Gennytt nr. 2 - 2010

25. januar 2010, årgang 12.

 

*  Forskingsrapporten, som viser at Monsanto har manipulert data, må føre til ny vurdering av genmais i Noreg


*  Isbjørnbæsj gjev nytt argument mot GMO



*  Italia med paven er akilleshælen til eit GMO-fritt EU




 

Helseskadeleg GM-mais godkjent av Mattilsynet


Dei franske forskingsresultata Gennytt skreiv om i førre utgåve kan føre til ny vurdering av faren ved genmodifisert mais i Norge. Criigen (Forskings- og informasjonskomiteen for genteknologi) og forskarmiljø ved universiteta i Rouen og Caen i Frankrike konkluderte med at tre typar genmodifisert mais kan gje skadar på hjarte, nyrer, lever, milt og binyrer hos pattedyr. 

- Ut frå informasjonen om at GMO-maisen NK603 har med seg glysofatgift til forbrukarane, må Vitenskapskomiteen for mat saman med Mattilsynet gjere ei ny vurdering av faren ved denne maisen, seier Reidar Andestad, dagleg leiar i Oikos, som  forventar at dei no gjev eit nytt råd til Miljøverndepartementet i denne saka.


NK603 er godkjent til bruk i EU. I Norge har Direktoratet for naturforvaltning (DN) rådd til at maissorten vert tillete. Også Utviklingsfondet ber regjeringa om å utsette godkjenninga av NK603. Les heile lesarbrevet i Nationen.


- Vedtaket er klart når det er klart, er svaret kommunikasjonsrådgjevar Gard Nybro-Nielsen gjev Nationen på spørsmålet om når departementet vil ta ei avgjerd.


- Saka er svært vanskeleg. Det er mange som meiner noko om dette, og vi må vere sikre på at avgjerda vert riktig, seier ho.


http://www.nationen.no/landbruk/article4813070.ece?service=print



Heile rapporten, A Comparison of the Effects of Three GM Corn Varieties on Mammalian Health, ligg her:


http://www.biolsci.org/v05p0706.htm




 

Ny maishybrid til vurdering


Veterinærinstituttet stiller seg kritisk til ein søknad om godkjenning for ein genmodifisert maishybrid for dyrking, mat og fôr i EU/EØS området, (MON 89034 x MON 88017)


Veterinærinstituttet er nasjonalt referanselaboratorium for GMO og er difor særleg  oppteken av å sikre at alle GMOar er sporbare. Både med omsyn til mattryggleik og miljøvern er det heilt avgjerande å kunne påvise og skildre i detalj einkvar GMO. Ein føresetnad er tilgjengelege påvisingsmetodar og relevant referansemateriale, heiter det i høyringssvaret til Direktoratet for naturforvaltning. Det vert peika på fleire uavklara tilhøve når det gjeld den aktuelle maishybriden, mellom anna problemstillingar knytt til sporbarheit og merking, utilsikta hybridar i felt som følgje av krysningar med andre godkjente genmodifiserte maissortar, mogleg helse- og miljørisiko, og bærekraft, etikk og samfunnsnytte.


http://www.vetinst.no/nor/Nyheter/Kritisk-til-genmodifisert-maishybrid-MON-89034-x-MON-88017



 

Isbjørnbæsj gir bakteriesvar


Forsking på avføringa til isbjørnen gir nye argument mot genmodifisert mat.


Isbjørnbæsj inneheld nesten ingen bakteriar som er motstandsdyktige mot antibiotika. Genmodifisert mais har eit gen som gjev resistens mot ampenicilin, eit mykje brukt antibiotikum på sjukehusa. Produsentane av genmaisen har argumentert med at dette genet allereie eksisterer i store mengder i naturen, difor er det ingen fare ved å sette det ut. Men dette gjeld ikkje for arktiske miljø som er lite utsette for påverknad frå menneske, seier stipendiat Trine Glad ved Universitetet i Tromsø. Ho har granska avføringa og bakteriefloraen til ti isbjørnar på Svalbard.


Alle bakteriar kan utvikle resistensgen mot antibiotika. Glad har vist at antibiotikaresistente bakteriar er avhengige av menneskeleg påverknad for å oppstå.


http://www.nordlys.no/nyheter/article4808398.ece



 

Italia: Her må GMO-misjonen starte


Italia er akilleshælen til eit GMO-fritt Europa, er konklusjonen i ein amerikansk rapport. 65 prosent av italienarane er positive til GMO, og Vatikanet er talerøyr for  genmodifisering som ein måte å mette afrikanarane på.


- Landet var ein godt stad å starte ein kampanje for å "utdanne" europearar om genmodifiserte avlingar, og å betre den offentlige opinion om bioteknologi i EU, seier Cynthia Barmore, US Department of Agriculture Attaché i Roma.

- Europearane er ikkje så negative til GMO som det kan sjå ut til, opinionen er faktisk ganske delt, meiner Barmore, som legg skulda på "lurvete" aktivistar som får for stor merksemd.


http://www.agrimoney.com/news/italy-is-weak-point-of-europes-anti-gm-defences--1227.html

 




2009: Året då verda vende seg mot GMO?


Claire Robinson (Food Network) and Jonathan Matthews (GM Watch) oppsummerar fjoråret som året då forskarar og forbrukarar verda over reiste bust mot biotekindustrien.


- 2009 var året då den bioteknologiske industrien, Gates og deira amerikanske allierte gjorde alt for å drive verda over på GMO-vegen, men det var også eit år prega av oppsiktsvekkande global motstand, der sanninga både om risiko og gode alternativ kom tydelegare fram enn nokon gong, skriv dei.

 

http://www.theecologist.org/blogs_and_comments/commentators/other_comments/395845/
was_2009_the_year_the_world_turned_against_gm.html

 

 


 

India: Økologi mot gjeld og helseproblem


Ei rekke indiske småbønder har organisert seg mot frø- og sprøytemiddelselskapa og går over til økologisk produksjon.


Knapt nokon produksjon er så prega av giftbruk som bomullsproduksjonen. Fattige bønder har vorte tvinga til å ta opp kostbare lån for å ha råd til å kjøpe såvare, kunstgjødsel og sprøytemiddel. Mange har byrja å dyrke genmodifisert bomull, og tusenvis av gjeldstynga indiske bønder har dei siste åra teke sine eigne liv, mange ved å drikke plantegift. Sjå reportasje på Urix 19. januar:


http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/600456




 

Sverige: Urolege honningprodusentar


Prøvefelt med GMO er på hemmelege adresser i Sverige, og dette uroar birøktarane, som ikkje lenger kan garantere at honningen er GMO-fri.


http://www.atl.nu/Article.jsp?article=57750&nyhetsbrev&&a=Biodlare%20oroar%20sig%20f%C3%B6r%20gmo-halt




 

Returnert, ikkje kasta


I 2006 vart 600 tonn med genmanipulert ris kasta i Noreg, sjølv om EFSA kom frem til at risen var helsemessig trygg. No er praksisen endra. Det er semje om at kasting av mat er sløsing med ressursar, difor vart 550 tonn linfrø, ureina med ulovleg GMO, sendt attende til landet det kom frå. Rådgjevar Monica Stubberud ved Mattilsynet seier at det er opp til kvart enkelt land å avgjere korleis dei skal handtere slikt materiale.


- Enkelte land valde å behalde maten, sida det var snakk om såpass små mengder fortel ho.


http://journalen.hio.no/journalen/incoming/article14200.ece

 




Sveits: Framleis GMO-nei


Ein eigen vitskapskomité knytt til det sveitsiske parlamentet rår til ei forlenging av det mellombelse forbodet mot dyrking av genmodifiserte organismar i landet fram til 2013. Dagens moratorium vart vedteke ved folkeavrøysting i 2005, og går ut i november i år.


www.romandie.com/infos/news2/201001151700060AWPCH.asplde
:

 



Danmark: GMO i fuglefrø


Danske småfuglar har fått servert linfrø ureina med GMO.


- Det er små sjansar for at frøa spreier seg i naturen, seier spesialkonsulent Jens Litske Petersen i det danske Plantedirektoratet.


http://www.dr.dk/Nyheder/Indland/2010/01/24/072159.htm

 




Biotryggleik på Twitter


The Biosafety Clearing-House (BCH) er no på Twitter, med global tilgang til mykje vitskapleg, teknisk, miljømessig og juridisk informasjon om GMO. BCH vart oppretta av Cartagena-protokollen om biotryggleik.


http://twitter.com/bchcpb





 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?


Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.


GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat.


GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no