Årets Meitemark 2007: Helge Christie og Anders Vatn

Prisen vart delt ut på Oikos sitt landsmøte i Bodø, 23.-25. mars 2007, under festmiddagen i lavvo i Saltstraumen laurdag kveld.


Både saman og kvar for seg har Helge Christie og Anders Vatn utpeika seg som drivkrefter i utviklinga av økologisk landbruk og har vore sentrale i samlinga av økomiljøet. Dei er begge glødande, økologiske ildsjeler med internasjonalt, nasjonalt og lokalt engasjement.

Helge Christie har vore sterkt engasjert i miljø, økologi og rettvis handel internasjonalt, spesielt i forhold til WTO. Han var med på å stifte Oikos, og var organisasjonens første leiar. På lokalt plan har han i fleire år vore leiar og styremedlem i Nord-Østerdal Økologiske Landbrukslag. Han har spelt ei sentral rolle i organisering og drift av "Rørosmeieriet", "Rørosmat" og "Røroskjøtt".

Helge Christie og kona driv gardsbruk med økologisk melk- og kjøttproduksjon i Tolga, under særs krevjande fjellforhold, ca 800 m.o.h. Gjennom drifta av garden er dei eit praktisk bevis på at økologisk gardsdrift er mogleg i heile Norge.

Anders Vatn var som leiar i Økoprodusent Midt-Norge på 1990-talet med på å løfte satsing på økologisk produksjon, som også la grunnlag for andre regionale økosatsingar. Anders leia interimsstyret før etableringa av Oikos. Som nestleiar og politikkutviklar i Oikos la han grunnlaget for truverde og gjennomslagskraft for organisasjonen, ikkje minst på den landbrukspolitiske arena. Han tilførte nye perspektiv og modellar for korleis økologisk tenking og praksis kunne bli ein spydspiss for utviklinga av heile landbruket.

Anders Vatn sitt engasjement er forankra i økologisk produksjon på eigen gard, med foredling i eige gardsysteri saman med kona. Han har òg hatt eit internasjonalt engasjement i tråd med økologiske verdiar, og har i fleire år delteke i utviklingsarbeid i Afrika.