Gennytt nr. 1 - 2010

8. januar 2010, årgang 12.

 

* Genmodifisert mais kan ha negativ verknad på vekst og immunforsvar hos laks, meiner norske forskarar. Derimot tåler fisken genmodifisert soya


* I Frankrike aukar motstanden mot GMO, og canadiske bønder slit etter linfrøskandalen.

 

Canada: GMO ei katastrofe for bøndene


Det går mot katastrofe for den canadiske linfrøeksporten etter at land etter land har avdekka iblanding av ulovleg GMO. Håpet om ein veksande marknad i Brasil brast, og Japan har reagert på same vis som EU - full stopp i importen.


- Med mindre vi kan få ei endring i politikken i Europa, er det rett og slett ingen andre stader Canada kan eksportere store mengder linfrø til, seier analytikar Mike Jubinville i ProFarmer Canada. Han reknar med at det berre vert sådd mellom 1,3 og 1,4 millionar hektar lin våren 2010, mot over 1,7 millionar i fjor.


- Bøndene bør eigentleg ikkje produsere linfrø i det heile, slik eksportsituasjonen er.

http://www.grainews.ca/issues/ISArticle.asp?aid=1000353852&PC=FBC&issue=01052010

 




GMO i jordorganismar


Ei undersøking frå universitetet i Guelph, Canada, har påvist DNA frå ein genmodifisert maissort i fleire dyreslag i jorda. Maissorten er genmodifisert for å tåle sprøyting med ugrasmiddelet Roundup.


http://www.actualites-news-environnement.com/22494-Une-nouvelle-etude-canadienne-confirme-presence-ADN-ma%C3%AFs-GM-sol.html

 




USA: Uråd å stoppe spreiing


Rettssaken mot Bayer i USA, der frøselskapet vart dømd til å betale to millionar dollar i erstatningar til bønder som har fått åkrane sine ureina med GM-ris, kan få enorme konsekvensar. Bayer har innrømma at dei ikkje har vore i stand til å kontrollere spreiing, og dommen stadfestar at ansvaret ligg hos frøselskapet.


Ein rapport utarbeidd for Greenpeace International konkluderer med at dei totale kostnadene i heile verda som følgje av ureining frå GMO ligg mellom 741 millionar og 1,285 milliardar amerikanske dollar. No ventar i første omgang søksmål frå over tusen andre amerikanske bønder.


http://permaculture.org.au/2009/12/15/bayer-admits-it-is-unable-to-control-spread-of-gmos/

 




Noreg: GMO i fiskefôr - like bra


Genmodifisert soya er eit like bra fôr for oppdrettslaks som ikkje-genmodifisert soya, konkluderer forskarar ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES), Veterinærinstituttet og Veterinærhøgskolen. Men fôringsforsøka viser at genmodifisert mais kan ha ein negativ verknad på vekst og immunforsvar hos fisken.


- Her må vi forske meir før vi kan konkludere, seier koordinator Gro Ingunn Hemre, forskingssjef ved NIFES. Ho trur at skilnaden ligg i at GM-maisen produserer eit protein (CRy1AB) som bryt ned tarmen på enkelte skadedyr. Men har dette ein verknad på oss som et laksen?


- Vi har fôra rotter både med laks som har spist GMO-fôr, og laks som har fått vanleg fôr. Her er det for tidleg å konkludere, vi må vite meir før vi trygt kan bruke GMO i fiskefôr. På sikt vert det truleg vanskeleg å få tak i plantar som ikkje er genmodifiserte, difor er det viktig å undersøke dette no, seier Hemre.


http://www.forskning.no/artikler/2009/desember/237160




 

Feilsitering


Sigurd Jorde i Utviklingsfondet meiner slett ikkje at GMO kan vere ei løysing på matmangel under klimaendringar, slik Gennytt siterte han på i førre utgåve.


Sitatet var henta frå avisa Utrop, som hadde misforstått totalt.


- Ei retting hadde vore fint slik at eg og Utrop ikkje øydelegg det gode arbeidet mine kollegaer i Utviklingsfondet gjer mot GMO, seier Jorde, som eigentleg sa dette til Utrop: - Organisasjoner over hele verden jobber med å få lokalsamfunn ut av fattigdom. Mange av disse prosjektene har potensial til å gjøre lokalsamfunn mindre sårbare for klimaendringer, for eksempel ved å sikre tilgang til vann eller plantesorter som tåler tørke.

 




Zimbabwe: GMO øydelegg lokal marknad


Zimbabwiske bønder nektar å selje gardsprodukta sine i protest mot ein straum av billege, genmodifiserte produkt frå utlandet. Robert Marapira, leiar i Commercial Farmers Union (ZCFU) kritiserer regjeringa for å ha tillate import av GMO.


- Vi er kasta ut av marknaden og tener ikkje lenger noko på maten vi produserer, seier han. Difor er bøndene samde om å slutte å selje produkta sine til staten gjennom Grain Marketing Board (GMB). Eitt tonn GM-mais går for 60 dollar, ein tidel av prisen  maisbøndene treng for same mengde.


http://www.radiovop.com/index.php?option=com_content&task=view&id=7617&Itemid=755

 




FRANKRIKE:


Ynskjer meir forsking, slaktar Monsanto-forsøk


Den franske bioteknologinemnda skriv i ein uttale 29. desember at ulempene ved dyrking av den genmodifiserte maisen MON 810 er større enn fordelane, og at meir forsking må til før denne maissorten eventuelt kan godkjennast for kommersiell dyrking. MON 810 er frå før forbode å dyrke i Tyskland, Austerrike, Hellas, Ungarn og Luxembourg.


http://www.maxisciences.com/mon-810/ogm-le-hcb-emet-des-reserves-quant-a-la-culture-du-mais-mon-810-de-monsanto_art5072.html


Franske forskarar forlangar forbod mot import og dyrking av tre genmodifiserte maistypar frå Monsanto, som er i ferd med å få ny godkjenning i EU. Ei analyse av rå testdata frå Monsanto tyder på risiko for sjukdom hos rotter, i følgje Agra Europe.


Forskarane seier dei har avslørt skadeverknader på nyrer og lever, og ulike gradar av skade på hjarte, binyrer og milt, avhengig av mengde GMO og kjønnet på forsøksdyra.


Dei franske forskarane har nytta data frå Monsantos eigne rotteforsøk, som dei meiner ikkje held mål når det gjeld datahandsaming og konklusjonar.


I november 2008 viste ei regjeringsstøtta austerriksk undersøking nedsett fruktbarheit  hos mus, som var fôra med GMO. Men resultatet vart seinare avvist av EFSA med ei tilsvarande grunngjeving, nemleg feil handsaming av data.


Sjå den fullstendige rapporten på: http://www.biolsci.org/v05p0706.htm

 



Informasjonsplikt i kommunane


Frankrikes øvste domstol for offentlig administrasjon har slått fast at offentlege styresmakter har plikt til å opplyse om kvar genmodifiserte plantar vert dyrka, umiddelbart og utan vilkår. Avgjerda er eit svar på ein klage frå eit kommunestyremedlem som ikkje fekk slike opplysingar av ordføraren i kommunen sin. GMO-dyrking i Frankrike skjer berre på forsøksfelt.


Den same domstolen har fastslått at fylket Gers i Sør-Frankrike har rett til å sette seg imot dyrking av genmodifiserte plantar. Avgjerda kjem etter at fylkesmannen i Gers klaga på eit anti-GMO-vedtak i fylkesstyret. 


http://infos.lagazettedescommunes.com/27221/lobligation-dinformation-du-public-devant-le-juge-francais/


 



GMO-fritt popkorn


Den franske popkornprodusenten Nataïs har vunne le Prix Alimentaire Export, som vert delt ut til ei verksemd som har lykkast særs godt på eksportmarknaden.


Gründer Michaël Ehmann meiner nøkkelen til eksportsuksessen er at maisen popkornet er laga av vert dyrka lokalt, og er garantert utan genmodifisert mais. http://www.lemoci.com/21449-nata%C3%AFs-remporte-prix-agroalimentaire-export-mocilde:

 




Sveits: Negative miljøeffektar

I ei folkeavstemming i Sveits i 2005 gjekk landet inn for eit fem års forbod mot dyrking av GMO. Samstundes sette ein i gang prosjekt for å betre vurderingsprosessane for genmodifiserte plantar. Les meir om det tverrfaglege VERDI-prosjektet i siste nummer av Genialt, som kan tingast gratis her:


http://www.bion.no/genialt.shtml

 




Bok: Ekteskapeleg genrøre


Pamela Ronald har forska på og utvikla genmodifisert ris i årevis. Ektemannen Raoul Adamchak er økobonde. No har dei saman skrive boka Tomorrow's Table: Organic Farming, Genetics and the Furure of Food.


http://www.nytimes.com/gwire/2010/01/04/04greenwire-can-we-feed-the-world-without-damaging-it-99381.html?pagewanted=all

 





Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?


Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.


GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat.


GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no