Korleis organisere miljøarbeid?

Oikos har vore med på å redigere Miljøhåndboka som vart lansert på Festivalslipp på Blå i Oslo 15.april. I denne boka får du konkrete tips til tiltak som kan bli gjennomført, frå matservering, avfallshandtering og energibruk til leverandørar av miljøvenlege produkt og tenestar.

Her er nokre lenkar til organisasjonar og stiftingar du kan ta kontakt med for å få vegleiing med omsyn til  miljømerker:

FEE Norway
Tilbyr internasjonale ordninger for miljøsertifisering. Stiftinga arbeider for berekraftig utvikling med fokus på miljøopplæring- og informasjon. http://www.fee.no/

Miljøfyrtårn
Ei nasjonal sertifiseringsordning, med eit enkelt program for miljøleiing. Miljøfyrtårn passer for små- og mellomstore verksemder. På nettsida finn ein også oversyn over alle sertifiserte verksemder i Noreg. www.miljofyrtarn.no