Om prosjektet: Festival-/ arrangørrådgiving

Oikos sette i 2007 i gong eit festivalprosjekt, der formålet er å utarbeide ei permanent tilretteleggjing av økologisk matservering for alle større arrangement som ønskjer økologisk mat og servere dette.

Bakgrunn
Dette prosjektet vart sett i gong i febuar 2007 med støtte frå Statens Landbruksforvaltning (SLF).

Fleire festivalar tok i 2006 kontakt med Oikos for å få hjelp til å ha økologisk mat på deira arrangement, og dette har Oikos tatt konsekvensane av. Koplinga mellom kulturarrangement og servering av økologisk mat vert gjennomgåande sett på som positivt av festivaldeltakarar.

Formål
Formålet med prosjektet er å utarbeide ei permanent tilretteleggjing av økologisk matservering for alle større arrangement som ønskjer økologisk mat og vil profilere dette. Prosjektleiar har som hovudmål å gjere tilgjengelegheita for å ha og profilere økologisk mat på større arrangement enklare.

Status
Pr. 31.12.07 har Oikos samarbeidd med over 30 festivaler og større arrangement i, og mange tek kontakt fortløpande. Dei vil ha med Oikos som leverandør av informasjon om økologisk produksjon og forbruk. Prosjektleiar har vore til stades på 10 festivalar i laupet av juni, juli og august.

Koplinga mellom kulturarrangement og servering av økologisk mat, vert gjennomgåande positivt tatt i mot av festivaldeltakarane. Arrangørane får mykje god presse, og med mange gode historier rundt leverandørar, festivaldeltakararog utøvarar/artistar, får ein eit større fokus på økologisk mat. Oikos opplev eit sterkt engasjement knytta til økologisk mat hos nye grupper og kommersielle aktørar under arrangement. Sjølv er vi godt nøgde med at både volumet av økomat har vorte så høgt, og at talet på festivalar som no bruker økomat har vorte så stort. Vi trur at å servere økologisk mat på festivalar og større arrangement er med på å påverke forbruksmønsteret til festivaldeltakarane.

Kunnskap om korleis ein framskaffer og koordinerer store mengder økologisk mat til eit arrangement er viktig. Vi ser at forhold knytta til logistikk, transport, emballering, leveransestabilitet, og prising er vanskeleg. Særs få av dei økologiske verdikjedene er tilpassa storhushaldning, og representerer nye utfordringar når store folkemengder skal trakterast på kort tid. Denne kunnskapen tek vi i Oikos med inn i dialogen med aktørane for å betre fremtidige strukturar. Mange av festivalane som satsar på økologisk mat møter dei same problemstillingane knytta til leverandørar og dei økologiske verdikjedene.

Har du spørsmål til prosjektet, kan dette rettast til prosjektleiar Idun Leinaas: idun@oikos.no, tlf: 23 10 96 49/ 917 32 877.