Ny utgåve av Miljøhåndboka ute no!

Oikos har vore med på utarbeiding av ei redigert utgåve av Miljøhåndboka for festivalar og utearrangement. Her får ein ei innføring i korleis miljøarbeid kan bli organisert, og ei rekkje forslag til konkrete tiltak som kan gjennomførast.

Miljøhåndboka gir deg tips og råd om alt frå avfallshandtering og energibruk, til oversyn over leverandørar av miljøvenlege produkt og tenestar.

Gå inn på www.miljohandboken.no for å lese boka på nett, eller kontakt festivaltilretteleggjar Idun Leinaas om du vil bestille ei papirutgåve: idun@oikos.no