Gennytt nr. 4 - 2010

24. februar 2010, årgang 12.

* Vitskapeleg fusk: Tidlegare Monsanto-sjef i India avslører metodane til sin tidlegare arbeidsgjevar

* Indisk moratorium: Etter ein intens debatt om genmodifiserte auberginar i India, innførte regjeringa eit mellombels forbod mot dyrking og sal av auberginen BT-Brinjal, sjølv om Monsanto har betalt demonstrantar for å støtte eit dyrkingsløyve.





Ny EU-strategi frå GMO-vennlege Barroso


José Manuel Barroso ser ut til å ha brei støtte i den nye EU-kommisjonen for at dyrking av GMO skal vere ei nasjonal sak. Då skal kvart enkelt medlemsland sjølv avgjere om dei vil dyrke GMO eller ikkje. Men korleis det skal gjerast i høve den felles europeiske marknaden og dei globale marknadsreglane er uklart.


Vedtaket er førebels utsett - igjen

Spørsmålet om sal av mat og fôr som inneheld GMO skal framleis avgjerast sentralt i EU.

http://www.novinite.com/view_news.php?id=112979


Godkjenning av den genmodifiserte maissorten MON 810 og den genmodifiserte poteten Amiflora er ein av prioriteringane til president Barroso i EU-kommisjonen, seier ei anonym kjelde til AFP.


- Vi vil sette oss imot, er svaret frå Italias landbruksminister Luca Zaia.
Italia er eitt av fleire EU-land som har forbode dyrking av MON 810, trass i
at den er godkjent av EU.


http://www.mediapart.fr/club/blog/sebastien-portal/090210/ue-jose-manuel-bar




India: Avslører Monsanto frå innsida


Tidligare administrerande direktør i Monsanto India, Tiruvadi Jagadisan,
åtvarar indiske styresmakter mot å godkjenne ein genmodifisert aubergine
spesielt, og mot Monsanto generelt.


- Selskapet forfalskar vitskapelege data, som dei legg fram for indiske
reguleringsinstansar for å få kommersielle godkjenningar for sine produkt i
India, sa den tidlegare Monsanto-sjefen under ei offentleg høyring i
Bangalore. Sjølv trakk han seg ut av selskapet fordi han følte at det
utnytta heimlandet hans.


http://indiatoday.intoday.in/site/Story/83093/India/Monsanto'faked'+data+for+approvals+claims+its+ex-chief.html


 

Monsanto betalte Ja til GMO-demonstrantar


Hundrevis av jordlause landarbeidarar i sarong møtte opp ved Bangalore
Universitet 6. februar, på det siste av fleire debattmøte om genmodifisert
aubergine arrangert av miljøvernminister Jairam Ramesh. Demonstrantane var
køyrd med bussar til byen og betalt av Monsanto og Mahyco for å opptre som
begeistra tilhengjarar av den genspleisa auberginen, skriv The Economist.
Dei to selskapa har saman skapt ein ny, genmodifisert aubergine; BT-Brinjal.


Ministeren let seg då heller ikkje lure - då han kom forbi den oppstilte
forsamlinga kalla  han det for et bløffnummer. Fire dagar seinare meddelte
ministeren at han ikkje godkjenner GMO-auberginen for dyrking i India før
det er gjennomført grundige og uavhengige studie om planten kan ha negativ
påverknad på helse, miljø og biomangfald.


Kring halvparten av delstatsregjeringane i India har vedteke forbod mod
BT-Brinjal.

No har miljøministeren altså nedlagt ei mellombels forbod mot dyrking og
sal, i første omgang eit halvt år.

Miljøaktivistar meiner at BT-Brinjal ved bestøving av andre aubergineplantar
kan kome til å utrydde tusenvis av naturlege variantar av planten. India er
den største aubergineprodusenten i verda, med over 4000 artar.

Tilhengjarane av BT-Brinjal påstår at skadar på auberginefruktene kan
halverast, samstundes som bruk av insektgift kan reduserast med 80 prosent,
fordi dei produserer si eiga insektgift.


http://www.arbejderen.dk/index.aspx%3FF_ID=61782


http://www.economist.com/world/asia/displaystory.cfm?story_id=15498385





Bondelaget ber Noreg ta vare på sjølvråderetten


Styresmaktene må halde på sjølvråderetten når det gjeld dyrking og bruk av
GMO og genmodifisert mat og fôr, krev Norges Bondelag i eit brev til Helse-
og omsorgsdepartementet. Dei fryktar at EU vil ta ifrå Noreg retten til bruk
av viktige vurderingskriterium.


Bakgrunnen for brevet er arbeidet i EØS-komiteen om ei norsk tilpassing til
EU si  forordning om genmodifiserte næringsmidlar og fôrvarer.


Tidligare vart søknader om import, marknadsføring og bruk av GMO i mat og
fôr handsama etter eit EU-direktiv. No kjem i staden dei fleste søknadene
gjennom ei EU-forordning.


- Om ikkje vil Noreg går i motsett retning av utviklinga i EU, skriv
bondelaget.


http://www.bondelaget.no/forsiden/gmo-ber-norge-beholde-sjoelraaderetten-art





GMO fører til avskoging og er inga løysing på klimaendringane


Påstandane til bioteknologiindustrien om at genmodifiserte avlingar kan
bekjempe klimaendringane er både overdrivne og grunnlause. Det er
konklusjonen i rapporten "Who Benefits from GM Crops" frå Friends of the
Earth International. Den avslører at GM-avlingar faktisk kan auke
karbonutsleppa og samstundes let vere å fø verda. Årsaka er mellom anna at
den enorme auken i bruk av plantevernmiddel i USA og Sør-Amerika,
intensiverer bruken av fossilt brensel. Dyrking av GM-soya som dyrefôr er
med på omfattande avskoging i Sør-Amerika.

Globalt utgjer genmodifiserte avlingar framleis mindre enn 3 prosent av
landbruksarealet, og meir enn 99 prosent av dei går til dyrefôr og
biodrivstoff i staden for mat.

I Europa ar arealet med GMO gått ned for femte år på rad - ein reduksjon på
meir enn 10 prosent sia 2008 - til mindre enn 0,05 prosent av samla
jordbruksareal.


http://www.foeeurope.org/press/2010/Feb23_new_report_GM_crops_failing_to_tac





Merking av husdyrprodukt


51 GMO-frie regionar krev eit eige europeisk merke for husdyrprodukt frå dyr
som ikkje har ete genmodifisert fôr. Kravet kom på eit fellesmøte i Brüssel
i byrjinga av februar. Verken EU eller Noreg har slik merkeordning i dag. EU
har i motsetnad til Noreg godkjent fleire genmodifiserte fôringrediensar.


http://www.fenetreeurope.com/php/page.php?section=actu&id=16887





Thailand: GMO-alarm mot ulovlege GMO


Produksjon av ulovlege genmodifiserte plantar aukar i Thailand.
Genmodifisert chili og soyabønner er funne i åkrar i Plains, og næringa er
uroa for mogleg spreiing av forbodne avlingar.

Bio-Resources Protection publiserte denne veka resultata av 768 prøver frå
blant anna ris, papaya, soyabønner, chili, ananas, bomull, tomat og
solsikke. 17 av dei inneheldt  GMO.


http://www.bangkokpost.com/news/local/32560/alarm-raised-over-gm-crop-sample





Global protest mot GM-kveite


233 forbrukar- og bondeorganisasjonar i 26 land har slutta seg til eit
opprop for å stoppe kommersialiseringa av genmodifisert kveite og minne
Monsanto på at genetisk endring av denne viktige korntypen er heilt
uakseptabel, både for bønder og forbrukarar. I juli 2009 kunngjorde Monsanto
ny forsking på genspleisa kveite etter massive protestar sist dei prøvde.
Mange bondeorganisasjonar er redde for at genmodifisert kveite vert
vanskeleg å selje, og viser til den negative erfaringa med genmodifisert lin
i Canada.


- Linskandalen er eit varsel om at når GMO først er innført, er spreiing
uunngåeleg. Den  illustrerer kor øydeleggjande tap kanadiske bønder vil lide
om GM-kveite vert innført, seier Terry Boehm, bonde og president i National
Farmers Union i Canada


Ei undersøking frå organisasjonen Western Organization of Ressouce Council,
som er  eigd av bønder og forbrukarar i USA, viser at innføring av
genmodifisert kveite, kan få prisane til å falle med 40 prosent.


- Vi vil gjere alt som står i vår makt for å forsvare kveita vår mot
Monsanto, seier Dena Hoff i National Family Farm Coalition i USA.


http://www.cnw.ca/fr/releases/archive/February2010/09/c8080.html


www.cban.ca/globalstopGMwheat



 


Kina: Storsatsing på GMO


Kina planlegg dyrking av genmodifisert ris og mais i stor skala i løpet av
fem år, skriv scidev.net. Risen skal vere insektsresistent og maisen
innehalde eit enzym som gjer at ein ikkje treng å tilsette fosfor i fôr til
gris og fjørfe. Også genspleisa raps og soya er under utvikling.


http://www.atl.nu/Article.jsp?article=58225&nyhetsbrev&a=Kina%20storsatsar%2





Canada: Genmodifisert gris


Universitetet i Guelph i Canada har sida 1999 arbeidd med å lage ein
genmodifisert gris. Den har fått namnet Enviropig fordi gjødsla frå denne
grisen inneheld mellom 30 og 65 prosent mindre fosfor enn møkk frå vanlege
grisar. Fosfor er eit viktig plantenæringsstoff, men utgjer eit
ureiningsproblem i intensivt husdyrhald basert på innkjøpt fôr. Canadiske
helsestyresmakter seier at Enviropig «ikkje er giftig for miljøet», noko som
kan vere eit første skritt mot godkjenning av GM-grisen.


http://www.laterre.ca/?action=detailNouvellemenu=§ion=manchette&idArticle=7048






Kjenner du nokon som kan ha interesse av eit gratis abonnement på Gennytt?


Tips oss på gennytt@oikos.no eller vidaresend dette nummeret til vedkomande.


GENNYTT er eit gratis nyheitsbrev om mat og genteknologi, og vert sendt ut
to gonger i månaden. Ansvarleg redaktør er Marit Bendz. GENNYTT vert utgjeve
av magasinet Ren Mat.


GENNYTT vert og lagt ut her: www.oikos.no/renmat


Tips, adresseendringar m.m kan du sende til gennytt@oikos.no