Årets Meitemark 2006: Grete Lene Serikstad

Grete Lene har vore ein sentral person i utviklinga av økologisk landbruk i Norge i over 30 år. Det byrja allereie på 70-talet då ho som student var med å markere økologisk landbruk på Norges landbrukshøgskule på Ås. Vidare var ho sentral i oppbygginga av den første fagseksjonen/forsøksringen for økologisk landbruk – MFBJ.

Seinare har ho vore ein berande kraft i oppstarting og utvikling av Norsk senter for økologisk landbruk på Tingvoll, no Bioforsk Økologisk. I kraft av dette har ho vore ein framifrå representant for miljøet for økologisk landbruk når ho har delteke i nasjonale og internasjonale fora.

Grete Lene Serikstad er ein verdig representant for heile det økologiske miljøet i Norge, og ho er høgt respektert også i andre miljø.