere Noreg som GMO-fritt og marknadsføre dette som ein
føremon.


GMO-ar i framtida kan vere skreddarsydde for industrielle føremål som
drivstoff, fiber og medisin. Eit aktuelt døme potetsorten, Amflora, som
allereie har vekka stor interesse i Sverige.


- For mange gjer det stor skilnad om maten stammar frå GMO eller ikkje. I
marknadene for biodrivstoff og andre industriprodukt er ikkje denne
skilnaden like vesentleg. Om slike plantar vil få tilgang til norske åkrar
er likevel eit anna spørsmål, presiserer Haugen.

http://www.teknologiradet.no/FullStory.aspx?m=235




Bioteknologinemnda etterlyser fakta


Monsanto har søkt om godkjenning av den genmodifiserte soyahybriden MON
87707 x MON 89788 til import, prosessering, mat og fôr i EU/EØS.
Soyahybriden tåler sprøytemiddel med glyfosat og er motstandsdyktig mot
skadeinsekt. For å vurdere bærekraft og etiske tilhøve, ynskjer
Bioteknologinemnda opplysningar om mellom anna endring i sprøytemiddelbruk,
resistens hos skadeinsekt og følgjer for det biologiske mangfaldet i landa
der soyaen vert dyrka.


http://www.bion.no/uttalelser/2010_03_02_H%F8ringssvar%20MON87701xMON89788.p





India: Fiasko for genmodifisert bomull


Monsanto innrømmer no at skadeinsektet pink bullworm har utvikla resistens
mot den genmodifiserte bomullsplanten som er innført i stor skala i India.
Dette er hovudfienden til indiske bomullsbønder.

http://www.business-standard.com/india/news/setback-for-bt-cotton-main-pest-





India: Suksess for ikkjemodifisert soya


- Ettersom stadig meir av av soyaen frå Brasil og Argentina er
genmodifisert, kan India bli ein leiande eksportør av matvarer som ikkje er
genmodifiserte, meiner Girish Matlani, administrerande direktør i Sonic
Biochem, Indias største eksportør av soyaprodukt. Landet har allereie seld
kring 23.000 tonn dyrefôr til EU sia oktober.

Matlani trur eksporten vil nå 3 millionar tonn dei neste tre åra.


http://in.reuters.com/article/economicNews/idINIndia-46402020100223





Kina: Stor nettdebatt om GMO


Medan Google trekker seg ut av Kina, går nettdiskusjonen heftig på nettet om
GMO.

I haust godkjente kinesiske styresmakter to genmodifiserte rissortar og ein
genmodifisert maissort.


- Vi har heilt ureflektert starta storskaladyrking av genmodifisert ris,
åtvarer Zheng Fengtian, ass.dir. ved Institutt for utvikling av landbruk og
landsbygd ved Folkets universitet i Beijing. Andre forskarar er redde for
helsekonsekvensane på sikt


og at kinesisk matproduksjon kan bli styrt av USA og andre vestlege land.

http://www.courrierinternational.com/article/2010/03/11/en-chine-le-riz-ogm-




Sveits: Forlenga moratorium


Den sveitsiske nasjonalforsamlinga har forlenga det mellombelse forbodet mot
dyrking av genmodifiserte plantar med tre år, fram til 2013. Det første
moratoriet vart vedteke i 2005, og sveitsarane meiner at det ikkje
eksisterer nokon presserande grunn til å opne for dyrking av GM-plantar no.


http://www.actualites-news-environnement.com/23125-Suisse-dit-non-OGM.html





Bulgaria: Samrøystes forbod mot GMO


Ganske overraskande røysta ikkje ein einaste av parlamentsmedlemmene for
oppheving av forbodet mot genmodifiserte plantar sist torsdag. 168 røysta
mot, og dermed vert forbodet oppretthalde.


Avgjera kom etter at det regjerande partiet GERB nyleg skifta meining og
droppa støtta si til eit nytt lovforslag. Det har også vore store
demonstrasjonar mot GMO dei siste månadene.

http://www.sofiaecho.com/2010/03/18/875437_bulgaria-maintains-ban-on-gm-crop



USA: GMO-selskap må betale igjen


CropScience LP er i Woodruff County Circuit dømd til å betale ein bonde i
Arkansas over ein million dollar i kompensasjon og oppreising. Risbonden
Lenny Joe Kyle har hatt vedvarande tap på grunn av ureining av genmodifisert
ris i avlinga si. Dette er den tredje dommen mot Bayer, men den første der
selskapet må betale oppreising i tillegg til kompensasjon.


Samarbeidspartnaren til Bayer, Riceland Foods med base i Stuttgart, vart og
saksøkt for å ha halde tilbake informasjon om ureining, men vart ikkje funne
skuldig i skadeverk. Ytterligare tre saker skal for retten seinare i år.

http://www.allbusiness.com/legal/torts-damages/14079681-1.html





Brasil: Biotryggleik i tvilsame hender


Edilson Paiva er peika ut til å leie den nasjonale kommisjonen for
biotryggleik dei  neste to åra. Han har tidlegare promotert GMO ved mellom
anna å påstå at folk kan drikke plantevernmiddelet som vert nytta på
Monsantos GM-soya, han er i mot merking av matvarer, og hevdar at planting
av lokale variantar av mais er ei form for biopiratverksemd.


Koordinator for kommisjonen er dessutan sikta for miljøkriminalitet.


http://www.aspta.org.br/por-um-brasil-livre-de-transgenicos/updates/update-m





Australia: Bill Gates' genbananar mot svolt i Afrika


Den første innhaustinga av genmodifiserte bananar i Australia er plukka sør
for Cairns. Bananane er del av eit prosjekt ved Queensland University of
Technology, der auka næringsinnhald i bananar skal bøte på underernæring i
Afrika, særleg i Uganda, der bananar er det viktigaste næringsmiddelet.
Professor og prosjektleiar James Dale, seier til ABC News at dei første
testresultata av Cavendish-bananane var lovande.

- Vi konsentrerer oss no om minst éin av genkombinasjonane, som fungerer
veldig bra for pro-vitamin A, seier professoren, som ser auka jerninnhald i
bananar som neste utfordring. han understrekar ar kultivert banan som regel
spreier seg frå avleggjarar, det betyr at risikoen for spreiing er svært
låg. Prosjektet er finansiert av Bill og Melinda Gates Foundation.


http://www.ausfoodnews.com.au/2010/03/18/gm-bananas-first-harvest-shows-prom







Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?


Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.


GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut
to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve
av magasinet Ren Mat.


GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat

Tips, adresseendringar m.m kan du sende til https://post.oikos.no/squirrelmail/src/compose.php?send_to=gennytt%40oikos.no