Gennytt nr. 3 - 2010

9. februar 2010, årgang 12.

 

* Nettverk for GMO-fri mat og fôr forlangar eit svar på kva regjeringa vil gjere med  dei to GMO-søknadene.

 

* Matkrisa fører til ein stille revolusjon i uland, der utanlandske selskap kjøper opp enorme jordbruksområde. GMO trugar lokal produksjon, miljø og biologisk mangfald

 

GMO-søknadane: Halvanna år i ein skuff?


- Ikkje vent lenger med å avslå søknadene om godkjenning, krev Nettverk for GMO-fri mat og fôr, og viser til saka om to genmodifiserte mais som har ligge til handsaming i Miljøverndepartementet i halvanna år.


- Det er merkeleg at dei ikkje svarer, dette burde vere ei opplagt sak å avvise både for Sp, SV og grasrota i Ap, seier koordinator for nettverket, Kathrine Kleveland. Ho er leiar i Norges Bygdekvinnelag, ein av 30 norske organisasjonar bak Nettverket.


I brevet til miljø- og utviklingsminister Erik Solheim, viser organisasjonane til at stadig fleire forsøk knyt auka helserisiko til inntak av mat og dyrefôr frå genmodifisert mais.


- Vi ynskjer ikkje at mat med slik helserisiko vert tillate i Noreg, slår Nettverket fast.


Dessutan vil ei godkjenning vere eit brot med den norske genteknologilova. Du kan lese meir om saka på hjemmesidene til Utviklingsfondet. Her ligg og brevet til Solheim, som vart sendt 27. januar.


- Vi har prøvd å utfordre media til å ta opp kvifor ingenting skjer, kvifor avgjerda stadig vert utsett, seier Kleveland, som trur at mange er opptekne av dette. Debatten om GMO har iallfall gått på nationen.no i det siste, sjå: http://www.nationen.no/landbruk/article4813070.ece


Professor Hilde-Gunn Opsahl Sorteberg ved UMB, som tidlegare har synt ei positiv haldning til GMO, meiner studia om helserisiko kjem frå eit forskingsmiljø som fleire gonger har fått tilbakevist påstandane sine etter grundige vitskapeleg gjennomgang. Ho rår difor dei som er interesserte i betre respons på dette arbeidet denne linken:


http://www.foodstandards.gov.au/educationalmaterial/factsheets/factsheets2009/fsanzresponsetoseral4647.cfm

 


For å hindre at genteknologilova og norsk politikk på GMO-området vert undergrave,  har Bioteknologinemnda gjeve innspel til Helse- og omsorgsdepartementet for den kommande EØS-forhandlinga om tilpassing til forordning om genmodifisert mat og fôr. Nemnda ber departementet jobbe for at Noreg framleis skal kunne legge vekt på etikk, bærekraft og samfunnsnytte i sine GMO-vurderingar. Her er brevet til HOD:


http://www.bion.no/uttalelser/2010_01_26_brev_hod_eos_forhandlinger.pdf


 




Ran av jord


Landbrukskonsern driv massivt oppkjøp av jord i uland. Ein av konsekvensane er auka satsing på genmodifiserte plantar, skriv Dag Seierstad i Klassekampen laurdag 6. februar. Matkrisa har skremd land som Kina, Japan, Egypt og Gulfstatane til å kjøpe eller leige enorme areal til dyrking av mat, særleg i Afrika. Resultatet er som regel eit industrilandbruk som dreg med seg miljøproblem, ureining ved bruk ak kjemikaliar, redusert biomangfald ved satsing på monokulturar og genmodifiserte plantar. Seierstad er EØS-rådgjevar for stortingsgruppa til SV.

 




Ureversibelt


Klimaendringar og intensivjordbruk trugar allereie det biologiske mangfaldet. Det vert ytterlegare truga av genmodifiserte plantar, seier Benedikt Haerlin, tidlegare medlem av EU-parlamentet. Han leiar no den globale Save our Seeds-kampanjen i samarbeid med kring 300 miljøorganisasjonar.


- Konsekvensane for miljøet er enorme og ekstremt farlege, og når det først har skjedd, er det uråd å snu, seier han.


http://www.ipsnews.net/news.asp?idnews=50153

 




India: Lagnad for indisk aberginar avgjerast  i morgon


Dei indiske styresmaktene kan godkjenne den første genmodifiserte matplanten for dyrking i morgon, til massive protestar. Sjølv om ein av dei store bondeorganisasjonane, Bharat Krishak Samaj, stør ei godkjenning, og vonar at den genmodifiserte aberginaren vil føre til lågare utgifter til sprøytemiddel og større avlingar, er debatten heftig.


Miljøvernminister Jairam Ramesh har vore nøydd til å reise landet rundt på ei rekke lokale diskusjonsmøte med friviljuge organisasjonar, bønder og forskarar. Ministeren møtte uventa store protestar på det siste møtet i Bangalore laurdag.


http://timesofindia.indiatimes.com/india/Challenges-posed-by-Bt-Brinjal/articleshow/5541948.cms

 




Genmodifiserte tomatar held lenger


Amerikanske forskarar har klart å skape tomatar som held seg friske i halvannan månad. Tomatane vert meir haldbare ved å blokkere enzymet som påskundar modningsprosessen. Dei genspleisa tomatane held seg faste og fine i kring 45 dagar etter hausting, i motsetnad til 15 dagar for vanlege tomatar


Forsøka er publisert i tidsskriftet Pnas, utgjeve av det amerikanske vitskapsakademiet. Forskarane trur at metoden også kan nyttast på andre grønsaker og på frukt.


http://www.atl.nu/Article.jsp?article=57979&nyhetsbrev&&a=Genmodifierade%20tomater%20h%C3%A5ller%20l%C3%A4ngre

 




USA: Bøter for spreiing av GMO


Tyske Bayer er dømt til å betale 1,5 millionar dollar i erstatning til tre amerikanske bønder som har fått åkrane sine ureina av genmodifisert ris. I ei liknande sak i desember vart frøselskapet dømt til å betale 2 millionar dollar, og 500 liknande saker er under handsaming.


Bayer CropScience held fast på at dei ikkje har gjort noko uforsvarleg, og vil vurdere alternativ til bøtene. Selskapet meiner at ein ikkje kan trekke nokon konklusjon når det gjeld resten av sakene, sida erstatningsbeløpet varierer frå sak til sak. Bakgrunnen er at ein genmodifisert, ikkjegodkjent ristype vart funne i matvarer i 2006. Dette førte til at Japan og EU innførte restriksjonar på import av amerikansk ris, og påfølgjande tap for risbøndene i USA.


http://www.reuters.com/article/idUSLDE61421W20100205

 




Frankrike: Bøter for GMO-aksjonar


Ved ankedomstolen i Versailles er 53 aksjonistar dømt til fengsel i tre månader på vilkår for å ha skada eit forsøksfelt med genmodifiserte plantar i 2007. Dei vart frifunne i første rettsinstans. Ankedomstolen dømde også GMO-motstandarane til å betale ei skadeerstatning på 10 000 euro. Monsanto, som sto bak forsøksfeltet, hadde kravd ei skadeerstatning på 1,293 millionar euro.


http://info.france2.fr/environnement/53-faucheurs-anti-OGM-condamn%C3%A9s-en-appel-60499198.html

 




USA: GM-kveite vert ei ulukke for bøndene


Kveiteprisane i USA kan falle med 40 prosent eller meir dersom bransjen lukkast med å utvikle genmodifisert korn, er åtvaringa i ein rapport frå Western Organization of Resource Councils.


- Innføring av genmodifiserte kveite i USA er risikofylt, fordi kundane i Europa og Asia då vil finne andre land å importere frå, seier industrikonsulent og tidligare forskingsøkonom Neal Blue, som har forfatta rapporten. Monsanto sa i fjor at dei intensiverer innsatsen for å gjere kveiteplanten meir tørketolerant.


http://www.reuters.com/article/idUSN2713638120100127?type=marketsNews

 




Juks og fanteri frå H&M..


Mange av bomullskleda frå Hennes & Mauritz, marknadsført som miljøvennlege eller økologiske, er produsert av genmodifisert bomull frå India. I fjor vart det avslørt at ei rekke store, indiske produsentar nyttar genmodifisert bomull i varer som vert merka økologiske.


http://www.dw-world.de/dw/article/0,,5164495,00.html




 

..men no kjem garantert GMO-fri kartong


Iggesund Paperboard har fått sertifisert ein kartong med biologisk nedbryteleg barrierematerial av bioplast. Dette er først og fremst matemballasje, og kan komposterast.


- Det finst mange alternativ på marknaden, men dei fleste kan ikkje garantere at dei ikkje har brukt genmodifiserte plantar i råvara for bioplasten. Vi har vald den sikre vegen - å takke nei til alle produkt som ikkje kan garanterast frie for GMO, seier Jonas Adler i Iggesund


http://www.packnews.no/article/20100127/NYHETER/100129935




 

Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?


Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.


GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve av magasinet Ren Mat.


GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no